tirsdag 6. februar 2024

Fransiskanarkongen og sildegarnet

Magnus Lagabøter gav oss Landslova og 
prega dermed norsk historie. 
(Illustrasjon frå 
Codex Hardenbergianus,
henta frå Wikimedia Commons)
Magnus var ikkje tenkt til å bli konge, og han var opplært av etterfølgjarane av fattigmunken Frans av Assisi. Likevel enda Magnus Lagabøter opp som ein av dei kongane som har prega Norge sterkast. Ulikt dei andre norske mellomalderkongane førte han ikkje krig. I staden gav han i 1274 det norske folket den første lovsamlinga som galdt for heile landet. Landslov hans sto seg i over 400 år, sjølv om ho kanskje ergra ein og annan som eigde sildegarn.

Den norske rettshistorikaren Jørn Øyrehagen Sunde gav i fjor ut boka Kongen, lova og landet - kong Magnus Lagabøter, Landslova av 1274 og det Norge han skapte. Her løftar forfattaren kong Magnus, om ikkje heilt til himmels, så opp til å vera "kongen over alle norske kongar" og ei "lovgjevingslegende" (s. 257). No kan eg skjøna at ein rettshistorikar har eit særleg godt auga til ein regent som vigde seg til lovgjeving, men kanskje tek ikkje Sunde for sterkt i for Magnus sette djupe og varige spor.

Europatoppen. Sunde peikar på at det berre vart laga fire riksdekkjande lovbøker i høgmellomalderen, og desse kom på Sicilia, i Castilla, i Sverige og i Norge. Sjølv om Landslova var det viktigaste Magnus og rådgjevarane hans etterlet seg, kom det òg tre andre viktige lovbøker under Magnus: Bylova, hoff- og administrasjonslova Hirdskrå, og Jónsbók for Island. Alle desse lovbøkene fekk ei levetid på over 350 år. Det heng nok òg saman med at Magnus ikkje berre gav lover, men at det vart etablert eit system for å følgja opp og tillempa lovgjevinga. 

Då kongane frå slutten av 1300-talet flytta ut av landet og Norge etter kvart vart juniorpartnar i union med Danmark, var framleis norske mann i hus og hytte underlagt Landslova og ikkje det danske lovverket. Det å vera norsk var å vera underlagt Landslova, og den posisjonen den norske Grunnlova fekk etter 1814, har sin klangbotn i lovboka frå 1274. Magnus Lagabøter dreiv altså, anten han visste det eller ikkje, langsiktig nasjonsbygging. 

Fransiskanarmunkane. Sunde prøver å gje eit bilete av kven denne kong Magnus var. Den oppgåva hadde vore mykje enklare om ikkje den samtidige soga som vart skriven om han, hadde gått tapt. Det har ho dessverre, med unntak av eit par blad. Men ein ting vi veit, er at kongssonen fekk si opplæring av fransiskanarane i Bergen. Magnus vart fødd berre tolv år etter at Frans døydde i Italia, likevel hadde den fransiskanske munkeordenen,  som gav avkall på jordisk rikdom, rokke å etablera seg med eit kloster i Bergen. På midten av 1200-talet hadde Bergen by fem kloster, og fransiskanarane dreiv det eine av desse. Denne ordenen tok seg av dei fattige og sjuke i samfunnet, og her var det kongssonen Magnus fekk opplæringa si. Vi veit ikkje kvifor, og det fanst i utgangspunktet andre meir opplagte læringsmiljø for ein ung mann som skulle ha ein posisjon i samfunnet. Same kva grunnen er, så ser Jørn Øyrehagen Sunde klare linjer frå opplæringa Magnus fekk hjå fransiskanarane til lovgjevinga kongen innførte. 

Samfunnsendring. Magnus vart konge i etterkant av ein hundreår lang tidbolk med borgarkrigar og eit kaos av kongsemne som tevla om trona. Vi snakkar om 1100-talet og dei første tiåra av neste hundreåret. På 1100-hundretalet vart dessutan slaveriet i praksis avskaffa i Norge. Det var sjølvsagt vel og bra, men det skapte òg eit problem i første omgang: Kva skal dei tidlegare slavane leva av, finst det jord til dei og kva plass skal dei ha i samfunnet? Saman med svekkinga av det gamle ættesamfunnet, skapte frigjervinga av slavar eit nytt fattigdomsproblem. For nokre av dei armaste i samfunnet vart det ein slags utveg å stela seg til livberging.

Sildegarnet. Her er det altså sildegarnet spenner seg ut. Ifølgje Landslova Magnus gav, kunne nemleg fattigfolk som trong noko å eta, forsyna seg frå annan manns sildegarn. Det er berre ei av fleire ordningar som viste at lovgjevinga prioriterte fattigfolk på ein ny måte. Lovene gjorde det òg betre for kvinner i spørsmål om arv. Straffene for brotsverk vart mildare, sjølv om dei etter vår tids målestokk var meir enn harde nok. 

For etter den (Landslova) vart ikkje tjuveri av mat eit brotsverk dersom tjuven var arbeidsufør og svalt. Tanken bak regelen er at det finst ei almisseplikt, som vil seia plikt til å gje til dei som ikkje kan klara seg sjølv. Bak den tanken igjen ligg idéen om at alle har ein felles far i Gud, og difor ei plikt til å ta vare på kvarandre. Når samfunnet sviktar kollektivt i å visa nestekjærleik med den som ikkje kunne klara seg sjølv, så kan heller ikkje samfunnet straffa vedkomande for å ta den maten vedkomande treng. Alt her står Landslova i ein heilt annan og langt mildare tradisjon enn eldre norsk rett og Kongsspegelen, der slike omsyn var fråverande. (s. 94) 

Sunde minner ein annan stad om at "kristninga kom med tanken om at makt ikkje gav rett" (s. 103). Verdien av den tanken kan knapt overvurderast. 

Rettshistorikaren peikar på at Landslova speglar ein tanke om at kongen var Guds ombodsmann, med plikt til å representera Guds interesser på jorda, og Gud brydde seg om dei fattige. Sjølvsagt hadde enkelte meir makt enn andre, som i alle samfunn, og kongen sat på toppen. Men ombodsordninga, som var ei sentral forestilling i Landslova, la vekt på sikra den andre sine interesser meir enn å utføra ordrar i ei kommandolinje. Sunde skriv òg at kong Magnus "såg seg sjølv meir som ein Guds tenar enn ein som herska over andre" (s. 23). 

Konservatisme og radikalitet. Mange kristne har trykt professor Jørn Øyrehagen Sunde til sitt bryst. Det er ikkje så rart, og han gjev viktige korrektiv til ein del kristendomsfiendtlege og kunnskapslause forestillingar som svirrar rundt. Men boka om kong Magnus bør òg vera ei påminning for kristne om ikkje å la seg klistra fast til merkelappen "konservativ." Det bind oss lett opp i politiske alliansar og gjer oss til forsvararar av gårsdagens samfunnsverdiar. Dette siste kan i mange tilfelle vera godt og rett og viktig. Men ikkje alltid. Kong Magnus viser oss kristendommen som radikal, samfunnsformande kraft. Kristne er kalla til omsorg for dei svakaste i samfunnet anten det er eit "konservativt" forsvar av ufødte born eller eit "radikalt" forsvar for fattige i eit samfunn med utøyla kapitalisme. Og kristendommen står seg best når han får stå på eigne bein. 

Historie og samtid. Kongen, lova og landet er like mykje ei historiebok som ein tradisjonell biografi. Kjeldematerialet er nok i tynnaste laget til å laga ei meir biografisk bok med større fokus på personen Magnus. Dette er dessutan velskriven sakprosa på nynorsk, og det er alltid ei glede å lesa. Så får det heller våga seg at Sunde konsekvent kallar Kong Salomo (han i Bibelen) for kong Salomon. Men kanskje er det fordi forma Salomon vart brukt i norrøne tekstar? Uansett er dette berre ein bagatell, meir som eit lite skråmeblad å rekna i eit elles glinsande og velfylt sildegarn. Jørn Øyrehagen Sunde har gitt oss ei bok som er viktig for å skjøna både fortida og samtida vår.

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar