Viser innlegg med etiketten Ytringsfridom. Vis alle innlegg
Viser innlegg med etiketten Ytringsfridom. Vis alle innlegg

tirsdag 9. mars 2021

Akademisk fridom under press

Ideologisk dominans, sjølvsensur og akademisk monokultur
- er vi på veg dit? (Mellomalderillustrasjon,
Wikimedia Commons)
Den akademiske fridomen er under press i den engelskspråklege verda. Dette handlar ikkje berre om enkelttilfelle eller tilfeldige episodar, men om eit system der viljen til politisk diskriminering er utbreidd. Dessverre er dei yngre akademikarane dei mest illiberale ved universiteta i Storbritannia, USA og Canada.

Alt dette kan ein lesa ut av den ferske rapporten Academic Freedom in Crisis:Punishment, Political Discrimination, and Self-Censorship frå The Center for the Study of Partisanship and Ideologoy (CSPI). Det er den respekterte forskaren Eric Kaufmann, professor ved Birkbeck College ved University of London, som står bak rapporten, som oppsummerer resultata frå eit stort materiale. Éi myte kan i alle fall parkerast etter denne rapporten, nemleg at det er overdriving og moralsk panikk som ligg bak påstandane om diskriminering av personar som soknar til høgresida i universitetsverda.

Om å føla seg pressa. I utgangspunktet bør ein lytta når nokon meiner seg dårleg behandla. Samstundes er det neppe bortkasta med ein viss kritisk sans. Offerrolla kan misbrukast for å oppnå politiske mål, og ho er eit av dei mest effektive verkemidla i den offentlege debatten i vår kultur. Men dette kan likevel ikkje forklara dei funna Kaufmann dokumenterer i denne rapporten. Ein ting er det han kallar «hard authoritarianism», som inkluderer oppseiingar og andre dramatiske former for utestenging. Slike reaksjonar blir ikkje aktivt støtta av eit fleirtal i miljøet, men likevel er det ei ikkje ubetydeleg gruppe konservative som har opplevd det. Men i tillegg kjem det Kaufmann kallar «soft authoritarianism»: «Those with dissenting views suffer from discrimination in terms of hiring, promotion, grant applications, publishing, the allocation of teaching and research tasks, workplace civility and social inclusion.” Sjølvsensur er naturleg nok ein av konsekvensane av eit slikt klima på arbeidsplassen. 

No treng ikkje dette bety at venstreorienterte eller «progressive» i utgangspunktet er så mykje ivrigare etter å diskriminera enn det høgresida er. Men ubalansen mellom dei to gruppene er så stor ved universiteta i Storbritannia, USA og Canada at det er dei progressive som er i ein maktposisjon der dei kan diskriminera. Særleg innanfor samfunnsvitskapane og humaniora er skilnaden både stor og veksande. Ifølgje Kaufmann var det om lag to venstreorienterte for kvar konservativ på 1960-talet. I dag er det om lag ti på venstresida for kvar konservativ innanfor desse fagfelta. Ei tankevekkande skeivfordeling i seg sjølv. Det er heller ikkje så underleg om eit slikt system vert sjølvfosterkande: Ein av tre master- og ph.d.-studentar som er litt på høgresida, og to av tre som er langt på høgresida opplever at det politiske synet deira ikkje passar inn, og fryktar at dette kan gjera livet vanskeleg for dei i akademia. 

Viljen til å diskriminera. Endå meir oppsiktsvekkande er det kor mange i akademia som er villige til å diskriminera andre på politisk og ideologisk grunnlag. Kaufmann poengterer fleire gonger det krysspresset mange står i mellom «progressive» og «liberale» verdiar. Dei progressive eller venstreorienterte verdiane inkluderer oppfatningar om t.d. rase, seksuell orientering og innvandring. Dei liberale verdiane legg vekt på den frie utvekslinga av idear og vern om det akademiske mangfaldet. Kaufmann meiner dette krysspresset, som mange progressive eller venstreorienterte opplever, gjer at dei ikkje tydeleg tek til motmæle mot aktivistar som prøver å undertrykka det frie ordet. I ein artikkel i Wall Street Journal skriv Kaufmann om rapporten:

High-profile activist excesses are mere symptoms of a much wider problem of progressive authoritarianism. Roughly 1 in 3 conservative academics and graduate students has been disciplined or threatened with disciplinary action. A progressive monoculture empowers radical activist staff and students to violate the freedom of political minorities like conservatives or “gender-critical” feminists, who believe in the biological basis of womanhood—all in the name of emotional safety or social justice.

Stort sett er det berre eit mindretal som klart går inn for å seia opp kollegar som kjem fram til «feil» forskingsresultat. Men ser ein nærare på tala frå samfunnsfag og humaniora i USA, ser ein at gruppa av usikre er så stor at den delen som er aktive motstandarar mot slike oppseiingar på politisk eller ideologisk grunnlag, i fleire tilfelle berre ligg på rundt 50 prosent. 

