Viser innlegg med etiketten Kulturhistorie. Vis alle innlegg
Viser innlegg med etiketten Kulturhistorie. Vis alle innlegg

søndag 15. mars 2026

Ein barndom på bedehuset (II) - huset

Første artikkelen om "Ein barndom på bedehuset" tok utgangspunkt i språket.

I huset åt far min er det mange rom. Mange har gledd seg over desse orda frå Jesu munn og tenkt at det kanskje var ein plass for dei òg i Guds rike. Kritikken mot bedehuset har ofte vore at folk ikkje opplevde det var rom for dei der. Terskelen var for høg, det var for lågt under taket, miljøet var for trongt, skiljet var for skarpt og enkelt mellom dei innanfor og utanfor. 

Hør hvor det stormer der ute, her er det fredfullt og tyst! heiter det i ein av dei gamle bedehussongane. Og eg har høyrt den songen brukt som ein kritikk mot bedehusmiljø som kapsla seg inn i seg sjølv innanfor veggene. Kanskje tenkte dei innanfor veggene at bedehusflokken var dei einaste rette kristne i bygda?

Noko av denne krtikken mot bedehuset har vore urimeleg. Andre gonger har kritikarane hatt gode poeng. 

Men i det fysiske huset, kva rom fanst det der? Det vanlege norske bedehuset har vore eit avlangt kvitt trehus der møtesalen var det sentrale rommet. Kyrkjekrinsen bedehus vart reist i 1954. I det store og heile minna det om andre bygdebedehus, men det var litt større enn gjennomsnittet. 

MØTESALEN var det sentrale rommet i bedehuset. Utan møtesal, heller ikkje noko bedehus. I Kyrkjekrinsen stod talarstolen på eit lågt podium framme i salen med innskrifta "Set Dykkar lit til Herren". På veggen bakom hang det eit stort måleri med den pliktoppfyllande Marta som travelt steller i stand medan søstera Maria sit roleg og lyttar til Jesus i heimen deira i Betania. Ho er ved Jesu føter ei stille stund når orda kjem frå hans eigen munn, som det heiter i ein av bedehussongane. 

"Det er eitt som trengst" stod det under biletet frå Betania. Det var dette eine nødvendige som var pulsslaget i forkynninga på bedehuset: Ta imot Jesus som din frelsar og bli berga for det evige livet. Forkynninga stod i fokus på dei mange enkeltmøta og under møtevekene. Forkynninga høyrde med på andre samlingar i storsalen òg, slik som korøvingar, basarar og julefestar. På desse samlingane var det likevel så mykje anna program som òg skulle ha plass, at talen kom i ei tilpassa og nedkorta form - andakten.

Talarane på bedehuset kunne vera profesjonelle predikantar, og då kom dei helst frå indremisjonen eller Misjonssambandet. Andre gonger var dei "halvprofesjonelle" fritids- eller deltidspredikantar. Og var det snakk om ein andakt på ei korøving eller eit yngresmøte, stilte gjerne ein heilt allminneleg lokal kristen opp. Det var mange ulike menneske - flest menn, men òg kvinner - som delte gudsordet på ulike samlingar i bedehuset gjennom eit år. 

Lokale prestar kunne òg bli spurt, utan at dei utgjorde noko stort innslag mellom andaktshaldarane og talarane på Kyrkjekrinsen bedehus i min oppvekst. Arbeidet hadde ingen formelle band til kyrkja, sjølv om eg vil tru nesten alle av bedehusfolka var medlemar av Den norske kyrkja. Frå bedehusfolket si side var forholdet til kyrkja eit spørsmål om tillit. Dei inviterte gjerne ein prest dei hadde tillit til, men det var utenkjeleg å gje den offisielle kyrkja større formell makt over arbeidet. Slik sett var Kyrkjekrinsen bedehus i takt med den gjengse tankegangen som prega indremisjonsarbeiedet på Vestlandet: Det kyrkjelege embetet (presten) hadde ingen særskilt posisjon, men innehavaren av embetet kunne ein samarbeida med når tillita var til stades. Elles var det nok eit spekter av syn på den offisielle kyrkja mellom bedehusfolket. Nokre var av dei mest trufaste kyrkjegjengarane, andre var sjeldan innom dei tjukke murveggene på Saurås. 

Talaren var ikkje den einaste som hadde ordet under eit bedehusmøte. Eit vanleg møte vart leia av ein av dei lokale kristne. Møteleiaren eller ein annan delte gjerne eit ord til opning. Mange av møta vart dessutan avslutta med at ordet vart gitt fritt. Då kunne kven som helst i forsamlinga reisa seg og dela eit bibelvers, ei oppleving eller nokre tankar.   

Lammet, ja, Lammet, dets vunder og sår, æren og prisen i evighet får! Eg hugsar at den lokale bonden og lekpreikaren Johan Ulset (Ulvesæter) ein sjeldan gong stemde i dette songverset på slutten av ei samling på Kyrkjekrinsen bedehus. Då kjende han seg nok ekstra velsigna. Andre gonger hende det, heller ikkje det så ofte, at eit møte vart avslutta med at folk knelte ved stolane, og dei som ville kunne be høgt. Bedehusmøta hadde sin struktur - eller liturgi, om du vil - men det var ein struktur som gav rom for det spontane på ein heilt annan måte enn gudstenestene i kyrkja. 

SMÅSALEN låg vegg i vegg med hovudsalen. Veggen mellom dei to salane kunne opnast når det trongst ekstra plass, men vanlegvis var det to skilde rom.

I dette mindre rommet kom det endå tydelegare fram enn i storsalen at bedehusarbeidet vart drive av fotfolket.

Småsalen vart brukt til fleire typar samlingar. Kvar torsdagskveld hadde vi Yngres-møte der, eit ungdomsarbeid i regí av indremisjonen. Av og til var det nattverdmøte på bedehuset, og dei var i småsalen. Større rom trongst ikkje. Vi sat rundt eit bord og følgde ein enkel liturgi. Brødet og vinen vart sendt mellom dei frammøtte. Ein hadde ansvaret for å leia møtet, men elles var vi like. Den som ville, kunne dela nokre tankar eller be ei bøn. Her er kje fri og træl, her er kje arm og rik. Kvar har den same arvedel og er dei andre lik. Idealet var slik som Trygve Bjerkrheim formulerte det i bedehussongen "Velsigna band som bind". 

Tidleg på 1900-talet hadde det vore strid om denne forma for nattverdfeiring, som vart kalla "fri nattverd". Lekfolket tok brødet og vinen i eigne hender utan å innordna seg i det større kyrkjelege fellesskapet og utan å underordna seg presten. No bør det seiast at oppslutninga om nattverdmøta ikkje var særleg stor. Så kanskje ein del av bedehusfolka ikkje fann det så naturleg, eller riktig, å feira nattverden utanfor storkyrkja, der dei trass alt var medlemar?

Så på bedehuset vart Ordet forkynt, brødet og vinen delt. Men dåpen måtte ein til kyrkja for å få. 

Hvor deilig det er å møte når ene man vandrer frem, en broder- og søsterskare på veien til samme hjem! Det kunne vore laga ei eiga lita ordbok om bedehuset. I så fall ville ein under bokstaven S finna "småmøte". Kvar tysdag var det slike møte - som var enkle i forma, opne for alle og utan talar. Bøne- og vitnemøte var eit anna namn på desse samlingane. Så mange menneske var det ikkje som møtte fram, men nok til at møta gjekk vidare år etter år. Stayer-evna var stor og godt støtta opp av Jesu ord om at "der to eller tre er samla i mitt namn, der er eg midt imellom dei"Ansvaret for å leia møtet skifta frå gong for gong. Programmet var enkelt og fast: songar frå Sangboken, samtale om bibelord og åndelege tema, og så ei bønestund. Eg gjekk på mange slike møte i oppveksten. Eit slikt tett fellesskap mellom menneske som på mange måtar var forskjellige, kunne opplevast kleint. Dei som kom, kunne òg bli mismodige av at så få møtte opp. Tok det nokon i ytterdøra no, kjem det kanskje fleire? På same tid var det ein stad for å dela erfaring, for å opna opp, og for å møtast som ulike menneske på like fot. 

Under V i ordboka for bedehuset ville ordet "venesamfunn" stått. Kjernetroppane på bedehuset brukte ofte dette ordet om fellesskapet seg imellom. Bladet til den regionale indremisjonen Nordhordland indremisjon heitte Venehelsing. I eit fellesskap av vener er, ideelt sett, alle like. Det hindra sjølvsagt ikkje at enkelte vart meir lytta til enn andre, og uformelle maktstrukturar finst alle stader. Det fanst òg formelle leiarroller i ulike styre som måtte fyllast. Men det kristne arbeidet på bedehuset kvilte på ein grunntanke om at her var alle like. Bønder, fabrikkarbeidarar og bussjåførar var ikkje mindre sannsynlege i ulike leiarroller enn lærarar og akademikarar på barndomens bedehus. 

