Viser innlegg med etiketten Muhammed-teikningane. Vis alle innlegg
Viser innlegg med etiketten Muhammed-teikningane. Vis alle innlegg

torsdag 20. november 2025

Dei fordømte karikaturane

Udemokratiske makthavarar i
Midt-Austen greip saka om Muhammed-
karikaturane med iver. Odd Isungset har
skrive boka Dei fordømte karikaturane
(Aschehoug, 2025).


Boka Dei fordømte karikaturane er eit nærstudium av den intense striden om Muhammed-karikaturane. Saka var på kokepunktet for tjue år sidan. Vesten, som ikkje lenger frykta Gud, vart konfrontert med si eiga redsle for islamistisk terror.

Den danske avisa Jyllands-Posten publiserte hausten 2005 eit knippe karikaturteikningar av profeten Muhammed. Det vart eit frykteleg spetakkel både i Danmark og i fleire muslimske land. Nokre månader seinare publiserte den vesle norske avisa Magazinet teikningane som illustrasjon til ein reportasje om det som gjekk føre seg i Danmark. Dermed kom spetakkelet hit. 

Odd Isungset har skrive bok om karikatur-saka. Han har gjort ein grundig jobb og gitt oss ei detaljert framstilling som på journalistisk vis følgjer utviklinga av saka,  før han samlar trådane i ein interessant analyse i sistekapitlet. 

Boka har mange aktørar, og eg vil gripa fatt i nokre få av dei. 

VEBJØRN SELBEKK var redaktøren som valde å publisera teikningane i Magazinet, ei lita kristen vekeavis med fotfeste i nyare karismatisk og frikyrkjeleg kristendom. Avisa var klart mindre enn dei to tradisjonelle kristne dagsavisene Dagen og Vårt Land. Nokre år seinare fusjonerte forresten Magazinet med Dagen, og Selbekk var ein del av medgifta. Han er i dag ein av dei mest kjende norske avisredaktørane, og det er ikkje verst når du er bladstyrar i Dagen i Bergen.

Då Magazinet publiserte saka om karikaturstriden i 2006, var trønderen ein outsider som neppe mange i politiske og kyrkjelege maktposisjonar ønskte å bli identifiserte med. Selbekk vart truga på livet, både han og familien levde i årevis under eit sterkt press og det var ikkje alltid mange som støtta dei. 

Men av og til er tida på parti sjølv med ein kristenkonservativ redaktør. I 2015 fekk Selbekk Fritt Ords Honnørpris. Tidlegare same året vart fleire redaksjonsmedlemar drepne i eit åtak mot det franske satiremagasinet Charlie Hebdo. No var alle Charlie Hebdoe, sjølv om mange av dei ikkje hadde vore Vebjørn Selbekk ti år tidlegare. Stemningsskiftet var eit faktum. 

Den utskjelte bladstyraren frå Meråker har endt opp som eit symbol på kampen for den frie ytringa. Mannen som våga der andre frykta og feiga ut. Det bør skapa ein viss ettertanke at i vårt land var det ein kristenkonservativ redaktør i ei marginal avis som sto i stormen for ytringsfridomen den gongen andre pressefolk, kulturpersonar og politikarar - ofte av forståelege grunnar - fann seg mindre utsette posisjonar. 

AHMED AKKARI dukkar ofte opp og får brei omtale i Dei fordømte karikaturane. Akkari var ein av dei danske imamane som reiste til Midtausten og hissa opp stemninga mot Danmark under karikaturstriden. Dei skriftlærde hadde med seg og viste fram både ekte og falske Muhammed-teikningar. Dei siste var det ingen danske aviser som hadde publisert, men målet helga tydelegvis middelet. 

Akkari går frå islamistisk aktivisme til sjølvransaking. Han reiser til Grønland og blir lærar der. Der les han bøker han før ikkje hadde brydd seg om, blir glad i Danmark, tvilen og vestlege verdiar. Isungset viser vanlegvis ikkje fram dei sterke sympatiane og antipatiane i framstillinga. Han omtalar dei ulike aktørane nøkternt og balansert. Det hindrar ikkje at Akkari står fram som eit håpsteikn i denne forteljinga. Ei omvendingshistorie slik den moderne sekulære Vesten vil ha henne. 

