Viser innlegg med etiketten Salhus. Vis alle innlegg
Viser innlegg med etiketten Salhus. Vis alle innlegg

tirsdag 30. desember 2025

Ablegøyar, spit og tverkeskap

Vinskvetten er kjend frå revy-scener, radiokanalar, kassettar,
cd-ar... Men her dukkar dei, forsyne meg, opp i ein andakt.
Den natige parkeringsvakta frå strilelandet var 
utgangspunktet for andakten i avisa Dagen 6. juni 2006.  

Det er trongt i Salhus. I dag bur det ikkje så mange menneske i denne skråninga mellom sjøen og fjellet. Tydelegvis har det likevel vore plass nok til at det kunne veksa fram eit frodig villniss av folkeleg tull og tøys med tone til, fletta saman med skarpt observerte karikaturar i eit imponerande persongalleri. Vi snakkar sjølvsagt om Vinskvetten, eller det som ein gong heitte Salhus-Vinskvetten. Det er berre å gratulera gamlingane med femti år som flåkjefta ambassadørar for strilekulturen.

Garden Salhus var i si tid krongods og høyrde kongen til. Her var det òg vertshus for dei sjøfarande. Utan tvil kunne det stundom gå hardt for seg der når alkoholen seig inn i eit lokale fullt av mannfolk litt for langt heimanfrå. Forfattaren Kristian Matre har skildra ein slik slåsskamp i Salhus i ein av romanane sine frå Åsane. På 1800-talet voks det fram tekstilindustri her. Salhus vart eit livlig lokalt sentrum med vatn frå oppdemma stemmer oppe i fjellet, og ei lita elv som rann ned til fabrikkbygningar med ei tett klynge av hus ikring. Her var det butikkar, indrettslag og ferjekai. Industriarbeid og industrikultur smelta saman med strilekultur og strilemål. 

I 1950 dukka songgruppa Salhuskvintetten opp her og lovprisa gryta hennar mor, song om singel og sand og lova at det skulle bli andre bollar når papen kom heim. Ein generasjon seinare kom den litt meir rampete Salhus-Vinskvetten.

I år er det 50 år sidan Vinskvetten såg dagslys for første gong. 

KNARKEN. Etter mi meining er Vinskvetten på sitt beste når gruppa skildrar den inngrodde vestnorske vrangpeisen. Ein knark du ikkje ville hatt som nabo. Han vinkar bilen din inn på ferja heilt til det singlar i lykteglas. Han ligg på lur og gjev deg parkeringsbot om feilparkeringa er aldri så forståeleg. Han gjennomskodar innbilske kunstnarar og jålete kunstkritikarar. På sine gamle dagar kan han med ein slags opphøgd autoritet slå fast at alt var så mykje verrare før i tida. Unekteleg høyrest det ut som han sjølv har det temmeleg ille no òg.

Vinskvetten har gjennom fleire av låtane sine gitt oss eit monument over den vestlandske knarken. Sjølve personifiseringa av einvis tverkeskap finn du i songane om ferjebillettøren, kunstnaren, parkometervakta, gniaren og ikkje minst i låten "Harde tider". Du anar han òg i bakgrunnen i songen "Nåken so passa før meg". Sjølvsagt er det nyansar her. Knarken er faktisk ikkje sur og grinete i alle utgåvene. Kjernen i denne karen er at han ikkje let seg rikka. Han seier og gjer nett som han vil. Innvendingar frå andre prellar av. Han er mentalt impregnert.

Så her er det mykje å gleda seg over.

Ingen skildrar denne karen slik som Vinskvetten. Så tek dei sjølvsagt litt godt i for å få fram poenget. Karikaturen er Vinskvettens metode, langt meir enn det vâre og nyanserte. 

Til ære for femtiårsjubilanten har eg prøvd å laga ei liste over dei ti favorittkarakterane mine i songane til Vinskvetten. Konkurransen er hard. Rekkjefølgja internt på lista kan nok diskuterast. Enkelte av plassane er dessutan delte.

Det er dårleg med kjønnskvotering på denne lista. Menn spelar hovudrolla i songane til Vinskvetten. Ein delt fjerdeplass blir det likevel til ein kvinneleg kunstritikar frå Austlandet. Det globale perspektivet kjem òg tydeleg fram gjennom at det er funne plass til eit par brautande bergensarar på slutten av lista, nett bak skjelpadda Ruth.

1. Forteljaren i "Harde tider". Han syt og klagar seg til ein førsteplass. Reisa til fortida går over stokk og stein, med humor og overdriving og med ein så oppriktig mangel på sjølvinnsikt at ein kan bli rørt. Takk og lov for at denne karakteren høyrer til i tida før kommentarfelta i sosiale media. Me va fjorten onga heima på garden, tretten gutta og firogtjue jente. Og tå desse atten so va da faktisk berre eg so vaks opp. Dei andre e lika små den dag i dag.

2. Gniar'n. Denne karen er gniten, kreativ og tilfreds med livet. Alt på same tid. Slå den. Dei som vil ha dette inn med både lyd og bilete, kan lena seg tilbake i godstolen og kikka på denne videoen laga av lokale heltar frå Holsnøy. Men ingen ska seia at eg e ein gniar, sjøl om eg kvir meg te spretta ein tiar. Eg tar långe steg før å spara på skona, kver einaste dag går eg inn vel ei krona.

3. Ferjebillettøren. Med denne karen på tredjeplassen har alle medaljane gått til ulike utgåver av den vestlandske knarken. Kongen av ferjedekket rikkar seg ikkje ein tomme, og dei meir og meir krakilske innvendingane prellar av. For dei som er interesserte i samspelet (les: gnissingane) mellom stril og bergensar i songane til Vinskvetten, minner eg om dialekten til den uheldige bilisten. Eg gir meg ikkje på den saken her!

4. Kunstnaren, knarken og kunstkritikaren. Denne gongen er strile-knarken utprega sur gamling som ampert peikar på dårskapen og jåleriet i den eleverte kunsten. Men han må i songen "Kunstnaren" finna seg i å dela fjerdeplassen med kunstnaren sjølv og med den noko oppstylta kvinnelege kunstkritikaren med austlandsdialekt. Det er samspelet mellom desse tre som gjer denne låten til ein av dei beste frå Vinskvetten. Eg ville kje hatt da om dei hadde slengt da ette meg!

5. Ingolf Kvamme. Ingolfen har fått sin eigen song, eit lite epos til ein utstøytt unggut frå Salhus som greier å hevda seg som lokal sykkelakrobat. Så lenge det varer. Vinskvetten lagar med denne låten ei fin blanding av det smått vemodige, det Salhus-lokale og det galgenhumoristiske - alt til smektande morriconeaktige tonar. Han vaks opp i tronge kår, i eit eldhus bak fabrikken. Tidleg vart han tvinga te å spela i musikken. 

6. Belbert'n. Det er meir enn namnet med denne karen. Om ein ikkje legg lista for høgt, kan ein kalla han ein slags bygdeintellektuell. Han opptrer både som lokal fagforeiningsmann og som litt forsagt bygdepoet. Fatter'n har eit solur han aldri har fått te. Eg tok da ut i solæ, og sia har da gje. 

7. Anders Bjarne og Kveitebollen. Den første av desse får skulegangen sin forma av norsklærar Mikalsens uforstand. Tydelegvis er Anders Bjarne ordblind, men det er Mikalsen blind for. Sjuandeplassen er delt med ein annan som har vore kua og fortrykt: Kveitebollen vart plaga av Rånny Bruvik gjennom heile skuletida. Når innkallinga til klassefest og gjengjenging kjem, skal han endeleg manna seg opp og betala tilbake. Sympatien i desse songane er utan tvil hjå Kveitebolllen og Anders Bjarne. Samstundes må det seiast at songane til Vinskvetten ikkje først og fremst er prega av den varme og vâre empatien. Ein artist som Tønes maktar på ein heilt annan måte å fletta saman det vâre med det humoristiske skråblikket på karakterane sine. Hjå Vinskvetten dominerer humoren og ablegøyane. Empatien får vi ordna med sjølve. At me gjekk i same klasse e da versta so har hendt.

8. Tvangstenkjaren. Tvangstenkjaren i "Eg berre må" passar godt inn saman med dei to på plassen like framfor. Jaudå, Vinskvetten tullar her med noko som det sikkert finst ein diagnose for. Men kanskje er det bra at ein kan tulla litt med slikt òg? So kjem drivhuset te Hjalmar'n, ja, Hjalmar Seterstøl. 198 rute, og dei tel seg ikkje sjøl. 

9. Skjelpadda Ruth. Denne songen er eit litt pussig, men fint innslag i låtfloraen til Vinskvetten. Alt krinsar om ei skjelpadde som kryssar vegen. Eg gjev Ruth ein åttandeplass først og fremst for å skilja seg litt ut. Å heia Ruth, no må du gje da du har. Bit tenna samen so kan du gå klar.

10. Norsklærar Mikalsen og Ronny Bruvik. Her, på ein vel fortent sisteplass,  stuar vi saman norsklæraren til Anders Bjarne og barndomsbølla Rånny Bruvik. Det er heilt som det skal at dei kjem lenger nede på lista enn dei to som dei forsura oppvkesten til. Fred over ditt mine. 

Dermed er kåringa til ende. 

Æresprisen går uansett til den inngrodde vestlandske knarken, same kva skapnad han dukkar opp i.

søndag 13. november 2022

Dra te Salhus

Fjerde artikkel om Åstaket og området rundt. Den første handla om turstiane, den andre om Klantersteinen, den tredje om ein litterær fisketur. 

Tekstilindustrimuseet i Salhus gjev eit
fargerikt innblikk i Salhus som pulserande
industristad.(Foto: Arve Kjell Uthaug)
Salhus i Åsane er på mange måtar berre ein skugge av seg sjølv. Men skuggar kan fascinera og fortrylla, og ein litt avsides industristad kan overraska. Slik er det med Salhus, plassen som fekk sitt eige uttrykk i språket.

Den fortetta bygda kring den gamle "spøtefabrikken" har gått inn i den lokale språkbruken gjennom uttrykket "dra te Salhus". Uttrykket vart nok meir brukt for nokre tiår sidan. Kor stort geografisk nedslagsfelt det har hatt, veit eg ikkje, men eg vil tru munnhellet har vore godt kjent mange stader i dagens Bergen kommune, og i eit temmeleg stort område nordforbi og vestanfor Åsane.

LIKSOMBANNING. Her har eg rådført meg med ein kar som kan mykje meir om norsk språk enn meg. Han meiner "Dra te Salhus" er eit fenomén vi ofte kallar for liksom-banning, og det trur eg han må ha rett i. Uttrykket skrur ned den språklege temperaturen mange hakk, og er derfor mindre provoserande og meir akseptabelt å bruka for mange enn kraftuttrykk som "dra til helvete". 

Så er jo spørsmålet om kvifor nett Salhus vart valt som erstatningsdestinasjon i dette uttrykket i Bergen og strilebygdene omkring. Det får vi nok aldri vita. Men vi kan spekulera, og eg har sendt e-postar til folk rundt meg for å høyra kva dei har å seia om uttrykket. Sjølv om folkelege forklaringar på slike uttrykk skal takast med ei klype salt, så kan dei rota opp interessant kulturhistorie. Kanskje meir det enn å gje ei god forklaring på opphavet til sjølve uttrykket. 

Ein av informamtane mine kjem frå Osterøy og kjenner uttrykket. Han brukar det ikkje ofte, men det kan henda, og i så fall mest i samtale "med jamaldrande eller eldre strilar - samtalepartnarar som eg reknar med eg slepp å forklara det for". Han legg til at han aldri har undersøkt uttrykket fagleg, "men har innbilt meg at det har bakgrunn frå då Salhus var på høgda som industristad: Når du er så lat, udugeleg, uopplyst, ... så har du ingenting her å gjera. Men dra til Salhus, for der er dei så desperate etter å få tak i arbeidsfolk at dei til og med gjer bruk av slike som deg." 

PULSSLAGA FRÅ SALHUS.  Mannen frå Osterøy er inne på noko viktig om historia til denne pitorske plassen klemt mellom Åsanefjella og Salhusfjorden. Då tekstilindustrien i Salhus var på høgda, var det liv og røre her, på ein måte som fekk bondebygdene ikring til å bleikna. Fabrikkane sysselsette mange. Her var det butikkar, bank, musikk- og kulturliv og idrett. Ja, ei kvinne frå Holsnøy fortalde meg ein gong at ho som ung jente kjøpte si første sminke på sørsida av fjorden, i Salhus. 

Ein pensjonist, som voks opp i det som no er Øygarden kommune, kjenner òg godt til uttrykket, og svaret hans speglar eit pulserande sentrum: "I min barndom var Salhuskvintetten (`gryta hennar mor`) fast innslag i Ønskekonserten. Det var ei påminning om at Salhus var til. Elles var det vanleg at ymse kvinneforeninger drog til fabrikkutsal på Salhus."

SLÅSTKAMPEN. Då hadde allereie Salhus vore ein industristad i fleire generasjonar. Salhus Tricotagefabrik starta opp i 1859. Herberge for dei som kom sjøvegen, hadde det vore i denne bygda sidan lenge før industrien kom. I det litterære universet til forfattaren Kristian Matre frå Åsane, har Salhus fått namnet Saltneset. Matre skreiv i mellomkrigstida, men handlinga i dei to første bøkene hans er lagd til slutten av 1850-talet. Bøkene handlar om Madli og Vemund i Botn, eit ektepar som ikkje hadde det heilt enkelt i lag. I ei av desse bøkene er Vemund innom Saltneset. Der låg folk verfaste, det var stinn brakke og tett stemning.

Salhus Tricotagefabrik, slik det såg ut rundt 1935.
(Foto: Peter Forras, Wikimedia Commons)

(...) Nett den tidi då ålmugen for til byen med budrått og slakt og førde heimatt det dei trong til vinteren av kjøpevaror. Hamnen låg full av båtar og jægter; ein kunde radt ganga turrskodd yver - so ein vilde.

Folk stod i flokkar og skifte ølkjengone millom seg. Pægleflaskone kom etter og gav den rette kveiken. Ein og annan var alt på ein god lette og tok til å oppa seg og slengde skitord. Bygdehatet kom fram, og då var det ikkje langt etter kniven. Inne i den store gastgjevarsalen var det trongt kring langbordi då Vemund steig inn. Kvart det auga var vendt mot øvre enden av det eine bordet der tvo karar sat og andgjeglast. Dei spara ikkje på ordi, dei tvo; men rædde einannan ut slik at folk kvar augneblink venta på at noko måtte henda. Vemund kjende karane.

Den eine var Hamaren, dei kalla, hestehandlar, og hin Værnes`n som for ikring med skreppa. Store sterke karar var dei båe, og dei hadde ikkje nett beste ordet på seg kom nokon dei ivegen.

Sjølvsagt enda det med slåstkamp mellom hestehandlaren og den omreisande handelskaren. Dei som vil vita korleis det gjekk, får lesa romanen I bast og band (1929) av Kristian Matre. 

VINSKVETTEN. Motorbåtane kom, og det kom nye og betre vegar til lands. Den bynære gjestgjevarstaden langs Salhusfjorden stilna. Etter kvart tystna òg fabrikkane. I 1989 var det slutt for Salhus Tricotagefabrik. No er det tekstilindustrimuseum i bygda. Eit fint museum er det, med ei perle av ein museumskafe og ein flott museumsbutikk, men det er jo ikkje nok til å trekkja skarar av arbeidsvillig ungdom til bygda. 

Sjølv voks eg opp på 1970- og 1980-talet i Kyrkjekrinsen i Åsane. Det var ikkje langt frå Salhus, men eg kan knapt hugsa at eg reiste til industribygda. Salhus var ein avkrok for oss. I beste fall reiste vi til Salhuskaien og derifrå med ferja over til ei eller anna gudfryktig samling på Frekhaug. Den vesle tettstaden sør på Holsnøy var ei høgborg for indremisjonen, der vart Nordhordland indremisjon i si tid skipa, og der vart Nordhordland folkehøgskule lagt. 

Men, jau, det var likevel ein ting som knytte mange av oss i min generasjon til Salhus: Salhusvinskvetten. Dei song om Rotholå, ferjebillettøren, Belberten, det harde livet før i tida, kaoset i sokkeskuffa og Ingolf Kvamme som sykla ned mot kaien med buksa fast i navet og undergangen som uunngåeleg endestasjon. Ingen skildrar den gamle grinebitarstrilen så nydeleg som Vinskvetten. Når det er sagt, så trong vi jo ikkje reisa til Salhus sjølv om vi lytta til Salhusvinskvetten. Vi levde trass alt i ei moderne tid med musikkassettar.

Den franske bakaren er med på å gje nytt liv til Salhus.
(Foto: Arve Kjell Uthaug)

UTTRYKKET. Det er interessant at den av informantane mine som bur nærast Salhus, ein mann i sekstiåra frå Hordvik-krinsen, ikkje brukar uttrykket (sjølv om han kjenner til det). Det er kanskje ikkje så mykje kraft i eit uttrykk som bed deg "dra te Salhus" når du nesten bur der allereie. Mannen frå Hordvik-krinsen undrar forresten på om uttrykket kanskje stammar frå den tida det var vertshus i Salhus, og folk ville fara dit for å leska seg. 

"Dra te Salhus" er sikkert eit døme på liksom-banning. Informanten frå Osterøy forstår uttrykket som: "Kom deg vekk, dra dit peparen gror. Ikkje fullt så kraftig som dra til helvete, men det dreg i same leia". Det er nok rett, og denne observasjonen tek mykje liksom-banning på kornet. Inntrykket frå informantane mine styrker samstundes oppfatninga av ein mildna variant: "Dra te Salhus" vart gjerne nytta når nokon var litt overraska eller sjokkerte, når ein meinte nokon sa noko som var "litt på viddene", litt som "jøje meg" eller "du store min". Ei litt forsiktigare form gjev gjerne eit litt mildare innhald. 

Ein ting passar i alle fall dårleg om ein tenkjer seg "dra til Salhus" som erstatning for kraftigare saker. Og det må eg berre nemna. Til Salhus kjem ein ikkje langs den breie vegen, spesielt ikkje dei av oss som kjem dit frå nord. Du må inn på den smale vegen, og den fører som kjent til ein annan og betre stad. 

FRANSKMANNEN OG FJELLHEIMEN. Salhus er ein av mange små plassar som ruvar. Dei små stiane fører deg gjennom eit bratt lite sentrum av gamle hus. Den som vil vidare oppover i fjella, kan følgja Milaelva oppover og finna seg ein sti oppe på Åsataket. Dei ulike stemmene, dei oppdemma vatna ovanfor Salhus, er flotte kulturminne. Ikkje minst er det imponerande å studera murverket som er reist for å halda Storejørgenstemmo på plass. Attmed Litlejørgenstemmo nokre minutts gange ifrå er det laga til ein fin raste- og leirplass. 

Det er forresten ekstra god grunn til å fara til Salhus laurdag morgon. Då held den franske bakaren ope utsal med førsteklasses bakevarer. Eg håpar han finn Salhus så fascinerande at han slår djupe røter der. 


Den vesle undersøkinga om uttrykket "dra til Salhus", som det er referert til ovanfor, gjev seg sjølvsagt ikkje ut for å vera viskapleg, og slett ikkje kvantitativ. Men eg fekk inn nokre interessante kommentarar som eg har brukt, og det er det.

Nokre ordforklaringar til utdraget frå romanen I bast og band (1929), der utdraget er henta frå s. 68-69: "budrått" er husdyrprodukt (som smør og ost), "ølkjengone" er skåler til å drikka øl av, "oppa seg" er å yppa seg, "andgjeglast" er å kjekla. 

lørdag 5. august 2017

Fargerike Salhus

Frå Norsk Trikotasjemuseum i Salhus (foto: Arve Kjell Uthaug)
- Om du e sjef på strikkelofte elle general, skal du inn på ferjo, lyt du venta på signal.

Slik syng Salhusvinskvetten i si spotte- og hyllingsvise til ferjebillettøren Peder. No står ikkje lenger bilane i kø på ferjekaien i den vesle tettstaden Salhus nord for Bergen. Mange år er gått sidan ferjerutene vart lagde ned. Bruene i distriktet har gjort kaien overflødig, og Salhus er blitt til ein rolegare stad. Stilt er det på strikkeloftet òg. Den ordinære produksjonen på Salhus Tricotagefabrik slutta i 1989. Dermed var det slutt på Krone Maco og Cobra undertøy og all storproduksjon i Salhus, sjølv om det framleis går an å få kjøpt lokalproduserte plagg i både ull og bomull på museumsbutikken.

Falma
Det er ingen tvil om at den vesle industristaden i utkanten av Åsane har falma. Ein gong var det mange butikkar her. Dei er borte no. Eg kjenner ei som reiste frå Frekhaug til Salhus for å kjøpa den første sminka si. Ingen ville finna å reisa dit i slikt ærend i dag. Knapt ville nokon reisa dit for å kjøpa noko som helst. Rett nok er det både skule og kyrkje her, til og med catering. Men skal du ha daglegvarer, ei bukse eller eit nytt par sko, må du i bil. Vekk frå Salhus.

Sjølv voks eg opp på Nyborg i Åsane. For oss var Salhus ein liten plass i utkanten. Lite skjedde der, i alle fall så langt vi kjende til. Uttrykket "dra te Salhus" hadde vi høyrt. Eg anar ikkje kvifor det akkurat var plassen Salhus som dukka opp i eit slikt uttrykk, men det var neppe med på å gje den litt slitne industristaden høgare status.

Fortryllande
I ettertid har eg skjønt at det er meir med Salhus. Trass i at mykje har stoppa der, så er Salhus ein unik og - på sitt kvardagslege vis - fortryllande plass.

Sant nok. Det er ikkje liv og røre som det ein gong var i den gamle trikotasjefabrikken den gongen dei produserte undertøy og strikkeplagg for full damp. På slutten av 1950-talet arbeidde det 360 menneske her, og fleirtalet var kvinner. Så kom dei store endringane, og "salgssvikt og økt konkurranse med billigvarer" gjorde at kroken vart sett på døra i 1989. Men Salhus har gripe den kulturelle livbøyen. Dei gamle produksjonslokala hyser no Norsk Trikotasjemuseum. Om maskinene stort sett står i ro på strikkeloftet, så er dei her. Ei museumsomvisning bør starta med filmen om Salhus, som gjev ein smak av arbeidet på fabrikken, historia, menneska og dialekten. Neste steg er å følgja omvisaren rundt i dei ulike avdelingane, og steg for steg i produksjonen. Karde- og strikkemaskiner, genserar, langundikkar, ull, garn og symaskiner - det meste er her.

Etter omvisninga bør ein ha god tid til kafeen. På menyen står kaker, vaflar, rundstykke - og kaffi med gratis påfyll. Her går det med andre ord an å bli sitjande ei stund. Dei vakre lyse lokala har vindaugo vende mot fjorden. Om veret legg godsida til (eit litt usannsynleg scenario), går det an å sitja ute på sjøsida av fabrikken. Når ein går ut igjen av fabrikken, altså mot fjellsida, står ein midt inne i salhusgrenda. Ei klynge av gamle trehus som søkjer livd hjå kvarandre i den bratte brekka frå fabrikken og opp mot foten av fjellet.

Det kan ikkje bu mange hundre menneske i Salhus. Nettopp derfor er det så gledeleg å koma hit og oppleva ei lita industrigrend med eit oppegåande museum og ein avslappande kafe med førsteklasses utsikt. Stakkars turistar som stampar i stim til Troldhaugen eller pressar seg saman i køen til Fløibanen, tenkjer eg. Kanskje hadde dei hatt større utbytte og betre minne frå ein tur til Salhus, litt utanfor allfarveg.

Strilekultur
Kulturelt sett må ein vel seia at Salhus boksar over vektklassen sin. Ikkje berre har dei trikotasjemuseet. To av strilekulturens store suksessar kjem òg herifrå. Først var det Salhuskvintetten som fôr med singel og sand, mimra om gryta hennar mor og venta seg andre bollar når papen kom heim. I 1970 var "Gryta hennar mor" den mest spelte melodien i radioprogrammet Ønskekonserten. Så kom Salhusvinskvetten med eit herleg oppkok av strilamål, laussloppen humor, førsteklasses evne til å ta situasjonar og personar på kornet - og ei noko svakt utvikla evne til leggja til sides reine pubertetsinnfall.

får vi håpa teaterframsyninga om livet i gamle Salhus blir sett opp på ny i dei gamle fabrikklokala. "Vi er ikke kommet til jorden for noe gjestebud", heiter stykket.

Men teaterstykke eller ikkje, konklusjonen pressar seg fram. Dra te Salhus.