Viser innlegg med etiketten Kina. Vis alle innlegg
Viser innlegg med etiketten Kina. Vis alle innlegg

tirsdag 12. mai 2020

Kina - den gongen òg

Kina kjem vi ikkje utanom. Ikkje berre på grunn av korona-viruset, som spreidde seg derifrå til resten av verda, men fordi landet er ei mektig stormakt på veg opp. Kina lokkar, skremmer, viser økonomiske musklar og får statsleiarar til å gå på tå hev. Interessa for dette riket er sjølvsagt ikkje ikkje ny. 

På slutten av 1800-talet og nokre tiår inn på 1900-talet flytta ei rekkje nordmenn til Kina. Det er ikkje minst desse menneska denne boka fortel om. Dei var handelsmenn, eventyrarar, nordmenn som gjekk inn i det kinesiske tollvesenet og misjonærar. Med utgangspunkt i eit forskingsprosjekt ved Universitetet i Bergen fortel Møter med Kina - norsk diplomati, næringsliv og misjon 1890-1937 om denne varierte blandinga enkeltmenneske, og om kontakten mellom to kulturar. Boka kom ut på Fagbokforlaget i 2018 og er redigert av Camilla Brautaset (Universitetet i Bergen), Malin Gregersen (Linnéuniversitetet) og Karina Hestad Skeie (NLA). 

Misjonærane var den største gruppa av norske fastbuande i Kina. Og fleirtalet av misjonærane var kvinner. Boka løftar fram eit par av desse. Marie Monsen frå Sandviken i Bergen er godt kjend, og ho har fått sitt kapittel i boka. Boka fortel om då skipet ho var på, vart kapra av sjørøvarar, og med god grunn får ho karakteristikken "en from tøffing". Anna Jakobsen Cheng frå Kristiansand var av dei første norske misjonærane til Kina. Ho fór dit allereie i 1886, gjorde furore gjennom å gifta seg med ein kinesar og kan ikkje ha hatt eit enkelt liv. Sterkt er òg det innblikket vi får i livet til den kinesiske bibelkvinna Tosao. 






søndag 29. april 2012

Handelsfolk og misjonærar i Kina


Foto: Jacub Halun (frå Wikimedia Commons)
 Kina fascinerer og skremmer. Det mest folkerike landet i verda er òg ei kulturell kjempe med ei historie dei fleste i vår del av verda veit svært lite om. Landet har  vokse fram til å bli ei økonomisk supermakt, men samstundes er det ikkje eit demokrati. Dei fleste som har levd nokre år, hugsar måten regimet slo ned  studentdemonstrasjonane på for nokre år sidan. Og i det okkuperte Tibet tenner stadig menneske på seg sjølv for å protestera mot det kinesiske styret. Vårt eige land har for tida eit litt betent forhold til den asiatiske giganten på grunn av fredspristildelinga til ein kinesisk dissident. 

Den sterke interessa for Kina i Vesten og Norge er ikkje ny. Merchants and Missionaries heiter eit forskingsprosjekt ved Universitetet i Bergen, der fokuset er kontakten mellom Noreg og Kina mellom 1890 og 1937. Leiar av prosjektet er førsteamanuensis Camilla Brautaset. Handelen og skipsfarten på Kina er eitt av interessefelta for prosjektet, det same er norske eventyrarar som gjekk i teneste i det kinesiske tollvesenet. Forskarane er òg opptekne av den sterke norske misjonsinteressa for Kina i denne perioden, og ikkje minst rolla kvinnene spela.