Viser innlegg med etiketten Historie. Vis alle innlegg
Viser innlegg med etiketten Historie. Vis alle innlegg

søndag 15. mars 2026

Ein barndom på bedehuset (II) - huset

Første artikkelen om "Ein barndom på bedehuset" tok utgangspunkt i språket.

I huset åt far min er det mange rom. Mange har gledd seg over desse orda frå Jesu munn og tenkt at det kanskje var ein plass for dei òg i Guds rike. Kritikken mot bedehuset har ofte vore at folk ikkje opplevde det var rom for dei der. Terskelen var for høg, det var for lågt under taket, miljøet var for trongt, skiljet var for skarpt og enkelt mellom dei innanfor og utanfor. 

Hør hvor det stormer der ute, her er det fredfullt og tyst! heiter det i ein av dei gamle bedehussongane. Og eg har høyrt den songen brukt som ein kritikk mot bedehusmiljø som kapsla seg inn i seg sjølv innanfor veggene. Kanskje tenkte dei innanfor veggene at bedehusflokken var dei einaste rette kristne i bygda?

Noko av denne krtikken mot bedehuset har vore urimeleg. Andre gonger har kritikarane hatt gode poeng. 

Men i det fysiske huset, kva rom fanst det der? Det vanlege norske bedehuset har vore eit avlangt kvitt trehus der møtesalen var det sentrale rommet. Kyrkjekrinsen bedehus vart reist i 1954. I det store og heile minna det om andre bygdebedehus, men det var litt større enn gjennomsnittet. 

MØTESALEN var det sentrale rommet i bedehuset. Utan møtesal, heller ikkje noko bedehus. I Kyrkjekrinsen stod talarstolen på eit lågt podium framme i salen med innskrifta "Set Dykkar lit til Herren". På veggen bakom hang det eit stort måleri med den pliktoppfyllande Marta som travelt steller i stand medan søstera Maria sit roleg og lyttar til Jesus i heimen deira i Betania. Ho er ved Jesu føter ei stille stund når orda kjem frå hans eigen munn, som det heiter i ein av bedehussongane. 

"Det er eitt som trengst" stod det under biletet frå Betania. Det var dette eine nødvendige som var pulsslaget i forkynninga på bedehuset: Ta imot Jesus som din frelsar og bli berga for det evige livet. Forkynninga stod i fokus på dei mange enkeltmøta og under møtevekene. Forkynninga høyrde med på andre samlingar i storsalen òg, slik som korøvingar, basarar og julefestar. På desse samlingane var det likevel så mykje anna program som òg skulle ha plass, at talen kom i ei tilpassa og nedkorta form - andakten.

Talarane på bedehuset kunne vera profesjonelle predikantar, og då kom dei helst frå indremisjonen eller Misjonssambandet. Andre gonger var dei "halvprofesjonelle" fritids- eller deltidspredikantar. Og var det snakk om ein andakt på ei korøving eller eit yngresmøte, stilte gjerne ein heilt allminneleg lokal kristen opp. Det var mange ulike menneske - flest menn, men òg kvinner - som delte gudsordet på ulike samlingar i bedehuset gjennom eit år. 

Lokale prestar kunne òg bli spurt, utan at dei utgjorde noko stort innslag mellom andaktshaldarane og talarane på Kyrkjekrinsen bedehus i min oppvekst. Arbeidet hadde ingen formelle band til kyrkja, sjølv om eg vil tru nesten alle av bedehusfolka var medlemar av Den norske kyrkja. Frå bedehusfolket si side var forholdet til kyrkja eit spørsmål om tillit. Dei inviterte gjerne ein prest dei hadde tillit til, men det var utenkjeleg å gje den offisielle kyrkja større formell makt over arbeidet. Slik sett var Kyrkjekrinsen bedehus i takt med den gjengse tankegangen som prega indremisjonsarbeiedet på Vestlandet: Det kyrkjelege embetet (presten) hadde ingen særskilt posisjon, men innehavaren av embetet kunne ein samarbeida med når tillita var til stades. Elles var det nok eit spekter av syn på den offisielle kyrkja mellom bedehusfolket. Nokre var av dei mest trufaste kyrkjegjengarane, andre var sjeldan innom dei tjukke murveggene på Saurås. 

Talaren var ikkje den einaste som hadde ordet under eit bedehusmøte. Eit vanleg møte vart leia av ein av dei lokale kristne. Møteleiaren eller ein annan delte gjerne eit ord til opning. Mange av møta vart dessutan avslutta med at ordet vart gitt fritt. Då kunne kven som helst i forsamlinga reisa seg og dela eit bibelvers, ei oppleving eller nokre tankar.   

Lammet, ja, Lammet, dets vunder og sår, æren og prisen i evighet får! Eg hugsar at den lokale bonden og lekpreikaren Johan Ulset (Ulvesæter) ein sjeldan gong stemde i dette songverset på slutten av ei samling på Kyrkjekrinsen bedehus. Då kjende han seg nok ekstra velsigna. Andre gonger hende det, heller ikkje det så ofte, at eit møte vart avslutta med at folk knelte ved stolane, og dei som ville kunne be høgt. Bedehusmøta hadde sin struktur - eller liturgi, om du vil - men det var ein struktur som gav rom for det spontane på ein heilt annan måte enn gudstenestene i kyrkja. 

SMÅSALEN låg vegg i vegg med hovudsalen. Veggen mellom dei to salane kunne opnast når det trongst ekstra plass, men vanlegvis var det to skilde rom.

I dette mindre rommet kom det endå tydelegare fram enn i storsalen at bedehusarbeidet vart drive av fotfolket.

Småsalen vart brukt til fleire typar samlingar. Kvar torsdagskveld hadde vi Yngres-møte der, eit ungdomsarbeid i regí av indremisjonen. Av og til var det nattverdmøte på bedehuset, og dei var i småsalen. Større rom trongst ikkje. Vi sat rundt eit bord og følgde ein enkel liturgi. Brødet og vinen vart sendt mellom dei frammøtte. Ein hadde ansvaret for å leia møtet, men elles var vi like. Den som ville, kunne dela nokre tankar eller be ei bøn. Her er kje fri og træl, her er kje arm og rik. Kvar har den same arvedel og er dei andre lik. Idealet var slik som Trygve Bjerkrheim formulerte det i bedehussongen "Velsigna band som bind". 

Tidleg på 1900-talet hadde det vore strid om denne forma for nattverdfeiring, som vart kalla "fri nattverd". Lekfolket tok brødet og vinen i eigne hender utan å innordna seg i det større kyrkjelege fellesskapet og utan å underordna seg presten. No bør det seiast at oppslutninga om nattverdmøta ikkje var særleg stor. Så kanskje ein del av bedehusfolka ikkje fann det så naturleg, eller riktig, å feira nattverden utanfor storkyrkja, der dei trass alt var medlemar?

Så på bedehuset vart Ordet forkynt, brødet og vinen delt. Men dåpen måtte ein til kyrkja for å få. 

Hvor deilig det er å møte når ene man vandrer frem, en broder- og søsterskare på veien til samme hjem! Det kunne vore laga ei eiga lita ordbok om bedehuset. I så fall ville ein under bokstaven S finna "småmøte". Kvar tysdag var det slike møte - som var enkle i forma, opne for alle og utan talar. Bøne- og vitnemøte var eit anna namn på desse samlingane. Så mange menneske var det ikkje som møtte fram, men nok til at møta gjekk vidare år etter år. Stayer-evna var stor og godt støtta opp av Jesu ord om at "der to eller tre er samla i mitt namn, der er eg midt imellom dei"Ansvaret for å leia møtet skifta frå gong for gong. Programmet var enkelt og fast: songar frå Sangboken, samtale om bibelord og åndelege tema, og så ei bønestund. Eg gjekk på mange slike møte i oppveksten. Eit slikt tett fellesskap mellom menneske som på mange måtar var forskjellige, kunne opplevast kleint. Dei som kom, kunne òg bli mismodige av at så få møtte opp. Tok det nokon i ytterdøra no, kjem det kanskje fleire? På same tid var det ein stad for å dela erfaring, for å opna opp, og for å møtast som ulike menneske på like fot. 

Under V i ordboka for bedehuset ville ordet "venesamfunn" stått. Kjernetroppane på bedehuset brukte ofte dette ordet om fellesskapet seg imellom. Bladet til den regionale indremisjonen Nordhordland indremisjon heitte Venehelsing. I eit fellesskap av vener er, ideelt sett, alle like. Det hindra sjølvsagt ikkje at enkelte vart meir lytta til enn andre, og uformelle maktstrukturar finst alle stader. Det fanst òg formelle leiarroller i ulike styre som måtte fyllast. Men det kristne arbeidet på bedehuset kvilte på ein grunntanke om at her var alle like. Bønder, fabrikkarbeidarar og bussjåførar var ikkje mindre sannsynlege i ulike leiarroller enn lærarar og akademikarar på barndomens bedehus. 

Då var det heilt naturleg at den lokale aktiviteten på bedehuset, som var ganske stor, vart driven slik vener brukar å arbeida i lag. Dei betalar kvarandre ikkje. Dei hjelper kvarandre, og når mange hjelper kvarandre, blir det dugnad. Dermed kunne òg pengegåvene frå kollektar og frå den enkelte kanaliserast til Nordhordland indremisjon, som sende predikantar rundt til enkeltmøte og møteveker på store og små bedehus, og til  misjonsorganisasjonar som dreiv evangelisering, helsearbeid og utdanning i ulike krikar og krokar av verda. Arbeidet lokalt var med andre ord imponerande billig sidan ein ikkje hadde lønsutgifter. På den andre sida kan det henda denne arbeidsmåten utan fast tilsette gjorde det vanskelegare både å byggja ei stabil forsamling og møta den store bølgja av tilflyttarar til området. 

KJØKKENET. Kjøkkenet trongst til meir festlege samkomer der det var servering, og var godt å ha elles òg. Det låg i kjellaren vegg i vegg med mastsalen. Denne matsalen brukte vi ikkje så ofte. Eg har heller ikkje så mange minne frå kjøkkenet. Damene rådde nok ofte grunnen der.

Derimot hugsar eg godt at det var anna praktisk husarbeid vi måtte delta i. Etter eit arrangement trongst det gjerne både rydding og golvvask. Etter yngresmøta vart "vaskelista" lesen opp, og det vart slått fast kven av tenåringane som skulle vaska etter møtet denne torsdagskvelden. Eg meiner vi òg hadde det same systemet med vaskelister etter øvingskveldane i koret Unge Røster. Det var ikkje den mest populære lista du kunne hamna på, men det gjekk på omgang. Unge spirevippar fekk slik ei viss mengdetrening i golvvask.

DUGNADEN. I bedehuset på Kyrkjekrinsen fanst det toalett og andre smårom. Dessutan var det vaktmeisterbustad på loftet, og det var ikkje vanleg på eit landsens bedehus. Utanfor inngangen var dei trapp med delvis overbygd tak - ein kjærkomen møteplass for oss unge i pausar, og utanfor rammene av det fastlagte programmet. 

Denne trappa kom med utbygginga av Kyrkjekrinsen bedehus i 1980. Dette var eit merkeår for huset. Då stod den nye sidefløyen med peisestova (utan peis) ferdig. Eit stort dugnadsarbeid vart lagt ned. På ei av dugnadsøktene sto forresten fire mann som alle heitte Gunnar, i eitt og same stillas. Konstruksjonen var neppe heilt etter forskriftene for det vesle stillaset ramla saman og drog med seg alle fire gunnarane i fallet. Eg har forteljinga frå ein av dei.

Bedehuset på Kyrkjekrinsen kom så seint som i 1954. Dei fleste andre bedehusa i Åsane kom før kyrkjebygda fekk sitt: Salhus, Eidsvåg, Hordvik, Haukås, Mjølkeråen og Tertnes var alle før ute. Først i oktober 1954 vart altså  Kyrkjekrinsen bedehus vigsla. "Folket i krinsen har ytt mykje friviljug innsats til bedehuset, med dagsverk og pengeinnsamling", fortalde avisa. Mellom dei som hadde bretta opp ermane, var ei jenteforeining i Dalebygda som hadde samla inn 7000 kroner. Og sånn var det både i Kyrkjekrinsen og med andre bedehus: Fotfolket gjorde dugnadsarbeid, gav og samla inn pengar slik at huset vart reist og seinare halde ved like.  

Sokneprest Søvde var med under vigslinga i 1954. Åsanekvartetten song, det same gjorde Kyrkjekrinsen strengemusikk. "Det er som ein draum at me har fått opp bedehus her i krinsen", sa formannen i misjonsforeininga Oskar Flaktveit då han såg ut over forsamlinga. "Lars Blindheim, Johan Ulset, Emil Hjortland og Nils Saurås las so kvar eit skriftord", fortel avisreferatet. Her var menn frå dei gamle gardane i Åsane i sving. 

ÅRETAK FOR JESUS. Lekmannskristendomen var der sjølvsagt lenge før huset kom, og det skal ha vore haugianarar i Åsane tidleg på 1800-talet. Kjernen i den kristne lekmannstradisjonen var menneske som søkte åndeleg fellesskap med kvarandre utanfor rammene som den offisielle kyrkja og gudstenestene sette. Vanlegvis som eit supplement til desse rammene, men stundom i opposisjon. I 1970 var det hundreårsjubileum for misjonsforeininga i ein av nabokrinsane til Kyrkjekrinsen, Mjølkeråen misjonsforening. Karl Hitland vart intervjua og fortalde om korleis arbeidet hadde vore drive der i gammal tid. Då tok lekfolket saka i eigne hender dei søndagane det ikkje var gudsteneste i Åsane kyrkje: "Den som hadde ansvar for møtet, måtte då opp i fire - fem tida om morgonen, gå til sjøen, setja båten utpå og ro til Bergen for å henta talaren. Etter møtet bar det same vegen attende. Det kunne i alt ta bortimot ti timar".

Den lyttande Maria i samtale med Jesus sit i framgrunnen på det store biletet i møtesalen på Kyrkjekrinsen bedehus. Måleriet heng der den dag i dag. I det daglege arbeidet og dei mange aktivitetane, i dugnad og drift av huset, der var òg Marta sine flittige hender.

EIT MINNEORD. Denne artikkelen handlar om livet på Kyrkjekrinsen bedehus på 1970- og 80-talet. Men røtene til det lekmannskristne arbeidet går lengre tilbake i tid. Derfor vil eg avslutta med eit minneord som stod i avisa i 1962. Kan henda var dette minneordet einaste gongen denne bondekona fekk omtale i avisa. Ho kan stå som representant for dei mange kvinner og menn rundt på bygdene som bar oppe dette arbeidet, både før og etter det lokale bedehuset vart reist. 

Ei kjend misjonskvinne i Åsane, Olina Ulvesæter, er avliden vel 80 år gamal. Ho var frå Espelid og vart bondekone på Ulsetgarden. Hennar hug stod til arbeidet for Guds rike og i 25 år samla ho Ulset kvinneforening hjå seg til arbeid for misjonen. Ho gjorde ogso mykje for Kyrkjekrinsen misjonsforening og var alltid den som hyste forkynnarar som vitja krinsen. Sjølv tok ho ogso gjerne del på møte og samlingar med ord og vitnemål. Ho førde ein gjestfri heim og vann ein stor veneflokk. Ho vart midtpunktet i ei stor slekt og var glad i born og ungdom og vart ei god "tante" for mange. Sjølv hadde ho ingen born.

Onsdag vart ho gravlagd ved Åsane kyrkje. Kyrkja var fullsett av slekt og vener og bygdefolk som ville syna Olina den siste æra og fylgja til gravi.

Andakten tok til med "Våren" av Grieg for fiolin og orgel. Hjelpeprest Kåre Nødtvedt tala ut frå ordet i Esaias 49,16 med sterke ord om livet med Gud og Jesus Kristus som livsens lov so ein kan seia med salmeskalden: Du har gripe mi høgre hand.

Det vart lagt kransar frå slekti på hennar side og tidlegare avlidne manns side og frå misjonsforening og kvinneforening. Og so lydde songen Navnet Jesus blekner aldri - og frå musikken vart gjeve "Stjernesangen" av Sibelius og til slutt "I ensomme stunder" av Ole Bull.

Etter gravferdi var det minnesamvær i Kyrkjekrinsen bedehus.


Avisartiklane som er vist til over, er alle henta frå Dagen. Artikkelen om bedehusvigsla i Kyrkjekrinsen stod 25. oktober 1954, om 100-årsjubileet i Mjølkeråen misjonsforening 28. november 1970 og minneordet om Olina Ulvesæter stod 3. august 1962. Ein artikkel om tiårsjubileet for Kyrkjekrinsen bedehus stod dessutan i same avis 27. oktober 1964. 

For faktaopplysningar og bakgrunn om bedehus i Hordaland er denne boka nyttig: Reise i bedehusland - Bedehusene i Hordaland (Johannes Kleppa og Alf Henry Rasmussen, Bergen 2001).

Dei kursiverte songstrofene er henta frå Sanboken - Syng for Herren (Oslo 1983): Hør hvor det stormer der ute, her er det fredfullt og tyst! er frå songen "Kom som du er til din Frelser" forfatta av Thomas Ball Barratt, pioner for den moderne pinserørsla i Norge. Ved Jesu føter ei stille stund når orda kjem frå hans eigen munn kjem frå songen med same namn, forfatta av bonden og lekpreikaren Matias Orheim frå Nordfjord. Lammet, ja, Lammet, dets vunder og sår, æren og prisen i evighet får! er henta frå salmen "Brødre og søstre, vi skilles nu ad", og verset er skrive av den danske 1700-talspresten Frederik Boye. Her er kje fri og træl, her er kje arm og rik. Kvar har den same arvedel og er dei andre lik er eit vers frå songen "Velsigna band som bind", henta frå engelsk og islandsk av forfattaren Trygve Bjerkrheim. Hvor deilig det er å møte når ene man vandrer frem, en broder- og søsterskare på veien til samme hjem! er henta frå songen med same tittel, og skriven av prestedottera Kirsten Hansen frå Moss.  "Navnet Jesus", som vart sungen i gravferda til Olina Ulvesæter, er kanskje den mest kjende og kjære av alle bedehussongar - teksten er skriven av frelsesoffiseren David Welander, og tonen er ein Zulu-melodi frå Sør-Afrika.

Illustrasjonane til artikkelen over er utsnitt av biletet som heng framme i møtesalen i Kyrkjekrinsen bedehus (foto: Arve Kjell Uthaug). Motivet er Jesus som gjestar søstrene Marta og Maria i Betania. Målaren er Vilh. Bjørknes. Måleriet er frå 1955, året etter at bedehuset vart reist.

tirsdag 23. desember 2025

Kule ord (104): ordvind

Biskop Augustin i selskap med bøkene
(frå Wikimedia Commons).

Kyrkjefaderen Augustin (354-430) har skrive ein av dei mest kjende sjølvbiografiane gjennom alle tider: Confessiones. I omsetjinga til Åsmund Farestveit og Hermund Slaattelid dukkar det opp eit friskt ord, som eg ikkje har funne i ordbøkene. Ordet er ordvind. Med eit svært sjølvkritisk blikk skriv biskopen av den nordafrikanske byen Hippo om si eiga villfarne ungdomstid. Augustin var ikkje den som tok lett på eigne synder, feilsteg og lyte, og om ein vil seia det litt tøysete, kan ein gjerne sjå på han som ein slags (1100 år) fortidlegfødt lutheranar. Om si eiga sjel før han fann fram til trua på Gud, skriv han m.a.: "Att og fram, hit og dit vender og vrid ho seg etter som ordvinden blæs og meiningane skifter". Like før har August fortalt om korleis han danna seg eit svært positivt bilete av ein lærd person i samtida, mest ut frå det han hadde høyrt om denne mannen og utan sjølv å kjenna til han noko nærare. Augustin reflekterer altså over korleis han sjølv hadde late seg driva og føra av ordvinden, av det "alle" omkring han sa, utan sjølv å ha eit fast ankerfeste. 

