Viser innlegg med etiketten Vinje A.O.. Vis alle innlegg
Viser innlegg med etiketten Vinje A.O.. Vis alle innlegg

fredag 29. juli 2016

Kule ord (29): bikkjebita



Glefsing, biting og kortsynt krangel (Illustrasjon frå
Wikimedia Commons).

Asmund Olavsson Vinjes bok Ferdaminni frå sumaren 1860 er ei fantastisk reiseskildring frå hovudstaden i sør, opp til kroninga av kong Karl 4. i Trondheim, rundt om i Trøndelag og så sørover att. Vinje er ein framstegets mann med skarpt blikk for skikkar og uskikkar, ikkje minst i gardsdrift og bygdeliv. Forfattaren har tankar og meiningar om mangt, og ikkje legg han skjul på det han tenkjer. Samtalar med namngitte og ikkje-namngitte personar blir referert, og forfattaren sper på med skoser og sjølvskrivne dikt. Språket er ei sak for seg. Vinje var ein av nynorskens pionerar, og han skriv eit språk som er nytt, uferdig og til dels uprøvd som skriftspråk. Det merkast sjølvsagt òg at språkhistoria har gått sin gang dei over eitthundreogfemti åra etter at Ferdaminni kom ut. Likevel er språket både ledig og forfriskande. Og så kan ein læra så velsigna mange ord av å lesa denne boka.

Eit slikt ord er verbet å «bikkjebita». Det er nokså sjølvforklarande, vil eg tru. Vinje brukar ordet om stride nordtrøndarar, som ikkje ville gå med i rikssamlinga den gong i sagatida. Ordet kan brukast i dag med – stundom om lokalpolitikk, av og til om storpolitikk og andre gonger i heilt andre samanhengar der folk og grupper er etter kvarandre. Glefsing, biting og kortsynt krangel - det må vera bikkjebiting i eit nøtteskal. Her er ordet hjå Vinje:

Det var, som dei Fleste maa vita, her Ølvir og sidan Kalf Arneson, som fekk Ekkja hans, budde, desse gode Mønstermenn bland dei harde Halsarne, som vilde vera Bygdarkongar og Vikingar og Sjølvstyringar, og soleides sette seg imot alt Stræv for at faa til eit alle desse Smaariki, som laag og bikkjebeit kverandre. Bonden tenkte ikki på det heile Riket, men berre paa at grava til Bygdi si. (Feradaminni, Bergen 1975, side 143)

lørdag 21. mai 2016

A.O. Vinjes parentesar (maiquiz)

Aasmund Olavsson Vinje (Bergen bys
historie. Univertsitetsforlaget,
frå Wikimedia Commons)
- Mange meina, at aka paa Jarnvegen er leidt og keidt og altid likt seg sjølv; men eg, som er leid af trøyttkjøyrde Øykir og Skranglekjerrur, eg finner det som eit Dikt at fara so fort og sjaa Tre og Steinar og Tuvur og alt, som i Vegen kann koma, at syna seg fram i ein Augneblink og atter renna fraa os som skræmde Fuglar, og so høyra Eimvogni frøsa som ein annan Hest og faa Mat og Drykk af Kol og Vatn. 

Slik opnar Aasmund Olavsson Vinje boka si Ferdaminni fraa Sumaren 1860. Det er ei fantastisk bok. Ei oppkome av forteljingar, observasjonar og meiningar. Innimellom det heile eit dikt her og der.  Vinje ruvar i den norske bokheimen, og han var ein av dei første forfattarane som skreiv på nynorsk. Sjølv om både ord og rettskriving stundom kan vera uvan, må ein vera god trebukk for å oversjå kor godt språket er. Og vakkert, sjølvsagt. 

I boka brukar Vinje nokre gode norske ord - skulle ikkje undra meg om han fann på ein del av dei sjølv - som han forklarar ved hjelp av ein parentes. Han såg det vel som sitt kall å læra lesande folk gode norske uttrykk. Nedanfor har eg lista opp nokre slike ord frå Ferdaminni. Etter kvart ord er det gitt tre svaraltnerativ. Eitt av dei er den forklaringa ein finn i Vinjes parentes.

Lukke til med fleirvalsoppgåvene (multiple choice). Dei rette svara finn du til slutt.

(1) Husbunad
a. møblement
b. måleri på veggane
c. (ytre) husmåling

(2) Flogvit
a. geni
b. galning
c. mareritt

(3) Ikjøting
a. representasjon

b. inkarnasjon
c. oppvakning

(4) Revagivnad
a. rask til beins
b. diplomatisk talent
c. treng lite søvn

(5) Ovbunad
a. bunadsvest
b. loftsinnreiing
c. luksus

(6) Synskverving
a. illusjon
b. søvngjengeri
c. draumar

(7) Hardstyrarar
a. overdommarar
b. lensmenn
c. tyrannar


(8) Ølkveisa
a. delirium
b. ølskum
c. blåveis

(9) To 
a. spade
b. golvteppe
c. grunnstoff

(10) Drusteleg 
a. fyllesjuk
b. majestetisk
c. nevenyttig

(11) Samljod 
a. harmoni
b. ekko
c. utanåtlæring

(12) Sedhævd 
a. kultur
b. farskapssak
c. trolldom

(13) Skrikljod 
a. hegreskrik
b. dissonansar
c. affeksjon

(14) Uvita 
a. besvima
b. bli dement
c. falla

(15) Herkemuge 
a. ugras
b. pøbel
c. bronkitthoste

(16) Forfriskingshus
a. sjukehus
b. restaurantar, kafear
c. bedehus

(17) Trevet 
a. sevja
b. dørstokken
c. galleriet

(18) Antra 
a. disputera, kjekla
b. leggja for anker
c. skjemma bort

(19) Lutlag 
a. fisk lagt til luting
b. samling av krokryggar
c. aksjeselskap

(20) Tøyg 
a. elastisk
b. taus
c. jålete


SVARA kjem her, og sidetala i parentes refererer til utgåva på J.W. Eide forlag, Bergen 1975: 1a (s. 43). 2a (s. 40). 3b (s. 64). 4b (s. 113). 5c (s. 32). 6a (s. 116). 7c (s. 69). 8a (s. 135). 9c (s. 81). 10b (s. 60). 11a (s. 15). 12a (s. 90). 13b (s. 81). 14a (s. 111). 15b (s. 111). 16b  (s. 115). 17c (s. 119).  18a (s. 121). 19c (s. 129). 20a (s. 141).