Då var det heilt naturleg at den lokale aktiviteten på bedehuset, som var ganske stor, vart driven slik vener brukar å arbeida i lag. Dei betalar kvarandre ikkje. Dei hjelper kvarandre, og når mange hjelper kvarandre, blir det dugnad. Dermed kunne òg pengegåvene frå kollektar og frå den enkelte kanaliserast til Nordhordland indremisjon, som sende predikantar rundt til enkeltmøte og møteveker på store og små bedehus, og til  misjonsorganisasjonar som dreiv evangelisering, helsearbeid og utdanning i ulike krikar og krokar av verda. Arbeidet lokalt var med andre ord imponerande billig sidan ein ikkje hadde lønsutgifter. På den andre sida kan det henda denne arbeidsmåten utan fast tilsette gjorde det vanskelegare både å byggja ei stabil forsamling og møta den store bølgja av tilflyttarar til området. 

KJØKKENET. Kjøkkenet trongst til meir festlege samkomer der det var servering, og var godt å ha elles òg. Det låg i kjellaren vegg i vegg med mastsalen. Denne matsalen brukte vi ikkje så ofte. Eg har heller ikkje så mange minne frå kjøkkenet. Damene rådde nok ofte grunnen der.

Derimot hugsar eg godt at det var anna praktisk husarbeid vi måtte delta i. Etter eit arrangement trongst det gjerne både rydding og golvvask. Etter yngresmøta vart "vaskelista" lesen opp, og det vart slått fast kven av tenåringane som skulle vaska etter møtet denne torsdagskvelden. Eg meiner vi òg hadde det same systemet med vaskelister etter øvingskveldane i koret Unge Røster. Det var ikkje den mest populære lista du kunne hamna på, men det gjekk på omgang. Unge spirevippar fekk slik ei viss mengdetrening i golvvask.

DUGNADEN. I bedehuset på Kyrkjekrinsen fanst det toalett og andre smårom. Dessutan var det vaktmeisterbustad på loftet, og det var ikkje vanleg på eit landsens bedehus. Utanfor inngangen var dei trapp med delvis overbygd tak - ein kjærkomen møteplass for oss unge i pausar, og utanfor rammene av det fastlagte programmet. 

Denne trappa kom med utbygginga av Kyrkjekrinsen bedehus i 1980. Dette var eit merkeår for huset. Då stod den nye sidefløyen med peisestova (utan peis) ferdig. Eit stort dugnadsarbeid vart lagt ned. På ei av dugnadsøktene sto forresten fire mann som alle heitte Gunnar, i eitt og same stillas. Konstruksjonen var neppe heilt etter forskriftene for det vesle stillaset ramla saman og drog med seg alle fire gunnarane i fallet. Eg har forteljinga frå ein av dei.

Bedehuset på Kyrkjekrinsen kom så seint som i 1954. Dei fleste andre bedehusa i Åsane kom før kyrkjebygda fekk sitt: Salhus, Eidsvåg, Hordvik, Haukås, Mjølkeråen og Tertnes var alle før ute. Først i oktober 1954 vart altså  Kyrkjekrinsen bedehus vigsla. "Folket i krinsen har ytt mykje friviljug innsats til bedehuset, med dagsverk og pengeinnsamling", fortalde avisa. Mellom dei som hadde bretta opp ermane, var ei jenteforeining i Dalebygda som hadde samla inn 7000 kroner. Og sånn var det både i Kyrkjekrinsen og med andre bedehus: Fotfolket gjorde dugnadsarbeid, gav og samla inn pengar slik at huset vart reist og seinare halde ved like.  

Sokneprest Søvde var med under vigslinga i 1954. Åsanekvartetten song, det same gjorde Kyrkjekrinsen strengemusikk. "Det er som ein draum at me har fått opp bedehus her i krinsen", sa formannen i misjonsforeininga Oskar Flaktveit då han såg ut over forsamlinga. "Lars Blindheim, Johan Ulset, Emil Hjortland og Nils Saurås las so kvar eit skriftord", fortel avisreferatet. Her var menn frå dei gamle gardane i Åsane i sving. 

ÅRETAK FOR JESUS. Lekmannskristendomen var der sjølvsagt lenge før huset kom, og det skal ha vore haugianarar i Åsane tidleg på 1800-talet. Kjernen i den kristne lekmannstradisjonen var menneske som søkte åndeleg fellesskap med kvarandre utanfor rammene som den offisielle kyrkja og gudstenestene sette. Vanlegvis som eit supplement til desse rammene, men stundom i opposisjon. I 1970 var det hundreårsjubileum for misjonsforeininga i ein av nabokrinsane til Kyrkjekrinsen, Mjølkeråen misjonsforening. Karl Hitland vart intervjua og fortalde om korleis arbeidet hadde vore drive der i gammal tid. Då tok lekfolket saka i eigne hender dei søndagane det ikkje var gudsteneste i Åsane kyrkje: "Den som hadde ansvar for møtet, måtte då opp i fire - fem tida om morgonen, gå til sjøen, setja båten utpå og ro til Bergen for å henta talaren. Etter møtet bar det same vegen attende. Det kunne i alt ta bortimot ti timar".

Den lyttande Maria i samtale med Jesus sit i framgrunnen på det store biletet i møtesalen på Kyrkjekrinsen bedehus. Måleriet heng der den dag i dag. I det daglege arbeidet og dei mange aktivitetane, i dugnad og drift av huset, der var òg Marta sine flittige hender.

EIT MINNEORD. Denne artikkelen handlar om livet på Kyrkjekrinsen bedehus på 1970- og 80-talet. Men røtene til det lekmannskristne arbeidet går lengre tilbake i tid. Derfor vil eg avslutta med eit minneord som stod i avisa i 1962. Kan henda var dette minneordet einaste gongen denne bondekona fekk omtale i avisa. Ho kan stå som representant for dei mange kvinner og menn rundt på bygdene som bar oppe dette arbeidet, både før og etter det lokale bedehuset vart reist. 

Ei kjend misjonskvinne i Åsane, Olina Ulvesæter, er avliden vel 80 år gamal. Ho var frå Espelid og vart bondekone på Ulsetgarden. Hennar hug stod til arbeidet for Guds rike og i 25 år samla ho Ulset kvinneforening hjå seg til arbeid for misjonen. Ho gjorde ogso mykje for Kyrkjekrinsen misjonsforening og var alltid den som hyste forkynnarar som vitja krinsen. Sjølv tok ho ogso gjerne del på møte og samlingar med ord og vitnemål. Ho førde ein gjestfri heim og vann ein stor veneflokk. Ho vart midtpunktet i ei stor slekt og var glad i born og ungdom og vart ei god "tante" for mange. Sjølv hadde ho ingen born.

Onsdag vart ho gravlagd ved Åsane kyrkje. Kyrkja var fullsett av slekt og vener og bygdefolk som ville syna Olina den siste æra og fylgja til gravi.

Andakten tok til med "Våren" av Grieg for fiolin og orgel. Hjelpeprest Kåre Nødtvedt tala ut frå ordet i Esaias 49,16 med sterke ord om livet med Gud og Jesus Kristus som livsens lov so ein kan seia med salmeskalden: Du har gripe mi høgre hand.

Det vart lagt kransar frå slekti på hennar side og tidlegare avlidne manns side og frå misjonsforening og kvinneforening. Og so lydde songen Navnet Jesus blekner aldri - og frå musikken vart gjeve "Stjernesangen" av Sibelius og til slutt "I ensomme stunder" av Ole Bull.

Etter gravferdi var det minnesamvær i Kyrkjekrinsen bedehus.


Avisartiklane som er vist til over, er alle henta frå Dagen. Artikkelen om bedehusvigsla i Kyrkjekrinsen stod 25. oktober 1954, om 100-årsjubileet i Mjølkeråen misjonsforening 28. november 1970 og minneordet om Olina Ulvesæter stod 3. august 1962. Ein artikkel om tiårsjubileet for Kyrkjekrinsen bedehus stod dessutan i same avis 27. oktober 1964. 

For faktaopplysningar og bakgrunn om bedehus i Hordaland er denne boka nyttig: Reise i bedehusland - Bedehusene i Hordaland (Johannes Kleppa og Alf Henry Rasmussen, Bergen 2001).

Dei kursiverte songstrofene er henta frå Sanboken - Syng for Herren (Oslo 1983): Hør hvor det stormer der ute, her er det fredfullt og tyst! er frå songen "Kom som du er til din Frelser" forfatta av Thomas Ball Barratt, pioner for den moderne pinserørsla i Norge. Ved Jesu føter ei stille stund når orda kjem frå hans eigen munn kjem frå songen med same namn, forfatta av bonden og lekpreikaren Matias Orheim frå Nordfjord. Lammet, ja, Lammet, dets vunder og sår, æren og prisen i evighet får! er henta frå salmen "Brødre og søstre, vi skilles nu ad", og verset er skrive av den danske 1700-talspresten Frederik Boye. Her er kje fri og træl, her er kje arm og rik. Kvar har den same arvedel og er dei andre lik er eit vers frå songen "Velsigna band som bind", henta frå engelsk og islandsk av forfattaren Trygve Bjerkrheim. Hvor deilig det er å møte når ene man vandrer frem, en broder- og søsterskare på veien til samme hjem! er henta frå songen med same tittel, og skriven av prestedottera Kirsten Hansen frå Moss.  "Navnet Jesus", som vart sungen i gravferda til Olina Ulvesæter, er kanskje den mest kjende og kjære av alle bedehussongar - teksten er skriven av frelsesoffiseren David Welander, og tonen er ein Zulu-melodi frå Sør-Afrika.

Illustrasjonane til artikkelen over er utsnitt av biletet som heng framme i møtesalen i Kyrkjekrinsen bedehus (foto: Arve Kjell Uthaug). Motivet er Jesus som gjestar søstrene Marta og Maria i Betania. Målaren er Vilh. Bjørknes. Måleriet er frå 1955, året etter at bedehuset vart reist.

tirsdag 29. juli 2025

Kule ord (102): olsokbål

Heilag-Olav fell i slaget på Stiklestad (Måleri av Peter Nicolai
Arbo, henta frå Wikimedia Commons).
29. juli er det olsok, minnedagen for Olav den Heilage. Helgekongen som fall i slaget på Stiklestad i 1030, har fått æra for å kristna landet vårt. Det er sjølvsagt ei forenkling, og vel så det. Uansett har mange folkelege forestillingar og skikkar frå gammalt av vore knytte til olsokfeiringa. 

Ein av skikkane er olsokbålet. Tradisjonen med bål olsokaftan går langt tilbake, men var tydelegvis forsvunnen mange stader då det vart gjort forsøk på å få fyr på olsokfeiringa igjen seint på 1800- og utover på 1900-talet. 

Frå min eigen barndom på 1970-talet hugsar eg vi hadde olsokbål bortanfor hytta vår i Austrheim. No er det lenge sidan det vart kveikt eld på den bålhaugen. Sauene beitar ikkje lenger i marka, og vegetasjonen har breidd seg ut over det gamle bålberget.

Eg tvilar på at det er så mange olsokbål rundt om i landet vårt i dag. Skikken har nok vore på retur i mange år.

Kvifor var båltenning ein olsok-tradisjon? Det kan vera mange grunnar til det, og bålet er òg eit viktig innslag i jonsokfeiringa litt tidlegare på sommaren. Bålet eller grua er eit naturleg samlingspunkt når det kveldar. Men kan det, og dette er rein spekulasjon frå mi side, ha spela ei rolle at det var skikk å brenna bål når ein konge var død i det gamle Israel, slik Krønikebøkene i Bibelen fortel? Om gudsfolket i den gamle kongetida æra sine døde kongar slik, var det kanskje ikkje urimeleg om eit kristna folk gjorde det same for "Noregs evige konge".

Til slutt skal eg ta med eit par små glimt av olsokbål i første halvdelen av 1900-talet. Dei er svært ulike, og dei er henta frå avisa Dagen, som dekka både Vestlandet og norsk kristenliv med iver.

Olsokkvelden i 1928 drukna ni menneske i ein småbåt på fjorden i Luster i Sogn. Den tragiske ulukka stod i grell kontrast til den idylliske kvelden, slik ein innsendar til avisa skildra det: "Fjorden var spegelklaar. Olsokbåli lyste etter strendene den kyrre kveld". (Dagen, 2. august 1928)

I 1946 hadde avisa ein samtale med lekmannshovdingen Ludvig Hope frå Masfjorden. Den ruvande leiaren i Kinamisjonen hadde site i fangenskap på Grini saman med professor Ole Hallesby under krigen. Biskop Berggrav hadde òg vore internert. Dei tre var sentrale menn i den norske kyrkjeleiinga under krigen. No var Hope fri mann og skulle til sommarhytta si på Lesjaskogen og kvila: "Men om ikkje før, så til Olsok lyt han nok på talerstolen. For då har han kalla saman til storstemna på Lesjaskogen, og der skal gamle og vel kjende Grini-karar møtast: Hope, som er vert, biskop Berggrav, professor Hallesby o.fl. Det vert nok eit undarleg møte - etter som Hope fortel i ei samrøda med ein av Dagens medarbeidarar - - med olsokbål og kaffikoking ned-med vatnet, - slikt som høyrer sommar og ungdomen til." (Dagen, 14. juni 1946)


tirsdag 10. juni 2025

Kraftlause kulturminne

Godt gøymde kvernhus nedanfor
Salhusvegen (foto: Arve Kjell Uthaug)
Dette er femte artikkelen om Åstataket og området rundt. Den første handla om turstiane, den andre om Klantersteinen, den tredje om ein litterær fisketur, den fjerde om Salhus. 

Over dei to gamle kvernhusa spenner dei moderne kraftlinjene seg parallelt med Ulsetelva nedanfor. Leidningane heng der mellom metallmastene sine som tjukke strekar under konklusjonen om at bygningane i villnisset nedanfor ingen nytte lenger har.

GØYMT. Kvernhusa ligg langs Salhusvegen, der Ulsetelva renn frå Ulsetstemma og nedover mot Midtbygda i Åsane. Frå bilane som susar forbi, kan ein ikkje sjå steinkonstruksjonane nede i den tilgrodde dalbotnen. Men dei ligg der, og murane har halde seg godt trass i at vegfyllinga ovanfor pressar seg tett inntil, og sjølv om bygningane neppe har konsumert ei einaste krone over dei offentlege kulturbudsjetta.

Først ligg det ei steindemning på tvers av elva med eit kvernhus nokre meter nedanfor. Så kjem det ei demning til og eit nytt kvernhus. Følgjer ein elva vidare nedstraums dukkar det etter kvart opp ei ny demning, men denne er ikkje - i alle fall ikkje i dag - følgd av eit nytt kvernhus.

Kvernsteinar fann eg ikkje, men eg hadde heller ikkje med spett og grapse til å leita med. 

BRUA. Den vesle elva renn roleg vidare ned i ein dal som vidar seg ut. Markene her må i si tid ha gitt mykje godt gras til gardsdrifta. Så, litt lenger nede, renn elva under den nyvølte Saurås bru. Sherpaar frå Nepal har vore i sving for å sikra at denne vesle brua i Åsane skal vera både presentabel og berekraftig inn i framtida. 

På sørsida av Sauråsbrua ligg Ulset-garden der Ulset Sykehjem no ruvar, og der senterområdet med sitt vrimmel av butikkar ligg like bak åsen. Den trondheimske postvegen går over brua og vidare opp til Åsane gamle kyrkje på Saurås. Kyrkja vart tent på og brann ned til grunnen natt til julaftan 1992, men vart bygd opp att. Den stadig veksande kyrkjegarden nedanfor vitnar om at det ikkje berre er alt omkring oss som forandrar seg. Ein dag skal heller ikkje vi trakka rundt her lenger.

Saurås bru er sett i stand med hjelp av sherpaar frå Nepal
(foto: Arve Kjell Uthaug)

Sigmund Bødal i Statens vegvesen opplyser til Kokeluren at allereie før postvegen kom, var det ein eldre veg frå mellomalderen her. Dei større steinane ein ser midt i vegen frå Sauråsbrua og opp mot kyrkja, vart lagt der slik at hestane kunna klatra oppover.

Saurås bru er fin den. Men ein gong var det ei anna bru ikkje langt unna - Håbrua. Om denne brua hadde fått stå, hadde ho vore det flottaste kulturminnet i heile Åsane. Eit imponerande byggverk i stein med fem brukar. Men framsteget tok henne, og i 1959 vart ho sprengt bort.

FRAMTIDA. Det som ligg i grus, det ligg i grus. Saurås bru er heldigvis teken vare på. Kvernhusa lenger oppe langs Ulsetelva er der framleis, dei òg. Men dei treng nok litt omsorg om dei skal vera der for nye generasjonar.



søndag 27. oktober 2024

Kule ord (96): breiflabb

Breiflabben er noko for seg sjølv, stor i kjeften og kan bli
opp til to meter lang (Illustrasjon: Le règne animal
av Georges Cuvier, frå Wikimedia Commons)

Breiflabben er ein fisk som gjer inntrykk. Mange vil meina han er stygg, og stor i kjeften er han i alle fall. Skapningen har mange ulike namn: marulk, flabb, ulke, sjødjevel, havtaske og storkjeft. I Øygarden har han vorte kalla flatølk (flatulk), har eg fått fortalt. Frå Helgeland er namnet storkjeftkonge kjent, eit ord som får fram både det gyselege og det agelege. 

Kva gjer ein når eit slikt kreatur viklar seg inn i trollgarnet? For det første må du vikla han ut att. Det kan ta litt tid sidan hovudpersonen sjølv har ein litt krevjande kroppsfasong, ein tannkvass kjeft du bør passa deg for og (sannsynlegvis) heller ikkje opplever at han er med på eit samarbeidsprosjekt. Neste steg er å avliva fisken, og det kan vera litt utfordrande om ein er van med at eit enkelt knivsnitt under hovudet er alt som skal til. Steg tre er derimot enklare enn eg hadde trudd. Med skarp fileteringskniv og litt hjelp frå YouTube er det raskt og enkelt å få to flotte filetar frå sporden. Kjeften et du ikkje, men eit lite kinnstykke frå kvar side kan ein ta med. 