JONAS GAHR STØRE er det ikkje så enkelt å koma unna i denne samanhengen. I alle fall ikkje om ein ser saka frå eit norsk perspektiv. Med ujamne mellomrom dukkar karikaturstriden opp i det norske offentlege ordskiftet, og då får som regel Støre passet sitt påskrive fordi han som utanriksminsiter var for utydeleg og svak i forsvaret av ytringsfridomen i 2006, og fordi han gjorde livet verre for familien Selbekk. Utanriksminister Støre feilinformerte opinionen gjennom å hevda at Magazinet var den einaste norske avisa som hadde vidareformidla dei omstridde teikningane. Andre og større norske media hadde faktisk òg vist fram karikaturane, utan at det skapte oppstyr. Dermed vart resultatet at heile saka velta over på redaktøren i ei marginal, kristen avis. Og på familien hans. Catarina Selbekk, kona til redaktøren, har peikt på Jens Stoltenberg, som var statsminister, og Jonas Gahr Støre, som var utanriksminister: "Var det så lett for dem å slenge en helt vanlig familie under bussen?" 

Kritikken mot Støre er forståeleg òg når ein legg til grunn framstillinga hjå Isungset. Samstundes måtte utanriksministeren gjera vanskelege vurderingar i ein situasjon der norske ambassadar vart mål for valdelege demonstrasjonar og norske soldatar i Afghanistan vart skyteskive for geriljaen. Isungset tonar ned kritikken av Støre og viser til at han i ettertid eit stykke på veg har vedgått at han kunne handtert konflikten betre og uttrykt seg annleis. Derimot er Isungset krass i kritikken mot norske media, som han meiner mangla både kritisk journalistikk og skikkeleg analyse av kven som stod bak og orkestrerte opprøra mot karikaturane.

KRISTNE AKTØRAR. Forresten var Støre langt frå åleine om å kritisera redaktør Selbekk i karikaturstriden. Mange kommentatorar i samfunnsdebatten gjorde det same, inkludert sentrale aktørar i Kristen-Norge. KrF-toppane Bondevik og Høybråten kom med kritikk, og det same gjorde menn som Olav Fykse Tveit, biskop Gunnar Stålsett og leiar av Kirkens Nødhjelp Atle Sommerfeldt. 

Isungset er knallhard i kritikken mot kyrkja og dei kristne organisasjonane: "Dei solidariserte seg i røynda med fundamentalistiske makthavarar som hadde som uttalt prinsipp at det var rett å ta livet av konvertittar, kunstnarar, homofile og maktkritikarar. På den måten støtta dei diktatorar og terrororganisasjonar som ikkje akkurat var opptatt av menneskeverd, trusfridom, kristen nestekjærleik eller fredeleg sameksistens" (s. 428). Isungset meiner desse kristne organisasjonane misforstod standpunktet sitt som eit solidarisk forsvar av alle truande, når realiteten var at trua vart misbrukt. Bakteppet for denne analysen hjå Isungset er at han i stor grad ser karikaturstriden som eit middel udemokratiske regime brukte for å styrka makta si.

Her må eg skyta inn at det ikkje var heilt enkelt å finna fram til den omstridde dobbeltsida i Magazinet, slik at eg kunne lesa og sjå dei omstridde artiklane. Til slutt fann eg det i bokhylla. I Fryktens makt skriv Selbekk sjølv om karikatur-balubaen, og den omstridde dobbeltsida er gjengitt i boka. Hovudartikkelen fortel om karikaturstriden som har oppstått i Danmark, i ein mindre kommentar slår Selbekk fast at ytringsfridomen er truga - og så er teikningane frå Jyllands-Posten brukt som faksimile. Artiklane i Magazinet er ikkje på nokon måte satiriske eller hånande. Eg er klar over at det for mange muslimar er tabu å avbilda Muhammed, men det er i ettertid likevel merkeleg å lesa den sterke førdøminga ein organisasjon som Kirkens Nødhjelp kom med mot ei norsk avis som brukte det frie ordet.

STYRESMAKTER I MIDTAUSTEN. Eit viktig poeng hjå Isungset er måten regima i fleire islamske land hissa opp stemninga og utnytta striden politisk. Det militærbaserte regimet i Egypt gjekk inn i rolla som forsvarar av profeten og betalte reisene for danske imamar som drog til Midtausten og piska opp konflikten. Assad-regimet i Syria stod med hendene i lommene og let demonstrantar brenna ned den norske og den danske ambassaden. 

Isungset skriv om "det iscenesette raseriet". Udemokratiske regime gjorde karikaturstriden til "eit storstilt forsøk på å få verdas fokus vekk frå dei kolossale demokratiske, sosiale og religiøse problema som herskar i så godt som alle land der islam er fundamentet for makthavarane, og der det ikkje er skilje mellom religion og poltikk" (s. 427). 

NY OG GAMMAL BLASFEMI. Dette er eit viktig poeng, og Isungset dokumenterer det på ein god måte. Samtidig blir det ikkje brann berre av at nokon fiklar med fyrstikkene. Brennbart materiale må òg til. Eg vil tru mange i Vesten reddast meir for det siste enn det første. For det finst ein liten minoritet  som er villig til å gjennomføra drap og attentat. Og dei finst i våre land, ikkje berre langt borte. Dessutan finst ei gruppe som er endå litt større, og som heiar fram valdsmennene. Resultatet kan fort bli at frykt trumfar prinsipp, sjølv når prinsippet er den frie meiningsutvekslinga. For kva nytte har det frie ordet om folk ikkje vågar å bruka det?

Parallelt med dette er det viktig å hugsa på den store gruppa muslimar som ikkje støttar terrorismen, men som først og fremst ønskjer å leva eit fredeleg liv i samfunnet vårt. Møte med valds-islamismen stiller store krav både til desse menneska og til storsamfunnet for å unngå at muslimar generelt blir ein del av fiendebiletet og trekt inn i ei uheldig polarisering.

Det er mykje meir å seia om karikaturstriden, om religion, blasfemi og satire - og om kva som er ei klok og god handling, og kva som ikkje er det, men som likevel eit ope samfunn bør tillata. I Europa er det ikkje lenger kyrkja som blir opplevd som den største fienden av den djerve og tidvis uforskamma satiren. Denne rolla har i stor grad islam teke over. Men ikkje åleine. Kampen mot såkalla hatprat, særleg den som rammar dei "rette" minoritetsgruppene, har etablert sin eigen blasfemi. Men det er det skrive andre bøker om.




torsdag 14. januar 2016

Prøveklut for ytringsfridomen


Demonstrasjon for den frie ytringa denne gongen.
Foto: Kim Scarborough, Wikimedia commons
Han gjekk frå å vera redaktør i ei bortgøymt lita kristen-avis til å bli gallionsfigur for ytringsfridom i dagens Noreg. Årsaka var ei faksimile Vebjørn Selbekk trykte i avisa Magazinet 10. januar 2006. På eit blunk var Selbekk blitt ein del av den internasjonale karikaturstriden. I boka Fryktens makt (2016) skriv han si historie. Om striden rundt Muhammed-karikaturane, om sjølvsensur i media og om politikarar som ikkje skjøna at dei burde stå opp for ytringsfridomen. Skuggen over det heile er møtet mellom Vesten og islam: Går det an å leva side om side utan å amputera den frie debatten på grunn av frykt?


I 1988 gav den indiske forfattaren Salman Rushdie ut boka Sataniske vers. Romanen vart av mange muslimar sett på som ei krenking av det mest heilage. Aytaollah Khomeini i Iran sa fram dødsdommen over Rushdie, og forfattaren måtte gå under jorda. I 1993 vart forleggaren William Nygaard, som gav ut Sataniske vers på norsk, skoten og alvorleg såra. Ingen er pågripen etter attentatet, men den sterkaste teorien er at han vart skoten ned på grunn av bokutgjevinga.

Striden om denne boka vart på mange måtar innleiinga til ein internasjonal og ideologisk kald krig mellom eit sekulært og vestleg inspirert syn på ytringsfridom på den eine sida og eit sjølvbevisst islam som vil verna det heilage mot kritikk og latterleggjering. Vald og drap er blitt brukt til å forsvara religionens og profetens ære. Dermed er frykt blitt det viktigaste våpenet. Kven vil trykka noko som kan føra til at ein sjølv, familien eller redaksjonen ein er leiar for, kan koma i livsfare?

