Viser innlegg med etiketten Mat. Vis alle innlegg
Viser innlegg med etiketten Mat. Vis alle innlegg

mandag 26. desember 2022

Kule ord (87): tyske skiver

Heimebakte tyske skiver servert i juleselskap
i Nordhordland jula 2022
(foto: Arve Kjell Uthaug)
Tyske skiver er eitt av dei tradisjonelle småkakeslaga som blir bakte til jul. Felles for desse julekakene er at om dei er aldri så gode, så får du dei ikkje servert resten av året. Berre til jul. Sånn skal det vera.

Som liten kom dei tyske "skjevene" heilt på botn av rankinglista mi over småkaker. Julekaker var godt det, men dei tyske skivene merkte seg ut med å vera tørre og uinteressante. Heldigvis varierer smaken, og andre ser ut til å ha stor glede av desse småkakene. 

I alle fall høyrer dei med i ei interessant gruppe av bakst og matvarer som er markerte med namnet til eit land eller folkeslag: tyske skiver, franskbrød, jødekaker, engelsk konfekt og turkish delight. Og utvidar vi til å gjelda heile matrettar, finst det masse å ta av. Suppeprodusenten Toro skapte som kjent i si tid ein heil sjanger av gryterettar (posemat) knytt til land og geografiske område: mexikansk gryte, indisk gryte, orientalsk gryte, spansk gryte.

Men tilbake til dei tyske skivene. Veit nokon kva som knyter desse småkakene til Tyskland, og kvifor dei fekk nett dette namnet?


fredag 15. januar 2021

Kule ord (71): fatayer

Fatayer frå ein syrisk restaurant
(foto: Arve Kjell Uthaug)
Fatayer kan vera litt ulike ting, har eg forstått. Du kan finna dei små og innbakte, men du kan òg finna dei som er avbilda her, og som eg kjøpte på den syriske restauranten Damas i Knarvik. Desse fatayerane minte ikkje så lite om pizza, eller ein slags calzone kabriolet. 

Tenk på all den gode maten vi har fått hit gjennom innvandring og internasjonalisering. Fatayer er berre eit eksempel. Eg vil tru det finst mange strilar i min generasjon (folk i femtiåra) med foreldre som voks opp med fisk til middags seks dagar i veka. På søndagen flotta ein seg kanskje med kjøtkaker eller sosekjøt. Variasjonen var gjerne ikkje den største. 

Når det er sagt, har eg den aller største respekt for dei som sto for matstellet den gongen. Dei hadde stort sett mykje mindre å rutta med enn vi har i dag. Matsvinnet var heilt sikkert langt mindre enn hjå oss, og maten var ofte lokalprodusert og kortreist.

Men fatayer åt dei altså ikkje på strilelandet den gongen.



lørdag 23. januar 2016

Mariekjeks - ein tørr suksess

Frå eit hotellrom i Spania. Her heiter det
sjølvsagt "María" (Foto: Arve Kjell Uthaug)

Nest etter eit ordrikt og føremålslaust byrakatisk rundskriv er Mariekjeks det tørraste som finst. Legg dei på eit fat saman med andre kjeks, og Mariekjeksa er det siste du ser forsvinna.

Likevel bør ein ikkje vera for hard med dette bakverket. Denne tørre vesle brikka blir laga av mange ulike produsentar - det er fritt fram for kven som vil, namnet er ikkje beskytta. Engelsk Wikipedia listar opp ei lang rekkje produsentar i ulike land og frå alle verdsdelar. 

Ikkje minst er historia bak desse kjeksa interessant. Kjeksa er oppattkalla etter Maria, dotter av den russiske tsaren Aleksander II. Denne Maria vart gift med nesteldste sonen av sjølvaste dronning Victoria, hovudet for det mektige britiske imperiet. Alfred heitte han, forresten. Maria var ei populær dame. Den britiske avisa The Independent skriv at ho "was a sort of Diana of her day, so much of a sensation that the famous British bakery Peek Frean decided to create a new biscuit to celebrate her marriage into the British royal family in 1874." Dermed var det heile i gang, og Mariekjeksen spreidde seg til ulike land og produsentar. For utbreiinga var det neppe ei ulempe at kjeksen bli oppfunnen i hovudstaden av eit verdsrike. 

Tørr og tvert igjennom ueksotisk er han likevel, denne kjeksen. Det er ikkje til å koma frå. Det har likevel ikkje hindra han frå å verta ein internasjonal suksess. Og det ligg altså ei kongeleg historie bak. 

Hugs å ta ein mariekjeks neste gong han dukkar opp på bordet. Vis litt respekt.