Breiflabben har tradisjonelt vore sett på som ufisk. Norsk Allkunnebok (1949) seier det poengtert og tvitydig på same tid: "Kjøtet er snøkvitt og velsmakande. Flådd og hovudlaus vert b. òg kalla kotelettfisk. Er ikkje matfisk hos oss." I Store Norske Leksikon anno 2024 er vurderinga oppdatert i tråd med endra matvanar: "Breiflabben ble i tidligere tider sett på som en ufisk. I dag er den en meget ettertraktet fisk. Kjøttet er fast, fint og velsmakende." 

Mange kjenner kanskje til breiflabben frå songstrofa "vått og kaldt og breiflabb over alt". Det er Knutsen & Ludvigsen sin statusrapport frå byen Bergen, om nokon skulle vera i tvil. 

Den siste delen av ordet breiflabb er ei historie i seg sjølv. Ifølgje Nynorskordboka tyder flabb "(brei) kjeft, snute eller munn". I tillegg er det brukt overført om ein "flåkjefta, nasevis person". 

Dermed er det ei glede å introdusera ein episode frå norsk pressehistorie. I 1949 skreiv Per Håland ein artikkel i hovudstadsavisa VG. Håland vart, som kjent, seinare ein smått legendarisk redaktør i vestlandsavisa Gula Tidend. Artikkelen i VG var ein kritikk av det han meinte å finna i hovudstaden av skrantande kunnskap og manglande respekt for landet utanfor Oslo. Det er ein artikkel med gode poeng, men som toppar seg i at journalist Håland spør: "Kvifor er Oslofolk så dumme?" Ein kåssør i Arbeiderbladet i Oslo gav han svar på tiltale:

Oslo-folk er stort sett alltid de første til å peke på feilene ved hovedstaden. Denne selverkjennelsen bruker en hvilken som helst tilfeldig tilreisende - eller innflytter - mot oss. Det verste er at undertiden får de hjelp av profesjonelle skribenter, nå sist fra en flabb i Verdens Gang, Per Haaland. Alle Oslo-folk er dumme, skriver han, bare i Sognefjorden, som han er fra, er nordmannen menneske. Skjønt noen halvaper fins vel i andre landsdeler også, men slett ikke i Oslo.

Dra hjem igjen med selvgodheten, Per Haaland. Her er trangt nok som det er, enda fjorden er bredere på våre kanter. 

Håland klaga ord- og sitatbruken inn for Pressens Faglige Utvalg (PFU), som konkluderte på salomonisk vis:

Det faglige utvalg mener at det ikke er god presseskikk å bruke uttrykk som "flabb" i en polemikk, men synes nok også at i denne sak kan den ene fornærmelse oppveie den andre.

Så veit vi det.


Om kjeldene, i tillegg til dei som er lenka direkte til i teksten over: Takk til Arkivverket som har sendt meg dokumenta i saka mellom Per Håland og Arbeiderbladet. Opplysninga om at "storkjeftkonge" er brukt på Helgeland som namn på breiflabben, er henta frå artikkelen "Breiflabb i kamp med erfugl" i Dagen 1. april 1933.

onsdag 1. juni 2022

Klantersteinen under Håstefjellet

Klantersteinen ligg under toppen av
Håstefjellet i Åsane (foto: Arve Kjell Uthaug)
Dette er andre artikkelen om Åsataket og området omkring. Den første handla om turstiane i området.

Ei morgonstund tidleg i mai gjekk vi tre karar for å finna Klantersteinen. Du kan sjå denne steinen frå avstand når du fer turstien mellom Håstefjellet og Tellevikfjellet i Åsane. Då må du helst vita om steinen for å ensa han. For å koma fram til sjølve steinen lyt ein først gå inn i botnen bakom Baugtveitstemma. Oppover lia går det langs flyktige hjortestiar, mellom sprakebusker og over mosegrodd steinur. Kvitveis og hjorteskit er her nesten overalt. Sjølv om det ikkje er så langt opp, er det bratt - og det går ikkje mange menneske opp dit. Eg har aldri sett nokon ta seg opp denne lia.

Men nokon må ha gått her før i tida sidan det er spunne segner omkring Klantersteinen. Det hadde dei neppe gjort om dei hadde sett denne rullesteinen berre frå avstand. stor er han ikkje. Vel oppe ligg steinen i eit område der landskapet flatar ut til ei fjellhylle. Den mannshøge steinen ruvar her oppe. Han kviler mot tre ulike punkt på berget under. På det eine av desse punkta ligg det faktisk kilt inn ein liten stein mellom Klantersteinen og berget. I uminnelege tider har han lege der som "melomleggspapir" og støtte for noko som er mykje større enn seg sjølv. 

Ikkje mange turgåarar legg vegen opp til Klanersteinen. 
Baugtveitstemma i bakgrunnen. (Foto: Arve Kjell Uthaug)


SEGNENE. Edv. Haukedal skreiv ei lita bok om Åsane i 1956. Der fortel han at oppe i Håstefjellet "ligg ein merkeleg rullestein, Klantersteinen, som folk bisnar på og der er ymse segner om". 

Vi kom, bisna og gjekk. 

Men kor finn ein meir om desse segnene? Frode Fyllingsnes har med litt i bygdeboka for Åsane. Han peikar på at det er teke vare på lite av segner og forteljingar frå Åsane, men Baugtveit er eit unntak. Ifølgje Fyllingsnes finst det m.a. ein tradisjon om at Klantersteinen skal ha fungert som offerstad. Boka Hordvik - bygda vår fortel at dei underjordiske, som gjerne vart kalla "dei ufriskje", heldt til i dette området med Klantersteinen. Mest segnstoff herifrå finn vi i ein artikkel i bladet Åsabuen av Eivind Buanes om "Sagn og lignende fra Åsane kommune". Buanes byggjer i artikkelen på hovudoppgåva han i si tid skreiv om stadnamn i denne delen av Åsane. Han fortel at det knyter seg mange segner til utmarka kring Klantersteinen, Klanten og Ruggetohola. Fleire menneske skal ha blitt bergtekne her, m.a. ei namngitt jente som huldra tok med seg opp i Ruggetohola (like nedanfor Klantersteinen). Andre hevdar visstnok at det var Tunkallen eller Hudlkallen som gjorde dette. Buanes fortel òg om andre segner frå dette området, litt smånifse saker, og i Smalhuskleiva på Baugtveit er det fár etter ein hov og ein fot i fjellet. Styggemannen, Djevelen sjølv, har altså sett spor etter seg her.

EIT SÆRSYN. "Du skal leita vida i bygdene kring Bergen fyrr du finn fagrare og vidare utsyn enn frå Håstafjellet i Åsane. Dette fjellet er nok mindre kjent enn det var verd. Det er visst etter måten få byfolk t.d. som veit um dette fjellet, og endå fåare som hev vore der uppe." Slik innleier Johan Austbø ein artikkelen i avisa Dagen i 1931. Skribenten, som sannsynlegvis er identisk med forfattar Johan Austbø, har mykje godt å seia om Håstefjellet som turområdet, sjølv om ein "kan verta ør i hovudet, uppi desse ville, stupbratten fjellufsene" om ein tek seg fram på den sida av fjellet som vender ned mot Baugtveit.

Austbø avsluttar artikkelen med eit avsnitt om nettopp steinen vår, som ligg i dette bratte området: "I ei bergskorta uppi Håsta-fjellet ligg ein stor stein dei kallar Klanthellarsteinen. Han ligg på ein slik måte at det er eit sersyn. Steinen som er firkanta og nær 2 m. i kvar kant, har visseleg vorte liggjande att her frå isskuringstidi. Han ligg berre på 3 høge bergnibbor, og ser ut til å liggja so laust at ein kan undrast på at han ikkje i kvar augneblink rullar ned. Men slik har han lege i tusen av år, og vert nok liggjande heretter."

Dei som med sjølvsyn vil sanna at Austbø har fått rett, i alle fall så langt, kan gå opp lia bakom Baugtveitstemma.  Men gjer det ein dag med god sikt og tørr bakke, og stig varleg. Huldra er kanskje ikkje så mykje å frykta, men det er bratt utfor stupa.

Om kjelder, litteratur og skrivemåte: Eivind Buanes har skrive artikkelen "Sagn og lignende fra Åsane kommune" i bladet Åsabuen (nr. 13, 2009). Buanes skreiv hovudoppgåve i norsk ved Universitetet i Bergen i 1971 om Stedsnavn fra nordvestre delen av Åsane kommune. Både Klantersteinen og Klantesteinen er brukt i dei skriftlege kjeldene. Når eg har valt forma med r, dvs. Klantersteinen, byggjer det på velvillig hjelp frå Eivind Buanes som har kontakta ein pensjonist som alltid har budd på Baugtveit, og som stadfester at den lokale uttalen er Klantersteinen.  Artikkelen "Håstafjellet i Åsane" av Johan Austbø sto i Dagen 9. mai 1931. Edv. Haukedal skreiv boka Åsane. Bygda og folkelivet (1956). Frode Fyllingsnes har skrive Åsane - i fortid og nåtid (Bergen, 2007). Boka Hordvik - bygda vår (Bergen, 2001) har fleire forfattarar.

søndag 1. mai 2022

Åsataket og området omkring

Første artikkel

Dette gamle kartet er sannsynlegvis frå rundt 1790
og utsnittet her viser gardane i Åsane (Kjelde: Kartverket,
kartteiknar/oppmålar: S. Thodal)

Dei to toppane Veten og Håstefjellet hevar seg opp mellom 450 og 500 meter over havet nord i Åsane. Midt mellom dei slyngar den trondheimske postvegen seg som ei smal smykkesnor. Rundt dei to fjella ligg det fleire mindre toppar, og heile dette vesle området er ringa inne av dei gamle gardane Espelid, Mellingen, Vestli, Antveit, Saurås, Ulset, Toppe, Hitland, Baugtveit, Mjølkeråen, Salhus, Sætre, Tellevik, Falkanger, Hordvik, Tuft, Hylkje, Almås, Haukås, Brurås, Eikås, Sæterstøl og Teigland. 

Eg har ikkje høyrt at det finst noko samlande namn for dette fjellområdet, men det kan passa godt å kalla det Åsataket. Denne vesle artikkelen er den første i ein serie om Åsataket og området rundt. Mange kjenner dette som eit området for turgåing og rekreasjon, og det kan vera eit fint utgangspunkt.

VETEN er med sine 486 meter over havet det næraste du kjem himmelen i desse traktene. Kjappaste vegen opp går frå parkeringsplassen på Sætre, først gjennom granskogen og så langsmed torvmyrane oppom Litleveten. Framleis kan ein sjå festet etter løypestrengen som frakta torva ned til Magnusløå attmed postvegen. Det er eit imponerande fall. Vel oppe på toppen av Veten står ein midt i ei signallinje i eit eldgammalt varslingssystem. På Veten vart det tent bål, som så vart sett på neste topp. Båla ("vetane") vart kveikte frå topp til topp, og slik gjekk varselet om ufred og mobilisering. Veten ser ut til å ha vore ein del av signalinja innover i landet til Voss.

Det finst mange ulike stiar opp til Veten. Den som har litt god tid, kan gå ein rundtur frå Sætre og langs postvegen over til Mellingen, og så attmed Langavatnet til Vikaleitet, opp til Sæterstøl og derifrå til Veten. Sluttetappen går ned att til Sætre.

Overnatting i telt på Håstefjellet, med Veten i bakgrunnen
(foto: Arve Kjell Uthaug)

HÅSTEFJELLET
 (464) er den nest høgaste toppen på Åsataket. Det står Høgstefjellet på skilta, men så langt eg kjenner til, er den nedarva lokale uttalen Håstefjellet.  Ein av dei finaste turane her er rundturen som tek til og endar på parkeringsplassen på Baugtveit. For snart sytti år sidan skreiv Edv. Haukedal ei lita bok som heiter Åsane - bygda og folkelivet.  Etter først å ha vore innom Veten og dei næraste toppane omkring, vender forfattaren blikket over mot vestsida av postvegen (s. 43):

På vestsida har me så fjellrekkja mellom Tellevik og Mjølkrådalføret frå Salhus til Håstefjellet som er 464 meter høgt. I Salhusberget er det bratt og stup i sjøen. Før vegen til Salhus vart lagt i Ranten var der vanskeleg å ta seg fram. Der var to fotstigar i berget, den eine i flodmålet og den andre høgt opp i berget. Håstefjellet ringar inn Baugtveitstemma, som no er bygt ut til vasskjelda til Salhus og vestre delen av bygda. Oppe i Håstefjellet ligg ein merkeleg rullestein, Klantersteinen, som folk bisnar på og der er ymse segner om.

Mange gonger har eg gått på Håstefjellet utan å leggja merke til nokon rullestein. Då har eg heller ikkje sett etter nokon slik stein. Men den som leitar han finn, i alle fall om han går saman med skarpøygde turkameratar. No trur eg at eg veit kor den segnomspunne Klantersteinen er, og det er eit stykke frå den vanlege turstien, men sikker er eg ikkje før eg får plasseringa stadfest av folk som høyrer til i området.

Medbragt frå Salhus bakeri.
(foto: Arve Kjell Uthaug)

FJELLA BAK SALHUS er eit ypperleg turterreng med ulike stiar og ruter. Bygda Salus har kan henda si travlaste tid bak seg. Industrien har stilna og ei viss museal ånd kviler over staden. Men Salhus er ei perle, og har sine små overraskingar. Som den franske bakaren med eit bakeriutsal som berre held ope laurdagar mellom 8.30 og 13.00. Eller Tekstilindustrimuseet med sin lyse og avslappa kafé med utsikt over sjøen og museumsbutikk vegg-i-vegg. 

Turtipset er å stiga i turskoa tidleg laurdag morgon og gå frå Salhus og opp Miladalen, ta avstikkaren til venstre opp på Tellevikfjellet og deretter kryssa vestover og gå ned att. Der går stien attmed to av stemmene som finst i dette området, ei stemme er eit oppdemma vatn. Først kjem Litlejørgenstemmo med sin fine rasteplass i livd for nordavinden. Litt lenger nede går stien forbi Storejørgenstemmo, som har ein imponerande demning, men som ikkje lenger heilt greier å halda på vatnet.  

Eit alternativ er sjølvsagt å leggja den same turen til ein søndag og enda opp i kafeen på Tekstilindustrimuseet. Forresten burde nokon ha kryssa denne kafeen med bakeriet eit par steinkast bortanfor. Det ville gitt oss ein førsteklasses plass å sitja kombinert med eit fint utval av velsmakande bakevarer.

Uansett, det er alltid verd å dra til Salhus.


onsdag 28. juli 2021

Fjærlandkjenning

Fjærland er ein liten plass med mykje innhald
(foto: Arve Kjell Uthaug)
Fjærland i Sogn finn du ikkje maken til. Det kan du for så vidt seia om alle stader, men det gjeld litt ekstra for denne bygda med si eineståande blanding av natur og kultur.

Dei mektige fjella, gode jordbruksbøane, husa og nausta som ligg på rekkje langs den grågrøne fjorden, Jostedalsbreen som strekkjer armane sine med mot bygda (Norsk Bremuseum ligg her). Som turist kan du nesten koma til å tru at du har hamna i ein alternativ røyndom. Men, sjølvsagt, måsen skrik her også, og skit så veggen på Joker-butikken ser ut som han har fått  utslett.

Døra inn til Guds hus er stengt
(foto: Arve Kjell Uthaug)

Du er ikkje den einaste turisten om du kjem hit i slutten av juli. Likevel er det ei slags ro over Fjærland. Ein liten stad som ser ut til å takla turismen med ei slags avslappa ro. Denslags står det respekt av.

Det gamle, ærverdige - og langt frå vedlikehaldsfrie - Hotel Mundal ser ut å vera under oppussing. Like bortanfor ligg den raudmåla trekyrkja. Døra inn til gudshuset var låst då eg var der, så då var det å rusla rundt på kyrkjegarden i staden. Det slo meg at eg måtte driva ei god stund mellom gravene før eg fann nokre få gravsteinar der innskriftene ikkje var på nynorsk. Slik er det langt frå i alle bygder sjølv om nynorsk har vore skulespråk der i fleire generasjonar.

Kjell Arve Straumsvåg tek seg av bøkene
(foto: Arve Kjell Uthaug)

Slik kan ein gå og drøyma seg bort. 

Om Skaparens dramatiske landskapsglede og bygdefolket sine hus, naust og grøne bøar ikkje er nok til å lokka ein til Fjærland, finst det ein ting til. Bokbyen. Antikvariata ligg tett i tett, og brukte bøker kan ein kjøpa, eventuelt kikka på, i mangslags hus her langs Fjærlandsfjorden. Eg endte opp med ei bok frå 1935 om nordhordlendingar som var med i første verdskrigen. Dessutan fekk eg ein triveleg prat med Kjell Arve Straumsvåg, som arbeider i  vekeavisa Dag og Tid, men som i tillegg rekk å driva Straumsvågs antikvariat med utsal frå fleire bygningar i bokbyen. Straumsvåg er ein av fleire som handlar med bøker her. Utvalet hans er stort og spennande og heldigvis tematisk ordna.

Gravemaskina står i ro attmed vegen opp til brearmen
 i Supphelledalen, men graset er slege
 (foto: Arve Kjell Uthaug)

Det bur ikkje mange i Fjærland, og sentrum er ikkje så stort.  Men orda til den walisiske poeten Waldo Williams kan passa om denne bygda, slik dei og kan høva for enkeltmenneske: 

What is living? Having a great hall 
Between narrow walls.


lørdag 3. april 2021

Eit ekteskapsdrama frå Åsane

Ekteskapsproblem er ikkje eit nytt fenomen, sjølvsagt ikkje. I den andre boka om Madli og Vemund slit dei to seg vidare. Den sterke Madli av stolt ætt vil få garden kjøpt og arbeida han fram. Vemund finn meir glede i å arbeida for andre, ta med seg fela og spela i bryllaup. To ektefolk som dreg i kvar si lei, og som ikkje skjønar seg heilt på kvarandre. 

Forfattaren Kristian Matre gav ut seks bøker, som alle kom i mellomkrigstida. Dei fem første bøkene har handlinga lagt til Åsane nord for Bergen: Dei to første handlar om Madli og Vemund i Botn, dei tre neste om folket på Rabben.

Den første boka heitte Folkje i Botn. Boka denne artikkelen handlar om, er oppfølgjaren I bast og band

To små planeter i kvar sitt univers. Hovudpersonen Vemund er husmann og spelemann. Han er ein audmjuk mann på mange viss, men samstundes skil han seg litt ut frå jordslitarar flest: få rår som han med fela (eller kanskje det er fela som rår med han), og heller vil han arbeida for andre enn slita på sin eigen husmannsplass. Det er kanskje ikkje så rart at han kjem på kollisjonskurs med kona Madli, som er den andre hovudpersonen i boka.

Det er fleire som tenkjer varme tankar om Madli. Nils Kvamme fekk henne ikkje, og han gifta seg med ei anna. Etter ein hard indre strid endar forresten Nils opp som lekpreikar, og han er den strenge bedehusstemma i bøkene. Knut Haugland skulle òg gjerne hatt Madli ved sida si der han går som lengtande ungkar på garden, og det er ikkje fritt for at Madli òg har ønske i den retninga. Men Vemund var det som fekk Madli til kone. Dei to går seg fast, finn ikkje ut av det, forventningane kolliderer - og no kan det synast vanskelegare for Vemund å få ein smil frå Madli enn det ein gong var å få henne til ektemake. 

Vemund var "godt likt av alle utanfyre huset", heiter det i boka, og mykje er sagt med det.

Eg skal ikkje røpa korleis det går til slutt, om isen mellom Madli og Vemund storknar og forsteinar seg, eller om det kjem ei vårløysing som gjer at isen smeltar. Den ytre handlinga er ikkje det som skaper spenninga i denne boka. Helst går ting på det jamne. Kvardagen er kulissane. Den verkelege spenninga ligg i samtalane, orda som fell og ikkje minst i det hovudpersonane Madli og Vemund tenkjer og føler.

Forresten handlar det for Vemund om fleire kvinner enn kona Madli. For det første er det Sigrid, som ikkje berre er gift med kameraten hans, Rasmus, ho er òg eit friskt og forlokkande pust for ein som ikkje når over til kona si. Men ei endå viktigare kvinne i livet til Vemund er mora Sygni. Vel er ho død, men ho spelar likevel ei stor rolle i livet hans - og i slutten av denne boka.

Den som har skoen på. Bøkene om folket i Botn er ei blanding av psykologisk drama og heimstadlitteratur. Olav Hetlevik, som har skrive hovudfagsoppgåve om Matre, peikar på at Matre var påverka av psykoanalysen, men: "Matre let seg aldri blindt leia av psykoanalysen; det sunne bondevitet hans syter for det. Og moralisten i Matre er sterk, idealisten like eins." (Frå Fjon til Fusa 1956, s. 111) Det trur eg er godt observert, i alle fall etter å ha lese dei to første bøkene til denne forfattaren frå Nordhordland.

Hovudfagsoppgåva til Hetlevik er trykt i 1956- og 1957-utgåva av årboka Frå Fjon til Fusa. Eg hadde ikkje lese studien til Hetlevik før eg skreiv den første artikkelen om Kristian Matre, men no har eg gjort det. Her er det mykje god kunnskap å henta både om bøkene, samtida og forfattaren. For den som vil læra meir om forfattaren Kristian Matre, går vegen gjennom det Hetlevik har skrive.  

Olav Hetlevik skriv òg om ekteskapet til Kristian Matre. Her opplever eg at han går litt i biograf-fella og identifiserer seg med perspektivet til hovudpesonen sin på ein måte som ikkje slepp andre synsvinklar fram. Kristian Matre er sjølv flinkare til å sjå begge perspektiva - både Madli og Vemund sitt - i romanane om folket i Botn. Det får så vera, kva veit vel eg om ekteskapet til Kristian Matre. Men Matre vart altså gift med lærardottera Karine Raknes frå Myking i Nordhordland. Dei fekk fire døtrer i lag. Bøkene om folket i Botn kom i siste helvta av 1920-talet mens Karine og Kristian framleis var ektefolk. Noko lukkeleg ekteskap var det nok ikkje, og Hetlevik peikar på at Karine høyrde til indremisjonen og Kristian var arbeidarpartimann, og dei drog på mange måtar kvar sin veg. I eit brev frå 1932 skriv Kristian Matre: "Ja livet er herlegt med kjærleik - utan er det støtt som å gå i gravferd" (Frå Fjon til Fusa 1956 s. 133). I 1930 hadde han treft ei anna kvinne, og året etter søkte han om skilsmål frå Karine. Etter nesten fem år gifta han seg oppatt med Marta Nylende frå Åmot i Buskerud, då var han 59 og ho 51.

Korleis Kristian Matre brukte sine eigne erfaringane då han skapte Madli og Vemund, veit vi ikkje nøyaktig. Sannsynleg er det likevel at han trekte vekslar på sitt eige ekteskap.

Tid og stad. Bøkene til Matre er sjølvsagt ikkje frittsvevande psykologiske drama. Det indre spelar seg ut i tid og rom. Olav Hetlevik skriv at brorparten av handlinga i dei to bøkene om Madli og Vemund gjekk føre seg på siste delen av 1850-talet. Handlinga er dermed lagt tjue år før forfattaren vart fødd i 1877 og sytti år før han gav ut bøkene på 1920-talet. Det kan vera klokt å ha i minne når ein les. For sjølv om Matre levde nær i tid til handlinga i bøkene, og han kjende godt til det samfunnet han skriv om, så er det ikkje heilt si eiga samtid han fortel om i desse bøkene. Han skriv vel heller om eit samfunnet dei vaksne snakka om i oppveksten hans. Dermed ligg det ein avstand i tid mellom forfattaren og handlinga i boka, ein avstand vi i dag snart hundre år etter utgjevingane lett kan oversjå når vi les bøkene. Nokre av dei forestillingane og skikkane Matre skriv om i bøkene, vart nok oppfatta som gammaldagse då bøkene kom ut. Eg vil tru dette m.a. gjeld den "magiske" forestillinga hjå Vemund om at han er tryggare når han ber katekisma på bringa. 

Åsane er den geografiske ramma rundt handlinga i boka I bast og band, og mest held vi oss i den nordvestre delen med Mjølkråne som sentrumsbygda. Stort sett byter Matre ut namna på plassane i det landskapet han skriv om - bortsett frå når han skriv om Bergen by, der han brukar dei verkelege namna. For dei som vil lesa bøkene med lokalt åsablikk, kan Hetlevik gje god hjelp:

Salhus vert kalla Saltnes eller Reppen, Kvernaviki er vorten til Rekeviki og Mjølkeråi til Totlandsgrendi. Hitland er bytt ut med Haugland, Bogetveit med Øvsthus, Ladberg med Rabben, Sørgard med Trodal, Nordgard med Næset, Salhusberget med Kvamsfjellet, Sanddalen med Brydalen, Frekhaug med Frøyset osb., osb. Det hender nok at han brukar rette namnet også, som t.d. i "Folkje i Botn" når det der er nemnt Klauvaneset. Men så stort detektivarbeid for å finna ut kva stader han har tenkt på med dei lånte namna sine, krevst det no ikkje - ikkje for lokalkjende folk iallfall. Og stort andre enn dei er det vel ikkje som bryr seg om å gå dette nærmare etter i saumane. La oss berre leggja til at Botn i røynda ligg på Slettestølen, altså litt sunnafor sjølve Mjølkeråi. (Frå Fjon til Fusa 1956, s. 141-142)

Sjølv har eg vokse opp ikkje så mange busstoppa unna handlinga i desse bøkene. Men om eg hadde stige av bussen i Støbotn med ei Matre-bok i handa, ville eg vore temmeleg hjelpelaus i å kopla stadnamna i bøkene opp mot dei faktiske stadnamna. Så, takk til Hetlevik for at han delte litt av detektivarbeidet med oss. Kanskje er det nokon i Åsane som vil låna og lesa desse bøkene. Då kan det saktens vera kjekt å kjenna til at Knut som er så forgapt i Madli, held til på Hitland (Haugland i boka), og at Vemund ei stund går med planar om å ta med seg familien og flytta til fabrikkstaden Salhus (Saltneset i boka).


Den første artikkelen om Kristian Matre og bøkene hans heiter Skjønnlitteratur frå det gamle Åsane.

Kjelder:

I Bast og Band (Kristian Matre, Skien, 1929). Boka kan lesast på nettet frå Nasjonalbiblioteket sine heimesider, www.nb.no.

Folkje i Botn (Kristian Matre, Skien, 1926).

Frå Fjon til Fusa, dei to årgangane 1956 og 1957, der hovudfagsoppgåva til Olav Hetlevik om Kristian Matre er trykt.




onsdag 10. februar 2021

Skjønnlitteratur frå det gamle Åsane

Langs stiane folk trakka i det gamle
bondesamfunnet Åsane ein gong var
(foto: Arve Kjell Uthaug)
Eg måtte finna fram saksa og klippa opp fleire av sidene i denne boka. Det var jo slik ein gong at mange nye bøker måtte sprettast av den som las dei først. Heilt sikkert fanst det ein produksjonsteknisk grunn. Denne boka, som kom ut i 1926, og som eg fekk lånt inn gjennom det lokale biblioteket, var altså ikkje lesen av andre før.


Det er for gale. For Folkje i Botn av Kristian Matre er ei fin bok på fleire måtar. For det første er dette noko så spennande som skjønnlitteratur lagt til Åsane - den sørlege og bynære delen av det gamle strilelandet, kommunalteknisk slukt opp av Bergen by så seint som i 1972. Boka opnar døra på gløtt inn til det gamle bygdelivet, ispedd fine skildringar og gode observasjonar. Men ikkje berre det. Forteljinga om folket i Botn seier mykje om det som rørte seg innom vadmålsvesten.


Kristian Matre

Forfattaren Kristian Matre (1877-1943) hadde røtene sine djupare innover i Nordhordland. Han ætta frå Masfjorden på både fars- og morssida, men vart fødd på Myking i det som i dag er Alver kommune. Då Kristian var sju år, flytta familien til Mjølkråne i Åsane. Dermed kom Kristian til ein del av strilelandet som var nært både sjøen og byen. Som vaksen flytta han til Austlandet og arbeidde som forretningsførar i avisa Bratsberg-Demokraten. Seinare dreiv han som frukthandlar i Skien.

Alle bøkene sine gav han ut etter at han flytta austover, men handlinga i dei fem første er lagt til Åsane. Dei to første handla om folket i Botn: Folkje i Botn (utgittt 1926) og I bast og band (1929). Visstnok skildrar dei tida på slutten av 1850-talet. Dei tre neste handla om folket på Rabben: Denne jammerdal (1930), Den harde striden (1931) og Millom eldar (1933). 

Kristian Matre har fått eit avsnitt i Norsk Allkunnebok. Der heiter det at han gjev eit rikt og påliteleg kulturhistorisk bilete av strilebonden heime og i byen på siste halvdelen av 1800-talet. Allkunneboka slår vidare fast at Matre "er ein fin psykolog og har eit sermerkt tak på sentrale problem i vestlandsk religiøsitet".


Gamle Åsane

For mange er Åsane først og fremst IKEA-land med masete kjøpesenter, overfylte parkeringsplassar, rundkøyringa til å bli øren av - og kort veg inn til Bergen. Men du skal ikkje så veldig langt tilbake i tid før Åsane var noko heilt anna. Spora er heller ikkje så vanskelege å finna den dag i dag om ein ser etter. 

Det er altså bondesamfunnet i det gamle Åsane som er ramma rundt forteljinga i denne boka. Sjøen og heimefisket er viktig for folket på garden vi les om, så dermed er vi nok ikkje i dei mest innlandsprega områda av Åsane. Eg skal ikkje vera skråsikker, men for meg ser det ut som om "Botn" i romanen passar inn i landskapet langs kyststripa mellom Steinestø i nord og Eidsvåg i sør. 


Kone og mann

Kva handlar Folkje i Botn om? Mange ting, sjølvsagt. Men kan henda aller mest om det vanskelege samlivet mellom kone og mann. Boka kan sjåast som eit lite galleri, som stiller ut ulike samliv. Enkemannen Eskild og nyekona, bibelbodet Nils Kvamme og andrevalet Lena, feiarmeister Thorsen og madamen, Guri og Sjur, Sigrid og Rasmus. Stundom berre anar vi det, andre gonger ser vi tydeleg at dei fleste har sitt å stri med. Av og til ligg det mest og ulmar, og kanskje blir det med det, men andre gonger slår det ut i brann. 

Best kjende blir vi med hovudpersonen Vemund og kona hans Madli. Dei er ektefolk og driv gard saman, men dei lever meir side om side enn i lag. Då Madli forelska seg i spelemannen Vemund, tok ho òg eit steg ned på den sosiale stigen og vart plasskone. Det er mange forventningar ho ikkje får innfridd. Slik er det med han òg. Dei spelar kvarandre ikkje gode, for å seia det med moderne idrettsspråk. 

Matre skriv godt om Madli og Vemund. Så godt at vi kan skjøna dei litt begge to. Det same gjeld rolla sonen Hogne spelar.


Gudstru

I dette samfunnet er gudstrua viktig. Ikkje som eit sett meiningar som kan samlast og plasserasat på sin tilviste plass, heller ikkje som ein rein søndagsaktivitet - men som ein tankegang som gjennomsyrar kvardag og helg. Det er noko herleg ublygt over det heile. Vanlege menneske kan snakka med kvarandre om Gud.

Gudstrua i dette samfunnet levde som kjent i spenninga og samspelet mellom kyrkjekristendom, nedarva forestillingar og ny vekkingskristendom. Nils Kvamme er den tydelegaste representanten for dei vakte eller bønefolket. Han er streng, og folk ser nok på han med ei blanding av respekt og avstand. Kristian Matre karikerer ikkje pietistane i denne boka, i alle fall ikkje slik eg les han. Andre har vore flinke til å forfatta fram usympatiske pietist-karikaturar. Som Jan Inge Sørbø peikar på i Nynorsk litteraturhistorie, stod mange tidlege nynorskforfattarar i ein frilyndt tradisjon som hadde "ein diskursiv fiende i pietismen og 'bønefolket'" (s. 93). På den andre sida har det òg funnest ein pietistisk skjønnliterær tradisjon som vittig er blitt karakterisert om lag som så, at bøkene slutta med at først vart hovudpersonen frelst og gift, deretter heile bygda frelst og gift.

Her opplever eg at Folkje i Botn framstiller ting ærlegare. Her er det ikkje først og fremst karikering eller propaganda, men vilje til å forstå.


Neste akt

Kontakten mellom bymann og stril pregar òg denne boka. Det same gjer den indre spenninga hjå Vemund mellom å føya seg, vera smidig og jamvel duka nakken på den eine sida, og det å mota seg til å slå i bordet på den andre. Ein litt eksotisk figur er han òg, ein som det kunne ha gått gjetord om: god spelemann, flink til å finna fiskeplassar og ein kløppar til å ro.

Så får vi sjå korleis det går med folket i Botn i neste roman, I bast og band.

Neste artikkel om Kristian Matre og bøkene hans, handlar om Eit ekteskapsdrama frå Åsane

Kjelder: 

Folkje i Botn (Skien, 1926).

Artikkelen om Kristian Matre i boka Bygda gav diktarsyn (Olav A. Loen, 1970).

Wikipediartiklane om Kristian Matre (både bokmåls- og nynorsk-Wikipedia).

Artikkelen om Kristian Matre i Norsk Allkunnebok (1948-1966).

Nynorsk litteraturhistorie av Jan Inge Sørbø (Oslo, 2018).

søndag 3. januar 2021

Kule ord (70): byskit

Byskiten vart levert til denne skitkassen på Fløksand  
(oppmuringa til høgre for naustet). (Foto: Arve Kjell Uthaug)
Dette er kan henda ikkje det finaste ordet å starta det nye året med, men skit la gå. 

Bergen by var i vekst og hadde enno ikkje eit moderne kloakksystem. Skiten måtte vekk. Ein av måtane dette vart løyst på, var å frakta byskiten til omlandet kring byen og bruka det som gjødsel i jordbruket. Holsnøy var ein av stadane som frå slutten av 1800-talet fekk dei bergenske etterlatenskapane frakta ut med båt, slik John Fløysand fortel levande og godt om i ein artikkel i Melandjul 2020 (Den illeluktande velsigninga). Enkelte plassar murte ein opp eigne skitkassar nær kaien. Derifrå henta bøndene byskiten, frakta han til gards og spreidde han utover bøane som gjødsel. Ein vinn-vinn-situasjon. Bergensarane vart kvitt skiten, strilane dyrka mat. 

Eit anna ord for byskiten var kaupen.

No hadde ordet byskiten òg ei overført meining. Eg har sjekka med to personar som kjem frå Holsnøy, og som i dag er pensjonistar. Og, jaudå, dei kan begge stadfesta at byskiten kunne brukast som eit nedlatande ord om bergensarar. Begge nemner dessutan at ordet heller vart brukt om enn direkte til dei det galdt. Ein av desse pensjonistane, Arnt S. Brakstad frå Brakstad på Holsnøy, fortel:

I min oppvekst var det ein god del hyttefolk frå Bergen rundt om på gardane. Me leikte mykje med dei og hadde for det meste eit godt kameratskap. Men eg hugsar at "Byskit" vart brukt når det vart uvenskap av ein eller annan grunn. Likevel vart det sjeldan brukt i direkte krangling. Det vart vel mest brukt i negativ omtale når "byungane" ikkje var der.


onsdag 25. mars 2020

Gråstein, gardsdrift og gudsfrykt

Magnusløå sett frå sør (foto: Arve Kjell Uthaug)
Attmed den gamle postvegen frå Bergen til Trondheim ligg Magnusløå. Mens postvegen batt saman to av dei største byane i kongeriket, var steinløa del av det daglege gardslivet på Sætre i Åsane. Som mange andre av steinbygga rundt om, seig òg Magnusløå i kne. Men ivrige hender reiste henne på ny, og gjorde henne til gudshus. 

Magnusløå er ein del av eit unikt kulturlandskap. Kjem du frå Bergen i sør, skal du ikkje stoppa på IKEA, men tvert om halda fram vidare innover bak møbelgiganten. Heilt til vegen endar på gardane Mellingen og Espelen (Espelid) inne i botnen av Langavatnet. Frå Mellingen går postvegen langs Dalselva, og det første stykket oppover er temmelg bratt. Godt det finst ein plass litt lenger oppe som heiter Kvilet. 

Her gjeld ei ordet om ikkje å sjå seg tilbake. Du skal tvert om snu deg og sjå utover dei grøne liene og markene, fjellheimen bakanfor og Langavatnet som ligg i midten og speglar det heile. Langs vegen ligg det fleire gråsteinsperler - steinhus reist av tidlegare generasjonar og brukt i gardsdrifta. Dei fleste av desse husa er i god stand. 

Magnusløå
Like sprekt sto det ikkje til med det vi i dag kallar Magnusløå. Etter kvart som ein går nordover, flatar postvegen ut og går slakk og fin i botnen av kløfta mellom dei to fjelltoppane Veten og Håstefjellet. Først gjennom Rimmaskaret, og litt lenger framme ligg Magnusløå i Træ.  

Då dugnadsarbeid starta i 2008, låg det meste av løa i røys. Ivrige folk tok steinane i eigne hender under kyndig leiing av Harald Toppe. Ikkje minst gjorde Marit Pedersen og mannen Knut ein stor innsats. Men dei hadde med seg fleire. Marit Pedersen har skrive ein artikkel i Åsabuen om dette arbeidet, og det er interessant å sjå at det var folk frå gardane på både nord- og sørsida av fjellet som stilte opp: Både Sætre og Mellingen figurerer mellom etternamna til dei som tok eit tak.
Det er romsleg med plass i
Magnusløå (foto: Arve Kjell Uthaug)

Ein del av steinen frå gamleløa var forsvunnen, og dagens bygg er ein kombinasjon av stein og trebord. Etter fem år sto det nyreiste bygget klart. Inni er det grindverk, langs veggene er det enkle trebenker. Over eit enkelt alter i sør heng ein naken trekross. Etter kvart som åra er gått, har folk sett frå seg figurar, mest englefigurar.

Kyrkjelyden i Salhus har bruksrett til Magnusløå. Eitt og anna arrangement er det der, men slett ikkje mange. Løa står heile tida open. Ferdafolk kan gå inn, be ei bøn, ta seg tid til litt ettertanke, ta ein nistepause saman med andre, eller søkja livd om regnet pøsar ned.

Løa ligg forresten inn i Træ. Kjell Erik Steinbru, rådgjevar i stadnamntenesta i Språkrådet, opplyser at dette namnet kjem av inkjekjønnsordet træ(de) i tydinga "inngjerda beiteteig for husdyr". Ordet heng saman med verbformene trø og trå, dvs. gå og stiga eller trakka.

Gardsdrift
Løa er oppattkalla etter Magnus Sætre, som var gardbrukar på Sætre og døydde i 1992. Eg har vore i kontakt med ein av sønene hans, Agnar, som vart fødd i 1960:

Då eg vaks opp, hadde vi enno nokre få mjølkekyr, sauer og ein fjording. 
Stykket i Træ vart brukt til beite for kyrne, og løa var då ikkje brukt til anna enn at kyrne søkte ly der om dei fann det for godt. Me leidde kyrne inn i Træ etter mjølking om morgonen og heim att til mjølking om kvelden, så vidt eg hugsar, fortel Sætre. Han legg til at det kan henda stykket i Træ òg vart brukt til slåttemark tidlegare, og at det vart lagra høy i løa - men det veit ein ikkje.

- Kanskje har ho òg vore brukt til å lagra torv. Det var nemleg eit løypestrengfeste i bakken rett nordom løa. Løypestrengen kom frå austsida, øvre feste er godt synleg nett attmed stien oppom "Litleveten" enno. Dersom du går til Veten frå Sætre, så er Litleveten den vesle haugen ein passerer undervegs. Når du kjem eit stykke oppom Litleveten, passerer du torvmyra, fortel Sætre. Torvtakinga var før hans tid, men slik han har oppfatta det, var tormyrane eit fellesgode slik at fleire bruk hadde rett til å ta torv til oppvarming derifrå.

Magnus Sætre
Magnus Sætre (født 1925), som løa har fått namn etter, var gardbrukar og bedehusmann. Kona heitte Ellen og kom frå Fjell. Foreldra til Magnus var Ola Sætre og Klara, fødd Mjelde. Klara kom frå Valestrand på Osterøy. Fram til Ola døydde i 1968, hadde dei mjølkekyr på garden, fortel Agnar Sætre, og deretter hadde dei kalvar, sauer og hest fram til 1977. Då vart det slutt med dyrehaldet. Jorda vart pakta bort til eit søskenbarn av Magnus, som budde på Teigland, og som i mange år kom og tok slåtten på Sætre.

Magnus jobba på ferjene som matros og billettør. For det meste var han på sambandet mellom Steinestø og Knarvik.

- All fritid gjekk med på småbruket, han kvilte seg berre om søndagane. Då gjekk turen gjerne på fjellet. Kvar sommar i mange år deltok han på fjellvandringsleirar med Nordhordland indremisjon, fortel Agnar om faren.

Sjølv om småbruket krov sitt, hadde Magnus òg tid til teneste i Guds rike. Frå tidleg ungdom har eg sjølv eit litt artig minne om dette. Det må ha vore seint på 1970-talet eller litt inn på 80-talet. Vi dreiv den kristne ungdomsklubben "Yngres" på Kyrkjekrinsen bedehus. Dette var eit arbeid drive av og for yngre ungdommar. Det aller meste tok vi oss av sjølve, men talarane henta vi utanfrå. Denne kvelden var det Magnus Sætre som skulle halda andakten. Sætre stilte trufast opp, men det var berre ei lita handfull ungdommar som hadde funne vegen til småsalen i bedehuset denne kvelden. Sætre heldt andakten, og like etterpå kom det nokre få ungdommar til. Då valde lekpreikaren like godt å halda andakten ein gong til, slik at nokre av oss fekk han for andre gong. Dei sauene som kom diltande etter, trong vel maten like mykje som dei som var der til rett tid.

Taket av Åsane
Veten i vinterdrakt med solrenning over Osterøy
(foto: Arve Kjell Uthaug)
Postvegen mellom Mellingen og Sætre er eit populært turområde. På kvar side av vegen stig det opp ein fjelltopp, Veten på austsida og Håstefjellet på vestsida. 

Veten (486 moh.) er den høgaste og mest trafikkerte av desse to fjella. Det går mange vegar opp dit. Rett-i-koppen-varianten går opp frå parkeringsplassen på Sætre og nedatt den bratte stien til postvegen og så tilbake til parkeringsplassen. Ein mykje lengre variant er rundturen frå Sætre langs postvegen til Mellingen og Espelen, derifrå går stien langs vatnet ut til Teigland (lukk grindene), så fører ein bratte bilveg opp til Sæterstøl, der det går sti opp til toppen av Veten. Siste etappe går frå toppen og ned att til Sætre.

Frå toppen av Veten er det ei fantastisk utsikt i alle retningar, og som ein kan skjøna av namnet, var denne fjelltoppen ein del av det eldgamle varslingssystemet: eit nettverk av toppar der ein kunne tenna bål (vetar) som varsla om ufred og kalla til mobilisering. Professor Johan Myking har skrive ein artikkel om Veten i Hordvik spesielt, og om varslingssystemet meir generelt, og han meiner fjellet oppom Sætregardane kan ha vore eit ledd i varslingslina innover mot Voss. 

Men toppen på andre sida av postvegen er òg turen verd. Ikkje minst er det flott å gå frå Baugtveitvegen opp til toppen (464 moh.). På skilt og kart heiter fjelltoppen Høgstefjellet. Agnar Sætre er ikkje så begeistra for dette, og peikar på at folk frå området alltid har kalla toppen for Håstefjellet. Her får han støtte frå stadnamn-eksperten:

- Namnet tyder ‘det høgste fjellet’, men det er uttalen "Håstefjelle" eller "Håstefjedle" som må reknast som nedarva munnleg namneform, og namnet burde vore skrive Håstefjellet i offentleg samanheng. Denne skrivemåten er då i pakt med den munnlege stadnamntradisjonen i området, og han er samtidig i tråd med den opphavsforma namnet venteleg har hatt. Adjektivet høg hadde forma hár i gammalnorsk, slår Kjell Erik Steinbru fast.

Så det er berre å håpa på nye skilt her. Uansett ligg toppane der og ventar på dei som vil og kan gå dit. Og midt imellom ligg Magnusløå.


Artikkelen trekk vekslar på opplysningar henta inn frå Agnar Sætre og Kjell Erik Steinbru, og på følgjande to artiklar i Åsabuen nr. 26 frå 2016: Magnusløå (Marit Pedersen) og Hordvikveten - ein vaktar av Vossaveldet (Johan Myking).