mandag 28. desember 2020

Eit steg ned mot katakombane med Rod Dreher

Rod Dreher skisserer ein kristen strategi for å møta
det totalitære samfunnet han meiner er på veg.
(foto: Elekes Andor, Wikimedia Commons)
Rod Dreher meiner kristne må sjå for seg eit liv i eit totalitært samfunn. Elitane i samfunnet søkjer saman med kapitalmakta og dominerer samfunnet gjennom "mjuk" makt og med hjelp av moderne teknologi. I boka Live Not By Lies skisserer amerikanaren ein strategi for å møta ei slik framtid. Rollemodellane finn han i Aust-Europa. I modige kvinner, menn og born - dei såkalla dissidentane - som ikkje ville bøya seg for sovjetkommunismen.

For eit par år sidan skreiv Dreher The Benedict Option, om ein strategi for kristne i ein etter-kristen nasjon. Mange merka seg og diskuterte boka. I år kom han med boka Live Not By Lies. Boka vart for nokre veker sidan meldt i magasinet The Economist. Du finn ikkje så mange bokmeldingar av kristen-bøker der, og meldinga spør om det er rett å velja tilbaketrekking frå samfunnet og politikken slik Dreher gjer. Det er eitt av fleire viktige spørsmål som kan stillast til Live Not By Lies.


Vent litt

Rod Dreher voks opp som metodist. På 1990-talet konverterte han til den katolske kyrkja, og seinare fann han sin heim i den ortodokse kyrkja. Kan henda er han ei litt rastlaus sjel. Uansett har denne bakgrunnen gitt han innsidekjennskap til dei tre store store kristne tradisjonane: Protestantisk kristendom, sett gjennom eit av dei kyrkjesamfunna som i Vesten er hardast ramma av liberal teologi. Den romersk-katolske kyrkja, som med sine over ein milliard medlemar spreidde ut over heile verda, er den største og breiaste kristne tradisjonen. Den ortodokse kyrkja, som var hovudkyrkje i Sovjetsamveldet og fleire av dei andre kommunistiske landa i Aust-Europa.

Dreher er amerikanar, han står for ein tradisjonell kristen teologi og han er politisk konservativ. Ei slags nølande støtte til Trump uttrykte han ved presidentvalet hausten 2020. Han såg dette som det minst dårlege av to dårlege alternativ, sjølv om han vurderte Trump som både eit dårleg menneske og ein dårleg president. I Live Not By Lies nemner han Trump direkte berre ein gong (s. 39-40), og i kritiske ordelag. Men viktigare enn denne vesle kritiske merknaden er nettopp det faktumet at den omstridde amerikanske presidenten er ein uviktig figur i boka. Vi har alle fått Trump og anti-trumpisme servert gjennom massemedia og sosiale media til frukost, middags og kvelds i fleire år no. Men Dreher spør etter djupare utviklingstrekk i samfunnet, og då blir Trump verken den store bergingsmannen eller eit monster av apokalyptiske dimensjonar. Slik hjelper Dreher oss til å få eit sunnare perspektiv på kva som er viktig. 

Dreher er heller ikkje ein konservativ av den typen som forsvarar pengemakta. Tvert om er han kritisk til den rolla kapitalen og store fleirnasjonale selskap spelar. 

I same rennet kan det skytast inn at dette heller ikkje er ei bok som boltrar seg i endetidsspekulasjonar. Skulle det liggja ein endetidsteologi bak tenkinga til Dreher om "the coming of soft totalitarianism", så er denne så utydeleg formulert at vi knapt kan sjå konturane.

Derimot er forfattaren tydeleg i kritikken av samtidig amerikansk kristenliv. Sett i lys av offerviljen og heltemotet til dei kristne dissidentane som levde under kommunist-åket, er han ikkje imponert over den "kristendommen utan tårer" han ser rundt seg:

The faith of martyrs, and confessors like those who survived to bear witness, is a far cry from the therapeutic religion of the middle-class suburbs, the sermonizing of politicized congregations of the Left and the Right, and the health-and-wealth message of “prosperity gospel” churches. (s. 204)


Den mjuke totalitarismen

I eit diktatur må du godta at diktatoren er sjefen og ikkje utfordra makta hans. I eit totalitært diktatur er ikkje dette nok. Sjefen, diktatoren eller Partiet vil kontrollera trua di, familielivet ditt og tankane dine. Ingen ting får eksistera i samfunnet viss det er i strid med den rådande ideologien. Diktaturet krev lydnad, det totalitære diktaturet krev sjela di på kjøpet.

Det er ikkje vanskeleg å sjå det sterkt totalitære preget og den brutale maktbruken i dei kommunistiske regima som følgde etter den russiske revolusjonen. Dreher brukar dei brutale historiske erfaringane frå sovjet-blokka som bakgrunn for å skjøna utviklinga i Vesten i vår eiga tid. Om han ha rett i analysen sin, er vi på veg mot eit samfunn som er totalitært, men som ikkje - i alle fall ikkje i første omgang - er eit politisk diktatur. 

Det er sterk kost å samanlikna vår eiga samtid med dei brutale diktatura som fanst bak jernteppet. Er dette realisme, eller er det alarmisme? Det enkle svaret på spørsmålet er at vi ikkje veit. Om nokre år vil vi derimot vita det.


Vår tids bolsjevikar?

Dreher skriv med USA som utgangspunkt, men trekka kan vi kjenna att i heile Vesten. Han ser eit samfunn som er i ferd med å forvitra, der fellesskapet og trua på institusjonane vert bytta ut med einsame menneske. I Vesten blir det større økonomiske skilnader mellom dei rike og resten av folket, og politiske parti blir meir ekstreme. Sjølv om Dreher kritiserer til begge sider, ser han hovudfaren koma frå den politiske venstresida. Det handlar om identitetspolitikk og det Dreher omtalar som SJW (Social Justice Warriors). Gruppelojaliteten er blitt kjernen i identitetspolitkken. 

Ekstreme, av og til nesten komiske, utslag av identitetspolitikk kjenner vi godt frå universitetscampus både i USA og andre vestlege land. Dreher meiner Vesten har mange før-totalitære trekk, og samanliknar SJW-arane med bolsjevikane under det falmande Tsar-styret i Russland. "Unlike the Bolsheviks, who were hardened revolutionaries, SJWs get their way not by shedding blood but by shedding tears", skriv han (s. 42). 

Felles for begge gruppene er at rettferda kviler på gruppeidentitet, makta skal flyttast frå dei som utnyttar, til dei utnytta. Impulsane spreier seg utover i samfunnet frå intellekteulle miljø, politisk oppvakning er kombinert med spreiing av hat. Dreher peikar på at sidan SJW-arane har basen sin ved universiteta, formar dei menneske som i neste omgang fyller institusjonane i samfunnet. Som dei russiske marxistane, trur òg SJW-arane at dei har vitskapen på si side, og dei overordna måla er utopiske. Der bolsjevikane kjempa om makta over produksjonsmidla i økonomien, prøver SJW-arane å få kontroll over dei kulturelle produksjonsmidla.

They believe that after humanity is freed from the chains that bind us - whiteness, patriarchy, marriage, the gender binary, and so on - we will experience a radically new and improved form of life. (s. 43) 

Sjølvsagt er det vanskeleg å vera avvikar i møte den nye dogmatikken, og du skal trø varleg for ikkje å seia noko feil.

Eit viktig poeng hjå Dreher er at desse impulsane ikkje er avgrensa til aktivistiske miljø på universitet og i kulturlivet, men dei spreier seg utover i samfunnet. Innanfor næringslivet adopterer store selskap "woke capitalism", og moderne teknologi står disponibel for å overvaka og stengja ute dei som ikkje går i takt. Vil vi sjå kor ille det kan bli, er det berre å sjå på det som allereie i dag er kvardagen i Kina, "the dystopian merging of commerce and political authoritarianism in a total surveillance state" (s. 84).


Alarmisme eller realisme

No er Kina eit diktatur. Kan det gå så gale med vestlege demokrati? Igjen er vi tilbake til spørsmålet om alarmisme versus realisme. Det finst gode grunnar til at vi ikkje utan vidare bør avvisa analysen til Dreher. For det første har det gått gale før òg med demokratiske samfunn. For det andre finst det i dag ein teknologi som gjer det mogleg å overvaka folk på ein heilt annan måte enn tidlegare. For det tredje ser vi rundt oss at det skjer grunnleggjande endringar i verdigrunnlaget til samfunnet, endringar vi ikkje veit konsekvensane av. Kanskje den mest grunnleggjande endringa i Vesten er at kristendommen, som tidlegare vart sett på som sjølve grunnlaget for samfunnet, er i ferd med å bli skuva ut i ytterkanten, utan kraft til å påverka verdiane i det store samfunnet. Slike endringar får konsekvensar. Noko nytt må erstatta det gamle. Vi ser det tydeleg i omvurderinga av grunnleggjande verdiar knytt til ekteskap, truskap og kjønn. Kva garanti har vi for at ikkje andre grunnleggjande verdiar som t.d. tilgjeving og miskunn, er det neste som står for tur?

Spørsmålet om Dreher er alarmist eller realist, er uløyst. Eg vonar han tek feil og at vi om nokre år kan slå fast at han var ein som ropte "ulv, ulv". Men eg er ikkje sikker. Uansett finst det gode grunnar til å lesa denne boka. Dreher kan få rett i at vi er på veg inn i eit mjuktotalitært samfunn. Om han ikkje får rett, skriv han likevel mykje klokt om ein kristen mot-strategi i eit samfunn som er meir framandgjort for kristen tru. Han kjem med ein viktig kritikk mot ein "kristendom" som er meir terapeutisk enn sanningstru. Ikkje minst løftar han fram minnet om dei mange kristne dissidentane og martyrane, som minner oss om at kristen tru har kraft til å overleva både sovjet-kommunisme og andre krefter som kan synast å ha full kontroll over samfunnet.


Lyset frå Aust

Det berande grepet i denne boka er å la kristne dissidentar bak jerntappet stå som vegvisarar for oss i Vesten. Vi gløymer fort, og Dreher minner oss om dei som våga å gå på tvers i land som Sovjet, Tsjekkoslovakia, Polen, Ungarn og Romania. Han har møtt og intervjua fleire av dei som overlevde. Interessant nok er det ingen av desse dissidentane som bed om anonymitet, i motsetning til ein del av dei han har hatt kontakt med i USA. Dreher viser oss heltemotet til folk frå ulike kristne tradisjonar - ortodokse, katolikkar og baptistar, til og med ein lutheranar har kome med (Richard Wurmbrand frå Romania). 

Hjå dissidentane frå aust finn Dreher grunnlaget for ein strategi for kristne i vest som møter eit samfunn som blir meir fiendtleg og totalitært. Mykje av boka handlar om at Dreher flettar saman lærdommane frå dissidentane i aust med behovet til kyrkja i vest. Ein av desse sentrale lærdommane er familien si rolle som motstandscelle. Å ta vare på eit felles kulturelt minne er eit anna viktig ledd i strategien. Ikkje minst legg Dreher vekt på å byggja nettverk av små fellesskap etter mønster frå m.a. katolske dissidentar i Slovakia. Viljen til å lida for trua er ei anna viktig påminning frå kyrkja i Aust. 

Samfunnskritikaren frå Louisianna minner oss om at å leva sant er viktigare enn å leva problemfritt. Han ser for seg kristne som ikkje lenger sit i maktposisjonane i samfunnet, men som er ein motkultur - eller undergrunnskultur - som må leggja ein strategi for å ta vare på trua og sanninga i møte med ei samfunnsmakt som har ein heilt annan dagsorden. Kristne blir "Guds sabotørar" i eit fiendtleg samfunn. Eller, om du vil, eit nettverk av menneske og grupper som kombinerer katakombane med livet i det store samfunnet.

På bakgrunn av dette kan Dreher lett lesast som talsmann for ei tilbaketrekking frå samfunnet og det offentlege livet. Likevel er det feil å seia at han ikkje bryr seg om det større samfunnet. Men ut frå den mørke samtidsdiagnosen hans, kan ein strategisk retrett til ei opposisjonell posisjonering sjåast som den mest realistiske måten å forma samfunnet på. I alle fall på lang sikt. Dreher har ikkje gitt opp å forma samfunnet. Hadde han det gjort, hadde han neppe brydd seg med å skriva ei bok som Live Not By Lies.


Sanninga og håpet

Rod Dreher ser ein stor fare, og han har ein strategi. Han står for ein samtidspessimisme som går hand i hand med eit slags nøkternt håp for framtida. Han unngår å falla i grøfta med den overstadige optimismen, som først og fremst burde vore på avrusing, samstundes endar han heller ikkje opp i ein sjølvsentrert pessimisme, som knapt har fått ein drope gudsfrykt innanbords. Rod Dreher skal sjølv få det siste ordet her (s. 213):

The Marxist Mordor was real, but the faith of those who resisted outlasted it, because hard totalitarianism met something harder: the truth. In our time, the emerging totalitarianism is softer, smarter, and more sophisticated - but is no less totalitarian for it.

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar