tirsdag 15. desember 2020

Kule ord (69): koronahund

Skal du unna deg ein liten koronahund til jul?
Fordi du fortener det? (Ill.Wikimedia Commons,
IA Collections: library of congress; americana).

Det finst varige og slitesterke ord, det finst døgnflugeord og det finst ord på skalaen imellom. Døgnflugeord brukar vi berre ei kort tid før dei går i gløymeboka. Fleire av dei glir inn i gløymsla fordi det dei set ord på, forsvinn eller forandrar seg. Her er eit to ferske ord som eg ikkje trur vil ha så lang levetid:

Stadig flere skaffer seg kjæledyr. Den siste tiden har mange med hjemmekontor kjøpt seg en koronahund eller -katt for selskaps skyld.

Dette står å lesa i ein artikkel på forskning.no, som drøftar klimaavtrykket etter kjæledyra våre, og set søkjelys på bruken av matjord til å produsera fôr til kattar og hundar. 

Dette er viktige og interessante spørsmål. Men når det gjeld sjølve orda "koronahund" og "koronakatt" vågar eg å nominera dei til æresprisen for årets døgnflugeord 2020, vel vitande om at slikt berre kan slåast fast i ettertid. Det skulle likevel undra meg mykje om desse to firbeinte orda lever særleg lenge, med eller utan tilført tørrfôr. Tvert om vil eg tru dei får endå kortare levetid enn ord som "hundeskatt", "barnetimegodt" og "skulepatrulje". Tre andre ord som stadig færre brukar, rett og slett fordi realitetane bak har endra seg.


Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar