Viser innlegg med etiketten Octavia. Vis alle innlegg
Viser innlegg med etiketten Octavia. Vis alle innlegg
søndag 21. juni 2015
søndag 29. september 2013
Octavia i ti år
![]() |
| Frå Jubileumskonserten i Melandkyrkja 28. september 2013 (Foto: Arve Kjell Uthaug) |
torsdag 13. desember 2012
Eit glimt frå Luciafeiringa i Bergen by
| (Foto: Arve Kjell Uthaug) |
Dagen i
dag – 13. desember – er blitt ein viktig milepåle på vegen fram mot sjølve
julehøgtida. Ikkje minst i mange barnehagar blir dagen markert med kvite
kapper, lys og opptog. Biletet over er frå Luciakonserten klokka 8.00 i dag
tidleg i domkyrkja i Bergen by. Jentene i Octavia frå Meland og søsterkora i
Bergen song vakkert under leiing av dirigent Eirin Beate Åserud-Løvlid. Snuttane
frå BA og Vestlandsrevyen gjev eit lite inntrykk, men kan slett ikkje måla seg
med å vera der, sjå og høyra sjølv.
Elles
burde kyrkja gripa denne dagen og gjera han til noko meir enn lun lyskos og
bleikgule bollar. Luciadagen er minnedag for ein martyr, og ein sjanse til å
løfta fram dei mange som ofrar mykje, stundom også livet, for Kristus.
fredag 11. mai 2012
Vestland møter Estland
Desse jentene i ungdomskantoriet Octavia skal snart ha vårkonsert i Melandkyrkja saman med Bergen Domkirkes Jentekor og Elise frå Estland. Elise kjem frå den vesle estiske byen Pärnu, og neste veke kjem dei for første gong hit til Noreg. Dei kjem humpande hit med buss om kvelden på sjølvaste 17. mai. Eg må tilstå at eg aldri har høyrt det estiske jentekoret. Men etter å ha lese at dei øver to gonger i veka, har gitt ut fleire cd-ar, turnert rundt i mange europeiske land, sunge i Vatikanet - ja, så er eg faktisk freista til å tru at dei er riktig flinke.Og det inntrykket blir styrka av dette opptaket frå den internasjonale Eisteddfoden i Wales i fjor. Sidan vi er innom Wales, får eg endeleg ein fin sjanse til å lenka opp til eit anna musikalsk innslag derifrå. Rett nok av ein heilt annan sjanger, men veldig flott, nemleg den walisiske nasjonalsongen Hen Wlad Fy Nhadau, eller Land of My Faters. Opptaket viser at rugby er langt meir enn springing, ball og brøling.
Men det var konserten "Estland møter Vestland" dette skulle handla om. Dei tre venskapskora skal øva saman, ha det sosialt, syngja på gudsteneste og konsertar. Laurdag 19. mai kl. 19.00 syng dei altså i kyrkja på Meland. Det kan bli vakkert.
Abonner på:
Innlegg (Atom)

