Viser innlegg med etiketten Salmar. Vis alle innlegg
Viser innlegg med etiketten Salmar. Vis alle innlegg

mandag 23. februar 2026

Job - ei bokmelding

Job og venene hans (måleri av Ilya Repin, henta frå
Wikimedia Commons).
Frå første side kastar Jobs bok lesaren ut i dei store spørsmåla. Kvifor får nokon eit godt liv, andre eit elendig? Er Gud rettferdig? Finst det ei meining med det vi opplever? Er det nokon vits i å streva etter å gjera det som er godt og rett? Er det vonde som rammar oss, ei straff? Kan vi forstå Gud?

MANNEN FRÅ US. Rammeforteljinga handlar om den rettskafne, respekterte og velståande Job. Mannen som har alt: kone, born, rikdom og velsigning frå sin Gud. Det kan alle sjå. Så er det dramaet vi ikkje ser, men som i Jobsboka er like verkeleg: Satan, eller Klagaren, stig fram for Gud i himmelen og hevdar at denne Job elskar Gud berre fordi den allmektige har gitt han eit priviligert liv. Så slepp det vonde vesenet laus, med løyve frå Gud, og han får ta frå Job alt han har, inkludert borna - berre ikkje Jobs eige liv. Nedturen er nesten ufatteleg sjølv om Job i første omgang ser ut til å ta lagnaden sin med sinnsro:


Naken kom eg frå mors liv.

Naken vender eg attende.

Herren gav, Herren tok,

velsigna vere Herrens namn!


Den vonde går endå lenger og slår Job med "vonde svullar frå hovud til hæl". Job tek eit potteskar og skrapar seg med det, der han sit i oska. Han kjem dit at han lengtar etter døden. Djupt fortvila går han i rette med Gud:


Eg levde i fred, då riste han meg,

greip meg i nakken og slo meg sund.

Han sette meg opp som skyteskive, 

pilene hans kom imot meg frå alle kantar.

Utan medynk gjennombora han nyrene mine,

gallen rann til jorda.

Han flengde meg opp, sår på sår,

storma mot meg som ein krigar.


RETTFERD OG STRAFF. Klagaren får altså ikkje lov til å ta Job sitt liv. Så er det ein ting til han ikkje tek frå Job, og det er venene hans. Desse venene spelar ei stor rolle i boka. Mesteparten av forteljinga om Job er ein teologisk diskusjon i poetisk form mellom den plaga mannen frå landet Us og eit knippe vener.

Dei tre venene held sine innlegg. Job legg imot og står fast på at han er rettferdig. Etter at dei tre venene har sagt sitt, er det ein fjerde samtalepartnar som grip ordet. Den unge Elihu har vist god folkeskikk og late dei eldste tala først. No vil han ikkje teia lenger. Talen hans er eit harmdirrande forsvar for den allmektige. Han er ikkje i tvil om at vi får att etter gjerningane våre, og Gud er rettferdig.

Når ein les historia om israelsfolket i Bibelen, er det ikkje vanskeleg å skjøna at Elihu konkluderer som han gjer. Synd og fråfall fører til dom, nederlag og fordriving. Gud hjelper og velsignar folket når det atter vender seg til han. Jobs bok er ei påminning om at ein slik logikk slett ikkje kan overførast på individnivå. Slik peikar boka framover mot Jesu møte med nedbøygde, som den blindfødde mannen: "Kven er det som har synda, han eller foreldra hans, sidan han vart fødd blind?", spurde læresveinane. Ingen av delane, slår meisteren fast.

TEOLOGI. Kva er god og kva er dårleg teologi i samtalen mellom Job og venene hans? Det synest eg ikkje alltid er så lett å svara på. Kanskje er det ei blanding av gode og kloke tankar om Gud og livet, og ting som er feil og som ikkje treff målet. Kan henda problemet med det venene framfører, er sjølve den underliggjande konklusjonen deira i møte med Job - som ser ut til å vera at han blir straffa for sin eigen urett. Det går an å ta feil i hovudsaka sjølv om ein flettar inn mykje sunn og god teologi på veg fram mot konklusjonen. 

Ein slik teologisk metode er vorte brukt i tilspissa form av ein av dei skarpaste og mest effektive teologane gjennom tidene. Den gongen Djevelen freista Jesus i øydemarka, argumenterte han med ein serie sanne og gode bibelord. Men han brukte dei gode orda med eit vondt føremål. Han ville bryta ned og føra Jesus til fall. Når målet er å narra og øydeleggja, kan sjølv gudsordet misbrukast.

(Speak of the Devil, så er det interessant å sjå at Klagaren som trigga heile handlinga i Jobs bok, ikkje er nemnt i samtalen mellom Job og venene hans. Der handlar det om Gud og menneska. Klagaren er berre brannstiftaren i byrjinga av boka, han er ikkje interessant og viktig nok til å nemnast i den store samtalen om rettferd og liding.)

VENSKAP. Men tilbake til Job sine vener og freistaren i øydemarka. Det som er felles her, er at ord som er gode og sanne, blir brukt i ein samanheng dei slett ikkje er meint for, og endar opp med å aksla ein feil konklusjon. Bortsett frå det er samanlikninga mellom Djevelen og venene til Job urettferdig. Dei ville nok venen sin vel og sa det dei meinte var sant. Rett nok endar dei tre eldste venene - Elifas, Bildad og Sofar - opp med å bli refsa av Gud fordi dei ikkje har tala rett om han. Likevel viser dei òg noko fint om venskap. Dei kom og var med Job då han var lengst nede. Dei hadde tid til han.

Når det gjeld fjerdemann, den unge Elihu, blir det derimot ikkje sagt med reine ord at Gud refsar han. Heller ikkje det motsette blir sagt. Forresten er det Elihu som, midt i ei skarp irettesetjing av den lidande Job, kjem med ei påminning om Gud som nok mange kristne gjennom tidene har lese til trøyst:


Jamvel når du seier at du ikkje ser han,

ser han di sak, og du må venta på han.


GUD KJEM. Til slutt i boka teier venene. Job teier. Og Gud talar sjølv. - Spenn beltet om livet som ein mann, så vil eg spørja deg, og du skal svara, utfordrar han Job.


Kven gav meg noko først så eg skulle gje han noko att?

Alt under himmelen tilhøyrer meg!


Kva svar får Job av Gud? Kvifor vart nettopp han prøvd og plaga? Det kan henda eg overser noko vesentleg i desse sluttkapitla der Gud sjølv tek ordet, men det synest ikkje som Job får noko klart svar som gjer at han kan seia "aha, Gud, det var derfor dette ramma meg". Den allmektige møter stakkaren frå Us med ein liten haglskur av motspørsmål. Spørsmål som viser at mennesket er lite og Gud er stor. Slik eg forstår Jobs bok, får han eit todelt svar frå Gud. For det første er Guds tankar og vegar høgare enn våre. Derfor kan vi ikkje gjera noko krav på å skjøna Gud. Den andre delen av svaret er rett og slett det at Gud sjølv kjem, møter Job og talar til han. Kanskje den andre delen av svaret gjer den første litt lettare å godta.

TO DIGRESJONAR. Eg har ikkje lyst å forlata Jobs bok utan eit par små sidesprang - eitt om bordvers og eitt om kvinnehistorie.

Den fantastiske Blix-salmen "Himmelske Fader" har eit andrevers som byrjar slik: "Ramnungar ropar, og du gjev dei mette". Under hundreårsjubileet for Nynorsk salmebok i fjor vart nett dette verset kommentert av ein artikkelforfattar, som knyter biletet opp til det "ramnane kan hente frå slagmarka". Asosiasjonane går dei vegane dei vil, men eg tvilar på at bibelomsetjaren Blix sjølv har tenkt i så blodige baner. Då har eg meir tru på at salmeverset hans er inspirert av den milde faderlege omsorga som kjem til uttrykk i Guds retoriske spørsmål i Job 39,3 (og ei liknande formulering i Salme 147,9): 


Kven skaffar føde til ramnen

når ungane hans skrik mot Gud

og virrar rundt utan mat?


Boka om Job avsluttar på eventyrleg vis med at Gud atter velsignar Job med glede, rikdom og familie. Han får sju nye søner og tre døtrer. Namnet på sønene får vi ikkje vita, men døtrene heitte Jemima, Kesia og Keren-Happuk. Her er det altså jentene som blir hugsa og løfta fram gjennom den individstatusen som eit namn gjev. Det er jamvel presisert at Job gav dei arverett saman med gutane.

POESIEN. Jobs bok er både ei livshistorie, ein teologisk diskusjon og eit diktverk.  Sidan poesi må lesast og lyttast til, heller enn omtalast, tek eg med ein liten smakebit med vinterpoesi i Guds tale til Job:


Har regnet ein far?

Kven har avla doggdropane?

Kva for eit morsliv kjem isen frå?

Kven har fødd rimet som fell frå himmelen?

Vatnet kler seg ut som stein,

overflata av djupet blir dekt av is.


VELSIGNA FEIL. Ein ting vi kan læra av Jobs bok, er at det er lett å koma skeivt ut når ein vil forklara plagene eit menneske møter, og samstundes forstå Guds rettferd. Ein annan lærdom er at det er godt at nokon før oss likevel har gjort nettopp dette.

Elles ville vi ikkje hatt boka om Job.


onsdag 6. mars 2019

Solrenningstonen

(Foto: Arve Kjell Uthaug)
Alle kjenner songen, eller salmen Morning has broken. Anten det er Cat Stevens eller andre artistar som kling i bakgrunnen, så er både melodien og teksten kjent og kjær. Mange har etter kvart òg sunge den norske attdiktinga, signert Eyvind Skeie, som står i den siste utgåva av salmeboka.

Vi snakkar eigentleg om to tekstar til éin melodi, for å vera heilt presise. Og vi må til dei indre Hebridane på den skotske vestkysten for å finna røtene til denne salmen. Sørvest på øya Mull, ei av dei største i dette veldige øyriket, ligg den vesle landsbyen Bunessan. Nokre få minuttar med bil vestover ligg Fionnphort. Derifrå er det berre ein kort ferjetur over sundet til ein står på Iona, det som ein gong var St. Columba sitt rike.

Men tilbake til Bunessan. Litt utanfor denne litle landsbyen ligg Ardtun, og der budde småbrukarkona Mary Macdonald. Der vart ho fødd i 1789, og der døydde ho i 1872. Mary skapte poesi, og ho gjorde det på gælisk, som var morsmålet hennar. Den gongen var gælisk mykje meir utbreidd enn det er i dagens Skottland. Macdonald var forresten ein from baptist, som dikta salmar og vers som ho song ved rokken. Den mest kjende songen hennar heiter Leanabh an aigh. Lachlan Macbean omsette songen til Child in the manger då han gav ut Songs and Hymns of the Scottish Highlands i 1888. Tonen var ein skotsk folkemelodi, og han vart heitande "Bunessan" etter landsbyen like ved der Mary budde.

Det er altså denne teksten - Christ in the manger - vi har frå Mary Macdonald. Artisten Rune Larsen har framført ei norsk omsetjing som byrjar slik: "Frelser i stallen, sønn av Maria, ett med hver fallen synder på jord". Dei som har gamle Rune Larsen-kassettar liggjande, kan leita der. Songen finst på innspelinga "Julegleder for hele familien", og er dessutan tilgjengeleg på YouTube. Ifølgje informasjonen som er lagt ut på YouTube, er det Per Lønning som har gitt oss denne norske teksten. Dette er likevel ikkje den einaste attdiktinga til norsk. Omsetjaren og salmediktaren Arve Brunvoll i Åsane har òg laga ein norsk tekst. Denne er ikkje prenta nokon stad, men med løyve frå Brunvoll gjev eg att det første verset her:


BARN, der du kviler,
heimlaus i verda,
englane smiler,
lovar deg.
Barn, som skal bere
synda vi gjorde,
barn, du skal vere
alt for meg.


Så her har vi Mary Macdonald på norsk. Songen slik vi har han frå MacDonald, har eigentleg fire vers. Både hjå Larsen og Brunvoll er det andre verset utelate, slik det òg er vanleg mange andre stader. Dette andre verset viser den prakt og komfort jordiske fyrsteborn vert fødde inn i, som ein kontrast til Jesu liv, og minner om at denne jordiske prakta er forgjengeleg.

Men så var det den andre teksten, Morning has broken, eller Nå er det morgen, som han heiter på norsk. Melodien er den same vare og glade, men teksten ein annan enn den vi har frå Mary Macdonald. Eleanor Farjeon heiter tekstforfattaren. Der Child in the Manger prisar frelsaren Kristus, han som både steig ned og er opphøgd, sitrar Morning has Broken av glede over skaparverket og den daglege nyskapinga. På mange måtar utfyller dei to tekstane kvarandre på ein fin måte.

Forresten er Nå er det morgen ei fin påminning om at vi snakkar om attdiktingar, ikkje nøyaktige omsetjingar. Det er berre å leggja Eyvind Skeie sin salme attmed den engelske originalen Morning has broken, så ser ein at dei to forfattarane til dels har ønskt å få fram litt ulike ting. Mest gjeld dette det tredje verset, som er temmeleg forskjellig i dei to utgåvene.

Men tilbake til Mary Macdonald. I fjor sommar var eg på øya Mull, og ein av dagane reiste vi sørvest og tok båten til øyane Staffa og Iona. Kjente reisemål begge to. På vegen dit køyrde vi gjennom Bunessan, men eg visste ikkje om Mary Macdonald, og ante ikkje at denne fantastiske melodien har sine røter der. Kjem eg dit ein gong til, vil eg stoppa i Bunessan og helst òg koma meg ut til Ardtun for å sjå ruinane etter huset der Mary budde. Denne småkårskvinna la att etter seg ein vakrare og varigare arv enn mange av godsherrane og stormennene som rådde rundtom på øyane i vest.

Litt meir om Mary Macdonald finst her: The Biographical Dictionary of Scottish Women (2006) og nettstaden Undiscovered Scotland.

tirsdag 4. desember 2018

John Henry Newmans milde ljos

Den engelske geistlege John Henry
Newman (foto: Babouba, Wikimedia Commons)
No skal det andre mirakelet vera på plass, slik at den britiske kardinalen John Henry Newman (1801-1890) kan kårast til helgen i den katolske kyrkja. Kanskje vert han utropt til helgen neste år? Eg forstår meg ikkje så veldig på katolsk helgenkåring, men Newman set eg høgt, og enno merkar vi det milde ljoset frå ein av salmane hans.

Vi er mange som har høyrt, gledd oss over og sunge med i salmen "Lei, milde ljos". Sjølv hugsar eg godt den sterke og vakre framføringa i Melandkyrkja for eit par år sidan, der Linda Røyseth Sandhåland song og Haakon Aase følgde henne på trekkspelet. Eg trur denne salmen har betydd mykje for mange menneske, og vi veit han har vore med i ein del heilt spesielle situasjonar der liv har stått på spel.

Stand by i Middelhavet 
John Henry Newman var fødd i London. Han opplevde ei kristen omvending som femtenåring, og vart seinare prest i Den engelske kyrkja. I utgangspunktet høyrde han heime i den lågkyrkjelege eller "evangeliske" leiren, men etter kvart utvikla han seg i anglo-katolsk retning. Church of England spenner vidt, og anglo-katolikkane er dei som ligg tett opp til, men utan å gå over til den romersk-katolske kyrkja. Newman tok etter kvart dette steget òg. I 1845 konverterte han til den romersk-katolske kyrkja, og han vart seinare kardinal.

Salmen Lead Kindly Light skreiv han tidleg i livet. På ei reise til Sør-Europa i 1833 vart han først liggjande sjuk, og deretter låg han verfast i Middelhavet. Der vart salmen til.

Hognestad og Stille stunder
Når dette òg vart ein norsk salme, så er det Peter Hognestad å takka. Biskopen, jærbuen og målmannen Hognestad omsette den engelske teksten slik at vi fekk "Lei, milde ljos". Dette er forresten ikkje einaste fulltreffaren til Hognestad, som òg omsette "Fager kveldssol smiler" og "Det hev ei rose sprunge".

Ein artig parantes er det at Hognestads norske versjon første gongen vart trykt i 1914 i det oppbyggjelege bladet Stille Stunder. Dette er eit kristeleg blad på nynorsk, som starta opp i 1889, den gongen nynorsken var eit nymotens og radikalt påhitt. Bladet held det gåande enno, og faktisk fekk eg ein enkel reklame for bladet i hende for nokre veker sidan. Eg kjenner ikkje Stille Stunder noko særleg, og det masar seg heller ikkje innpå deg med kreativ grafikk og moderne sprell. Men slitesterkt må det vera, og så utrendy at eg har valt å abonnera det neste året.

Dødsdom på Grini
Menneske har sunge "Lei, milde ljos" eller "Lead Kindly Light" i dei mørkaste stunder. Wikipedia fortel om fleire slike historier: Betsie ten Boom song denne salmen på veg til konsentrasjonsleiren ho aldri kom ut att frå. Songen lydde både ombord på Titanic og frå ein av livbåtane.I 1909 var det ei stor gruveulukke i West Stanley Colliery i Durham i England.  168 menn og gutar miste livet etter eksplosjonar i gruvene. Men ei gruppe overlevande hadde funne ei lomme med rein luft. Nokre få fekk panikk, tok seg vidare på eiga hand og døydde av forgifting. Men dei fleste vart verande og venta saman i mørkret  under bakken. Ein av dei tok til å nynna "Lead Kindly Light". Straks song alle gruvearbeidarane med: "Lead Kindly light amidst the encircling gloom, lead thou me on, The night is dark, and I am far away from home". Etter 14 timar vart 26 karar berga opp. 

Men òg her heime har denne salmen ei sterk historie knytt til liv og død. Mange hamna på Grini under krigen på grunn av motstanden sin mot nazistyret. Mellom desse var ei gruppe unge menn der fleire var hadde vore leiarar i det kristne arbeidet. Boka Pro Patria: til minne om studenter som falt i kampen for Norges sak (1945) fortel om den sommardagen då desse unge mennene hadde fått dødsdommen og berre hadde kort tid att å leva:

Men det ble sent i celle 21 denne kvelden, for disse sang kvelden utover, og det tonet gjennom fengselsmurene til cellekameratene som satt over og under: Navnet Jesus blekner aldri, tæres ei av tidens tann - og fra de kraftige mannsstemmer lød det: Leid milde ljos, igjennom skoddeeim, leid du meg fram. (s. 36)

Helgenkåring eller ikkje. John Henry Newman, og Peter Hognestad, gav oss ein salme menneske har gledd seg over i livet og støtta seg til når døden var nær.





søndag 19. oktober 2014

Ann Griffiths


Minnesmerke i Pont Llogel (Foto: Penny Mayes, Wikimedia Commons)
Ann Thomas vart døypt i april månad 1776 i soknekyrkja i Llanfihangel-yng-Ngwynfa. Heile livet sitt levde ho på garden Dolwar Fach i Wales. Ho hadde fire sysken. I oktober 1804 gifta Ann seg med Thomas Griffiths.  Barnet deira, Elizabeth, vart fødd 13. juli 1805 og døypt same dagen, men levde ikkje meir enn eit par veker og vart gravlagt 31. juli. Kort tid etter døydde Ann Griffiths sjølv, 29 år gammal, og ho vart gravlagt på kyrkjegarden i Llanfihangel-yng-Ngwynfa 12. august 1805. I 1808 døydde mannen Thomas av tuberkulose.

Når Ann frå Dolwar Fach blir hugsa, er det på grunn av salmane hennar. Ho levde i eit område der folk snakka walisisk, og der gamle folketradisjonar var høgst levande. Familien hennar var ein del av dette samfunnet, og faren hadde ein viss posisjon. Familien Thomas høyrde ikkje til nokon rik overklasse, men var heller ikkje mellom dei fattigaste i dette bygdesamfunnet. Sjølv ser Ann ut til å ha vore ein leiartype.

Som så mange andre i Wales på denne tida, vart ho ein del av dei sterke metodistiske vekkingane. I mange år levde denne rørsla meir eller mindre innanfor den etablerte anglikanske kyrkja i Wales. Det formelle brotet kom først i 1811, nokre få år etter at Ann var avliden. Men sjølv i tida før det formelle brotet var spenningane mellom vekkingsrørsla og dei som sat i dei kyrkjelege posisjonane, sterke. Spenningar i dei walisiske lokalsamfunna var det òg. Dei kalvinistiske metodistane i Wales hadde sine eigne predikantar, sine eigne lokale forsamlingar eller venesamfunn, og sine vidare geografiske nettverk. Etter kvart danna altså dei kalvinistiske metodistane sitt eige frikyrkjesamfunn, og vart den største av frikyrkjene i Wales. Den sterke oppslutnaden om desse kyrkjene på 1700- og 1800-talet gjorde at Wales ein gong gjekk for å vera The Land of Nonconformists.

Ann vart fødd inn i denne historiske samanhengen. Ho gjekk gjennom ei åndeleg brytning og slutta seg til metodistane i 1796/97. I ei rørsle som langt frå var ukjent med sterke kjensler og kraftige uttrykksformer, ser likevel Ann ut til å stå fram som ein person med opplevingar og eit indre liv utanom det vanlege. Det ho først og fremst blir hugsa for, er salmane hennar. A.M. Allchin har i boka Resurrection’s Children skrive eit vakkert essay om tre walisiske kvinner: Mary Jones, Ann Griffiths og Ruth Evans. Dei levde på same tid og budde i nokolunde same området av Wales. Mary Jones får vera for denne gongen, det var ho som vandra milevis for å få tak i ein bibel, og som skal ha inspirert til skipinga av bibelselskapet i Storbritannia. Ruth Evans skal eg koma tilbake til om nokre få linjer. Men først til det Allchin skriv om Griffiths:

«(…)Ann was a genius and a poet. Only two great women poets have been acknowledged in the long history of Welsh literature, and she was one of those two. She was, moreover, a woman of great intellectual and spiritual gifts. If we must call her a mystic – and it seems we can hardly avoid that word – then we must say she was a mystic of a deeply intellectual kind. There can be no doubt about the power of feeling in her hymns, but the power of her intellect may surprise us even more.» (Resurrection’s Children 1998, s. 26)

Noko av det som fascinerer mest med historia til Ann Griffiths, er måten salmane vart tekne vare på for ettertida. Ann kunne både lesa og skriva. Men det var ikkje ho som skreiv ned sine eigne salmar. Tvert om ser det ut til at ho ikkje meinte at salmane skulle skrivast ned for ettertida. Likevel har vi i overkant av 70 vers - sette saman til 30 salmar - etter henne. Eit av versa finst i eit brev Ann skreiv, men dei aller fleste vart berga for ettertida på ein annan måte. Ruth Evans tente på garden Dolwar Fach. Mellom dei to kvinnene var det eit nært fellesskap, og Ann delte salmane med Ruth. Sjølv kunne ikkje Ruth skriva, men ho lærte seg versa utanåt. Etter at Ann døydde, sa ho fram tekstane til mannen sin John Hughes, som skreiv dei ned. Dermed vart den munnlege tradisjonen frå Ann Griffiths sikra eit varig liv.

Alle salmane er på walisisk, men det finst engelske omsetjingar. Både salmetekstar og informasjon om forfattaren finst på ein eigen nettstad om Ann Griffiths ved Cardiff University, redigert av Dr E. Wyn James. Omsetjingar til norsk har eg ikkje støytt på, men eg skulle likt å vita om det finst nokon.

A.M. Allchin har karakterisert livet til Ann Griffiths med nokre linjer frå ein seinare walisisk poet, Waldo Williams (her i engelsk omsetjing):

What is living? Having a great hall
Between narrow walls.

lørdag 22. desember 2012

Gledeleg julehøgtid

Kyrkja på Meland, Nordhordland (Foto: Arve Kjell Uthaug)
Snart ringest jula inn. Kokeluren ønskjer lesarane sine ei gledeleg julehelg, og gjer det med den vakre julesalmen professoren, politikaren og språkmannen Elias Blix skreiv i 1875.

No koma Guds englar med helsing i sky.
Guds fred og velsigning dei bjoda.
No stig ifrå jordi ein helgasong ny,
som skal gjennom himmelen ljoda:
Guds fred og vel møtt,
du barn som er født!
Vår fredsfyrste høgt vere lova.

Til frelsa den fyrste er kåra og krynd
og komen til løysing og lukka
for menneskeborn som er fødde i synd
og alt uti vogga må sukka.
Guds fred med dei små
som honom fekk sjå!
Vår fredsfyrste høgt vere lova!

I djupaste mørker vart himmelen klår,
då stjerna av Jakob seg viste.
I hardaste vetter det grønkar av vår,
og fagraste knupp spring av kviste.
Guds fred og god jol
med sumar og sol!
Vår fredsfyrste høgt vere lova! 

Der ute er jordi så isande kald
og trei stend svarte i skogen.
Men Isai stuv, som til frelsa er vald,
skyt livskvisten fager og mogen.
Guds fred med den tein
av grønkande grein!
Vår fredsfyrste høgt vere lova!

No stjerna frå Betlehem lyser om land
frå høgsal til armaste hytta.
Det ljosnar så vent over dalar og strand
der inn hennar strålar få glytta.
Guds fred over mold!
Vår sol og vårt skjold,
Vår fredsfyrste høgt vere lova!

No ljodar ein lovsong frå alle Guds born,
på alle folks tunger dei kveda.
Så vide som klokkone tima frå tårn,
stig tonar av hugnad og gleda.
Alt kling som i kor:
Guds fred over jord!
Vår fredsfyrste høgt vere lova!

Lat gjetordet ganga frå grend og til grend,
så vida som tunga kan mæla,
om Sonen som er oss frå himmelen send
all verdi til siger og sæla!
Syng ut i kvar bygd:
Guds fred ifrå høgd!
Vår fredsfyrste høgt vere lova!

Den freden meg fylgje frå vogga til grav,
meg hugge i såraste suter!
Så seier eg når eg frå verdi fer av
og døyande hovudet luter:
Guds fred og farvel!
No sovnar eg sæl.
Vår fredsfyrste høgt vere lova!

torsdag 9. august 2012

Olympiske salmar

(Foto: Matt Lancashire, frå Wikimedia Commons)
Sidan OL i London går mot slutten, er det på tide å skriva noko om opningsshowet. Det var ei variert og flott forestilling. Den industrielle revolusjonen, moderne popkultur, dronning Elizabeth, James Bond – for berre å nemna noko – gjorde det heile til ei flott, britisk forestilling. Godt å sjå britar som gjev ein slik stolt presentasjon av seg sjølv. Spennande var det òg at NHS, det nasjonale helsevesenet, og britisk barnelitteratur fekk ein slik framskoten plass. Og sjølvsag vart det markert at det er snakk om fire ulike land: England, Nord-Irland, Skotland og Wales.
Opningsforestillinga i London presenterte altså viktige sider av britisk historie på ein populær måte. Heldigvis vart heller ikkje den kristne historie til øyane i vest retusjert eller nøytralisert bort, men kom fram på ein tydeleg måte gjennom to salmar. Den eine var den inderlege framføringa av Abide With Me eller O, bli hos meg, som salmen heiter på norsk. Her er teksten,  forfatta av skotten Henry F. Lyte. Salmen vart ferdigstilt kort tid før Lyte døydde i 1847:
Abide with me; fast falls the eventide;
The darkness deepens; Lord with me abide.
When other helpers fail and comforts flee,
Help of the helpless, O abide with me.

Swift to its close ebbs out life's little day;
Earth's joys grow dim; its glories pass away;
Change and decay in all around I see;
O Thou who changest not, abide with me.

Not a brief glance I beg, a passing word,
But as Thou dwell'st with Thy disciples, Lord,
Familiar, condescending, patient, free.
Come not to sojourn, but abide with me.

Come not in terrors, as the King of kings,
But kind and good, with healing in Thy wings;
Tears for all woes, a heart for every plea.
Come, Friend of sinners, thus abide with me.

Thou on my head in early youth didst smile,
And though rebellious and perverse meanwhile,
Thou hast not left me, oft as I left Thee.
On to the close, O Lord, abide with me.

I need Thy presence every passing hour.
What but Thy grace can foil the tempter's power?
Who, like Thyself, my guide and stay can be?
Through cloud and sunshine, Lord, abide with me.

I fear no foe, with Thee at hand to bless;
Ills have no weight, and tears no bitterness.
Where is death's sting? Where, grave, thy victory?
I triumph still, if Thou abide with me.

Hold Thou Thy cross before my closing eyes;
Shine through the gloom and point me to the skies.
Heaven's morning breaks, and earth's vain shadows flee;
In life, in death, O Lord, abide with me.


Men allereie før Abide With Me vart salmen Guide Me, O Thou Great Redeemer framført av barnekoret frå Wales. Det er interessant at begge desse to salmane ikkje berre blir framførte under OL-opninga, men òg på britiske sportsarenaar elles. Lytes vakre kveldssalme vert m.a. sunge under finalane i den britiske FA-cupen i fotball. Guide Me, O Thou Great Redeemer er blitt kalla for «The Welsh Rugby Hymn». Engelskmanenn A.M. Allchin skriv i boka Ressurection’s Children (1998) ein artikkel om William Williams Pantycelyn, som på 1700-talet skreiv den walisiske originalteksten til Guide Me, O Thou Great Redeemer. Allchin innleier med nettopp denne samanhengen mellom salmesong og sport: «Everybody knows that the Welsh sing hymns at rugby matches. This is one of the very few things that most people do know about them. More even than in England, popular hymns have survived in Wales and have defied the recent processes of secularization. Why this should be it is difficult to say; how significant it is, is something about which people differ. No-one can deny, however, that there are still some hymns which can stir popular emotion in surprising ways.”
Pantycelyn (Frå
Wikimedia Commons)
Salmen Guide Me, O Thou Great Redeemer vart altså skriven på walisisk midt på 1700-talet og seinare omsett til engelsk. Ifølgje den same Allchin er det den einaste walisiskspråklege salmen som med hell er blitt omsett til engelsk og teken inn i engelske salmebøker. Forfattaren Williams Pantycelyn er ein av dei mest ruvande mennene i walisisk historie, og blir rekna som den største av salmediktarane frå dette landet. Flesteparten av tekstane skreiv han på walisisk, men nokre vart forfatta på engelsk. Pantycelyn var ein del av den sterke metodistiske oppvakninga i Wales på 1700-talet både gjennom salmane sine og gjennom verksemda som omreisande forkynnar og «forsamlingsbyggjar».