Tolv teikningar i Jyllands-Posten
I 2006 flamma den ulmande konflikten igjen opp. Den danske storavisa Jyllands-Posten hadde året før trykt tolv karikaturteikningar, fleire av dei avbilda Muhammed og fleire hadde ein kvass kritisk snert. Teikninga av profeten med ei bombe i turbanen er kanskje den mest kjende. Konflikten vart storpolitikk. Muslimske leiarar var provoserte, krenka muslimar marsjerte i gatene og den norske og den danske ambassaden i Damaskus vart sette i brann. Teiknarar og redaktørar vart terrormål.

Og altså ikkje berre i Danmark. Striden flytta seg etter kvart til Noreg. Både Aftenposten og Dagbladet publiserte teikningane. Det same gjorde Vebjørn Selbekk i den vesle avisa Magazinet: Dei laga ei sak om "Tegningene som ryster Danmark" og illustrerte det med ei faksimile av avissida med teikningane i Jyllands-Posten. Så kunne jo lesarane sjå sjølve og gjera seg opp ei meining.

Men dermed braut spetakkelet laus for Selbekk. Han vart truga på livet, og vart mediekjendis og terrormål på same tid. Av statsminister Stoltenberg og utanriksminister Støre vart han sett i den offentlege skammekroken. Utanriksdepartementet sende instruks til ambassadar og utanriksstasjonar i muslimske land - ei krypande orsaking, som kritiserte publiseringa av teikningane i Magazinet. Ytringsfridomen vart nedprioritert av den norske regjeringa.

Det er lett å skjøna Selbekks harme over feilinformasjonen frå utanriksministeren. Støre framstilte det som om teikningane berre var publiserte i éi norsk avis, ifølgje Fryktens makt, endå han måtte vita at dette ikkje var riktig. Dermed vart heile børa velta over på redaktør Selbekk og den vesle kristenkonservative avisa hans. Selbekk har heldigvis ikkje ein overdriven hang til sjølvmedlidande sutring. Men det er ingen tvil om at han meiner utanriksministeren og statsministeren gjorde han til syndebukk. Og at dei ikkje sjølve var vaksne nok til å stå opp og forsvara retten til den frie ytringa då det trongst mest.

Den sekulære Selbekk
Selbekk har nok rett i at han som redaktør i ein liten kristenkonservativ publikasjon var eit mjukt mål i karikaturstriden. Samstundes er det interessant å sjå at Selbekk, som etter ein fusjon for nokre år sidan i dag er redaktør for den kristelege dagsavisa Dagen, i liten grad gjev ei teologisk grunngjeving for tenkinga om ytringsfridomen. Eg har i alle fall vanskeleg for å skilja Selbekks standpunkt frå eit reint sekulært forsvar for den frie ytringa.

Det hadde vore interessant og naturleg om Dagen-redaktøren drøfta desse spørsmåla òg ut frå det livssynet avisa hans er tufta på. Hans eige standpunkt i saka er nok blitt radikalisert, om det er rette ordet, etter dei erfaringane han sjølv har gjort. I alle fall legg han ikkje skjul på at han så seint som i 2004 hevda det var fornuftig å ha eit vern mot blasfemi i det norske lovverket. I dag er han heilt imot dette. Det synest eg er fornuftig. Men denne radikale understrekinga av ytringsfridomen er ikkje sjølvsagt, heller ikkje ut frå verdigrunnlaget til avisa Dagen. Dersom det moderne samfunnet bør tuftast på dei ti boda, er det interessant med ei drøfting av ytringsfridom, blasfemi og pålegget om at "du skal ikkje misbruka Herren din Guds namn".

Det finst sikkert argumentasjon å henta frå konservativ evangelisk teologi for at ytringsfridomen bør få ein slik overordna posisjon. Og det finst i tillegg reint historiske grunnar. Dei lågkyrkjelege og frikyrkjelege rørslene som Dagen og fusjonspartnaren Magazinet er runne av, voks i si tid fram gjennom eit opprør mot prestestyre og statslutherdom. Dei kjempa for det frie gudsordet. Eit av dei første store slaga var kampen mot konventikkelplakaten, som gav presten rett til å ha kontroll med forkynninga.

Så det finst både teologiske og historiske grunnar til at ein redaktør av Dagen hevar fana for det frie ordet. Men biletet er likevel ikkje eintydig. Det finst i denne tradisjonen også skepsis mot ein ytringsfridom som trakkar det heilage for nært. Her kunne redaktør Selbekk teke på seg dei teologiske arbeidskleda og gått i nærkamp med sin eigen tradisjon. Forsvaret hans for ytringsfridomen i Fryktens makt framstår som gjennomgåande sekulært.

