Viser innlegg med etiketten Tyrkia. Vis alle innlegg
Viser innlegg med etiketten Tyrkia. Vis alle innlegg

mandag 8. juni 2015

Internasjonal konferanse om Seyfo

Frå syrisk-ortodoks kloster i Mosul i dagens Irak (postkort henta
frå Wikimedia Commons). 
Under første verdskrigen vart dei armenske og syrianske folkegruppene i det ottomanske (tyrkiske) riket forfølgde, fordrivne og massakrerte. Mest kjent er folkemordet på armenarane. Men syrianske kristne vart òg utsett for den same brutaliteten. Her hjelpte det ingen ting at desse menneska hadde røter i dette området tilbake til dei første hundreåra etter Kristus, lenge før islam og lenge før det tyrkiske riket.

24.-28. juni skipar Freie Universität i Berlin til ein stor konferanse om folkemordet på dei syrianske kristne. Katastrofen blir kalla seyfo, året under sverdet, og starten på folkemordet mot syrianarar og armenarar blir gjerne sett til april 1915. Dermed er det hundre år sidan no i år. Programmet er stort og variert på konferansen Sayfo 1915: An International Conference on the Genocide of the Assyrians/Arameans during the First World War.  Ordbruken kan ved første augekast verka litt forvirrande, men syrianarar er det same som assyrarar, som er det same som aramearar (men ikkje armenarar).

Avisa Dagen har forresten hatt ei rekkje interessante og innsiktsfulle artiklar om dei syrianske kristne og om den syrianske diasporaen.
 

fredag 24. april 2015

100 år sidan folkemordet på armenarane

Det armenske klosteret i Ktuts, i dagens
Tyrkia (Foto: Armen Manukov, Wikimedia Commons).
24. april 1915 arresterte og massakrerte det osmanske (tyrkiske) riket framståande armenske intellektuelle og leiarar. Dette blir rekna som starten på den store fordrivinga - med svolt, mishandling og massedrap - av armenarar frå det tyrkiske riket. Ikkje berre armenarar, men òg syrianske (arameiske/assyriske) og greske kristne vart ramma. For dei syrianske kristne var 1915 Seyfo, året under sverdet. Eit langsiktig resultat av desse enorme menneskelege lidingane vart at det moderne Tyrkia vart bortimot tømt for kristne minoritetar.

Holocaust-senteret i Oslo har laga informative nettsider om bakgrunnen for det som hende, om sjølve katastrofen og om diskusjonen i etterkant. Store Norske Leksikon har ein artikkel som er oppteken av diskusjonen om dette skal kallast eit folkemord eller ikkje. Tyrkiske styresmakter har, som kjent, lagt stor energi ned i at det som hende i 1915 og dei følgjande åra ikkje skal definerast som folkemord. Frå ein norsk synsvinkel er dessutan Bodil Biørn av særleg interesse. Misjonæren frå Kragerø dreiv hjelpearbeid mellom armenarar og er eit norsk tidsvitne til det som skjedde.




 

fredag 9. januar 2015

To interessante bloggar om Midtausten

Ein turbulent del av verda (foto: NASA)
Her er to gode tips til dei som ønskjer bakgrunnsstoff om Midtausten:

Knut S. Vikør skriv denne bloggen med "meiningar og ytringar om Midtausten og tilstøtande tema". Vikør er professor i islamsk historie ved Universitetet i Bergen. Det siste innlegget hans drøftar religion og ytringsfridom etter terroren i Frankrike. Innlegget før gjev ei oppsummering av utviklinga i ein del land i Midtausten på steget inn i 2015. Ein kan godt vera usamd med Vikør i ulike spørsmål, men han tilfører den norske debatten både viktig bakgrunnsstoff og interessante synspunkt.

Morten Myksvoll er næringspolitisk rådgjevar i Bergen Næringsråd, sit i bystyret for Frp i Bergen og studerer samanliknande politikk. Han har starta den spennande nettstaden www.tyrkiskpolitikk.no, som gjev eit innblikk i politikk og samfunn i dette store og viktige landet på grensa mellom Europa og Midtausten.


torsdag 1. august 2013

Magasinet Strek om dei syrisk-ortodokse i Tur Abdin

Mor Gabriel-klosteret i Tur Abdin.
Foto: Nevit Dilmen, Wikimedia Commons.
Det unge magasinet Strek er både spennande og vakkert. I siste utgåva har redaktøren laga reportasje frå klostera som klorar seg fast i det tyrkiske fjellområdet Tur Abdin, munkane og nonnene som lever der, og dei få kristne landsbyane som har greidd seg heilt fram til i dag. Ein av desse landsbyane, Kafro, er jamvel gjenoppliva av suryoyoar som har gjort "alija" og vendt tilbake frå Vest-Europa. Og fader Yoakim og har fått med seg bror Aho og blåse liv i det nedlagde klosteret Mor Augin, som kanskje har røter heilt tilbake til første halvdelen av 300-talet. Den innsiktsfulle reportasjen i Strek får ekstra drahjelp av ein fotograf som veit kva han gjer.

Artikkelen handlar ikkje berre om dette, men òg om eit spennande musikalsk samarbeidsprosjekt mellom syrisk-ortodokse klosterfolk i Tur Abdin, Erik Hillestad, Kirkelig kulturverksted, Stefanusalliansen og koret SKRUK frå Norge. Resultatet skal koma ut som cd i haust, og ifølgje reportasjen i Strek har NRK tenkt å senda eit tv-portrett av Hillestad og plateprosjektet i Aust-Tyrkia. Både musikken og dei norske tekstane er eg spent på, og det skal bli interessant å sjå i kva grad tekstane - og ikkje berre musikken - tek mål av seg til og greier å formidla den fromheten og tradisjonen som har bore oppe desse kristne samfunna gjennom tidene.

Uansett er dette eit nytt, spennande prosjekt frå Kirkelig kulturverksted og sunnmørskoret SKRUK. Dei gamle av oss hugsar gjerne då dette plateselskapet kom feiande med kassetten "Kvite som negrar", der SKRUK og Ytre Suløens Jass-ensemble løfta fram negro spirituals på ein måte mange av oss var ukjende med. Reine revolusjonen.

fredag 25. januar 2013

Søner og døtrer av Mor Gabriel

Frå Mor Gabriel-klosteret i Tyrkia.
(Foto: Nevit Dilmen, Wikimedia Commons)
Det tyrkiske fjellområdet Tur Abdin ligg ved grensa til Syria og Irak. Her finst det framleis eit lite, kristent samfunn med røter tilbake til dei første hundreåra av vår tidsrekning. Kyrkjer, kloster og ruinar vitnar om ei lang og rik kristen historie. I nokre få kloster finst det framleis munkar og nonner. Men av dei mange arameiske kristne som ein gong budde i dette området, er det no berre att mellom to og tre tusen. Dei fleste kristne her høyrer til den syrisk-ortodokse kyrkja. Historia deira er dramatisk. På same måte som armenarane, vart tusenvis av dei arameisk-talande kristne slakta ned og fordrivne i overgangen frå det ottomanske riket til det moderne Tyrkia. I 1914 skal det ha vore nesten 20 prosent ikkje-muslimar i Tyrkia, dei aller fleste av desse var kristne. No er det truleg under 0.2 prosent.

Dei syrisk-ortodokse kristne i Tur Abdin er i dag ein ørliten minoritet der dei bur. Dei har halde liv i det arameiske språket – både den klassiske varianten som vert nytta i liturgien og den gamle litteraturen, og daglegspråket turoyo. I tillegg er dei altså kristne. Dei fleste etterkomarane av dei som opplevde katastrofen, seyfo, tidleg på 1900-talet, har forlate området. Nokre få hundre tusen bur i Europa, og dei er talrike i Sverige, Tyskland og Nederland. På slutten av 1900-talet vart dei arameiske kristne i Tyrkia skvist i konflikten mellom den tyrkiske regjeringa og kurdiske PKK. Dei levde i krysselden mellom regjeringa i Ankara, kurdiske opprørarar i PKK, kurdiske «landsbyvaktarar» i allianse med regjeringa, mektige kurdiske landherrar (agaar) og islamistiske Hizbollah. Det trengst ikkje mykje kjennskap til konfliktane i området for å skjøna at dette var ein desperat situasjon for dei kristne i Tur Abdin.

Men dei er der altså framleis. Konflikten mellom regimet og kurdarane er dempa ned, Hizbollah spelar heller ikkje ei viktig rolle i området for tida. Faktisk er det nokre få arameiske familiar som har vendt tilbake frå utlægd i Vesten og slått seg ned i dei gamle områda sine i Tur Abdin. Viktigast er landsbyen Kafro der fjorten familiar frå Vesten har vend tilbake. Den tyske presten Horst Oberkampf skriv om dette i artikkelen Almost a Miracle – Syriacs are Returning to their Homelands.

Artikkelen er ein av mange i ei bok som kom i 2012, The Slow Disappearance of the Syriacs from Turkey and of the Grounds of the Mor Gabriel Monastery. Akademikarar, politikarar og andre engasjerte skriv her om den vanskelege situasjonen for dei arameiske kristne i Tyrkia. Sjølv om situasjonen ikkje er håplaus, møter denne minoriteten store problem og ser ei usikker framtid i møte. The Slow Disappearance set fokus særleg på den vanskelege situasjonen for klosteret Mor Gabriel. Dette unike klosteret vart grunnlagt i år 397. Opp gjennom tidene har det opplevd både gode år og plyndringar. Det er i dag eitt av dei aller eldste kristne kloster som framleis er i bruk. No er klosteret i ein vanskeleg situasjon sidan både kurdiske nabolandsbyar og tyrkiske styresmakter har gått til rettssaker for å leggja under seg land dette klosteret har eigd gjennom lange tider.

Ein av dei mest lærerike artiklane i boka handlar om nyregistreringa av landeigedomar i Tyrkia. Forfattaren Markus Tozman har intervjua mange menneske rundt om i dei kristne landsbyane i Tur Abdin. Det er ikkje berre klosteret Mor Gabriel som står i fare for å mista eigedomar. Tozman viser i artikkelen korleis også vanlege menneske i dei kristne landsbyane stadig må kjempa mot det som vanskeleg kan kallast anna enn eit jordran, der styresmaktene snarare er motstandar enn støtte. Dessutan blir fleire kyrkjer og kloster verna av styresmaktene. Det kan høyrast ut som ein god ting, men ikkje når det fører til at nødvendig oppussingsarbeid stoppar opp og bygningane forfell. Tozman slår fast at «if these problems are not solved soon, the Syriacs of Tur Abdin will lose both their lands and their places of worship. This would not only be a slap in the face to anyone who believes in the progress of Turkey’s minority rights regime under the AKP government, it would likely also put an end to the millennia-old existence of the Syriacs in Tur Abdin" (s. 153).

Klosteret Mor Gabriel har ei heilt spesiell rolle for identiteten til syrisk-ortodokse kristne, og i kampen for å redda klosteret har fleire av dei kalla seg søner og døtrer av Mor Gabriel. Etter å ha tapt i rettssaker for tyrkiske domsstolar, blir i alle fall nokre av sakene løfta opp til den europeiske menneskerettsdomstolen. Sannsynlegvis har klosteret langt betre håp om å nå fram der. Tyrkia er eit stort og mektig land på grensa mellom Europa og Midtausten. Staten har søkt om medlemskap i EU, og vi får tru landet framleis ønskjer å halda vindauga ope mot Europa (sjølv om det er høgst uvisst om landet nokon gong blir medlem av Den europeiske unionen). Under statsminister Erdogan og det moderate islamistiske partiet AKP står Tyrkia òg fram som ei stormakt i den muslimske verda. Men skal landet vinna tillit i Vesten og vera ei bru mellom Midtausten og Europa, må det visa seg i stand til å yta ein bitteliten minoritet som dei arameiske kristne i Tur Abdin, rettferd og rimeleg vern.

 

 

søndag 11. mars 2012

Den vesle kristne minoriteten i Tur Abdin

Fadervår på arameisk.
Den kristne kyrkja har gjennom hundreåra breidd seg utover og vokse seg stor og sterk i nye område av verda. Ser ein dei store linene, er det ei historie om vekst. Men i ein del område har kyrkja gått frå å vera stor til å bli ein liten minoritet, og nokre stader er ho blitt heilt borte. Midtausten har i stor grad hatt ei slik utvikling. Den klart største kristne gruppa i dag er koptarane i Egypt, som kanskje utgjer omkring ti millionar menneske. Ein minoritet i landet sitt, men likevel ei gruppe som er dobbelt så stor som den norske befolkninga. (Kor mange millionar koptarar som finst i Egypt, er forresten omstridd, og det er ikkje godt å vita kva som er det korrekte talet).

I Tyrkia er situasjonen svært annleis. Av om lag 80 millionar menneske er berre nokre titusen kristne. Nokre få tusen av desse igjen er syrisk-ortodokse.  På same måten som dei armenske kristne i Tyrkia, opplevde dei syrisk-ortodokse forferdelege forfølgingar særleg i første halvdelen av 1900-talet. I Midtausten er elles dei syrisk-ortodokse i dag mest talrike i Syria, og denne gruppa kristne har òg ført vidare det gamle arameiske språket. Mange har reist frå dei gamle landa sine til Vesten. Eit av dei største diasporasamfunna er i Sverige, som i følgje wikipedia er blitt den nye heimen for 80.000 syrisk-ortodokse.

I det gamle kristne området Tur Abdin søraust i Tyrkia er det i dag berre litt over 2000 kristne att. Historisk sett har dette vore eit svært viktig område for den syrisk-ortodokse kyrkja. Sjølv om det ikkje er mange kristne att her, er det likevel fleire kloster og kyrkjer som er i bruk. I følgje erkebiskop Timoteus Samuel Aktas av Tur Abdin har kyrkja ti munkar, seks prestar, 22 nonner, ein erkediakon og fire diakonar som gjer teneste i bispedømet.  Sjølv held biskopen til i det kjende klosteret Mor Gabriel, som vart grunnlagt i år 397 etter Kristus, og som tradisjonelt har vore eit viktig åndeleg senter i dette kyrkjesamfunnet. Svært få kristne gudshus som framleis er i bruk, kan trekkja historia si så langt bak i tid.

              Den syrisk-ortodokse kyrkja i Tyrkia opplever framleis motgang og problem, slik biskop Timoteus peikte på i talen sin til støttegruppa for kristne i Tur Abdin og Nord-Irak i februar i år. Klosteret Mor Gabriel står i fare for å bli frårøva store landområde, ei relativt ny historiebok i skulen stemplar syrisk-ortodokse som forrædarar – for å nemna eit par av problema. Samstundes skjer det gledelege ting. Den tyrkiske nasjonalforsamlinga har fått ein kristen parlamentsmedlem frå Tur Abdin, nokre få familiar har flytta tilbake frå Vesten, og det eldgamle klosteret Mor Augin er igjen opna etter å ha stått tomt i førti år.

              Og det aller mest gledeleg er at, trass alt, så finst det framleis kristne i Tur Abdin.