Viser innlegg med etiketten Kulturlandskap. Vis alle innlegg
Viser innlegg med etiketten Kulturlandskap. Vis alle innlegg

søndag 4. mai 2014

Landsviklia er ein vårkveld verd

Det gamle eiketreet er portalen mellom Liavatnet
og Midtvatnet (foto: Arve Kjell Uthaug)
Det er mange fine turområde på Holsnøy i Nordhordland. Landsviklia ved foten av Eldsfjellet er eit slikt. Frå bilvegen utover mot Skjelanger er det berre å slå rett inn på stigen. Den første biten kan vera litt myrete, men det går stort sett bra. Så kjem ein til eit område med gledelege, små overraskingar. Vårfersk ramslauk med ein ettersmak som følgjer deg eit langt stykke vidare på turen. Ei kvassbratt skråning med tue på tue med gule kusymrer. Snart er dei avblomstra, så raska på.

Her går stigen litt oppover, og det er ganske bratt ned til Liavatnet på høgre sida. Her er det urskog med blanding av ulike treslag. Greiner og heile tre får lov til å ramla ned og i fred gå tilbake til jorda. Kanskje er hatlkratta (hassel) dei mest fascinerande. Som ei overfylt pilekorg med tynne og tjukke piler om einannan står dei gamle hatlane der med sine mange stammar. Ingen andre tre på desse kantar veks slik. På denne delen av turen kan ein gjerne treffa på eit ekorn eller sjå ein svart ramn som siglar over trea. Sjølve stigen buktar seg tørr og tydeleg framover. Er ein så heldig å gå her tidleg på kvelden ein soldag på steget inn i mai månad, siv strålane inn mellom det lysegrøne vårlauvet og skaper ei vakker veksling mellom lys og skugge langs skogsstigen.

Det er ikkje så mange minuttane før stigen fører ein ned til botnen av Liavatnet. Oppmuringa her minner om at dette vassdraget har vore brukt til  kverner. Bortanfor Liavatnet ligg Midtvatnet og Havrevatnet.  Her er det plass til å rasta, nyta synet utover Liavatnet med sin vesle holme og sjå opp på Eldsfjellet bakom. Eldsfjellet er med sine 324 m.o.h. høgaste toppen i Meland kommune. Den som vil overnatta, og som ikkje er for kravstor, kan finna ein teltplass langs denne delen av vatnet. Men småskrale ryggar bør ha med seg skikkeleg liggjeunderlag.

Stigen går vidare til Midtvatnet. Den som vil ha ein kort kveldstur, kan nøya seg med å gå til Liavatnet og attende til vegen. Men ikkje utan å gå eit lite stykke til på stigen mot neste vatn. Innimellom tett granplanting står det ei mektig eik og lutar inn mot stigen, og ei daud sidegrein dannar ein mystisk portal over sjølve skogfaret. Eikestammen har ein omkrins på nesten tre meter, og ei slik livvidde fortel at treet må ha stått i ro her nokre år.

Har ein sett denne eika, kan ein snu og gå tilbake.

onsdag 30. mai 2012

To hus på hell

Steinhuset i Vågsbotn (Foto: Arve Kjell Uthaug)
Ikkje alle pendlar mellom Bergen og Nordhordland, men dei som gjer det, har ei stund kunna gleda seg over det flotte steinhuset som har kome til syne i Vågsbotn. Huset ligg attmed Langavatnet, og ikkje så langt frå innslaget til den nye Eikåstunnelen frå sør. Mange av oss pendlarar har nok ikkje tenkt over dette huset før, men det har kome langt betre til sin rett etter at det vart rydda i skogen omkring. No står det som eit landemerke, og ei påminning om det gamle samfunnet der dyrking av jorda og kroppsarbeid var kvardagen for dei fleste. Åsane, som no er nordre bydel av Bergen, høyrer historisk sett med til Nordhordland, sjølv om grensa i dag vanlegvis blir trekt ved Nordhordlandsbrua litt lengre nord.
Norwegian Wood i Hemsedal (foto: Arve Kjell Uthaug)
Så mange prangande byggverk er det ikkje i dette området.  Men steinarbeid frå det gamle bonde- og bygdesamfunnet er små perler som burde vore meir vørd på. Steingardar, steinløer, potekjellarar og små bruer pregar kulturlandskapet med sitt naturnære materiale, sine praktiske føremål og sin ukompliserte estetikk. Derfor ville det vore genialt om steinhuset i Vågsbotn fekk stå der som ei påminning om røtene våre - like attmed det store nye krysset som skal koma utanfor tunnelopninga.
Dessverre går det ikkje slik. I eit venleg e-postsvar frå Vegvesenet vert det opplyst at steinhuset dessverre må rivast. Det vert liggjande midt i køyrefeltet frå den nye tunnelen. Steinen i huset skal likevel brukast til ein 30 cm høg natursteinsmur i ein spiral midt i den nye rundkøyringa i Vågsbotn. Det er jo betre enn ingen ting.
Medan eg er inne på gamle hus som nok går ei litt dyster framtid  i møte, kan det vera på sin plass å trekkja fram dette vesle trehuset i Hemsedal. Huset ligg tett med hovudvegen  som går over fjellet og vestover til Lærdal. Dei som ønskjer å driva juletresal direkte frå eige tak, har gjerne ein sjanse her.