Her er nokre enkeltfunn frå rapporten:

  • Berre 8 prosent av dei tilsette i amerikanske samfunnsfag- og humanioramiljø vil støtta eit initiativ for å fjerna ein kollega som i forskinga si konkluderer med at det britiske imperiet gjorde meir godt enn skade. Men heile 43 prosent er usikre. Dermed er det berre knapt halvparten igjen som klart går imot å gje folk sparken i eit slikt tilfelle.
  • Av amerikanske ph.d.-studentar ville 65 prosent velja å tilsetja ein som støtta Bernie Sanders framfor ein som støtta Donald Trump, heller enn å opptre nøytralt.
  • Svært mange akademikarar i alle dei tre undersøkte landa ville føla seg usikre om dei måtte sitja attmed ein "gender-critical" feminist, dvs. ein kollega som legg til grunn ein biologisk definisjon av kjønn. 

Dei unge er minst liberale. Dette er kan henda ikkje overraskande når vi veit at dette er generasjon «woke». Rapporten viser tydeleg at den unge generasjonen av akademikarar legg mindre vekt på den akademiske fridomen og identifiserer seg i større grad med «progressiv» aktivisme enn dei eldre kollegane. For alle som ønskjer fri forsking og rom for mangfald ved universiteta og i samfunnet framover er dette eit urovekkande funn.

Samstundes er det viktig å minna om at heller ikkje «unge forskarar» eller «doktogradsstudentar» er eintydige blokker. Også her er det ulike syn.

Spriket mellom akademia og folket. Eit inntrykk av dette spriket, om enn ikkje veldig utfyllande, får vi gjennom spørsmålet som er stilt både til folk flest og til akademikarar i Storbritannia: Støttar dei «political correctness» (fordi det vernar mot diskriminering), eller er dei imot det (fordi det hindrar det frie ordet)? I folket under eitt er det eit mindretal - 37 prosent - som støttar det politisk korrekte. Prosenten for dei med ein universitetsgrad er 48. Av dei som arbeider i akademia innanfor samfunnsfag og humaniora, støttar heile 76 prosent "political correctness".

Monokulurens forbanning. Den ferske rapporten gjev eit overblikk over situasjonen i USA, Canada og Storbritannia, og gjev ingen tal for Norge. Sjølv trur eg tilsvarande granskingar her til lands ville vist større vilje til å verna om fridomen og mangfaldet i akademia. Men akkurat det er berre synsing. Uansett er vi sterkt knytte til det som skjer særleg i det amerikanske og det britiske samfunnet, og impulsane derifrå og hit er kraftige og skaper trendar i det norske samfunnet òg. Funna i Kaufmann-rapporten er derfor viktige for oss, og det ligg tre utfordringar her.

For det første handlar dette om noko som grunnleggjande som enkeltmenneske sin rett til å uttrykka sine politiske og ideologiske overtydingar, og retten til å forska fritt. Dette er heilt grunnleggjande verdiar i eit ope, demokratisk samfunn, og det er ein trist ironi i om nettopp kunnskapsbastionane i samfunnet skulle svikta desse verdiane. Samfunnsdebattanten Rod Dreher har peikt på denne faren når han skriv om «soft totalitarianism». Situasjonen er ei utfordring for ulike grupper, m.a. for kristne, for menneske som ligg til høgre politisk og t.d. støttar den britiske EU-utmeldinga eller Trump som presidentkandidat, og for feministar som legg til grunn ei biologisk oppfatning av kjønn. Dette er ulike grupper med ulike tankegangar, og ofte med motstridande oppfatningar – men dei må alle ha rett til å leva fritt innanfor akademia.

For den andre risikerer vi at forskinga og det kritiske ordskiftet blir hemma dersom «progressiv» aktivisme skuvar til sides dei «liberale» verdiane slik at det blir stadig vanskelegare å stå for opposisjonelle oppfatningar innanfor universitetsverda. Definisjonen på ein monokultur er som kjent lite artsmangfald. Eller for å sitera Kaufmann-rapporten:

Most conservative social sciences and humanities (SSH) academics self-censor in their teaching or research (...) with the problem worse among Americans. This has the effect of narrowing the range of questions that may be asked, and answers that may be given, in the social sciences and humanities. Censorship is especially pronounced in fields touching on the sacred progressive categories of race, gender and sexuality. 

For det tredje ser vi i Kaufmann-rapporten ei tydeleg spenning mellom akademiske institusjonar og folket. Vi har høyrt ganske mykje om usunne og ugrunna forestillingar og konspirasjonsteoriar ute på den lumre delen av høgresida. Opptøyane i Washington fekk fram dramatikken i dette. Etter kvart bør vi òg retta søkjelyset mot det som skjer i den andre enden av samfunnet. For kva gjer det med Brexit-tihengjaren, Trump-røystaren eller feministen som definerer kjønn ut frå biologi, når dei opplever at mange i kunnskapseliten i samfunnet kjenner ubehag ved å sitja ved sida av dei, og at ganske mange til og med er villige til å diskriminera sånne som dei ved tilsetjing i stillingar og tildeling av forskingsmidlar? Dette er ei oppskrift på mistillit og polarisering i samfunnet.

Vil vi at QAnon-konspiratorikarar og woke-akademikarar, i uskjønn og uvillig kompaniskap, skal føra oss vidare på denne vegen?

Sitata frå Kaufmann-rapporten i artikkelen over er frå samandraget, som ligg her: https://cspicenter.org/reports/academicfreedom/

lørdag 26. januar 2019

Kule ord (51): krenkekrøll

Krenkekrøll ved Københavns universitet.
(foto: xiquinhosilv,Wikimedia Commons)
Eit ord for vår tid, dette her. Eg kan ikkje hugsa å ha sett det før det dukka opp i UiB-avisa På Høyden for eit par dagar sidan. Den nettbaserte avisa fortel at Københavns Universitet ei tid tilbake innførte såkalla nulltoleranse for krenkingar. Men så viser det seg at denne iveren etter å skåna oss alle for krenkingar får ein del ugreie konsekvensar. "Blant annet har ansatte gitt uttrykk for at reglementet kan true ytringsfriheten, rettsikkerheten og den akademiske friheten på universitetet," skriv På Høyden.

No er det sjølvsagt folk som har svært god grunn til å føla seg trakka på, og dei skal vi lytta til. Problemet i vår tid er at dette har gått over stokk og stein. Det har festa seg ei forestilling om at dersom nokon føler seg krenka, er dei blitt krenka, og at det er samfunnet sitt ansvar å hindra at slike situasjonar oppstår. Individet sin rett til å ikkje føla seg krenka kjem raskt i konflikt med andre sine grunnleggjande rettar til å ytra seg og ta vare på eigen kulturarv. Då blir det lett krenkekrøll, dvs. forviklingar, tøys og problem. I samfunnet vårt ser dessutan statusen som krenka ut til å ha blitt eit slags priviligeium, der visse grupper har større rett til å kjenna seg krenka enn andre. Og som konsekvens får dei tildelt større makt til å styra over andre sitt språk og andre sine liv.

Døma som blir nemnt i artikkelen om Københavns Universitet er talande: Tre studentar klaga på utkledingstema som "mexicanar" og "indianar" ved ein semesteropningsfest på jusstudiet. Prodekanen ved fakultetet kravde at aktivitetane skulle stoggast. I ei anna sak var det ein undervisar med ikkje-dansk etnisk bakgrunn som kjende seg kreka av at songen "Den danske sang er en ung blond pige" frå Højskolesangbogen vart sungen på eit møte ved Handelshøjskolen i København. Det vart bestemt at songen ikkje skulle brukast på liknande samlingar i framtida. Og så var det ein undervisar i biologi som fekk vita at ein av studentane opplevde undervisninga som upassande fordi det vart vist statistikk der personar er fordelte etter kjønn. Argumentet til studenten var at ikkje alle føler seg som mann eller kvinne.

Så står det berre att å ønskja universitetet i København lukke til med å laga nye retningsliner. I tillegg kan vi kanskje håpa at universitetsfolk i København og allslags folk også andre stader legg av seg brelet og oppfører seg som vaksne menneske.

torsdag 14. januar 2016

Prøveklut for ytringsfridomen


Demonstrasjon for den frie ytringa denne gongen.
Foto: Kim Scarborough, Wikimedia commons
Han gjekk frå å vera redaktør i ei bortgøymt lita kristen-avis til å bli gallionsfigur for ytringsfridom i dagens Noreg. Årsaka var ei faksimile Vebjørn Selbekk trykte i avisa Magazinet 10. januar 2006. På eit blunk var Selbekk blitt ein del av den internasjonale karikaturstriden. I boka Fryktens makt (2016) skriv han si historie. Om striden rundt Muhammed-karikaturane, om sjølvsensur i media og om politikarar som ikkje skjøna at dei burde stå opp for ytringsfridomen. Skuggen over det heile er møtet mellom Vesten og islam: Går det an å leva side om side utan å amputera den frie debatten på grunn av frykt?


I 1988 gav den indiske forfattaren Salman Rushdie ut boka Sataniske vers. Romanen vart av mange muslimar sett på som ei krenking av det mest heilage. Aytaollah Khomeini i Iran sa fram dødsdommen over Rushdie, og forfattaren måtte gå under jorda. I 1993 vart forleggaren William Nygaard, som gav ut Sataniske vers på norsk, skoten og alvorleg såra. Ingen er pågripen etter attentatet, men den sterkaste teorien er at han vart skoten ned på grunn av bokutgjevinga.

Striden om denne boka vart på mange måtar innleiinga til ein internasjonal og ideologisk kald krig mellom eit sekulært og vestleg inspirert syn på ytringsfridom på den eine sida og eit sjølvbevisst islam som vil verna det heilage mot kritikk og latterleggjering. Vald og drap er blitt brukt til å forsvara religionens og profetens ære. Dermed er frykt blitt det viktigaste våpenet. Kven vil trykka noko som kan føra til at ein sjølv, familien eller redaksjonen ein er leiar for, kan koma i livsfare?

Tolv teikningar i Jyllands-Posten
I 2006 flamma den ulmande konflikten igjen opp. Den danske storavisa Jyllands-Posten hadde året før trykt tolv karikaturteikningar, fleire av dei avbilda Muhammed og fleire hadde ein kvass kritisk snert. Teikninga av profeten med ei bombe i turbanen er kanskje den mest kjende. Konflikten vart storpolitikk. Muslimske leiarar var provoserte, krenka muslimar marsjerte i gatene og den norske og den danske ambassaden i Damaskus vart sette i brann. Teiknarar og redaktørar vart terrormål.

Og altså ikkje berre i Danmark. Striden flytta seg etter kvart til Noreg. Både Aftenposten og Dagbladet publiserte teikningane. Det same gjorde Vebjørn Selbekk i den vesle avisa Magazinet: Dei laga ei sak om "Tegningene som ryster Danmark" og illustrerte det med ei faksimile av avissida med teikningane i Jyllands-Posten. Så kunne jo lesarane sjå sjølve og gjera seg opp ei meining.

Men dermed braut spetakkelet laus for Selbekk. Han vart truga på livet, og vart mediekjendis og terrormål på same tid. Av statsminister Stoltenberg og utanriksminister Støre vart han sett i den offentlege skammekroken. Utanriksdepartementet sende instruks til ambassadar og utanriksstasjonar i muslimske land - ei krypande orsaking, som kritiserte publiseringa av teikningane i Magazinet. Ytringsfridomen vart nedprioritert av den norske regjeringa.

Det er lett å skjøna Selbekks harme over feilinformasjonen frå utanriksministeren. Støre framstilte det som om teikningane berre var publiserte i éi norsk avis, ifølgje Fryktens makt, endå han måtte vita at dette ikkje var riktig. Dermed vart heile børa velta over på redaktør Selbekk og den vesle kristenkonservative avisa hans. Selbekk har heldigvis ikkje ein overdriven hang til sjølvmedlidande sutring. Men det er ingen tvil om at han meiner utanriksministeren og statsministeren gjorde han til syndebukk. Og at dei ikkje sjølve var vaksne nok til å stå opp og forsvara retten til den frie ytringa då det trongst mest.

Den sekulære Selbekk
Selbekk har nok rett i at han som redaktør i ein liten kristenkonservativ publikasjon var eit mjukt mål i karikaturstriden. Samstundes er det interessant å sjå at Selbekk, som etter ein fusjon for nokre år sidan i dag er redaktør for den kristelege dagsavisa Dagen, i liten grad gjev ei teologisk grunngjeving for tenkinga om ytringsfridomen. Eg har i alle fall vanskeleg for å skilja Selbekks standpunkt frå eit reint sekulært forsvar for den frie ytringa.

Det hadde vore interessant og naturleg om Dagen-redaktøren drøfta desse spørsmåla òg ut frå det livssynet avisa hans er tufta på. Hans eige standpunkt i saka er nok blitt radikalisert, om det er rette ordet, etter dei erfaringane han sjølv har gjort. I alle fall legg han ikkje skjul på at han så seint som i 2004 hevda det var fornuftig å ha eit vern mot blasfemi i det norske lovverket. I dag er han heilt imot dette. Det synest eg er fornuftig. Men denne radikale understrekinga av ytringsfridomen er ikkje sjølvsagt, heller ikkje ut frå verdigrunnlaget til avisa Dagen. Dersom det moderne samfunnet bør tuftast på dei ti boda, er det interessant med ei drøfting av ytringsfridom, blasfemi og pålegget om at "du skal ikkje misbruka Herren din Guds namn".

Det finst sikkert argumentasjon å henta frå konservativ evangelisk teologi for at ytringsfridomen bør få ein slik overordna posisjon. Og det finst i tillegg reint historiske grunnar. Dei lågkyrkjelege og frikyrkjelege rørslene som Dagen og fusjonspartnaren Magazinet er runne av, voks i si tid fram gjennom eit opprør mot prestestyre og statslutherdom. Dei kjempa for det frie gudsordet. Eit av dei første store slaga var kampen mot konventikkelplakaten, som gav presten rett til å ha kontroll med forkynninga.

Så det finst både teologiske og historiske grunnar til at ein redaktør av Dagen hevar fana for det frie ordet. Men biletet er likevel ikkje eintydig. Det finst i denne tradisjonen også skepsis mot ein ytringsfridom som trakkar det heilage for nært. Her kunne redaktør Selbekk teke på seg dei teologiske arbeidskleda og gått i nærkamp med sin eigen tradisjon. Forsvaret hans for ytringsfridomen i Fryktens makt framstår som gjennomgåande sekulært.

Gode "men"
Fryktens makt tek eit oppgjer med dei som seier at "ja, det er ytringsfridom, men...". Her polemiserer redaktør Selbekk mot dei ikkje legg all skuld for valden på terroristane, men nærast endar opp med ei skulddeling mellom terroristane og dei som kjem med frimodige ytringar. Det er bra. Samstundes er det "men" som må leggjast til i drøftinga av alle slags fridomar og rettar. Det er ingen ting gale med eit "men", viss det som følgjer etter er klokt og rett.

Ytringsfridomen er viktig, men har sine grenser. Det er ingen som hevdar at vi skal verna om retten til å truga og oppfordra til vald. Heller ikkje vernar ytringsfridomen alle slags sjikanøse påstandar om enkeltpersonar. Vi har framleis ei lovgjeving mot ærekrenking. Ein kan heller ikkje fritt publisera helseopplysningar om andre menneske, eller feilaktig informasjon som får negative følgjer for andre sin økonomiske aktivitet. Og det finst heilt sikkert fleire slike innskrenkingar av ytringsfridomen. Nettmobbing av mindreårige kan, og bør, bli stogga. Slike ytringar er ikkje vernevedige.

Ytringsfridomen bør gje vidt spelerom for religionskritikk, men her er ikkje religion i ei særstilling. Religiøse verdiar skal kunna utfordrast gjennom spiss kritikk og harsellas. Men då bør det same òg gjelda for oppfatningar om rase, likestilling, seksuell legning - og så bortetter. Så lenge det ikkje er snakk om trugsmål eller oppmoding til vald.

Ytringsfridom er viktig, men det er lov å synast at det er ein dårleg idé å publisera teikningar av Muhammed. At nokre aviser av prinsipielle grunnar ikkje ønskjer å publisera t.d. teikningar som sårar muslimar, har krav på respekt. Ytringsfridom er ikkje eit krav om konformitet.

Ytringsfridom er viktig, men det er klokt å stilla seg spørsmål om ein bikkar over grensa til mobbing. Menneske av god vilje bør spørja seg sjølv om dei er med på å byggja opp eit umenneskeleg press mot enkeltpersonar som kjem i media sitt søkjelys. Her tenkjer eg ikkje på saka om muhammed-teikningane, men det finst t.d. politikarar som har fått eit knallhardt mediepress mot seg. Også politikarar er menneske.

Ytringsfridom er viktig, og det er lov å såra andre menneske sine kjensler, det kan til og med vera rett å gjera det. Men det er i så fall ingen grunn til å bortforklara at andre blir såra, og slik overta eigarskapen til andre menneske sine kjensler. Det er blitt hevda at satirisk religionskritikk ikkje råkar trua og den truande, men det organiserte religionsvesenet som sit med makt over sinna. Tull og tøys. Sant nok, stemingar kan bli manipulerte og misbrukte av religiøse autoritetar. Men ein sint muslim på gata i Lahore veit meir om kva som sårar han, enn det ein norsk intellektuell gjer.

Ytringsfridom er viktig. Men utgangspunktet bør vera ein viss vørdnad, ei viss audmjuk haldning i møte med det andre menneske held heilagt. Visst kan vi enda opp med å kritisera det andre held høgt og dermed trakka dei på tærne. Om vi meiner det må til og er riktig. Men det bør ikkje vera den haldninga vi møter andre menneske si alvorlege tru med i utgangspunktet. Glasbutikkar er ikkje eigentleg skapte for elefantar.

Selbekk har rett
Når alt dette er sagt: Eg meiner desse "men" er viktige, men ingen av dei treng å stri mot det Selbekk har gjort og det han argumenterer for i Fryktens makt. Det store spørsmålet i karikaturstriden er om ytringsfridomen i vår del av verda skal krympast av frykt for vald og terrorisme. Først var det Salman Rushdie, så karikaturstriden, og no sist kom attentatet mot satire-magasinet Charlie Hebdo. Selbekk har heilt rett i sitt kompromisslause forsvar for den frie ytringa mot vald og terror. Og, ulikt dei fleste av oss andre, har han faktisk ofra temmeleg mykje for kampen sin. Det fortener respekt.

I tillegg har han levert frå seg ei bok som er både velskriven og aktuell. Til det siste bør vi vel leggja eit dessverre.

lørdag 8. august 2015

Sekulær bloggar drepen i Bangladesh

Frå Dhaka i Bangladesh (Foto: Soman, Wikimedia Commons)
NRK melder at den sekulære bloggaren Niloy Chakrabarti er hakka til døde i heimen sin i Dhaka i Bangladesh. Chakrabarti skal ha vore kritisk til religion og skreiv mot fundamentalisme innan islam, hinduisme og buddhisme. Det store fleirtalet av folket i Bangladesh er muslimar, og militante islamistar skal ha sett opp ei liste over 84 bloggarar dei ville ha arrestert for blasfemi. På denne lista sto òg Chakrabarti.

Drapet minner på ein trist måte om kor liten toleransen for avvikande livssyn er i mange islamske land. Pakistan i same regionen har ei blasfemilovgjeving som undertrykker minoritetar. Og det ikkje blasfemilovgjevinga gjer, det gjer stundom terroristar eller folkemobb. Den kristne kvinna Asia Bibi sit framleis bak lås og slå med ein dødsdom hengande over seg.



torsdag 8. januar 2015

To tankar etter Charlie Hebdo

Religion og satire, ikkje alltid ei heilt enkel sak
(http://wellcomeimages.org/, henta frå
Wikimedia Commons).
Etter terroren mot det fanske satiriske magasinet Charlie Hebdo og drapa av tolv menneske er det naturleg med både sinne, sorg og diskusjon. Attentatet reiser minst to store spørsmål som samfunnet vårt vil møta igjen og igjen i åra som kjem.

For det første, korleis vil vi møta den trangen til dominans og viljen til å bruka vald som finst i fleire islamistiske grupper og miljø? Det finst dei som seier at hendinga i Paris ikkje har noko med islam å gjera, men det er feil. Magasinet Charlie Hebdo har aust sin kvasse satire også ut over andre grupper, slik som den katolske kyrkja. Men kor er det blitt av dei katolske terrorgruppene som trengjer seg inn i franske redaksjonar med våpen i hand? Ugjerninga i Paris er ikkje muslimar flest sitt ansvar. Fredelege muslimar fortener den same respekten som alle andre menneske av god vilje. Men det går ikkje an å lata att augo for den uhyggelege religiøse valden som blir gjennomført av islamistiske grupper rundt om i verda. Boko Haram slaktar menneske og bortfører skulejenter i Nigeria. Islamistiske terroristar plukkar ut og drep kristne i Kenya. Islamsk stat gjennomfører bestialske drap og tek sexslavar i Syria og Irak. Mobben i Pakistan tek lova i eigne hender og drep menneske som har vore klaga inn for blasfemi. Igjen, dei fleste muslimar gjer ikkje slik. Men dette skjer likevel i vår eiga tid og i islams namn. Drapsmennene frå Paris skal få ei rettferdig rettssak, og det er mykje vi framleis ikkje veit. Men dei ropte "Allahu Akbar" då dei storma inn i lokalet. Muslimar flest har ikkje ansvaret for dette. Men muslimar flest har ansvaret for å ta ein diskusjon om den lange tradisjonen for dominans og undertrykking som ikkje minst minoritetar i Midtausten har opplevd i mange hundreår, og som i vår tid blir importert til Vesten og får valdelege utslag gjennom nokre ekstreme grupper. Her kan dei heller ikkje unngå å ta opp synet på konvertering frå islam.

Men det er òg eit anna spørsmål som bør drøftast av politikarar, mediefolk og andre som står nært mikrofonen i dei vestlege samfunna. Vi vil ha vid ytringsfridom, vi vil ikkje ha førehandssensur. Men kva meiner vi er ein anstendig debatt? Er det i seg sjølv eit gode å krenka det andre menneske held heilagt? Går det an å føra ein betre og meir respektfull debatt, og kanskje oppnå meir, utan å bruka krenkinga som rambukk? Ja, det er sant at mange er forbløffande lett å krenka, og mange søkjer seg eit trygt vern i offerrolla - den blir brukt av både religiøse grupper og mange andre i samfunnet vårt.  Sjølv om det kan vera nødvendig å krenka, kanskje særleg dei som mest aktivt brukar offerrolla, bør det ikkje vera eit ideal i den offentlege debatten. Dessutan må det vera lov å stilla kritiske spørsmål til satiren. Nazistane sine antisemittiske teikningar frå mellomkrigstida var satire. Ein del av denne satiren finn ein i karikaturteikningar i arabiske land den dag i dag. 

I vår eige vesle hjørne av verda er situasjonen litt annleis. Men det blir jo litt påfallande når norske satirikarar kan herja med kristendommen (det må dei få lov til), men samstundes vedgår at dei ikkje vågar å behandla islam på same måten. Det er på ein måte ærleg at ein seier det som det er. Samstundes er det tankevekkjande. Ein satire som hånar det andre menneske er glade i, men som ikkje vågar å gå laus på dei ein fryktar kan "slå hardt tilbake", har visse fellestrekk med mobbaren i skulegarden, ikkje berre med samfunnskritikaren.

Men det franske satiremagasinet ser ut til å ha våga slå i mange retningar. Uansett kva ein måtte meina om satiren i dette bladet - eg meiner lite, for eg kan ikkje fransk - fortener både dei drepne og dei som lever vidare, vår største vørdnad.

søndag 30. november 2014

Ekstrem forvandling

Motstraums råd om sex og samliv (illustrasjonen er henta frå
logoen til nettsida www.guttogjente.no)
Det er interessant, og trist, å sjå kor kort vegen er frå rolla som uglesett utgruppe og sær minoritet til å gå inn i rolla der ein trøkker ned andre. I saka om nettstaden www.guttogjente.no, er det representantar for Landsforeningen for lesbiske, homofile, bifile og transpersoner (LLH) og Human-Etisk Forbund (HEF) som ser ut til å gjennomført denne forvandlinga med dei beste stilkarakterar.

Folka bak nettstaden vil gje unge råd om samliv og sex basert på tradisjonell kristne moral. No er det ikkje mitt inntrykk at internett druknar i den slags. Men denne nettsida presenterer altså seg sjølv som ”en annerledes veledningsside om kropp, sex, forhold og identitet basert på Bibelens verdier”, og ein frårår m.a. sex mellom menneske av same kjønn. I det faglege rådet til nettsidene sit to teologar, ein familieterapeut, ei helsesøster og ein overlege. Det er særleg dei to siste av desse, ekteparet Weum, som får kritikk i ein artikkel på nrk.no. Styreleiar Tom Hedalen i Human-Etisk Forbund har rapportert ekteparet Weum inn til fylkesmannen i Troms. Leiar Bård Nylund i LLH meiner at det å vera offentleg tilsett helsepersonell ikkje harmonerer med den type råd som guttogjente.no gjev.

Skulle dei to få medhald, kan det føra til ei sterk innskrenking av ytringsfridomen. Helsepersonell har òg ytringsfridom. Dei har full rett til å engasjera seg på fritida med den kompetansen og den overtydinga dei har. Og det er vel framleis lov for helsepersonell, og for andre i det norske samfunnet, å meina at allminneleg kristen samlivsetikk er bra for både enkeltmenneske og samfunnet.

Mange media har fokusert på at homofile har det vanskeleg i delar av verda. Og, det er heilt rett, trøkket mot ekteparet Weum kan ikkje samanliknast med det mange homofile opplever rundt om i verda. Likevel gjev det grunn til ettertanke at nokon ser ut til å vilja snu opp ned på meinings-dominansen og servera han i norsk light-utgåve: Viss du som helsepersonell gjer deg til talsmann for tradisjonell kristen samlivsmoral, kan du få problem med fylkeslegen, og kanskje bør du finna deg ein annan jobb.

Eller har eg misforstått Nylund og Hedalen? Ingen ting ville i så fall vera betre.

Eg vil ikkje ha eit samfunn der helsepersonell må velja mellom ytringsfridomen og jobben. Og eg vil tru mange både humanetikarar og homoaktivistar ikkje berre ser den fine ironien i medieutspela frå LLH og HEF, men òg kjenner eit visst ubehag ved at deira talspersonar går inn i ei slik rolle.