Gode "men"
Fryktens makt tek eit oppgjer med dei som seier at "ja, det er ytringsfridom, men...". Her polemiserer redaktør Selbekk mot dei ikkje legg all skuld for valden på terroristane, men nærast endar opp med ei skulddeling mellom terroristane og dei som kjem med frimodige ytringar. Det er bra. Samstundes er det "men" som må leggjast til i drøftinga av alle slags fridomar og rettar. Det er ingen ting gale med eit "men", viss det som følgjer etter er klokt og rett.

Ytringsfridomen er viktig, men har sine grenser. Det er ingen som hevdar at vi skal verna om retten til å truga og oppfordra til vald. Heller ikkje vernar ytringsfridomen alle slags sjikanøse påstandar om enkeltpersonar. Vi har framleis ei lovgjeving mot ærekrenking. Ein kan heller ikkje fritt publisera helseopplysningar om andre menneske, eller feilaktig informasjon som får negative følgjer for andre sin økonomiske aktivitet. Og det finst heilt sikkert fleire slike innskrenkingar av ytringsfridomen. Nettmobbing av mindreårige kan, og bør, bli stogga. Slike ytringar er ikkje vernevedige.

Ytringsfridomen bør gje vidt spelerom for religionskritikk, men her er ikkje religion i ei særstilling. Religiøse verdiar skal kunna utfordrast gjennom spiss kritikk og harsellas. Men då bør det same òg gjelda for oppfatningar om rase, likestilling, seksuell legning - og så bortetter. Så lenge det ikkje er snakk om trugsmål eller oppmoding til vald.

Ytringsfridom er viktig, men det er lov å synast at det er ein dårleg idé å publisera teikningar av Muhammed. At nokre aviser av prinsipielle grunnar ikkje ønskjer å publisera t.d. teikningar som sårar muslimar, har krav på respekt. Ytringsfridom er ikkje eit krav om konformitet.

Ytringsfridom er viktig, men det er klokt å stilla seg spørsmål om ein bikkar over grensa til mobbing. Menneske av god vilje bør spørja seg sjølv om dei er med på å byggja opp eit umenneskeleg press mot enkeltpersonar som kjem i media sitt søkjelys. Her tenkjer eg ikkje på saka om muhammed-teikningane, men det finst t.d. politikarar som har fått eit knallhardt mediepress mot seg. Også politikarar er menneske.

Ytringsfridom er viktig, og det er lov å såra andre menneske sine kjensler, det kan til og med vera rett å gjera det. Men det er i så fall ingen grunn til å bortforklara at andre blir såra, og slik overta eigarskapen til andre menneske sine kjensler. Det er blitt hevda at satirisk religionskritikk ikkje råkar trua og den truande, men det organiserte religionsvesenet som sit med makt over sinna. Tull og tøys. Sant nok, stemingar kan bli manipulerte og misbrukte av religiøse autoritetar. Men ein sint muslim på gata i Lahore veit meir om kva som sårar han, enn det ein norsk intellektuell gjer.

Ytringsfridom er viktig. Men utgangspunktet bør vera ein viss vørdnad, ei viss audmjuk haldning i møte med det andre menneske held heilagt. Visst kan vi enda opp med å kritisera det andre held høgt og dermed trakka dei på tærne. Om vi meiner det må til og er riktig. Men det bør ikkje vera den haldninga vi møter andre menneske si alvorlege tru med i utgangspunktet. Glasbutikkar er ikkje eigentleg skapte for elefantar.

Selbekk har rett
Når alt dette er sagt: Eg meiner desse "men" er viktige, men ingen av dei treng å stri mot det Selbekk har gjort og det han argumenterer for i Fryktens makt. Det store spørsmålet i karikaturstriden er om ytringsfridomen i vår del av verda skal krympast av frykt for vald og terrorisme. Først var det Salman Rushdie, så karikaturstriden, og no sist kom attentatet mot satire-magasinet Charlie Hebdo. Selbekk har heilt rett i sitt kompromisslause forsvar for den frie ytringa mot vald og terror. Og, ulikt dei fleste av oss andre, har han faktisk ofra temmeleg mykje for kampen sin. Det fortener respekt.

I tillegg har han levert frå seg ei bok som er både velskriven og aktuell. Til det siste bør vi vel leggja eit dessverre.