Viser innlegg med etiketten Abort. Vis alle innlegg
Viser innlegg med etiketten Abort. Vis alle innlegg

onsdag 9. april 2014

Filmen om Børre Knudsen

Kyrkja i Balsfjord der Børre Knudsen
var prest (foto: Labongo, Wikimedia Commons)

Eg voks opp med redaktør Arthur Bergs kvasse og klar leiarartiklar i avisa Dagen. Ei av sakene han engasjerte seg sterkast i, var kampen for det ufødde barnet. Abort var fosterdrap, meinte redaktøren og ville bruka språket til å avsløra og ikkje tilsløra. Så kom opprørspresten Børre Knudsen. I tillegg til ord tok han saman med kollegaen Ludvig Nessa i bruk symbol og dramatiske handlingar for å få fram at abort var eit spørsmål om liv og død. Ja, Knudsen brukte jamvel seg sjølv som protest: Mannen nekta å ta imot løn frå staten, førte kampen i rettssalen til han mista kappe og krage og måtte sjå på at hans eige rykte og hans eigen familie vart utsett for større påkjenningar enn dei fleste er i stand til å ta inn over seg.
 

Filmen om presten frå Balsfjord, En prest og en plage, har lånt tittelen frå Niels Chr Geelmuydens drivande gode biografi som kom ut i 1988. Tittelen er særs god, men samstundes for smal. For dette er ikkje berre ein film om presten Børre, men like mykje om kona hans Ragnhild Knudsen og samspelet dei imellom. Det er vanskeleg å ikkje la seg imponera over ei så ærleg, sterk og klok kvinne.

Fridtjof Kjærengs film om Ragnhild og Børre Knudsen er eit tankevekkjande dokument og eit imponerande portrett. Ein av styrkane ved filmen er at han er så ærleg. Børre Knudsen er ein mann som framleis har tankens kraft og ei røyst skapt for salmesong. Samstundes er han ein gammal mann plaga av parkinsons sjukdom og nattlege mareritt. Mannen som tok seg inn på sjukehus i svart samarie og kvit prestekrage for å protestera mot at dei drep små born der, må no få hjelp med eigen sjukdom frå helsepersonell på sjukehuset. Kona Ragnhild hjelper og støttar han og er både myndig og god. Og familien strevar med å koma til rette med den høge prisen borna har måtta betala for prestens temmeleg einsame opprør mot norsk abortlov og –praksis. Innslaget der dottera får sleppa til, får dette tydeleg fram. Ragnhild fortel korleis ho ei tid såg for seg ei framtid som åleinemor, og korleis ho ei stund var på avstand frå trua. Her blir ting løfta fram, det blir ikkje tagd i hel. Ein del vil nok også kjenna seg att i scener som den der mor og dotter løftar fram det positive med at han får ei seng på sjukeheimen; Børre ser ut til å vera med på framsnakkinga, men ansiktet hans ser likevel ut til å røpa noko anna.

Filmen er ikkje utan humor, også ut over den eine prestevitsen. Mange vakre bilete blir det òg. Fjella mot himmelen, trebåten på sjøen, blåbærlynget om hausten. Balsfjord har den innramminga som trengst for å gje vakre småscener innimellom.

Likevel er slett ikkje humoren, og heller ikkje estetikken, det som festar seg mest etter denne filmen. Gjennom samtalane med ekteparet og gamle filmklipp frå den gongen Knudsen sto midt i den sjølvbestemte medieviraken, blir striden om abort løfta fram igjen. Mange vil sikkert synast det er vondt å sjå denne filmen. Og den gongen på åtti- og nittitalet vart Knudsen møtt med indignasjon og raseri. Sterkt kjem dette til uttrykk gjennom demonstranten som sender spyttklyser mot politiskjolda mellom seg og Børre Knudsen, eller demonstranten som fysisk kneblar Børre Knudsen med å halda handa si for munnen hans.

Det er ikkje ofte kneblinga blir så direkte. Men fortrenginga er der heile tida i abortdebatten. Ei anna av dei sterke scenene er eit filmklipp der Knudsen står på eit podie i friluft. Meir eller mindre overdøyvd av motdemonstrantar, set han i med eit skjerande og langvarig skrik. Eg veit ikkje kva Børre Knudsen tenkte då han gjorde dette, men eg tolkar det som om han ville gje stemme til tause skrik.

Det ligg kanskje ein slags ironi i at filmportrettet av Børre Knudsen går på norske kinoar samstundes med at kyrkjemøtet drøftar rapporten Sett undertrykte fri!. Det er Mellomkyrkjeleg råd som står bak rapporten om menneskerettar, ein rapport som òg tek opp såkalla «reproduktive rettigheter». Her heiter det m.a. at «Tilgang til lovlige og trygge aborter er en del av seksuelle og reproduktive rettigheter og har sitt ankerfeste i morens rett til liv og helse og i hvert menneskes kroppslige integritet." Rett nok heiter det i eit anna kapittel av rapporten, om retten til liv og abort, at kyrkja må «være med på å holde levende en etisk refleksjon om hvordan vi best kan ivareta respekten for både for det fødte og for det ufødte liv, samtidig som den tar rettighetsdimensjonen på alvor. »

Ein kan seia mykje fint om etisk refleksjon. Men for Børre Knudsen handla det ikkje berre om å halda liv i ein etisk refleksjon. Det handla om å halda liv i små born som velferdsstaten ikkje ville verna. For han var og er den overordna reproduktive retten den retten eit ufødt menneske har til å bli fødd. I tillegg til portrettet av to modige og uvanlege menneske, er det dette spørsmålet som står att etter filmen om Ragnhild og Børre: Korleis kan det norske samfunnet ta menneskeverdet frå dei aller svakaste?
 

onsdag 26. februar 2014

På tur til det reserverte Telemark



Bø i Telemark.
Alle som har følgd litt med i debatten om reservasjonsrett for legar, vil sannsynlegvis ha glede av å lesa denne artikkelen i avisa Dagen. Saka handlar om Bø i Telemark, der tre av sju legar har reservert seg mot noko. Journalisten har rett og slett sett seg på toget (eller eit anna transportmiddel), reist til Bø og snakka med mange ulike menneske i tettstaden. Resultatet er blitt ein både artig og opplysande reportasje, noko av det beste eg har lese i saka om reservasjonsrett for fastlegar.

tirsdag 18. februar 2014

Ein av våre viktigaste samfunnsdebattantar

Marte Wexelsen Goksøyr (Foto: May
B. Langhelle, http://www.oktober.no/)
Det er ikkje første gong Marte Wexelsen Goksøyr er i søkjelyset. Ein gong konfronterte ho statsminister Jens Stoltenberg i Stortingets vandrehall. Ikkje alle likte dét, men ho vart lytta til. På søndag tala ho igjen, denne gongen i den direktesende grunnlovsfeiringa frå Eidsvoll. Goksøyr snakkar direkte, klart og tydeleg. Ho snakkar om noko viktig, ho er truverdig og ho blir lytta til. Goksøyr har altså Downs syndrom, og ho set fingeren på det vi alle veit: Ufødde barn med eit kromosom meir enn gjennomsnittet blir i dei fleste tilfelle fjerna. Vi har med andre ord eit sorteringssamfunn, slik Goksøyr peikte på. Gjennom å peika på dette, på vegner av seg sjølv og andre med Downs syndrom, er ho blitt ein av våre viktigaste samfunnsdebattantar. Og bodskapen hennar er lett å forstå, slik ho sa det på Eidsvoll: «Jeg vil leve!».

søndag 2. februar 2014

Snipp, snapp, snute, så var reservasjonsretten ute?


Helseminister Bent Høie (Foto: Kjetil Ree, Wikimedia Commons)
Striden om fastlegar skal kunna reservera seg mot å visa vidare til abort har vorte intens. Det er sikkert fleire som er overraska over engasjementet og styrken. Sjølvsagt er det politiske spelet ein del av dette biletet. Regjeringa er tufta på ein avtale der Høgre, Frp og KrF m.a. er samde om at det «gis reservasjonsmuligheter for fastleger etter dialog med Den norske legeforening». Det er ordlyden i samarbeidsavtalen som dei tre partia har signert. Dette eine punktet ville forresten ikkje partiet Venstre vera med, men det er like fullt ein del av samarbeidsavtalen mellom regjeringspartia og KrF. No har helseministeren sendt ut til høyring eit lovframlegg som legg opp til at den enkelte kommune sjølv skal ha det siste ordet om legane skal få reservera seg i kommunen. Mange ordførarar og kommunepolitikarar vil ikkje ha slike legar, viser medieoppslaga dei siste dagane. Dermed kan helseminister Høies «reservasjonsmulighet» i praksis kan bli til reservasjonsumulighet for dei fleste fastlegar.

No er dette førebels ei høyring, og regjeringa kan framleis enda opp med ein konklusjon som gjer reservasjonsretten reell. Men då må ein leggja bort tanken om om at kvart enkelt kommunestyre kan gjera som dei vil i ei slikt spørsmål. Skulle regjeringa gje politikarane i kvar enkelt kommune vetorett, er verken ordlyden eller intensjonen i dette punktet i regjeringsavtalen oppytylt. I utgangspunktet har eg stor sympati for både helseminister Høie og sjefen hans, statsminister Solberg, og vel å tru at dei vil følgja avtalen som er inngått med KrF. Men får vi ein kommunal vetorett som gjer at reservasjon berre er mogleg for eit mindretal av fastlegane, meiner eg regjeringa bryt samarbeidsavtalen med KrF. Viss Høgre i så fall trur dette berre vil bli ein ubehageleg liten fartsdump på den glade regjeringsveg mot ei blåblå framtid, skjønar dei ikkje kor viktig denne saka er for mange KrF-veljarar. Det vil bli opplevd som eit tillitsbrot, og Høgre vil stå fram som ein avtalepartnar som ikkje er til å stola på. Og det er neppe den beste bagasjen å bera med seg vidare for ei mindretalsregjering.

Men ein ting er det politiske spelet. Saka i seg sjølv er viktigare. Dei som kjempar for reservasjonsretten, legg vekt på at dette handlar om samvitsfridom. Legar må kunna følgja overtydinga si i spørsmål om liv og død. Eg har ingen plass sett det dokumentert at dette har ført til store ulempler, og fastlegar har gjennom mange år kunna reservera seg. Men mange er likevel provoserte over at legane skal kunna reservera seg mot å tilvisa til abort. Sosialantropolog Lindis Sloan skriv:

Det er i overkant av 5000 fastleger i Norge, jeg har sett anslag på at rundt 200 av dem vil ønske å reservere seg mot henvisning til abort. Det kan de ikke få lov til. Abortloven og fastlegeordningen er lovfestet, de er offentlig ansatte og da har de å følge norsk lov.

Så stor respekt for norsk lov bør verken legar eller andre ha. Bryt lova med retten til liv eller grunnlaggjande fridomar, er det rett å visa sin motstand. Norsk abortlov og norsk fastlegeordning er ikkje overordna retten til liv. Dette er det desse legane på ein svært forsiktig måte markerer. Vi vil vel at folk skal ha mot til å markera at liv og andre grunnleggjande menneskerettar er viktigare enn dei gjeldande lovene i eit konkret land – anten landet heiter Norge, Russland, Iran, Israel eller USA. Sjølvsagt kan då staten velja å gje dei ulydige sparken. Men vil vi ha ein slik stat, og vil vi framelska ein slik taus lydnad hjå legar og andre? I staden for ikkje å tola den minste knirk i systemet, burde vi vera glade for at folk i helsevesenet tek spørsmål om liv og død så alvorleg at dei ytrar – om ikkje meir – ein bitteliten protest. 

«Hvis personlig moral kan stilles over loven, hvor går grensen?», spør Sloan. Kanskje burde ho snu spørsmålet: Viss lova kan stillast over personleg moral, kor går grensa? Det siste er eigentleg eit viktigare spørsmål enn det første viss spørsmålet gjeld liv og død.

Mykje av grunnen til at diskusjonen blir så betent, er at det handlar om abort. Dagens abort-praksis på ei konstant fortrenging av at det er ufødde menneske som blir drepne ved ein abort. Vi gratulerer ei kvinne som fortel at ho er blitt gravid, vi ønskjer det beste for henne og den ufødde, og vi veit at om alt går bra vil vi om nokre få månader kunna kikka inn i augo til eit lite barn som er kome «ut i det fri», og som er den same som for litt sidan var inne i mors mage. Likevel gjev norsk lov i dei første månadene berre barnet verdi dersom det er ønska. Men bør vi få verdi etter om vi er ønska eller uønska? Har ikkje både født og ufødt liv ein eigenverdi som menneske som er endå meir grunnleggjande enn om vi er ønska?

fredag 8. november 2013

Fastlegen i Snertingdal

Frå nettsidene til NRK.
Fastlege Christina Grandalen i Snertingdal har skrive lesarinnlegg i Oppland Arbeiderblad der ho grunngjev kvifor ho ikkje vil visa pasientar vidare til abort. Grandalen er tydeleg og direkte i grunngjevinga si, og skriv mellom anna: ”Jeg vet ikke hvordan andre leger stiller seg til dette, men jeg for min del har blitt lege for å BEVARE liv og ikke for å drepe!"

OPPNÅR TRE TING. Dermed gjer denne legen to ting samstundes. Ho provoserer til abortdebatt, og ho spissar til ordskiftet om reservasjonsrom for fastlegar. Tre ting, forresten. Ho provoserer fram refs frå sine overordna i kommunen.
 
Det mest balanserte eg har sett så langt, er tv-intervjuet med Grandalen i NRK. Her får ho leggja fram synspunkta sine, kommuneoverlegen kommenterer ytringane hennar og NRK har også greidd å finna fram til både folk som er samde og usamde med henne i lokalsamfunnet. Ryddig journalistisk handtverk, med andre ord.
 
HARDKØYR OVANFRÅ. Det går samstundes tydeleg fram av artiklane på NRK sine nettsider at legen blir utsett frå eit hardkøyr ovanfrå. Grandalen har i følgje NRK òg uttalt til TV2 at ho meiner abort er feil òg for valdtekne kvinner. Utsegnene gjer at Gjøvik kommune vurderer framtida hennar som fastlege. ”Det hun har sagt er fullstendig uakseptabelt”, seier seksjonsleiar for helse og omsorg i Gjøvik kommune, Aud Inger Istgaard. Og etter lesarinnlegget i Oppland Arbeiderblad uttalte kommuneoverlege Geir Olav Brunborg følgjande:

– Jeg kalte inn til møtet fordi hun brukte ord som drap. Det er voldsomt og fikk mange til å reagere og føle seg støtt, sier Brunborg. Han ønsket også å gjøre klart at Grandalen er fastlege og skal kommunisere med sine pasienter, mens spørsmål knyttet til medisinske spørsmål og befolkninga, skal kommuneoverlegen ta seg av.

– Det er en arbeidsfordeling her, og det er hun enig i, sier Brunborg.

Han sier at han overhodet ikke ønsker sensur, men at det ikke skal brukes ord som skaper problemer for andre.

Eg anerkjenner fullt ut den gode viljen hjå kommuneoverlege Brunborg. Han ønskjer ikkje at folk skal kjenna seg støytte av ordbruken til ein lege som er i kommunens teneste. Likevel, viss han er rett sitert, så er synspunktet i den siste setninga meiningslaust. Det går ikkje an å ”overhode ikke ønske sensur” og samstundes slå fast at ”det ikke skal brukes ord som skaper problemer for andre”. Dei to synspunkta står i direkte motstrid til kvarandre. Skal eit samfunn ha ein open debatt om viktige og alvorlege spørsmål, går det ikkje an å styra unna ord ”som skaper problem for andre”. Eit ærleg ordskifte er dessverre ikkje mogleg utan ytringar som kan opplevast støytande for nokon – sjølv ikkje om alle skulle gjera sitt beste for å ordleggja seg respektfullt. Det motsette av ein slik debatt er dessverre sensur. Anten gjennom at folk driv sterk sjølvsensur, t.d. av frykt for å missa jobben, eller at ein blir sensurert av andre.

Heller ikkje kan det vera slik at legar skal ha særleg innskrenka ytringsfridom i spørsmål som gjeld liv og helse, slik som t.d. abort. Eller er det kanskje nokon i det norske helsevesenet som har tenkt å prøva å handheva ein slik krympa ytringsfridom for Mads Gilbert?

Her er eit forslag til seksjonsleiar, kommuneoverlege og andre overordna av fastlegen i Snertingdal: Dei kan seia at dei er usamde i synspunkta frå Grandalen, og at norsk abortlov sjølvsagt gjeld i Gjøvik som alle andre stader. Men at dei samstundes aksepterer at Grandalen har ytringsfridom på linje med andre borgarar, også om temaet er abort.

LITE STØTTE. Mange burde støtta Grandalens rett til ytringsfridom, og det blir spennande å sjå om også folk som er usamde i abortsynet, vil forsvara henne her. Etter mi meining er Grandalen dessutan tøff som vågar å ta støyten og gjera seg til talskvinne for at ufødde born også har eigenverdi og rett til liv. Kanskje er det fleire som vil støtta henne her? KrF kanskje? Paritiet presenterer jo sitt eige syn slik:

Alle mennesker har en ukrenkelig verdi i kraft av å være menneske. Menneskeverdet kan ikke graderes. Retten til liv er den mest grunnleggende menneskeretten, og må gjelde fra unnfangelse til naturlig død.
 
Men leiaren i Oppland KrF, Morten Halling, seier følgjande: ”I en situasjon der du vurderer om du skal ta abort eller ikke, vil jeg tro de aller fleste kvinner er i en sårbar situasjon. Og da bli stempla som en morder og at en utfører et drap synes jeg er sterkt, og unødvendig sterk språkbruk”.

Å kritisera den modige legen i Snertingdal slik er kanskje ikkje den beste plassen å begynna for eit parti som meiner menneskeverdet ikkje skal graderast, men tvert om gjelda heilt frå unnfanging av?

 


 

 

 

fredag 18. oktober 2013

Reservasjonsretten og konsekvensane

Foto: Wikimedia Commons.
Kristeleg folkeparti (KrF) har fått gjennomslag for at den nye regjeringa skal la fastlegar få lov til å reservera seg mot å visa vidare til abortinngrep. Enkelte er provoserte av dette. Nokre håpar at dersom Høgre fristiller representantane sine i Stortinget, vil mange nok av dei gå imot si eiga regjering slik at reservasjonsretten kan blokkerast. Ironisk nok vil ein innskrenka legar sin samvitsfridom gjennom å visa til at partiet Høgre har ein tradisjon for at representantane "fristilles i såkalte samvittighetsspørsmål".

Til det motsette er bevist, er eg optimist i denne saka. Regjeringspartia har gjort ein avtale med KrF, og den trur eg dei vil stå ved. Å rota til forholdet til KrF er ein dårleg start for ei mindretalsregjering frå høgresida. Men viktigare er det, etter mitt syn, at det er rett å la legane følgja samvitet sitt i spørsmål om liv og død. I eit ope, demokratisk samfunn er det ein verdi i seg sjølv at folk ikkje blir tvinga til å handla mot samvitet sitt - og at dei ikkje misser jobben om dei følgjer overtydinga si. I neste omgang er dette av stor verdi for samfunnet. Vi må ikkje kvela den etiske opposisjonen. For fleirtalet kan dei opplevast som sand i maskineriet, som ei ubehageleg påminning om noko som blir forsøkt fortrengt. Men det er ikkje godt for eit samfunn å kvela slike røyster. Vi kan ha bruk for folk som tør å gå på tvers, også innanfor legestanden.

Sjølvsagt skal dei møta pasientane sine med respekt. Det er viktig, og det gjeld for alle legar. Men det er ikkje manglande respekt å seia at "dette kan eg dessverre ikkje skriva under fordi det strir mot samvitet mitt, du må nok gå til ein annan lege her". Ja, det vil nok vera ei påminning om at samvitsproblemet til legen har ein grunn, nemleg at legen ser to pasientar - kvinna og det ufødde barnet. Kva er i så fall det verste som kan skje? Ein ting som kan skje, er at ei kvinne som bed om abort, tenkjer gjennom situasjonen ein gong til. Og, igjen, kva er det verste som kan skje?

Forfattaren Nils Chr. Geelmuyden avsluttar boka si om Børre Knudsen, En prest og en plage, med å fortelja om ein episode frå Bardufoss. Knudsen har køyrt Geelmuyden til flyplassen:

"Og før vi vet ordet av det er vi med ett på Bardufoss. Han følger meg inn. Vil vente til avgang, se meg vel avsted. Vi sitter i kafeterian. Da hender noe underlig. En kvinne banker på Knudsens skulder. Den fremmede stikker en konvolutt til ham og forsvinner i det samme. "En liten takk" står det med skjev skrift utenpå. Knudsen åpner konvolutten, leser kortet og viser meg det drivende våte i de store øynene.

"Kjære Børre Knudsen. Hvis det ikke hadde vært for deg og den kamp du fører, ville jeg ikke sittet her på flyplassen nå. Jeg sitter og venter på det kjæreste jeg vet i verden. Min ni år gamle datter. Ville bare du skulle vite det."

fredag 9. november 2012

Sterk sak om Trisomi 18

Avisa Dagen har hatt nokre viktige artiklar den siste tida, om born som er fødde med kromosomfeilen Trisomi 18. Særleg sterk er artikkelen om vesle Ole og mora Anna Solberg. Helsevesenet meiner at tilstanden hans er ”uforenlig med liv”, og instruksen er at han ikkje skal gjenopplivast om noko skulle skje. Men Ole er altså født, han lever og han har eit handikapp. Mange har sikkert òg høyrt om legen Siri Fuglem Berg som fekk jenta Evy-Kristine med Trisomi 18. Jenta levde berre tre dagar etter fødselen, men mora har sidan halde fram kampen for desse borna.

Noko av det mest provoserande i historia til Solberg er samtalen ho hadde med ein gynekolog under svangerskapet: ”Han forstod ikke dilemmaet ved å fjerne et foster med T18, og kom med følgende spørsmål: Er du klar over at det bare er en salat?” Eg synest det er vanskeleg å skjøna at legar som møter menneske med slike haldningar, har noko å gjera i helsevesenet. Like lite som ein person som kallar innvandrarar for rotter, ville vera på si rette hylle som kommunal innvandringskonsulent. Er det fleire tiår med lovleg gjennomførte drap på foster ved norske sjukehus som gjer at helsepersonell tenkjer og snakkar slik?

Det står stor respekt av Solberg, Fuglum Berg og familiane deira - og andre som har gjort liknande gode val.

søndag 23. september 2012

Børre Knudsen og Justin Bieber

Børre Knudsen (Wikimedia Commons)


I dag 24. september fyller Børre Knudsen 75 år. Presten som la ned den statlege delen av embetet sitt, deretter vart dømt frå embetet som sokneprest i Balsfjord, for så halda fram med å dukka opp i media gong etter gong utover 1980-talet. Kledd i svart prestekjole, og ofte saman med kollegaen Ludvig Nessa, protesterte han mot abortlova. Dei to tok i bruk aksjonar som ingen hadde sett her til lands før: prestane sende smådokker tilsølte med ketsjup til norske toppolitikarar, Børre Knudsen helte bukkeblod over hovudet sitt framfor Stortinget, dei to geistlege møtte opp på sjukehusavdelingar der det vart gjennomført abortar. Knudsen må vera eit av dei menneska som har vekt mest sine og forarging i norsk etterkrigshistorie.

Trygt kan det slåast fast at Børre Knudsen ikkje var eit produkt av omdømeekspertar og kommunikasjonsrådgjevarar. Eige namn og rykte hadde ikkje førsteprioritet for flammen frå Balsfjord. Heller ikkje let han seg dirigera av politiske eller religiøse leiarar. Skal tru kor han hadde det frå. I fengsel hamna han òg for aksjonane sine.


Medan det heile sto på, skreiv journalisten og forfattaren Niels Chr Geelmuyden bok om Balsfjordpresten. En prest og en plage er tittelen på boka frå den alltid ordspelglade Geelmuyden. Humanetikaren Geelmuyden og presten Knudsen hadde ulike utgangspunkt, men dei må ha funne tonen godt. Boka gjev eit varmt og fascinerande portrett av hovudpersonen. Her møter vi ikkje nokon fordømmande og tankefattig fanatikar, men ein tenkjar, ei allsidig kunstnarsjel, eit varmt og ærleg menneske. Eit lite innblikk i kva denne kampen må ha kosta både presten og familien hans får vi òg gjennom boka. Knudsen er gift og far til fem born.


Tenkjaren vart òg handlar. Han måtte fordi kallet til å forsvara dei verjelause ufødte borna tvinga han. «Å tro at man løser en kvinnes problemer ved å drepe hennes barn, er kvinneforakt på sitt mest avskyelige», seier Knudsen i boka (s. 170). Og nettopp her er det, endeleg, at Justin Bieber kjem inn. I eit fjernsynsintervju fortel mor til den verdskjende artisten korleis ho vart gravid som syttenåring, men motsto presset til å ta abort.


Børre Knudsen retta slett ikkje skytset mot desse hardt pressa kvinnene, som fekk både barnet, avgjerda over liv og død og forventningspresset frå andre i fanget. Opprørspresten kjempa derimot mot dei som hadde makt, og som brukte makta til å velta heile ansvaret over på mora, og som bestemte at ingen av dei minste borna kunne vera trygge. Kva hadde hendt med Justin Bieber om mora hadde gitt etter og valt annleis? Ikkje rart at artisten sjølv seier at «I really don’t believe in abortion». Og for Børre Knudsen gjer det neppe nokon skilnad om mennesket som står på spel, heiter Justin Bieber eller om det er ein heilt annan og ukjent.


Akkurat dette kjem fram på ein fin måte heilt i slutten av En prest og en plage. Ein slutt det er god grunn til å lesa, men helst etter å ha lese resten av boka først.


Gratulerer med dagen, Børre Knudsen.


fredag 24. februar 2012

Høgre utan verdikonservativt fikenblad

Staten strammar grepet og vil ikkje lenger la fastlegar reservera seg mot å visa gravide kvinner vidare til abort. Ultimatumet frå departementet er at legane får gjera som staten vil eller finna seg ein annan jobb. Argumentet er at pasienten er viktigare enn legens personlege overtyding. Og partiet Høgre ser ut til å følgja det raudgrøne Helsedepartementet friksjonslaust.

Høgre har ein føremålsparagraf som seier at partiet vil «fremje personleg fridom og sosialt ansvar». Men i denne saka er ikkje partiet noko korrektiv. Byrådsleiar Monica Mæland  i Bergen seier at «hvis man ikke kan gi alle pasientene like god behandling, bør man finne noe annet å gjøre enn å være fastlege». Ho får støtte av partileiar Erna Solberg og helsepolitisk talsmann Bent Høie.

"AUTORITÆRE FREMRYKK": For meg er dei gåte at leiarar i eit verdikonservativt og liberalt parti så uanfekta kan følgja den raudgrøne styringsiveren i ei slik sak. Bakgrunnen er at fastlegane tidlegare har kunna reservera seg, praksisen har vore skriftleg stadfest av Helsedepartementet og Helsetilsynet, legane ser ut til å ha vore fleksible og smidige – og departement og tilsyn er ikkje i stand til å dokumentera at dei har skapt nemneverdige vanskar for abortsøkjande. Men departementet vil likevel stramma inn. 
 
Sjølv politikarar har lov til å ta ein time-out. Eit parti som vil lempa ut kristne legar som kjenner seg bundne av samvitet sitt i spørsmålet om liv og menneskeverd, bør spørja seg sjølv om det har mista si verdikonservative sjel og ganske mykje av dei liberale prinsippa med.
 
Høgre bør heller sjå verdien av slike kritiske røyster innanfor helsevesenet. Vi vil trenga dei framover. Endringane innanfor medisinen reiser mange og heilt grunnleggjande etiske spørsmål: Er det rett at nokre ufødde barn er utan livsvern når vi gjer alt vi kan for å verna livet og helsa til andre på same alder? Er det i tråd med menneskesynet vårt å luka ut born med Downs syndrom før fødselen? Er det forkasteleg å fjerna foster fordi dei har «feil» kjønn når vi fjernar ufødde med «feil» kromosomtal? Korleis kan det ha seg at ei mor møter respektlause og – etter mitt syn - ekstreme haldningar i det norske helsevesenet når ho vel å bera fram eit barn med ein alvorleg kromosomsjukdom? Korleis skal vi i framtida handtera den genetiske informasjonen vi kan få om enkeltmenneske? Skal helsevesenet anerkjenna ein rett til sjølvbestemt død?
Spørsmåla står i kø, og vi kan få god bruk for det samvitet som finst både hjå legar og oss andre. Då er det ingen god idé å skvisa dei etisk opposisjonelle. Edvin Schei og Eivind Meland er medisinprofessorar og fastlegar, og dei viser vidare abortsøkjande kvinner utan å reservera seg. Likevel støttar dei reservasjonsretten og synest det er skremmande at staten i denne saka «gjør autoritære fremrykk i etiske gråsoner» (Bergens Tidende 6.2.12). Det er ein tankekross at denne uroa ikkje ser ut til å finnast på topplanet i eit verdikonservativt parti som har til føremål å fremja personleg fridom og sosialt ansvar. Kristin Clemet   ser ikkje ut til å bli høyrt.

DEN ANDRE PASIENTEN: Ein av kritikarane til reservasjonslegane slo tidleg i ordskiftet fast at det er lenge sidan «kvinners valgfrihet vant det etiske slaget om fosteret». I det minste har den engasjerte debatten etterpå vist at dette er feil. Heller enn eit vunne slag, har vi eit ope etisk sår. Det er ein grunn til at desse fastlegane har samvitskvalar og til at spørsmålet engasjerer så sterkt. Og den grunnen finst sjølv om den offentlege debatten heile tida tenderer mot å omskriva, avdempa og tilsløra problemet. 
 
Dei same sjukehusa som gjennomfører abortane, gjer sitt beste for å ta vare på livet og helsa til andre ufødde. Då er det ikkje berre ein, men to pasientar. Derfor er det meir tilslørande enn opplysande å hevda at denne saka handlar om at pasienten må setjast framfor legen. Helsepersonell som reserverer seg mot abort – på ulike nivå i prosessen – gjer nettopp det. Men dei har i legeetikken sin òg plass til pasient nummer to, og legg vekt på at desse ufødde har eigenverdi og menneskeverd. Både mor og barn skal hjelpast, og livet er for oss alle den mest grunnleggjande menneskerett.

Det kan sjå ut som om born av lukkelege, forventningsfulle foreldre har ein stor verdi. Takk og pris for det. Men dei mindre heldige ufødde kan, i alle fall i dei tolv første vekene av svangerskapet, fjernast utan noko som helst vern. Sidan dette er forankra i norsk lovverk, må det bety at desse ufødde borna har ein flytande og samfunnsdefinert verdi meir enn ein eigenverdi som menneske. Det burde vera nok ein grunn til time-out for politikarar som kallar seg verdikonservative.

KRF, ELLER EIN TUR PÅ FJELLET: Partiet Høgre rir på gode meiningsmålingar nasjonalt, og dei har sikkert mange gode kroneteljarar lokalt. Framgangen på gallupane er vel unt, og solid økonomisk styring i lokalpolitikken er viktig. Men dei verdikonservative fikenblada er det ikkje mang att av i Høgres hage. Den liberale respekten for det sjølvstendige og samvitsbundne individet har òg vist seg ganske vissen og gulna i kantane i saka om reservasjonsrett for fastlegane.

For nokre av oss er det ei påminning om at det på valdagen ikkje er andre alternativ enn KrF, eller ein tur på fjellet. 


(Innlegget over er òg publisert i det nettbaserte tidsskriftet Minerva. Mange har kommentert striden om reservasjonsrett for fastlegar. Innlegget til Kaj Skagen i Dag og Tid er, etter mi meining, eit av dei beste).  

fredag 10. februar 2012

Vil staten berre ha lydige legar?

Ein pasient heilt frå starten? (Foto frå Wikimedia Commons)
Fastlegane Eilif Haaland og Gunnhild Felde vil ikkje visa klientane sine vidare til abort, ifølgje BT 6. februar. To professorar i medisin som tenkjer annleis om abort, meiner likevel dei to legane må ha rett til å følgja samvitet sitt i ei så viktig etisk sak. Kommentator Eirin Eikefjord i BT slår derimot fast at i norsk helsevesen må respekten for kvinner sin lovfesta rettar gå framfor respekten for «religiøse minoriteters samvittighetskvaler. En jobb som lege innebærer å sette pasienten i sentrum, ikke seg selv». Og helseminister Strøm-Erichsen seier til same avis at ho ser dette kan vera eit dilemma for nokre fastlegar, men at «omsynet til pasientane må kome først».

Dette handlar ikkje om at nokon skulkar unna eller ikkje giddar å gjera enkelte kjedelege oppgåver. For dei to fastlegane dreier det om respekten for livet og dermed om heilt grunnleggjande spørsmål om rett og gale. På same måte som legar og sjukepleiarar ved sjukehus kan reservera seg mot å ta del i abortinngrep, ønskjer desse fastlegane å kunna reservera seg mot å skriva under på noko som set i gang prosessen som fører mora og det ufødde barnet fram til abort. Når Strøm-Erichsens departement no skjerpar inn praksisen på dette feltet, skal ikkje legar som Felde og Haaland lenger både kunna følgja samvitet sit og halda fram som fastlege. 

BT-kommentator Eikefjord viser i artikkelen «For liv-lobbyen» ikkje særleg forståing for problemet til dei to legane. Sjølv om ein ikkje deler oppfatninga til nokon, går det kanskje an å lytta litt betre til dei som kjem i skvis mellom statsmakt og eige samvit? Eikefjord skriv at den norske abortmotstanden rett nok har fått ei ganske stoverein form, men det er likevel «viktig å begrense religiøse samvittighetskvalers innflytelse på legeyrket».

Eg spør meg om det verkeleg berre er tale om religiøse samvitskvalar her. Er det ikkje andre òg som har kvalar – både av legar, sjukepleiarar, foreldre, politikarar og mediefolk? Dei av oss som har born, veit at dei ein gong var små ufødde menneske akkurat slik som dei som blir «fjerna». Det krevst vel ikkje eit spesielt tjukt lag av religiøse kvalar for å tenkja at noko er gale når foreldre, helsevesen og samfunnet omkring (heldigvis) gjer alt ein kan for å verna nokre av desse, medan det er andre som ikkje får del i dette vernet. Har dei ikkje same eigenverdien?

Dei same sjukehusa som gjennomfører abortane, gjer sitt beste for å ta vare på livet og helsa til andre ufødde. Då er det ikkje berre ein, men to pasientar. Derfor er det meir tilslørande enn opplysande å hevda at denne saka handlar om at pasienten må setjast framfor legen. Helsepersonell som reserverer seg mot abort – på ulike nivå i prosessen – gjer nettopp det. Men dei utvidar legeetikken sin slik at han òg har plass til pasient nummer to, og legg vekt på at desse ufødde har eigenverdi og menneskeverd. Både mor og barn skal hjelpast.

Kanskje er det ikkje berre menneske frå religiøse minoritetar som har samvitskvalar her. Og uansett bør ikkje staten sjå det som si oppgåve å skvisa dei som har slike skruplar i spørsmål om liv og menneskeverd. Det er fritt fram for å argumentera imot dei om ein meiner dei tek feil. Men det er ikkje klokt om staten tvingar dei til å velja mellom jobben og samvitet. Heller ikkje passar det særleg godt for eit land som vil vera eit godt eksempel for resten av verda også i det å respektera samvitsfridom.