Din tanke er fri, kjære helsearbeidar, men du bør kanskje ikkje uttrykka offentleg kva du trur.


 

mandag 20. oktober 2014

Dødsdommen mot Asia Bibi stadfesta

Pakistan bryt menneskerettane (ill.: Wikimedia Commons).

Lars Akerhaug skriv om den dødsdsdømde Asia Bibi som har site i pakistansk fengsel sidan 2010:

I en rettssal i Lahore onsdag ble dødsdommen mot den unge pakistanske kvinnen Asia Bibi bekrefet. Hennes appell om nåde ble avvist og nå venter galgen.
Forbrytelsen hennes var å bekjenne sin kristne tro.
Den unge pakistanske kvinnens forbrytelse var å krangle med kollegene på jobben om Jesus og sin kristne tro.
Det hele startet med at hennes muslimske kolleger nektet å drikke vannet hun hadde hentet fordi vann hentet av en kristen er «urent». Dette førte til en krangel. Da uttalte hun den skjebnessvangre setningen:
«Jesus døde på korset for meg, hva har Mohammad gjort for dere?»

Resten av artikkelen kan lesast i Dagen. Alle som kan arbeida for Asia Bibis sak på ein eller annan god måte, gjennom stort eller smått, er med dette oppmoda om å gjera det. 

fredag 8. november 2013

Fastlegen i Snertingdal

Frå nettsidene til NRK.
Fastlege Christina Grandalen i Snertingdal har skrive lesarinnlegg i Oppland Arbeiderblad der ho grunngjev kvifor ho ikkje vil visa pasientar vidare til abort. Grandalen er tydeleg og direkte i grunngjevinga si, og skriv mellom anna: ”Jeg vet ikke hvordan andre leger stiller seg til dette, men jeg for min del har blitt lege for å BEVARE liv og ikke for å drepe!"

OPPNÅR TRE TING. Dermed gjer denne legen to ting samstundes. Ho provoserer til abortdebatt, og ho spissar til ordskiftet om reservasjonsrom for fastlegar. Tre ting, forresten. Ho provoserer fram refs frå sine overordna i kommunen.
 
Det mest balanserte eg har sett så langt, er tv-intervjuet med Grandalen i NRK. Her får ho leggja fram synspunkta sine, kommuneoverlegen kommenterer ytringane hennar og NRK har også greidd å finna fram til både folk som er samde og usamde med henne i lokalsamfunnet. Ryddig journalistisk handtverk, med andre ord.
 
HARDKØYR OVANFRÅ. Det går samstundes tydeleg fram av artiklane på NRK sine nettsider at legen blir utsett frå eit hardkøyr ovanfrå. Grandalen har i følgje NRK òg uttalt til TV2 at ho meiner abort er feil òg for valdtekne kvinner. Utsegnene gjer at Gjøvik kommune vurderer framtida hennar som fastlege. ”Det hun har sagt er fullstendig uakseptabelt”, seier seksjonsleiar for helse og omsorg i Gjøvik kommune, Aud Inger Istgaard. Og etter lesarinnlegget i Oppland Arbeiderblad uttalte kommuneoverlege Geir Olav Brunborg følgjande:

– Jeg kalte inn til møtet fordi hun brukte ord som drap. Det er voldsomt og fikk mange til å reagere og føle seg støtt, sier Brunborg. Han ønsket også å gjøre klart at Grandalen er fastlege og skal kommunisere med sine pasienter, mens spørsmål knyttet til medisinske spørsmål og befolkninga, skal kommuneoverlegen ta seg av.

– Det er en arbeidsfordeling her, og det er hun enig i, sier Brunborg.

Han sier at han overhodet ikke ønsker sensur, men at det ikke skal brukes ord som skaper problemer for andre.

Eg anerkjenner fullt ut den gode viljen hjå kommuneoverlege Brunborg. Han ønskjer ikkje at folk skal kjenna seg støytte av ordbruken til ein lege som er i kommunens teneste. Likevel, viss han er rett sitert, så er synspunktet i den siste setninga meiningslaust. Det går ikkje an å ”overhode ikke ønske sensur” og samstundes slå fast at ”det ikke skal brukes ord som skaper problemer for andre”. Dei to synspunkta står i direkte motstrid til kvarandre. Skal eit samfunn ha ein open debatt om viktige og alvorlege spørsmål, går det ikkje an å styra unna ord ”som skaper problem for andre”. Eit ærleg ordskifte er dessverre ikkje mogleg utan ytringar som kan opplevast støytande for nokon – sjølv ikkje om alle skulle gjera sitt beste for å ordleggja seg respektfullt. Det motsette av ein slik debatt er dessverre sensur. Anten gjennom at folk driv sterk sjølvsensur, t.d. av frykt for å missa jobben, eller at ein blir sensurert av andre.

Heller ikkje kan det vera slik at legar skal ha særleg innskrenka ytringsfridom i spørsmål som gjeld liv og helse, slik som t.d. abort. Eller er det kanskje nokon i det norske helsevesenet som har tenkt å prøva å handheva ein slik krympa ytringsfridom for Mads Gilbert?

Her er eit forslag til seksjonsleiar, kommuneoverlege og andre overordna av fastlegen i Snertingdal: Dei kan seia at dei er usamde i synspunkta frå Grandalen, og at norsk abortlov sjølvsagt gjeld i Gjøvik som alle andre stader. Men at dei samstundes aksepterer at Grandalen har ytringsfridom på linje med andre borgarar, også om temaet er abort.

LITE STØTTE. Mange burde støtta Grandalens rett til ytringsfridom, og det blir spennande å sjå om også folk som er usamde i abortsynet, vil forsvara henne her. Etter mi meining er Grandalen dessutan tøff som vågar å ta støyten og gjera seg til talskvinne for at ufødde born også har eigenverdi og rett til liv. Kanskje er det fleire som vil støtta henne her? KrF kanskje? Paritiet presenterer jo sitt eige syn slik:

Alle mennesker har en ukrenkelig verdi i kraft av å være menneske. Menneskeverdet kan ikke graderes. Retten til liv er den mest grunnleggende menneskeretten, og må gjelde fra unnfangelse til naturlig død.
 
Men leiaren i Oppland KrF, Morten Halling, seier følgjande: ”I en situasjon der du vurderer om du skal ta abort eller ikke, vil jeg tro de aller fleste kvinner er i en sårbar situasjon. Og da bli stempla som en morder og at en utfører et drap synes jeg er sterkt, og unødvendig sterk språkbruk”.

Å kritisera den modige legen i Snertingdal slik er kanskje ikkje den beste plassen å begynna for eit parti som meiner menneskeverdet ikkje skal graderast, men tvert om gjelda heilt frå unnfanging av?

 


 

 

 

onsdag 6. november 2013

Irritasjonsmoment for folk med godt syn


Stort oppslag om lite smykke.

Kan ein journalist som les opp nyhendesendingane, få lov å ha ein liten kross rundt halsen? Det er blitt ganske mykje diskusjon om dette etter at journalist Siv Kristin Sællmann i NRK Sørlandet fekk råd frå sin overordna i NRK om å ikkje bera krossmykket på fjernsyn. Det går an å skjøna utgangspunktet til NRK her. Tradisjonelt er særleg nyhendesendingar prega av standardisering, t.d. i bruk av språk, og eit ønske om å framstå som nøytral og upartisk. Den som presenterer nyhenda, bør heller ikkje trekkja for mykje av merksemda frå sakene og over på seg sjølv og sine eigne preferansar. Alt som distraherer – enten det er religiøse symbol eller påfallande klesdrakt – kan bli eit problem. Nyhendesendingane i NRK skal heller ikkje vera ein arena der den enkelte journalist propaganderer for eigne oppfatningar og livssyn. Og den som ber ein kross rundt halsen, markerer ei kristen tilknyting. Eller i det minste vil mange av dei som ser på sendinga, assosiera symbolet med kristendommen.

Det er likevel eit par ting som må trekkast inn her. For det første er det dimensjonane. Det er litt underleg at nokon blir oppøste av eit 1.4 cm stort krossmykke; såpass provoserer det at dei ringjer inn og klagar til fjernsynskanalen. Like underleg ville forresten reaksjonen vore om smykket var ein halvmåne, ei davidsstjerne eller eit humanistsymbol av same storleik. Når noko så lite kan bli eit stort problem, ligg det kanskje ein litt for sterk reinleikstanke bak. Må studio vera heilt reint, sjølv for dei minste religiøse symbol, før vi kan samla tankane om nyhenda? Eg skjønar argumentet om at påkleding, smykke og anna kan ta fokus bort frå sakene som blir presentert, og at det ikkje er bra i ei aktualitetssending. Men skal ein gå denne lina heilt ut, må ein jo nå fram til ein estetisk og symbolsk sterilitet. Eller kanskje senda alle nyhende på radio i staden for fjernsyn. Sjølv kan eg i alle fall tenkja meg mange ting ved ein nyhendeopplesar som kan vera meir distraherande enn eit 1.4 cm langt halssmykke.

Nøytraliteten er eit viktig argument i denne saka. Men spørsmålet er om det er nøytraliteten eller inntrykket av nøytralitet det handlar om. Dei to tinga er ikkje det same. Til dømes uttalar programredaktør Hasse Karlsson Sveriges Television følgjande om religiøse symbol: ”I visse sammenhenger kan de til og med signalisere at man har tatt stilling og ikke er upartisk. Hvis en nyhetsoppleser f.eks. har på seg en Davidsstjerne eller et tydelig muslimsk symbol og leser nyheter om Midtøsten, kan det oppfattes som om vedkommende har tatt stilling i konflikten.” Kanskje kan ein kross i halsgropa, eller eit skaut på hovudet, ”oppfattes som” om personen har teke stilling i ulike saker. Men det er neppe slik at journalisten med kross i halsgroppa tenkjer annleis straks ho tek av smykket. Og dreportaren med skaut forandrar vel ikkje tankar og haldningar om ho tek av skautet. Arumenteret her handlar meir om tilsynelatande nøytralitet enn om reell objektivitet. Det er ikkje eit kvalitetsmerke om ein journalist, eller ein forskar for den saks skuld, prøver å halda sine eigne haldningar og sitt eige livssyn hemmeleg. Det som betyr noko, er om folk med ulike livssyn og verdiar driv ærleg, upartisk og undersøkjande journalistikk. Det kan både journalistar med hijab og kross gjera. Kanskje vil vi få med oss det poenget betre om vi av og til får sjå ein nyhendeopplesar med skaut eller kross på skjermen.