Det finst eit fjell av sjølvkritiske refleksjonar i det Augustin skriv. Vi kan synast det blir litt mykje nedsnakking av seg sjølv, og det blir det, men jammen er det òg skarpt sett og godt skrive. Mellom anna kritiserer han sin eigen "snakkesjuke uforstand". 

Ikkje alle skal ta inn over seg dette perspektivet frå Augustin. Men andre av oss kan ha godt av å tenkja oss om, i alle fall av og til, om vi berre driv med ordvinden og let oss fanga av vår eigen snakkesjuke uforstand. Augustin hjelper oss med ord som avslører, og ikkje tilslører, og er ein motmann for vår tid.

søndag 14. desember 2025

Ein barndom på bedehuset (I) - språket

Kyrkjekrinsen bedehus i Åsane (foto: Arve Kjell Uthaug)
- De må lera språkjæ! Lekpredikanten slo neven i talarstolen framfor ei stor forsamling av ungdommar samla til fest andre juledag i Kyrkjekrinsen bedehus. Eit gudshus i det som den gongen var eit kulturelt grenseland mellom rotfest landsens strilekultur, som ikkje minst bedehuset representerte, og byen og bergensarane som velta utover oss med sine rundkøyringar, lågblokker, kjøpesenter og dominante dialekt.

Og vi lærte språket vi som voks opp på bedehuset på 1970-talet. Bibelspråket og forteljingane frå boka fekk vi servert gjennom andaktar og talar. Enkelte supplerte òg med bibelgrupper og tapre forsøk på sjølvstudium. Det gjorde oss fortrulege med tekstane som har vore berebjelkar i sivilisasjonen vår i mange hundre år, og som i tillegg har snudd opp ned på enkeltemenneske sine liv. Eg vil tru ein spirevipp av ein tenåring på Kyrkjekrinsen bedehus på slutten av 1970-talet kjende bibelforteljingane betre enn ein gjennomsnittleg norsk universitetsprofessor i 2025.

DET BLIR SUNGET EN SANG AV ENFOLDIGE SMÅ. Dessutan lærte vi det særeigne, inderlege og litt meir daterte språket i songtradisjonen på bedehuset. Det gjorde i alle fall vi som gjekk på dei vanlege bedehusmøta, og ikkje berre var innom det kristne ungdomsarbeidet. I det siste tilfellet kunne ein gjerne sleppa unna med nymotens substitutt frå den ungdommelege songboka Rop det ut. Vi som var hardcore bedehusungdom og gjekk på vanlege møte, vi møtte òg tidt og ofte Sangboken. Denne boka med ei gullharpe på omslaget var den autoriserte songsamlinga på bedehuset den gongen. 

Språket i ein del av songane i denne boka verkar i dag framandt ikkje berre for sekulariserte menneske, men òg for aktive kristenfolk. Sett deg, lille due, der i ditt klipperede! Evig der din Jesus kjær ømt om deg skal frede. Det er kanskje ikkje slik dei fleste av oss ville ha innleidd ein samtale om tru og livssyn med naboen. Ikkje den gongen, og ikkje no heller. Men vi song det. Det var eit språk som til tider var eit par hakk for inderleg, og det var kanaanspråk i solide dosar. 

DET STRØYMER EI LIVSELV AV LUKKA. No er det ikkje mi meining å snakka ned denne songtradisjonen. For den som ser litt etter, er det eit mangfald av sjangrar og stilar i Sangboken, både i tekstar og melodiar. Inga folkerørsle skaper ein slik mangfaldig flora av songar utan at det renn ei sterk elv av frigjering og glede gjennom landskapet. Beklagar å måtta skriva det, alle bedehus-svartmålarar, men ein slik kreativitet og ei slik glede som kjem til uttrykk i songtradisjonen frå bedehuset, greier du ikkje å skapa gjennom berre skræmsler, helvetesangst og svartsyn.  

I vår tid har nokre bedehus-forsamlingar døydd ut. Der syng dei ikkje lenger. Andre har teke opp i seg den nyare lovsongs-tradisjonen, kanskje med nokre innslag frå arven etter Sangboken. Eg lurar på kor mange aktive bedehus-forsamlingar som framleis brukar Sangboken som hovudkjelde for songen. I og for seg er det kanskje ikkje ein god idé heller. Skal bedehusa leva, må dei ta opp uttrykksformer frå kulturen omkring, og den endrar seg. Samstundes er det på høg tid at nokon slepp laus den musikalske kreativiteten sin og gjev Sangboken-arven eit nytt uttrykk. Arne Domnerus Kvartett gjorde det med nokre av melodiane i Evergreens fra Kanaan, som kom i 1981. Men her finst det både tekstar og melodiar som ventar på å møta ei ny tid.

NÆRMERE DEG MIN GUD. - Nærmere deg min Gud, sa mannen, og flytta senga på loftet. Ei småvittig sjel hadde skribla ned denne utfyllande kommentaren i ei av songbøkene på Kyrkjekrinsen bedehus. Det kunne løna seg å bla litt på måfå i Sangboken. Sjølvsagt vaks det fram ein eigen humor på bedehuset, og i det meste av humoren er språket det viktigaste verktøyet. Bedikken på Kyrkjekrinsen hadde sin eigen sjargong, eigne historier og eigne karakterar. No skal det seiast at dette bedehuset hadde eit stort og aktivt ungdomsmiljø den gongen, knytt til både kor og andre aktivitetar, og det var heilt avgjerande for korleis det var å veksa opp i miljøet. Slett ikkje alle bedehus hadde eit slikt sterkt ungdomsarbeid. Mykje av humoren vart nettopp skapt i møte mellom den unge generasjonen og ein tradisjonell bygde- og bedehuskultur. Det sette sitt tydelege preg på språk, sjargong og vitsar. Av og til gjekk humoren litt mykje ut over dei same personane, dvs. faktiske personar i miljøet. Men først og fremst gjorde humoren at vi pusta fritt. Eit miljø utan humor er ei tvangstrøye.

Språkhumoren gjennom kommentarar og vitsing fekk eit meir teatralsk supplement gjennom sketsjen, som ofte var eit innslag på ein del festar og samlingar i ungdomsmiljøet. Sketsjen kravde ei heilt anna førebuing og planlegging, sjølvsagt, enn ein treffande kommentar i forbifarten. Og det gjorde stor suksess når dei lokale stand-up-talenta fann sin naturlege plass på scenen.

GJØR DET LILLE DU KAN. Oppveksten på bedehuset gav oss òg ei anna og meir oppdragande språkleg opplæring. Går vi heilt tilbake til siste delen av 1800-talet, voks den norske bedehusrørsla fram parallelt med utbygginga av skulevesenet, demokratiseringa av samfunnet, den eksplosive veksten i formelle lag og organisasjonar og oppblomstringa av trykte massemedia som bøker, blad og aviser. Denne demokratisk-folkelege revolusjonen prega arbeidet på bedehuset både den gongen og i generasjonane som følgde etter. Både misjonsforeininga, som hadde det overordna ansvaret for huset og arbeider der, og andre lag som hadde meir spesialiserte arbeidsfelt, var born av eit samliv mellom evangelisk kristendom og demokratisk assosiasjonsånd. I denne kulturen var styre, årsmøte, val, medlemskap, protokollar og referat sjølvsagde ting.

Alle arbeidsgreinene på bedehuset hadde nok ikkje like tydeleg innslag av dette, men det var likevel ein vesentleg del av sjølve rammeverket om arbeidet. Skal eg ta fram eitt enkelt utslag av dette no i ettertid, må det bli referatskrivinga på Yngres. Dette var eit arbeid med møtesamlingar kvar torsdag, og det var vi medlemane som dreiv aktiviteten sjølve. Om eg ikkje hugsar feil, var det tolv år vi måtte vera før vi fekk byrja på Yngres, og så hang vi med nokre år framover. Vi hadde vårt eige styre, skaffa andaktshaldarar, planla og leia møta, arrangerte helgeturar. Frå dei vanlege møta kvar torsdag skreiv vi referat. Skrivinga gjekk på omgang - sikkert ikkje mellom alle frammøtte, men mange fekk i alle fall prøva seg. Og så las vi opp referatet på neste møte. 

Så er eg litt meir usikker på kvifor vi eigentleg skreiv desse referata frå heilt vanlege torsdagssamlingar med ein gjeng tenåringar til stades. Heller ikkje veit eg om vi stilte oss det spørsmålet. Vi skreiv. Og for nokre av oss vart det ein av mange små, viktige ting som oppdrog oss til å delta i samfunnsarbeid og bruka språket på ein meir formell måte.

Heilt til slutt i denne første vesle artikkelen om barndommen på bedehuset bør det presiserast at artiklane byggjer på mine eigne minne frå oppveksten på Kyrkjekrinsen bedehus på 1970- og inn på 1980-talet. Sjølvsagt prøver eg å referera ting så korrekt eg kan. Samstundes er det klart at særleg enkeltepisodar og replikkar baserte på hendingar fleire tiår tilbake, er henta fram slik eg hugsar det. Slike minne kan naturlegvis i nokre tilfelle vera unøyaktige, og andre kan hugsa ting litt annleis.

VED JESU FØTER EI STILLE STUND. Sidan dette er ein artikkel om bedehuset, gjer eg som lekpreikarane ofte gjorde på talarstolen: Eg har allereie sagt at no skal eg gå til avslutning, men så dukkar det likevel opp meir som berre må med. Predikantane på Kyrkjekrinsen bedehus stod bak ein talarstol med innskrifta "Set dykkar lit til Herren". På veggen bak dei hang det eit stort måleri av Jesus som var gjest hjå systrene Marta og Maria. Marta går i bakgrunnen og ordnar til med mat og drikke. Maria sit saman med Jesus i framgrunnen og lyttar til orda hans. "Det er eitt som trengst", slår bibelsitatet nede på måleriet fast. Dette eine nødvendige er å vera nær Jesus og lytta til orda hans. Så viktig var det at jamvel travle kvinneplikter kom i bakgrunnen.

Kva var det eigentleg han ville ha fram, talaren som la inn over oss festkledde ungdommane at vi måtte læra oss språket? Det hugsar eg ikkje. Men sidan det var ein predikant på bedehuset, vil eg tru det handla om trua, frelsa og hjarteforholdet til mannen frå Nasaret. For det er eitt som trengst, det var det liten tvil om på bedehuset. 


For dei som ikkje kjenner Sangboken så godt, så er alle mellomtitlane over songtitlar derifrå, henta frå 1983-utgåva. Det blir sunget en sang av enfoldige små vart skriven av den norske journalisten Carl Bang i 1921 - "men de selvkloke vil ikke høre derpå", heiter det vidare i teksten. I ei eldre utgåve av Sangboken står det litt annleis: "De forstandige vil ikke høre derpå". Det strøymer ei livselv av lukka er skriven av den kjende bedehusdiktaren Trygve Bjerkrheim (1957) frå Bjerkrheim i Rogaland. To av dei mest kjende songane hans er Det er makt i de foldede hender og Han tek ikkje glansen av livet. Nærmere deg min Gud er ein internasjonalt kjend salme, skriven av engelske Sarah Adams i 1840 og omsett til norsk av Gustav Jensen i 1915. Allereie før siste verdskrigen skal salmen ha vore omsett til over 140 språkGjør det lille du kan er skriven svenske Lina Sandell (1885), som med sine evangeliske songar er høgt skatta både på bedehuset og utanfor. Ved Jesu føter ei stille stund er skriven av gardbrukaren og lekpredikanten Matias Orheim (1908) frå Eid i Nordfjord. Orheim var ein kjend talar i si tid; han var blind og spela m.a. på glas når han reiste rundt.


torsdag 20. november 2025

Dei fordømte karikaturane

Udemokratiske makthavarar i
Midt-Austen greip saka om Muhammed-
karikaturane med iver. Odd Isungset har
skrive boka Dei fordømte karikaturane
(Aschehoug, 2025).


Boka Dei fordømte karikaturane er eit nærstudium av den intense striden om Muhammed-karikaturane. Saka var på kokepunktet for tjue år sidan. Vesten, som ikkje lenger frykta Gud, vart konfrontert med si eiga redsle for islamistisk terror.

Den danske avisa Jyllands-Posten publiserte hausten 2005 eit knippe karikaturteikningar av profeten Muhammed. Det vart eit frykteleg spetakkel både i Danmark og i fleire muslimske land. Nokre månader seinare publiserte den vesle norske avisa Magazinet teikningane som illustrasjon til ein reportasje om det som gjekk føre seg i Danmark. Dermed kom spetakkelet hit. 

Odd Isungset har skrive bok om karikatur-saka. Han har gjort ein grundig jobb og gitt oss ei detaljert framstilling som på journalistisk vis følgjer utviklinga av saka,  før han samlar trådane i ein interessant analyse i sistekapitlet. 

Boka har mange aktørar, og eg vil gripa fatt i nokre få av dei. 

VEBJØRN SELBEKK var redaktøren som valde å publisera teikningane i Magazinet, ei lita kristen vekeavis med fotfeste i nyare karismatisk og frikyrkjeleg kristendom. Avisa var klart mindre enn dei to tradisjonelle kristne dagsavisene Dagen og Vårt Land. Nokre år seinare fusjonerte forresten Magazinet med Dagen, og Selbekk var ein del av medgifta. Han er i dag ein av dei mest kjende norske avisredaktørane, og det er ikkje verst når du er bladstyrar i Dagen i Bergen.

Då Magazinet publiserte saka om karikaturstriden i 2006, var trønderen ein outsider som neppe mange i politiske og kyrkjelege maktposisjonar ønskte å bli identifiserte med. Selbekk vart truga på livet, både han og familien levde i årevis under eit sterkt press og det var ikkje alltid mange som støtta dei. 

Men av og til er tida på parti sjølv med ein kristenkonservativ redaktør. I 2015 fekk Selbekk Fritt Ords Honnørpris. Tidlegare same året vart fleire redaksjonsmedlemar drepne i eit åtak mot det franske satiremagasinet Charlie Hebdo. No var alle Charlie Hebdoe, sjølv om mange av dei ikkje hadde vore Vebjørn Selbekk ti år tidlegare. Stemningsskiftet var eit faktum. 

Den utskjelte bladstyraren frå Meråker har endt opp som eit symbol på kampen for den frie ytringa. Mannen som våga der andre frykta og feiga ut. Det bør skapa ein viss ettertanke at i vårt land var det ein kristenkonservativ redaktør i ei marginal avis som sto i stormen for ytringsfridomen den gongen andre pressefolk, kulturpersonar og politikarar - ofte av forståelege grunnar - fann seg mindre utsette posisjonar. 

AHMED AKKARI dukkar ofte opp og får brei omtale i Dei fordømte karikaturane. Akkari var ein av dei danske imamane som reiste til Midtausten og hissa opp stemninga mot Danmark under karikaturstriden. Dei skriftlærde hadde med seg og viste fram både ekte og falske Muhammed-teikningar. Dei siste var det ingen danske aviser som hadde publisert, men målet helga tydelegvis middelet. 

Akkari går frå islamistisk aktivisme til sjølvransaking. Han reiser til Grønland og blir lærar der. Der les han bøker han før ikkje hadde brydd seg om, blir glad i Danmark, tvilen og vestlege verdiar. Isungset viser vanlegvis ikkje fram dei sterke sympatiane og antipatiane i framstillinga. Han omtalar dei ulike aktørane nøkternt og balansert. Det hindrar ikkje at Akkari står fram som eit håpsteikn i denne forteljinga. Ei omvendingshistorie slik den moderne sekulære Vesten vil ha henne. 

JONAS GAHR STØRE er det ikkje så enkelt å koma unna i denne samanhengen. I alle fall ikkje om ein ser saka frå eit norsk perspektiv. Med ujamne mellomrom dukkar karikaturstriden opp i det norske offentlege ordskiftet, og då får som regel Støre passet sitt påskrive fordi han som utanriksminsiter var for utydeleg og svak i forsvaret av ytringsfridomen i 2006, og fordi han gjorde livet verre for familien Selbekk. Utanriksminister Støre feilinformerte opinionen gjennom å hevda at Magazinet var den einaste norske avisa som hadde vidareformidla dei omstridde teikningane. Andre og større norske media hadde faktisk òg vist fram karikaturane, utan at det skapte oppstyr. Dermed vart resultatet at heile saka velta over på redaktøren i ei marginal, kristen avis. Og på familien hans. Catarina Selbekk, kona til redaktøren, har peikt på Jens Stoltenberg, som var statsminister, og Jonas Gahr Støre, som var utanriksminister: "Var det så lett for dem å slenge en helt vanlig familie under bussen?" 

Kritikken mot Støre er forståeleg òg når ein legg til grunn framstillinga hjå Isungset. Samstundes måtte utanriksministeren gjera vanskelege vurderingar i ein situasjon der norske ambassadar vart mål for valdelege demonstrasjonar og norske soldatar i Afghanistan vart skyteskive for geriljaen. Isungset tonar ned kritikken av Støre og viser til at han i ettertid eit stykke på veg har vedgått at han kunne handtert konflikten betre og uttrykt seg annleis. Derimot er Isungset krass i kritikken mot norske media, som han meiner mangla både kritisk journalistikk og skikkeleg analyse av kven som stod bak og orkestrerte opprøra mot karikaturane.

KRISTNE AKTØRAR. Forresten var Støre langt frå åleine om å kritisera redaktør Selbekk i karikaturstriden. Mange kommentatorar i samfunnsdebatten gjorde det same, inkludert sentrale aktørar i Kristen-Norge. KrF-toppane Bondevik og Høybråten kom med kritikk, og det same gjorde menn som Olav Fykse Tveit, biskop Gunnar Stålsett og leiar av Kirkens Nødhjelp Atle Sommerfeldt. 

Isungset er knallhard i kritikken mot kyrkja og dei kristne organisasjonane: "Dei solidariserte seg i røynda med fundamentalistiske makthavarar som hadde som uttalt prinsipp at det var rett å ta livet av konvertittar, kunstnarar, homofile og maktkritikarar. På den måten støtta dei diktatorar og terrororganisasjonar som ikkje akkurat var opptatt av menneskeverd, trusfridom, kristen nestekjærleik eller fredeleg sameksistens" (s. 428). Isungset meiner desse kristne organisasjonane misforstod standpunktet sitt som eit solidarisk forsvar av alle truande, når realiteten var at trua vart misbrukt. Bakteppet for denne analysen hjå Isungset er at han i stor grad ser karikaturstriden som eit middel udemokratiske regime brukte for å styrka makta si.

Her må eg skyta inn at det ikkje var heilt enkelt å finna fram til den omstridde dobbeltsida i Magazinet, slik at eg kunne lesa og sjå dei omstridde artiklane. Til slutt fann eg det i bokhylla. I Fryktens makt skriv Selbekk sjølv om karikatur-balubaen, og den omstridde dobbeltsida er gjengitt i boka. Hovudartikkelen fortel om karikaturstriden som har oppstått i Danmark, i ein mindre kommentar slår Selbekk fast at ytringsfridomen er truga - og så er teikningane frå Jyllands-Posten brukt som faksimile. Artiklane i Magazinet er ikkje på nokon måte satiriske eller hånande. Eg er klar over at det for mange muslimar er tabu å avbilda Muhammed, men det er i ettertid likevel merkeleg å lesa den sterke førdøminga ein organisasjon som Kirkens Nødhjelp kom med mot ei norsk avis som brukte det frie ordet.

STYRESMAKTER I MIDTAUSTEN. Eit viktig poeng hjå Isungset er måten regima i fleire islamske land hissa opp stemninga og utnytta striden politisk. Det militærbaserte regimet i Egypt gjekk inn i rolla som forsvarar av profeten og betalte reisene for danske imamar som drog til Midtausten og piska opp konflikten. Assad-regimet i Syria stod med hendene i lommene og let demonstrantar brenna ned den norske og den danske ambassaden. 

Isungset skriv om "det iscenesette raseriet". Udemokratiske regime gjorde karikaturstriden til "eit storstilt forsøk på å få verdas fokus vekk frå dei kolossale demokratiske, sosiale og religiøse problema som herskar i så godt som alle land der islam er fundamentet for makthavarane, og der det ikkje er skilje mellom religion og poltikk" (s. 427). 

NY OG GAMMAL BLASFEMI. Dette er eit viktig poeng, og Isungset dokumenterer det på ein god måte. Samtidig blir det ikkje brann berre av at nokon fiklar med fyrstikkene. Brennbart materiale må òg til. Eg vil tru mange i Vesten reddast meir for det siste enn det første. For det finst ein liten minoritet  som er villig til å gjennomføra drap og attentat. Og dei finst i våre land, ikkje berre langt borte. Dessutan finst ei gruppe som er endå litt større, og som heiar fram valdsmennene. Resultatet kan fort bli at frykt trumfar prinsipp, sjølv når prinsippet er den frie meiningsutvekslinga. For kva nytte har det frie ordet om folk ikkje vågar å bruka det?

Parallelt med dette er det viktig å hugsa på den store gruppa muslimar som ikkje støttar terrorismen, men som først og fremst ønskjer å leva eit fredeleg liv i samfunnet vårt. Møte med valds-islamismen stiller store krav både til desse menneska og til storsamfunnet for å unngå at muslimar generelt blir ein del av fiendebiletet og trekt inn i ei uheldig polarisering.

Det er mykje meir å seia om karikaturstriden, om religion, blasfemi og satire - og om kva som er ei klok og god handling, og kva som ikkje er det, men som likevel eit ope samfunn bør tillata. I Europa er det ikkje lenger kyrkja som blir opplevd som den største fienden av den djerve og tidvis uforskamma satiren. Denne rolla har i stor grad islam teke over. Men ikkje åleine. Kampen mot såkalla hatprat, særleg den som rammar dei "rette" minoritetsgruppene, har etablert sin eigen blasfemi. Men det er det skrive andre bøker om.




tirsdag 29. juli 2025

Kule ord (102): olsokbål

Heilag-Olav fell i slaget på Stiklestad (Måleri av Peter Nicolai
Arbo, henta frå Wikimedia Commons).
29. juli er det olsok, minnedagen for Olav den Heilage. Helgekongen som fall i slaget på Stiklestad i 1030, har fått æra for å kristna landet vårt. Det er sjølvsagt ei forenkling, og vel så det. Uansett har mange folkelege forestillingar og skikkar frå gammalt av vore knytte til olsokfeiringa. 

Ein av skikkane er olsokbålet. Tradisjonen med bål olsokaftan går langt tilbake, men var tydelegvis forsvunnen mange stader då det vart gjort forsøk på å få fyr på olsokfeiringa igjen seint på 1800- og utover på 1900-talet. 

Frå min eigen barndom på 1970-talet hugsar eg vi hadde olsokbål bortanfor hytta vår i Austrheim. No er det lenge sidan det vart kveikt eld på den bålhaugen. Sauene beitar ikkje lenger i marka, og vegetasjonen har breidd seg ut over det gamle bålberget.

Eg tvilar på at det er så mange olsokbål rundt om i landet vårt i dag. Skikken har nok vore på retur i mange år.

Kvifor var båltenning ein olsok-tradisjon? Det kan vera mange grunnar til det, og bålet er òg eit viktig innslag i jonsokfeiringa litt tidlegare på sommaren. Bålet eller grua er eit naturleg samlingspunkt når det kveldar. Men kan det, og dette er rein spekulasjon frå mi side, ha spela ei rolle at det var skikk å brenna bål når ein konge var død i det gamle Israel, slik Krønikebøkene i Bibelen fortel? Om gudsfolket i den gamle kongetida æra sine døde kongar slik, var det kanskje ikkje urimeleg om eit kristna folk gjorde det same for "Noregs evige konge".

Til slutt skal eg ta med eit par små glimt av olsokbål i første halvdelen av 1900-talet. Dei er svært ulike, og dei er henta frå avisa Dagen, som dekka både Vestlandet og norsk kristenliv med iver.

Olsokkvelden i 1928 drukna ni menneske i ein småbåt på fjorden i Luster i Sogn. Den tragiske ulukka stod i grell kontrast til den idylliske kvelden, slik ein innsendar til avisa skildra det: "Fjorden var spegelklaar. Olsokbåli lyste etter strendene den kyrre kveld". (Dagen, 2. august 1928)

I 1946 hadde avisa ein samtale med lekmannshovdingen Ludvig Hope frå Masfjorden. Den ruvande leiaren i Kinamisjonen hadde site i fangenskap på Grini saman med professor Ole Hallesby under krigen. Biskop Berggrav hadde òg vore internert. Dei tre var sentrale menn i den norske kyrkjeleiinga under krigen. No var Hope fri mann og skulle til sommarhytta si på Lesjaskogen og kvila: "Men om ikkje før, så til Olsok lyt han nok på talerstolen. For då har han kalla saman til storstemna på Lesjaskogen, og der skal gamle og vel kjende Grini-karar møtast: Hope, som er vert, biskop Berggrav, professor Hallesby o.fl. Det vert nok eit undarleg møte - etter som Hope fortel i ei samrøda med ein av Dagens medarbeidarar - - med olsokbål og kaffikoking ned-med vatnet, - slikt som høyrer sommar og ungdomen til." (Dagen, 14. juni 1946)


lørdag 21. juni 2025

Eit halvt liv, og vel så det

Forfattaren Per Sivle
(foto: Mittet & Co. AS,
frå Wikimedia Commons).

Dei mjuke ord frå mor sin song ved vogga, og vesle lerka med sin gladaste song. Per Sivle skreiv om dette, men i hans eige liv drukna dei varme og glade tonane til slutt i ein mørkare melodi. 

Per Sivle døydde i 1904, då var han 47 år gammal. Han hadde skrive forteljingar, humoristiske "stubbar" og arbeidarromanen Streik. Som redaktør av Kristianiaposten og Buskeruds Amtstidende skreiv han artiklar og innlegg om dagsaktuelle spørsmål. Ikkje minst forfatta han dikt. "Den fyrste song eg høyra fekk" er ein kjær del av den felles norske songarven. Mange har òg sunge med i den glade visa om "vesle lerka".

PÅ LIVSENS HAV. Sivle har ingen tekstar i den salmeboka som i dag er brukt i Den norske kyrkja, men i Nynorsk salmebok fekk han i si tid skotuppen innom med ein salme som står under Bot- og bededag:


Eg stemner fram på livsens hav,

det er som på ei opi grav,

med stormens velde frodar;

mitt segl er rive, styret fast,

og riggen fallen, knekt mi mast,

og land eg ikkje skodar.


Og slik held det fram. Det er veike vona mot dei knusande kreftene. Salmen er eit ope spørsmål om kven som vil vinna til sist. Men vona er der. 

DEN EINE SOM LEVDE. Vesle Per fekk ein vanskeleg start i livet. Mor hans var tenestejenta Susanna, faren var hestehandlaren Eirik. Sivle vart til før dei to var gifte. I Eit halvt liv - ein biografi om Per Sivle (Oslo, 2007) fortel forfattaren om korleis broren henta Susanna frå Stalheim til Flåm då ho skulle føda. Foreldra hennar ville ikkje ta imot henne, men ei tante og ein onkel ville. Det var på vinterstid, og ferda gjekk over isen på fjordarmane i Sogn. På denne turen prøvde den fortvila Susanna å gjera det slutt med å kasta seg i ei open råk i isen. Broren berga henne, og med henne vesle Per som ho bar i magen. 

Skjønt, fleire måtte hjelpa til. Det vart tvillingfødsel, og det såg ut til at ingen av dei to gutane ville greia seg, men jordmora klarte å kjempa liv i den eine. Det var vesle Per. Forteljinga om mor hans, Susanna, er sterk og gripande. Etter fødselen vart ho gift med Eirik. Innanfor ein periode på berre to og eit halvt år hadde Susanna tre tvillingfødslar. Alle seks borna var gutar. Per var den einaste av dei som levde opp. 

Då Susanna døydde, var Per berre to og eit halvt år. Heile livet insisterte han på at han likevel var i stand til å hugsa mor si. Som vaksen skreiv han om det han mintest frå dødsdagen, og at han hadde sett det blåaktige nålyset, som varsla død. 

Livet hans vart sjølvsagt dramatisk endra etter at mora døydde. Faren var hestehandlar og dermed på reisefot. Sivle budde resten av oppveksten sin i tre ulike fosterheimar. Mange år seinare, ikkje lenge før Sivle sjølv gjekk bort, skreiv han diktet "Gøym meg, Mor!":


Og Menniskja vankar so vida ikring,

og kvar ho so gjeng, ja, so gjeng ho i Ring.

Og naar ho so eingong fyr Aalvor vert trøyt,

og alting er freista, og alting er nøytt,

so ligg ho og maular og veit inkje meir

enn berre ei Længting som Fugl til sit Reir:

"Mor, Mor, gøym meg, Jord!"


BOKA OM SIVLE. No bør det skytast inn at dette ikkje berre er ein artikkel om Per Sivle, det er ei bokmelding av Eit halvt liv - ein biografi om Per Sivle av Alfred Fidjestøl. Kanskje det er litt seint å melda ei bok som kom ut i 2007. Men eg synest det gjev meir meining å melda ei interessant gammal eller halvgammal bok enn ei uinteressant ny.

Fidjestøl har skrive ein glimrande biografi om Sivle. Vi får innblikk i eit vanskeleg liv, og vi møter ei tid som var svært ulik vår tid, men der samstunds mykje av det vi tek for gitt, vart forma. Boka kjem nær nok til å vekkja medkjensla med Sivle. Ho trekkjer seg samstundes respektfullt unna, slik at vi får eit eit større overblikk. Vi ser ikkje berre Sivle, vi ser òg dei ikring han og litt av deira perspektiv. 

Det er tydeleg at det finst eit stort og variert kjeldemateriale, og filosofen og journalisten Fidjestøl handterer materialet som ein god historikar. 

PÅ SKULEVEG.  Ein kan undra seg over kva Sivle ville vore utan skulane og utdanninga. No vart det aldri noka høgare universitetsutdanning på han. Han måtte avbryta den. Evnene var der, men helsa ville ikkje. Det er uansett slåande kor viktig utdanninga var i livet til den evnerike bygdeguten. 

Faren kjøpte bøker til Per, mellom anna om norsk historie. I den fosterheimen der han budde lengst, hjå haugianarparet Brytteva og Bottolv Brekke, vart han òg kjend med sonen i huset, Olav. Dei første skuleåra gjekk Per på omgangsskule, der elevane møtte til undervisning i stovene på ulike gardar. No var det temmeleg ymse med skulestellet i denne tida, og Fidjestøl refererer til frustrasjonane frå ein av omgangsskulelærarane i Vossetraktene. Han skulte på ein gard der det nyss var kome både ein baby og ein grisunge: 

"Husmori gjekk som vanleg ut og inn, og rett som det var, skreik baade barnet og grisungen av alle livsens krefter, medan ho som skulde sjaa til deim var ute. Eg laut difor ofte baade vogga og stella med grisen samstundes som eg skulde undervisa borni".

Kva klagar dei etter, lærarane i vår tid.

I omgangsskulen hadde Per forsterbroren Olav Brekke som lærar, og han ser ut til å ha vore ein god hjelpar for den gløgge ungguten. I 1872 hamna Per på folkehøgskulen i Sogndal. Skulen vart styrt av Jakob Sverdrup, som seinare skulle bli kyrkjeminister i regjeringa til onkelen Johan Sverdrup, og etter kvart eit ynda hatobjekt for den radikale delen av den store venstre-alliansen. 

Per drog til hovudstaden Kristiania for å studera, som så mange andre glupe bondegutar, men helsa sette etter kvart ein stoppar for planane. 

Gjennom utdanningsåra i Sogndal og Kristiania vart han kjent med mange som  spela viktige roller i samtida og ettertida. Den seinare biskopen Bernt Støylen var ein av dei. Støylen introduserte dessutan Sivle for Anders Hovden, presten og salmediktaren som vart ein trufast ven og våpendragar for Sivle gjennom livet. Den seinare indremisjonshovdingen Andreas Lavik, og bror hans Johannes, vart han kjend med i Sogndal. Lavik gav ut den tidlege diktsamlinga Digte, pietistiske dikt som Sivle seinare tok avstand frå. Vossingen Johan Seckmann Fleischer var ein annan av Kristiania-venene. Fleischer var modell for hovudpersonen i Hans Jægers Fra Kristiania-bohêmen og levde eit dandy-liv fram til han skaut seg. I hovudstaden møtte Sivle Ivar Aasen og eventyrsamlarane Peter Chr. Asbjørnsen. Mange fleire kontaktar og vener kan nemnast. Norge var eit lite land, endå meir då enn no. 

Tida i Danmark på Askov Højskole var òg viktig. Askov var ei høgborg for den danske grundtvigianismen, og der møte Sivle henne som skulle bli kona hans, skispreiardottera Wenche Nilsen frå Bergen. Utdanninga dreiv Sivle til nye stader. Det gav den halvt foreldrelause bondeguten med eit vanskeleg forhold til faren nye vener, nye tankar og nye nettverk.

EIT POLARISERT NORGE. Dei som synest den offentlege samtalen i vår tid er for polarisert, burde teke ein snartur tilbake til Norge på slutten av 1800-talet. Midt på 1880-talet hadde den breie venstrealliansen vunne gjennom med prinsippet om parlamentarisme. Makta skulle liggja i Stortinget, og regjeringa skulle basera seg på tillit i Stortinget. Men deretter sprakk den breie politiske alliansen. Det moderate venstre hadde sin bastion på Vest- og Sørlandet, og vart støtta oppe av den kristne lekmannsrørsla. Etter kvart var det denne gruppa i Stortinget helten frå kampen om parlamentarismen, Johan Sverdrup, baserte seg på. Brorsonen Jakob var med som kyrkjeminister. Det reine venstre vart etter kvart den dominerande etterkomaren etter den breie alliansen. Til tider var det ein kulturkrig mellom moderate og reine, sjølv om grenselinene ikkje alltid var like klare. Det tredje partiet, Høgre, var eit meir stabilt element. Nye politiske saker kom etter kvart i framgrunnen, slik som spørsmålet om utviding av røysteretten, arbeidarane sine kår og unionen med Sverige. 

Frontane var kvasse. Dette var tida for dei store folkemøta, folkerørslene braut seg fram, dei store kulturpersonlegdomane (som Bjørnstjerne Bjørnson) stod på pidestall - og ikkje minst voks det fram ein stor flora av aviser med eit glødande politisk engasjement. Pride-marsjar var dei forskåna for i dei dagane, men hovudstaden opplevde konkurrerande 17.-maitog med klar politisk bodskap. Per Sivle vart kalla til redaktør for Kristianiaposten, ei regjeringstrugen og moderat avis som støtta sverdrupane. Dermed vart diktaren frå Vossestrand ei skyteskive for Reine Venstre sine mange agitatorar.

TO UTGÅVER AV SAME MANNEN? Sivle kunne skriva og setja på trykk radikale dikt i Kristianiaposten. Men som redaktør forsvara han samstundes ei moderat og varsam linje i politikken. Det resulterte i avispolemikk og æreskjelling. Ein av kritikarane snakka om "Hr. Sivles to Bevidstheder" og meinte dikta uttrykte Sivle sine inste tankar, medan han som avisredaktør agiterte for det han var betalt for. Så kanskje var redaktørjobben, med det tiløyrande forsvaret av sverdruplinja, noko han gjorde for å skaffa eit levebrød til seg og ektefellen Wenche? 

Sjølv protesterte Sivle mot påstandane om at han ikkje meinte det han målbar som redaktør. 

Fleire av dei som prega han i dei tidlege åra, vart moderate venstremenn. Sett i lys av det Sivle skreiv i åra etter redaktørtida, meiner Fidjestøl at han gjekk gjennom ei reell politisk radikalisering etter kvart. Sivle var i så fall ikkje den einaste. Det låg i tida. Eit anna døme er den pietistiske ungdomsvenen Andreas Lavik, som vart politisk radikalisert rundt 1890, medan Sivle framleis slåss for den moderate linja på redaktørplass i Kristianiaposten. 

Fidjestøl ser likevel ikkje seinare radikalisering som heile forklaringa. Han konkluderer med at det må ha vore "eit reelt avvik mellom det Per Sivle skreiv i Kristianiaposten, og den politiske lina han eigentleg stod for" (s. 322). Sivle-biografen ser likevel ikkje dette som hykleri, men forklarar det med den sterke vekta personleg lojalitet hadde for Sivle. Han "sette lojaliteten til Johan Sverdrup høgare enn lojaliteten til Sverdrups politiske prosjekt". 

På den måten bergar Fidjestøl Sivle sitt ettermæle som redaktør, på sett og vis. Sivle hadde inst inne meir av dei radikale haldningane, dei haldningane som den norske historieforteljinga i ettertid har kanonisert. Og personleg truskap og lojalitet er jo ikkje dei dårlegaste eigenskapane eit menneske kan ha. Her kan ein sjølvsagt lura på om biografen endar på ei for Sivle-venleg tolking, men eg synest drøftinga i boka argumenterer godt for konklusjonen. 

No er det heller ikkje som redaktør Sivle har levd vidare i ettertida, og det var heller ikkje politisk polemikar han først og fremst var. Det var poet og forfattar han ville vera. Sjølvsagt var det ikkje tette veggar mellom politikk og poesi heller. Dei nasjonale dikta han skreiv var del av ei mektig og brei bølgje som gjekk over landet desse åra - kall det fedrelandskjærleik, eller kall det nasjonalisme. Her passa Sivle inn, og han vart ein nasjonal skald. 

SISTE MOTBAKKEN. Men han skreiv òg om andre ting. Dikta kunne vera sterke og personlege. Den gode tida på Askov i Danmark hadde han skrive at "Livet, det er daa det likaste, lel". Hausten 1890 skreiv han eit isnande sjølvmords-dikt: "Dødsdom er falden og ei appelleret, Dommen just nu exekveret".

Sivle hadde eit vanskeleg liv, det skjønar vi godt av biografien. Det gjekk nedover med han etter kvart. Sjukdom, alkohol og pengesorger gjorde livet tungt. Diktaråra var i fer med å tørka ut. Han sleit med å syta for sin eigen vesle familie økonomisk og levde i lange periodar borte frå kona og dottera. 

I september 1904 tok han sitt eige liv i hovudstaden Kristiania. Han etterlet seg den trufaste og engasjerte kona Wenche og dottera Sussi. 

Tittelen på boka vekkjer ettertanke: Eit halvt liv. For eit liv er no det det er, og det er levd så mangslags liv. Eg skjønar tanken bak tittelen, det gjer forfattaren greie for, og det er ei treffande formulering. Likevel smakar det ikkje heilt godt å gjera menneskeliv om til brøk.

Biografien om Per Sivle er det i alle fall ikkje noko halvt over, det er eit heilstøypt arbeid.


tirsdag 10. juni 2025

Kraftlause kulturminne

Godt gøymde kvernhus nedanfor
Salhusvegen (foto: Arve Kjell Uthaug)
Dette er femte artikkelen om Åstataket og området rundt. Den første handla om turstiane, den andre om Klantersteinen, den tredje om ein litterær fisketur, den fjerde om Salhus. 

Over dei to gamle kvernhusa spenner dei moderne kraftlinjene seg parallelt med Ulsetelva nedanfor. Leidningane heng der mellom metallmastene sine som tjukke strekar under konklusjonen om at bygningane i villnisset nedanfor ingen nytte lenger har.

GØYMT. Kvernhusa ligg langs Salhusvegen, der Ulsetelva renn frå Ulsetstemma og nedover mot Midtbygda i Åsane. Frå bilane som susar forbi, kan ein ikkje sjå steinkonstruksjonane nede i den tilgrodde dalbotnen. Men dei ligg der, og murane har halde seg godt trass i at vegfyllinga ovanfor pressar seg tett inntil, og sjølv om bygningane neppe har konsumert ei einaste krone over dei offentlege kulturbudsjetta.

Først ligg det ei steindemning på tvers av elva med eit kvernhus nokre meter nedanfor. Så kjem det ei demning til og eit nytt kvernhus. Følgjer ein elva vidare nedstraums dukkar det etter kvart opp ei ny demning, men denne er ikkje - i alle fall ikkje i dag - følgd av eit nytt kvernhus.

Kvernsteinar fann eg ikkje, men eg hadde heller ikkje med spett og grapse til å leita med. 

BRUA. Den vesle elva renn roleg vidare ned i ein dal som vidar seg ut. Markene her må i si tid ha gitt mykje godt gras til gardsdrifta. Så, litt lenger nede, renn elva under den nyvølte Saurås bru. Sherpaar frå Nepal har vore i sving for å sikra at denne vesle brua i Åsane skal vera både presentabel og berekraftig inn i framtida. 

På sørsida av Sauråsbrua ligg Ulset-garden der Ulset Sykehjem no ruvar, og der senterområdet med sitt vrimmel av butikkar ligg like bak åsen. Den trondheimske postvegen går over brua og vidare opp til Åsane gamle kyrkje på Saurås. Kyrkja vart tent på og brann ned til grunnen natt til julaftan 1992, men vart bygd opp att. Den stadig veksande kyrkjegarden nedanfor vitnar om at det ikkje berre er alt omkring oss som forandrar seg. Ein dag skal heller ikkje vi trakka rundt her lenger.

Saurås bru er sett i stand med hjelp av sherpaar frå Nepal
(foto: Arve Kjell Uthaug)

Sigmund Bødal i Statens vegvesen opplyser til Kokeluren at allereie før postvegen kom, var det ein eldre veg frå mellomalderen her. Dei større steinane ein ser midt i vegen frå Sauråsbrua og opp mot kyrkja, vart lagt der slik at hestane kunna klatra oppover.

Saurås bru er fin den. Men ein gong var det ei anna bru ikkje langt unna - Håbrua. Om denne brua hadde fått stå, hadde ho vore det flottaste kulturminnet i heile Åsane. Eit imponerande byggverk i stein med fem brukar. Men framsteget tok henne, og i 1959 vart ho sprengt bort.

FRAMTIDA. Det som ligg i grus, det ligg i grus. Saurås bru er heldigvis teken vare på. Kvernhusa lenger oppe langs Ulsetelva er der framleis, dei òg. Men dei treng nok litt omsorg om dei skal vera der for nye generasjonar.



søndag 9. juni 2024

9. juni, dødsdagen til St. Columba

St Columba, slik han er
framstilt i ei kyrkje på Iona
(foto: Arve Kjell Uthaug)
Ein Herrens engel synte seg ei natt i ein draum for mor til St Columba, etter at han var avla i mors liv, men før han vart fødd. Det var som engelen sto ved sida hennar for å gje henne ei fager kappe med ei fargepryd frå alle blomar på marka. Etter ei lita stund bad han om å få att kappa og tok henne. Så løfta han kappa, breidde henne ut, og sleppte henne i lufta. Ho vart skuffa fordi kappa vart teken frå henne, og tala til han som såg ut som ein heilag mann:

"Kvifor tek du denne nydelege kappa frå meg så fort?", spurde ho.

"Fordi", svara han, "denne kappa er så ærefull at du ikkje vil vera i stand til å ta vare på henne lenger".

Då såg kvinna kappa flytta seg lenger og lenger bort frå henne, som i flukt, og ho voks seg større og større og vart breiare enn slettene og større enn fjella og skogane. Og ho høyrde ei røyst som sa: 

"Ikkje ver uroleg, kvinne, for du skal gje mannen du er ektevigd til, ein son som skal bløma slik at han skal reknast som ein av profetane. Ved han har Gud tenkt å leia tallause sjeler til det himmelske riket."

Då ho høyrde desse orda, vakna mor hans opp.

TEKSTEN OVER er omsett frå ei engelsk omsetjing av Life of St Columba (Richard Sharpe, London 1995). Denne biografien fortel om livet til St Columba, evangelisten som grunnla klosteret på Iona. St Columba døydde søndag 9. juni i år 597. Boka om St Columba vart skriven på slutten av 600-talet av Adomnán, ein av etterfølgjarane hans som abbed på Iona. Forteljinga om engelen og den fargerike kappa står i innleiinga til bok tre i biografien.  

torsdag 29. februar 2024

Godt sagt frå Masfjorden

Boka Gull i pære? (Bodoni forlag, 2023) løftar fram ordtak og anna
smådikting frå bygdene i Masfjorden. (Foto: Frokor, frå Wikimedia
Commons)
Denne boka løftar fram arven etter éin mann. Samstundes løftar ho fram eit stykke folkekultur som er i ferd med å forsvinna. Boka med den litt merkelege tittelen Gull i pære? er ei skattkiste av ordtak og anna smådikting samla inn i Masfjorden i første havlparten av 1900-talet.

Smådikting femner om fleire ting. Ordtaka får den største plassen i denne boka. I tillegg er det med litt herme og munnhell, rim, regler og gåter. 

Bonden frå Hosteland. Felles for stoffet i boka er at det levde på folkemunne for hundre år sidan. Heldigvis fanst det folk som skjøna verdien av å ta vare på denne delen av folkekulturen. Nye tider kjem med nye skikkar, folk flyttar og generasjonar avløyser kvarandre - og gamle ordlag går i gløymeboka. Bonden Ola R. Midtbø var ein av dei som tok vare på det som tida var i ferd med å viska ut. All smådiktinga i denne boka var det han som samla inn. Han gjorde òg eit storverk med å samla inn ord til Norsk Ordbok, det store standardverket for ord i nynorsk skriftspråk og norske dialektar. Ifølgje Gull i pære? kan ein rekna med at alle ord som i Norsk Ordbok er heimfesta til Masfjorden, er samla inn av Midtbø.

Men dét er ei anna historie. No handlar det om ordtak og anna smådikting. Barnebarnet Johan Myking, pensjonert professor nordisk, har redigert samlinga. Dei korte forklarande artiklane og dei mange fotnotane gjer stoffet meir tilgjengeleg. 

Gull i pære. Er det lett å skjøna ordtaka i denne samlinga? Svaret på det er ikkje gitt med eit enkelt ja eller nei. For det første må ein skjøna sjølve orda. Her får lesaren hjelp av at språkbruken er modernisert og normalisert, og ikkje minst får ein hjelp av dei mange fotnotane til å skjøna enkeltord som treng forklaring. I tillegg til å skjøna orda, må ein ofte vita litt om kvardagslivet, levevegane og kulturen i vestlandske bygdesamfunn tidleg på 1900-talet. Men om ein så skjønar både orda og kjenner til samfunnet omkring, kan likevel meininga i ein del av ordtaka vera uklar eller fleirtydig for oss. Det er ein avstand i tid mellom oss og dei situasjonane der desse vendingane vart nytta i daglegtale. Munnleg språk er ferskvare.

Den som berre hadde vore fluge på veggen den gongen.

Ordtaket som har gitt tittelen til boka - "nett som gull i pære" - er ei slik vending vi ikkje heilt veit om vi forstår. Når det er sagt, er det store fleirtalet av ordtak i denne boka enklare å skjøna enn denne litt finurlege vendinga. 

Fiskehovuda frå Fedje. Far min var gutunge på 1930-talet og voks opp på Fedje ytst ute i havgapet i Nordhordland. Frå barndomen sin hugsar han ein mann som hengde fiskehovuda opp på spikar på veggen av eit skur, let dei tørka der, pakka dei i sekker og tok dei med i robåten og fór til Masfjorden. Han sigla og hadde ikkje motor. Inne i Masfjorden leverte han frå seg dei tørka fiskehovuda. Etter det far min forstod, tok dei fiskehovuda til seters, knuste dei og gav dei som kosttilskot til dyra. 

Mannen med fiskehovuda var kanskje ikkje så spesiell, sjølv om denne kvardagslege soga kan synast eksotisk i dag. Folk sat ikkje i ro på øyklatten sin, i vika si eller i avdalen. Folk reiste til byen av og til. Dei fór i bryllaup i andre bygder. Dei gifte seg utanfor grenda. Etter kvart tråla predikantane, slike som Lars i Njøtæ, indre og ytre område i Nordhordland med båt eller til fots. Andre drog på Lofotfiske, eller på sildefiske ikkje fullt så langt unna. Den nye presten var gjerne frå ein annan del av landet. I ufredstider vart unge menn mobiliserte og måtte reisa langt. Andre reiste som sjøfolk utanlands.

Sjølv om folk ikkje flytta seg så lett og langt som no, sat dei ikkje kubb i ro. Heller ikkje i det gamle samfunnet for eitt, to eller fleire hundre år sidan. Og med folk vandra språk. "Vendingar, gåter og ordtak vandrar mellom verdsdelar, land og regionar, og inn og ut av litterære samanhengar" (s. 16), slår Johan Myking fast. 

Han peikar på at enkelte av ordtaka og munnhella Midtbø samla inn, kan sporast til litterære verk. Til dømes finst her far etter både A.O. Vinje og det norrøne diktverket Håvamål. Så er spørsmålet i mange tilfelle sjølvsagt kva som kom først. Siterer vi Vinje når vi seier at "han kan meir enn mata seg". Eller plukka forfattaren frå Telemark opp eit fast munnhell og brukte det i songen sin om Blåmann? 

Eg merkar meg at boka har med ordtaket "gullring i grisetryne høver lite". Det må vel vera henta frå den mest kjende ordtaksamlinga i vår kulturkrins, den etter kong Salomo. Der heiter det i kapittel 11 vers 22: "Som ein gullring i eit grisetryne er ei fager kvinne utan vit" (sitert etter 1978/85-omsetjinga). 

Alltid radværingane. Dei gamle ordtaka er ikkje woke. Takk og lov. Når det er sagt, er det vel ikkje mykje i denne samlinga som krenker så mange verken i vår tid eller då materialet vart samla inn. Litt kanskje. Ein òg annan gong uttrykker ordtaka ting som godtfolk flest neppe ville flagga som sin offentlege moralske posisjon på den tida då Midtbø samla dei inn. Ordtaket kunne gjerne vera eit pustehol, der det ikkje alltid var så farleg å uttrykka noko som var litt på kanten, så lenge det var godt sagt. Eit døme på dette er eit herme som levde etter husmannen Ole Kvamsdal: "Var alle vatna brennevin og alle fjella tobakk og alle furene kvinnfolk, då skulle det vore moro å leva, kar!"

I vår tid ville nok mange reagera mest på det typiske mannfolk-perspektivet i eit slikt herme. Men eg tenkjer no det er litt slik med dei (eigentleg veldig få) ordtaka som ein kan synast er litt på kanten, som det er med ein del av tekstane til gruppa Salhusvinskvetten. Det kan vera godt sagt om det er aldri så gale. 

Det er forresten tankevekkjande at radværingane fekk litt ekstra pes den gongen òg, sjølv inne i Masfjorden. Ein del hugsar gjerne at avisa BA i Bergen hadde ei vitseside for nokre tiår sidan der radværingane regelmessig fekk gjennomgå. Men det ser ikkje ut til at bergensavisa var den einaste som syntest det var grunn til å hakka på folk frå Radøy, det same dukkar opp i den munnlege tradisjonen i boka etter Midtbø: "Folk frå Radøy kjem som regel dårlegast ut - det gjeld òg i Bergen og i resten av Nordhordland" (s. 89), slår Johan Myking fast. Det er eit interessant fenomén, og eg skulle gjerne sett ei god forklaring på kvifor det er slik. Kan henda Myking, som sjølv er radværing, har tankar om dette.

Gåtefullt. Sjølv om ordtaka ugjer størsteparten, er dei ikkje åleine. Anna folkeleg smådikting som rim, regler og herme har òg fått sin plass. Det same gjeld gåtene. Slik som denne: 

Eg ser det, du ser det, kongen ser det sjeldan, Gud ser det aldri.

Svaret på gåta finst. Det står i boka.

tirsdag 6. februar 2024

Fransiskanarkongen og sildegarnet

Magnus Lagabøter gav oss Landslova og 
prega dermed norsk historie. 
(Illustrasjon frå 
Codex Hardenbergianus,
henta frå Wikimedia Commons)
Magnus var ikkje tenkt til å bli konge, og han var opplært av etterfølgjarane av fattigmunken Frans av Assisi. Likevel enda Magnus Lagabøter opp som ein av dei kongane som har prega Norge sterkast. Ulikt dei andre norske mellomalderkongane førte han ikkje krig. I staden gav han i 1274 det norske folket den første lovsamlinga som galdt for heile landet. Landslov hans sto seg i over 400 år, sjølv om ho kanskje ergra ein og annan som eigde sildegarn.

Den norske rettshistorikaren Jørn Øyrehagen Sunde gav i fjor ut boka Kongen, lova og landet - kong Magnus Lagabøter, Landslova av 1274 og det Norge han skapte. Her løftar forfattaren kong Magnus, om ikkje heilt til himmels, så opp til å vera "kongen over alle norske kongar" og ei "lovgjevingslegende" (s. 257). No kan eg skjøna at ein rettshistorikar har eit særleg godt auga til ein regent som vigde seg til lovgjeving, men kanskje tek ikkje Sunde for sterkt i for Magnus sette djupe og varige spor.

Europatoppen. Sunde peikar på at det berre vart laga fire riksdekkjande lovbøker i høgmellomalderen, og desse kom på Sicilia, i Castilla, i Sverige og i Norge. Sjølv om Landslova var det viktigaste Magnus og rådgjevarane hans etterlet seg, kom det òg tre andre viktige lovbøker under Magnus: Bylova, hoff- og administrasjonslova Hirdskrå, og Jónsbók for Island. Alle desse lovbøkene fekk ei levetid på over 350 år. Det heng nok òg saman med at Magnus ikkje berre gav lover, men at det vart etablert eit system for å følgja opp og tillempa lovgjevinga. 

Då kongane frå slutten av 1300-talet flytta ut av landet og Norge etter kvart vart juniorpartnar i union med Danmark, var framleis norske mann i hus og hytte underlagt Landslova og ikkje det danske lovverket. Det å vera norsk var å vera underlagt Landslova, og den posisjonen den norske Grunnlova fekk etter 1814, har sin klangbotn i lovboka frå 1274. Magnus Lagabøter dreiv altså, anten han visste det eller ikkje, langsiktig nasjonsbygging. 

Fransiskanarmunkane. Sunde prøver å gje eit bilete av kven denne kong Magnus var. Den oppgåva hadde vore mykje enklare om ikkje den samtidige soga som vart skriven om han, hadde gått tapt. Det har ho dessverre, med unntak av eit par blad. Men ein ting vi veit, er at kongssonen fekk si opplæring av fransiskanarane i Bergen. Magnus vart fødd berre tolv år etter at Frans døydde i Italia, likevel hadde den fransiskanske munkeordenen,  som gav avkall på jordisk rikdom, rokke å etablera seg med eit kloster i Bergen. På midten av 1200-talet hadde Bergen by fem kloster, og fransiskanarane dreiv det eine av desse. Denne ordenen tok seg av dei fattige og sjuke i samfunnet, og her var det kongssonen Magnus fekk opplæringa si. Vi veit ikkje kvifor, og det fanst i utgangspunktet andre meir opplagte læringsmiljø for ein ung mann som skulle ha ein posisjon i samfunnet. Same kva grunnen er, så ser Jørn Øyrehagen Sunde klare linjer frå opplæringa Magnus fekk hjå fransiskanarane til lovgjevinga kongen innførte. 

Samfunnsendring. Magnus vart konge i etterkant av ein hundreår lang tidbolk med borgarkrigar og eit kaos av kongsemne som tevla om trona. Vi snakkar om 1100-talet og dei første tiåra av neste hundreåret. På 1100-hundretalet vart dessutan slaveriet i praksis avskaffa i Norge. Det var sjølvsagt vel og bra, men det skapte òg eit problem i første omgang: Kva skal dei tidlegare slavane leva av, finst det jord til dei og kva plass skal dei ha i samfunnet? Saman med svekkinga av det gamle ættesamfunnet, skapte frigjervinga av slavar eit nytt fattigdomsproblem. For nokre av dei armaste i samfunnet vart det ein slags utveg å stela seg til livberging.

Sildegarnet. Her er det altså sildegarnet spenner seg ut. Ifølgje Landslova Magnus gav, kunne nemleg fattigfolk som trong noko å eta, forsyna seg frå annan manns sildegarn. Det er berre ei av fleire ordningar som viste at lovgjevinga prioriterte fattigfolk på ein ny måte. Lovene gjorde det òg betre for kvinner i spørsmål om arv. Straffene for brotsverk vart mildare, sjølv om dei etter vår tids målestokk var meir enn harde nok. 

For etter den (Landslova) vart ikkje tjuveri av mat eit brotsverk dersom tjuven var arbeidsufør og svalt. Tanken bak regelen er at det finst ei almisseplikt, som vil seia plikt til å gje til dei som ikkje kan klara seg sjølv. Bak den tanken igjen ligg idéen om at alle har ein felles far i Gud, og difor ei plikt til å ta vare på kvarandre. Når samfunnet sviktar kollektivt i å visa nestekjærleik med den som ikkje kunne klara seg sjølv, så kan heller ikkje samfunnet straffa vedkomande for å ta den maten vedkomande treng. Alt her står Landslova i ein heilt annan og langt mildare tradisjon enn eldre norsk rett og Kongsspegelen, der slike omsyn var fråverande. (s. 94) 

Sunde minner ein annan stad om at "kristninga kom med tanken om at makt ikkje gav rett" (s. 103). Verdien av den tanken kan knapt overvurderast. 

Rettshistorikaren peikar på at Landslova speglar ein tanke om at kongen var Guds ombodsmann, med plikt til å representera Guds interesser på jorda, og Gud brydde seg om dei fattige. Sjølvsagt hadde enkelte meir makt enn andre, som i alle samfunn, og kongen sat på toppen. Men ombodsordninga, som var ei sentral forestilling i Landslova, la vekt på sikra den andre sine interesser meir enn å utføra ordrar i ei kommandolinje. Sunde skriv òg at kong Magnus "såg seg sjølv meir som ein Guds tenar enn ein som herska over andre" (s. 23). 

Konservatisme og radikalitet. Mange kristne har trykt professor Jørn Øyrehagen Sunde til sitt bryst. Det er ikkje så rart, og han gjev viktige korrektiv til ein del kristendomsfiendtlege og kunnskapslause forestillingar som svirrar rundt. Men boka om kong Magnus bør òg vera ei påminning for kristne om ikkje å la seg klistra fast til merkelappen "konservativ." Det bind oss lett opp i politiske alliansar og gjer oss til forsvararar av gårsdagens samfunnsverdiar. Dette siste kan i mange tilfelle vera godt og rett og viktig. Men ikkje alltid. Kong Magnus viser oss kristendommen som radikal, samfunnsformande kraft. Kristne er kalla til omsorg for dei svakaste i samfunnet anten det er eit "konservativt" forsvar av ufødte born eller eit "radikalt" forsvar for fattige i eit samfunn med utøyla kapitalisme. Og kristendommen står seg best når han får stå på eigne bein. 

Historie og samtid. Kongen, lova og landet er like mykje ei historiebok som ein tradisjonell biografi. Kjeldematerialet er nok i tynnaste laget til å laga ei meir biografisk bok med større fokus på personen Magnus. Dette er dessutan velskriven sakprosa på nynorsk, og det er alltid ei glede å lesa. Så får det heller våga seg at Sunde konsekvent kallar Kong Salomo (han i Bibelen) for kong Salomon. Men kanskje er det fordi forma Salomon vart brukt i norrøne tekstar? Uansett er dette berre ein bagatell, meir som eit lite skråmeblad å rekna i eit elles glinsande og velfylt sildegarn. Jørn Øyrehagen Sunde har gitt oss ei bok som er viktig for å skjøna både fortida og samtida vår.