Viser innlegg med etiketten Tevling. Vis alle innlegg
Viser innlegg med etiketten Tevling. Vis alle innlegg

lørdag 21. mai 2016

A.O. Vinjes parentesar (maiquiz)

Aasmund Olavsson Vinje (Bergen bys
historie. Univertsitetsforlaget,
frå Wikimedia Commons)
- Mange meina, at aka paa Jarnvegen er leidt og keidt og altid likt seg sjølv; men eg, som er leid af trøyttkjøyrde Øykir og Skranglekjerrur, eg finner det som eit Dikt at fara so fort og sjaa Tre og Steinar og Tuvur og alt, som i Vegen kann koma, at syna seg fram i ein Augneblink og atter renna fraa os som skræmde Fuglar, og so høyra Eimvogni frøsa som ein annan Hest og faa Mat og Drykk af Kol og Vatn. 

Slik opnar Aasmund Olavsson Vinje boka si Ferdaminni fraa Sumaren 1860. Det er ei fantastisk bok. Ei oppkome av forteljingar, observasjonar og meiningar. Innimellom det heile eit dikt her og der.  Vinje ruvar i den norske bokheimen, og han var ein av dei første forfattarane som skreiv på nynorsk. Sjølv om både ord og rettskriving stundom kan vera uvan, må ein vera god trebukk for å oversjå kor godt språket er. Og vakkert, sjølvsagt. 

I boka brukar Vinje nokre gode norske ord - skulle ikkje undra meg om han fann på ein del av dei sjølv - som han forklarar ved hjelp av ein parentes. Han såg det vel som sitt kall å læra lesande folk gode norske uttrykk. Nedanfor har eg lista opp nokre slike ord frå Ferdaminni. Etter kvart ord er det gitt tre svaraltnerativ. Eitt av dei er den forklaringa ein finn i Vinjes parentes.

Lukke til med fleirvalsoppgåvene (multiple choice). Dei rette svara finn du til slutt.

(1) Husbunad
a. møblement
b. måleri på veggane
c. (ytre) husmåling

(2) Flogvit
a. geni
b. galning
c. mareritt

(3) Ikjøting
a. representasjon

b. inkarnasjon
c. oppvakning

(4) Revagivnad
a. rask til beins
b. diplomatisk talent
c. treng lite søvn

(5) Ovbunad
a. bunadsvest
b. loftsinnreiing
c. luksus

(6) Synskverving
a. illusjon
b. søvngjengeri
c. draumar

(7) Hardstyrarar
a. overdommarar
b. lensmenn
c. tyrannar


(8) Ølkveisa
a. delirium
b. ølskum
c. blåveis

(9) To 
a. spade
b. golvteppe
c. grunnstoff

(10) Drusteleg 
a. fyllesjuk
b. majestetisk
c. nevenyttig

(11) Samljod 
a. harmoni
b. ekko
c. utanåtlæring

(12) Sedhævd 
a. kultur
b. farskapssak
c. trolldom

(13) Skrikljod 
a. hegreskrik
b. dissonansar
c. affeksjon

(14) Uvita 
a. besvima
b. bli dement
c. falla

(15) Herkemuge 
a. ugras
b. pøbel
c. bronkitthoste

(16) Forfriskingshus
a. sjukehus
b. restaurantar, kafear
c. bedehus

(17) Trevet 
a. sevja
b. dørstokken
c. galleriet

(18) Antra 
a. disputera, kjekla
b. leggja for anker
c. skjemma bort

(19) Lutlag 
a. fisk lagt til luting
b. samling av krokryggar
c. aksjeselskap

(20) Tøyg 
a. elastisk
b. taus
c. jålete


SVARA kjem her, og sidetala i parentes refererer til utgåva på J.W. Eide forlag, Bergen 1975: 1a (s. 43). 2a (s. 40). 3b (s. 64). 4b (s. 113). 5c (s. 32). 6a (s. 116). 7c (s. 69). 8a (s. 135). 9c (s. 81). 10b (s. 60). 11a (s. 15). 12a (s. 90). 13b (s. 81). 14a (s. 111). 15b (s. 111). 16b  (s. 115). 17c (s. 119).  18a (s. 121). 19c (s. 129). 20a (s. 141).

lørdag 3. oktober 2015

Quizvandring i oktober

Frå sommarens historiske opptog i den vesle kystbyen i spørsmål 20.
 (Foto: Arve Kjell Uthaug)
Denne quizen er slik at spørsmåla heng saman, du vandrar frå det eine til det neste. Rotar du deg bort på eitt spørsmål, står du i verste fall i fare for ikkje å koma vidare. Lei for det.

Svara står under quizen. 

God tur.

1. Utgangspunktet er eit lite, asiatisk sultanat, eit styresett som ikkje er så vanleg lenger. Enorme olje- og gassressursar, få innbyggjarar.

2. Herifrå går reisa, og den blir ganske lang, vidare til eit anna land som har same styreform. På den arabiske halvøya denne gongen.

3. Det neste stykket blir ei ørkenvandring, som endar opp i ein by som for fleire hundre år sidan var eit handelsknutepunkt for kaffi, og som har gitt oss ordet "mokka". 

4. Herifrå er det ikkje så lange strekninga - nordover langs ein sjø mellom to kontinet - til eit land som har sin eigen pave.

5. Vidare vestover langs nordkysten av same kontinenten ligg ruinane av byen der Augustin i si tid var biskop.

6. Ei havreise austover fører til ei øy som er delt i to, der kvar del er under vern av kvar sitt naboland.

7. Eit stykke vidare søraust ligg kysten av eit fjelland som har vore styrt - i den grad landet har late seg styra - av presidentar som heiter Chamoun, Gemayel og Suleiman. 

8. Vidare austover langs land - og gjennom eit krigsherja område - kjem ein til det heilage fjellet til ei av dei minste og mest forfølgde religiøse gruppene i Midtausten. 

9.  Nord- og austover, i eit fjelland der fleirtalet snakkar eit tyrkisk språk, ligg hovudstaden i landet, som er ein oljeby. Hamsun var her i si tid.

10. Eit område, eller ein enklave, inne i dette landet har i mange år vore kontrollert av nabolandet. 

11. Vidare går ferda søraust til det nest folkerikaste landet i verda.

12. Langt sør i dette landet ligg ein delstat, der Noreg har støtta eit omstridt fiskeriprosjekt. Då europearane kom til dette området, fann dei kyrkjer med røter langt tilbake i tid. Syriansk har vore brukt som kyrkjespråk.

13. Ei lang havreise sørover må til før ein når ei stor øy med særmerkt dyreliv og ei historie som fransk koloni. Øya skal visst nok vera den leiande vaniljeprodusenten i verda.

14. Ei sjøreise rett vest endar på eit kontinent med sterk vekst i folketalet.

15. Kryss kontinenten og kom deg, på ein eller annan måte, over til ei lita øygruppe som vart ramma av eit vulkanutbrot i 1961. Innbyggjarane vart evakuerte til Storbritannia, men vende tilbake to år seinare.

16. Eit langt stykke nordover, men framleis på vestsida av det same kontinentet, ligg øya der ein erobringsglad fransk keisar døydde.

17. Endå lenger nord, men langs kysten av same kontinenten, ligg ei øygruppe som er kjent for musikken sin. Offisielt språk er portugisisk.

18. Lenger nord, framleis langs same kontinent, ligg ei øygruppe som høyrer til Portugal. Mange assosierer øygruppa med vin. 

19. Denne vesle klippekolonien ligg på sørtuppen av eit anna kontinent, og kolonien har sine eigne ville apekattar.

20. Passer grensa inn til det landet som gjerne skulle hatt råderett over den vesle kolonien. Dra nordover langs austkysten av landet til ein liten kystby med fargerike hus og ein kjent sjokoladefabrikk. I slutten av juli var det i byen eit historisk spel til minne om at folket i landet omsider greidde å kasta ut dei mauriske erobrarane.




SVAR: 1. Brunei 2. Oman 3. Mukha i Jemen 4. Tawadros I 5. Hippo 6. Kypros 7. Libanon 8. Sinjar-fjellet 9. Baku 10. Nagorno-Karabakh 11. India 12. Kerala 13. Madagaskar 14. Afrika 15. Tristan da Cunha 16. St. Helena 17. Kapp verde 18. Madeira 19. Gibraltar 20. Villajoyosa (La Vila Joiosa).

torsdag 25. juni 2015

Kokelurens sommarquiz 2015

Den høgvørde Beda (frå Wikimedia Commons). Måleri
av 
James Doyle Penrose.
Svara finn du om du følgjer lenkene.

(1) Kven sa «I didn't inhale and I didn't try it again»?

Tips: dynasti

(2) Kven er kjent for sitatet «We have become a grandmother»?

Tips: Hilda

(3) Kven skreiv dette songverset:

Pigers Sko at kysse, 
Pattebarn at bysse, 
var ei Nordmands Vis; 
Med en halv afhuggen Hage 
sin Venindes Kys at tage 
det var Nordmands Vis.

Tips: ikkje fange

(4) Kven stammar dette sitatet frå: «Eg er djupt såra og vonbroten»?

Tips: statsråd

(5) Kven skreiv «Vi skal ikkje sova bort sumarnatta, ho er for ljos til det»?

Tips: Lindås

(6) Kven sa “Her går nok en landsmann all kjødets vei. Gud skje lov at det ikke er meg.»

Tips: klassikar

(7) Kven sa “They misunderestimated me."

Tips: som far så son.

(8) Kven skreiv dette om Irland: “Sneen blir sjelden liggende mer enn tre dager. De slår ikke høy om sommeren til vinterbruk og bygger ikke fjøs for dyrene. Der finnes ikke krypdyr, og slanger kan ikke leve der.»

Tips: 700-talet

(9) Kven skreiv:

Folk, som vil forbedre
hele verden, kan med held
starte i dens centrum
og begynde med sig selv.

Tips: Til en reformator

(10) Kven sa at “det er typisk norsk å være god”

Tips: nyttår

(11) Kven sa: «Det er valgene våre, Harry, som viser hvem vi egentlig er, lang mer enn evnene»

Tips: hatt

(12) Kven skreiv: "So fann dei han Ole Johan, langt burte i Håsteins-hagen."

Tips: Sunnfjord

lørdag 13. desember 2014

Førjulsquiz 2014

Filosofen Sokrates (Frå Wikimedia Commons).
1. Messa hans er 6. desember. Eigentleg var han frå Vesleasia, og han var biskop, men i dag er han nærast blitt ein a-religiøs posterboy.

2. Om kven skriv Ascehougs konversasjonsleksikon (1960): «Ved prosessen viste han urokkelig sinnsro, og han gjorde intet som helst for å vekke dommernes medfølelse; etter dommen ville han ikke la seg befri fra fengslet av sine venner. Han ble der og tømte giftbegeret.»

3. Namnet hans gjev assosiasjonar til ein sterk og fast karakter. Han utløyste ein av dei største katastrofane i moderne europeisk historie.

4. Han gjekk inn i andre verdskrigen som ein gud, men kom ut igjen som ein symbolfigur.

5. Han sat på påfugltrona, men vart feid til sides av ein av dei viktigaste revolusjonane i etterkrigshistoria.

6. Tidleg på 300-talet vart han fødd i byen Nisibis, han skreiv salmar og bibelkommentarar og er ein av dei viktigaste kyrkjefedrane i dei syrianske kyrkjene.

7. Ho bar skaut då ho mottok fredsprisen. I takketalen sin sa ho m.a: «For meg står det slik at de nasjoner som tillater abort, er de aller fattigste.»

8. Amerikanaren bak songen «First We Take Manhattan».

9. Ho var utdannings- og forskingsminister like etter tusenårsskiftet, og er no leiar av den mest innflytelsesrike tankesmia i Noreg.

10. Han var ei av dei skarpe tungene i norsk politikk. M.a. skal han ha sagt: «Den einaste grunnen til at øyrene til bergensarane ikkje er blitt borte i evolusjonsutviklinga, er at dei måtte ha noko å henge brillene på.»

11. Denne mannen likte godt å opptre i fengsel og heldt ein vidgjeten konsert i Folsom Prision i 1968. Etternamnet gjev ikkje assosiasjonar verken til sjekk eller bankkort.

12. Ho er amerikansk og går alltid med kjole. Mesteparten av tida er ho saman med to menn med ulik hudfarge, og dei har ein liten puma på slep.

13. Han leia den såkalla Sørlibanesiske hæren under borgarkrigen i Libanon, og var namnebror med ein gamal mesopotamisk vêrgud.

14. Ho var ein stor salmediktar, men på eit lite språk. Nesten alle dei sytti versa – sette saman til tretti salmar - vi har etter henne, vart skrivne ned av andre.

15. Denne dama er blond, i alle fall å sjå til. Eitt av sitata frå henne er: «It takes a lot of money to look this cheap».

16. Mannen som sa: «For veik, for veik er kongens boge.»

17. På slutten av 1200-talet drog han frå Venezia til Kina, der han levde mange år. Etterpå skreiv han ei av dei mest kjende reiseskildringane i verdshistoria. Då han kom heim, såg venezianarane på han som ein skrønemakar.

18. Ho var barnestjerne i Lassie-filmane på midten av 1940-talet og fekk seinare i karrieren Oscar for beste kvinnelege hovudrolle to gonger.

19. Om kven skriv Norsk Allkunnebok at han «var eit geni, fylt av høgspana syner, men på same tid røyndomsnær, svingande ml. inspirasjonsrus og praktisk omtanke. Dei fleste reknar han for den største diktaren Noreg har fostra, og tankane hans er enno ei levande kraft i folket.»

20. Desse to kvinnene delte fredsprisen for fredsarbeidet sitt i Nord-Irland.



SVAR: 1. St. Nikolaus av Myra. 2. Filosofen Sokrates. 3. Gavrilo Princip, som med skota i Sarajevo utløyste første verdskrigen. 4. Keisar Hirohito av Japan. 5. Sjah Muhammad Reza Pahlavi av Iran. 6. Efrem Syraren. 7. Mor Teresa. 8. Leonard Cohen. 9. Kristin Clemet, leiar av tankesmia Civita. 10. Einar Førde (dessverre har eg ikkje eit heilt sikkert kjeldegrunnlag for sitatet). 11. Johnny Cash. 12. Månestråle i teikneserien Sølvpilen. 13. Saad Haddad. 14. Ann Griffiths. 15. Dolly Parton. 16. Einar Tambarskjelve. 17. Marco Polohttps://snl.no/Marco_Polo. 18. Elizabeht Taylor. 19. Henrik Wergeland. 20. Betty Williams og Mairead Corrigan.

onsdag 7. mai 2014

Kokelurens maiquiz

Frå Wikimedia Commons.
1. Denne britiske artisten er 23 gammal. Han er ein singer-songwriter som forfattar tekstar, komponerer melodiar og framfører songane sjølv. Debutalbumet kom i 2011, og etter det har han m.a. sunge «I See Fire» på film nummer to om Hobbiten. Kva er namnet på denne raudhåra guten frå Suffolk?

2. Kong Håkon Adalsteinsfostre, «den gode», skal ha blitt gravlagt i Hordaland. Men kor?

3. Kven var Shapour Bakhtiar?

4. Kven skreiv The Tale of Peter Rabbit og andre barnebøker om dyrefigurar?

5. Ein buhund kan vera ein hund. Men ordet blir i delar av landet òg brukt om eit heilt anna dyr. Kva slags?

6. Kva skjer når nokon «klikkar vinkel»?

7. Kva slag frukt vart funne i gravhaugen saman med Osebergskipet?

8. Kva heitte kommunen som i 2002 gjekk over frå Hordaland til Rogaland fylke?

9. Kva for eit av desse landa har ikkje tysk som offisielt språk?: Luxembourg, Belgia, San Marino eller Liechtenstein.

10. Kva farge lyser lanterna på styrbord side av ein båt?

11. Kven har skrive dette verset?:

At leve i nuet er livets teknik –
og alle folk gør deres bedste,
men halvdelen vælger det nu, som gik,
og halvdelen vælger det næste.

12. Det såkalla venskapsikonet (biletet over) er blitt populært i Noreg dei seinare åra. Men kva for land og kyrkjetradisjon kjem dette ikonet eigentleg frå?

13. Ifølgje eit norsk vêrmerke, kan ein spå sommarveret ut frå om eika aller aska kjem med lauvet først om våren. Når blir det ein fuktig sommar, og når blir det ein solrik og varm?

14. Kven av dei to målmennene Ray Clemence og Peter Shilton hadde flest kampar for det engelske landslaget?

15. Ein av desse er ikkje skotte, men kven?: sjørøvaren Henry Morgan, fotballspelaren Kenny Dalglish, diktaren Robert Burns eller den tidlegare britiske statsministeren Gordon Brown.

16. I kva for land i verda er faren for å bli myrda størst? (Direkte krigssituasjonar er haldne utanfor).

17. To norske politikarar har fått biografiar med tittelen Statsministeren vi ikke fikk. Kva heiter dei to?


18. Når om lag reknar ein med at maoriane slo seg ned på New Zealand?

19. I 2010 vann Ed Miliband kampen om å bli leiar av det britiske Arbeidarpartiet (Labour). Kven kjempa han mot?

20. Kven var kringkastingssjef i NRK mellom Bjartmar Gjerde og John G. Bernander?




Svar: 1. Ed Sheeran 2. Seim i Nordhordland 3. Den siste statsministeren under sjahen av Iran 4. Beatrix Potter 5. Strandsniglar 6. Dei «går bananas», går frå konsepta, blir heilt krakilske 7.
54 eple, sannsynlegvis villeple 8. Ølen 9. San Marino 10. Grønt 11. Piet Hein 12. Det er eit koptisk ikon (frå Egypt) 13. ”Ask før eik gir steik, eik før ask gir plask” 14. Shilton 15. Henry Morgan var walisar 16. Honduras 17. Kjell Bondevik og Bent Røiseland 18. Truleg frå 900-talet til 1300-talet 19. Broren David Miliband 20. Einar Førde.

torsdag 26. desember 2013

Kokelurens julequiz 2013

(foto: Arve Kjell Uthaug)
Her kjem Kokelurens juletevling. Svara følgjer like etter spørsmåla.

1. I juli døydde Brian Sollitt frå Yorkshire, 74 år gammal. Han skapte i si tid ein sjokolade som i mange år òg har vore populær her i Noreg. Kva heiter sjokoladetypen?

2. Nemn minst fire tydingar av ordet "mandarin" innanfor norsk og engelsk språk.

3. Kven vart verdsmeister på skøyter allround i 1974?

4. Denne forfattaren kom første gongen til England for å gå på skule som gut i 1908. Den vesle skulen vart styrt eineveldig og brutalt av "Oldie". I sjølvbiografien sin fortel forfattaren om korleis skulemeisteren m.a. piska elevar som straff, og han skriv: "Oldie lived in a solitude of power, like a sea-captain in the days of sail. No man or woman in that house spoke to him as an equal". Kva heiter forfattaren som skreiv dette?

5. Denne planten innheld oxalsyre og eplesyre. Opphavleg kjem veksten frå Asia. Ein gong kontrollerte den russiske tsaren innførsla til Europa. Planten vart sett på som så verdifull at det var dødsstraff for smugling. Kva heiter planten?

6. I 2014 skal eit land ha folkerøysting om det skal velja fullt sjølvtende eller halda fram som del av ein union. Kva for land skal ta dette valet?

7. Professor Ola Grytten ved Norges Handelshøyskole har anslått summen av gåvekort som ikkje blir løyste inn. Kor mykje trur han dei unytta gåvekorta summerer seg opp til kvart år i Noreg?

8. Kva for europeisk politikar er kjent for sitatet "We have become a grandmother"?

9. Kva for engelsk konge fann ein skjelettet av av under eit parkeringsanlegg i Leicester i 2012, kva heiter den norske kongen som skal vera gravlagt under ei gate i Trondheim - og kva heiter kongen som ifølgje nokre spekulasjonar kan vera gravlagt i veggen til domkyrkja i Bergen?

10. I norrøn mytologi vert den lyse guden Balder drepen med ei pil laga av misteltein. Hod, den blinde broren til Balder, skyt pila. Men kven står bak Hod og trekk i trådane?

11. Den som ror ein båt, sit han på tofta eller tilja?

12. "Eit ord", slik byrjar eit av dikta til Olav H. Hauge. Korleis lyder den neste linja i diktet?

13. Den koptiske kyrkja i Egypt fekk hausten 2012 ny pave, Tawadros II, etter at den tidlegare paven døydde. Utpeikinga av pave går gjennom fleire ledd. Men korleis vart paven peikt ut til sist?

14.Dersom "kiwi" blir brukt om eit menneske, kva land kjem denne personen frå?

15. Kva for statsleiar i Midtausten høyrer til den religiøse retninga alawittane?

16. I kva for norsk bygd blir Telemarkis produsert?

17. Kven har omsett dikt av R.S. Thomas til norsk i boka "Ein stad mellom tru og tvil", som kom ut hausten 2013?

18. I kva for hundreår vart den russiske storbyen St. Petersburg grunnlagt?

19. Kva heiter øygruppa der 99.8 prosent våren 2013 røysta for å halda fram som ein del av Storbritannia?

20. Denne mannen frå fjellbygdene hadde eit enkelt levevis. Før han vart fødd, utløyste han ei velsigning då han sparka i mors liv. Det skapte dessutan forundring då foreldra gav han eit namn som ingen andre i slekta hans hadde. Kven var dette?




Svar:
1. After Eight.
2. sitrusfrukt, det offisielle språket i Kina, embetsmann i det gamle Kina, mektig byråkrat (England).
3. Sten Stensen
4. C.S. Lewis
5. Rabarbra
6. Skottland
7. 2.5 milliardar kroner
8. Margareth Thathcher
9. Richard III, Harald Hardråde og Magnus Lagabøte (rett svar på alle gjev tre poeng)
10. Loke
11. Tofta
12. "- ein stein i ei kald elv"
13. Eit barn med bind for augo trekte namnet til ein av dei tre "finalekandidatane".
14. New Zealand
15. Bashar al-Assad i Syria
16. Seljord i Telemark.
17. Hans Johan Sagrusten.
18. 1700-talet (av tsar Peter den store)
19. Falklandsøyane.
20. Johannes, døyparen.