Viser innlegg med etiketten Miljøvern. Vis alle innlegg
Viser innlegg med etiketten Miljøvern. Vis alle innlegg

tirsdag 15. desember 2020

Kule ord (69): koronahund

Skal du unna deg ein liten koronahund til jul?
Fordi du fortener det? (Ill.Wikimedia Commons,
IA Collections: library of congress; americana).

Det finst varige og slitesterke ord, det finst døgnflugeord og det finst ord på skalaen imellom. Døgnflugeord brukar vi berre ei kort tid før dei går i gløymeboka. Fleire av dei glir inn i gløymsla fordi det dei set ord på, forsvinn eller forandrar seg. Her er eit to ferske ord som eg ikkje trur vil ha så lang levetid:

Stadig flere skaffer seg kjæledyr. Den siste tiden har mange med hjemmekontor kjøpt seg en koronahund eller -katt for selskaps skyld.

Dette står å lesa i ein artikkel på forskning.no, som drøftar klimaavtrykket etter kjæledyra våre, og set søkjelys på bruken av matjord til å produsera fôr til kattar og hundar. 

Dette er viktige og interessante spørsmål. Men når det gjeld sjølve orda "koronahund" og "koronakatt" vågar eg å nominera dei til æresprisen for årets døgnflugeord 2020, vel vitande om at slikt berre kan slåast fast i ettertid. Det skulle likevel undra meg mykje om desse to firbeinte orda lever særleg lenge, med eller utan tilført tørrfôr. Tvert om vil eg tru dei får endå kortare levetid enn ord som "hundeskatt", "barnetimegodt" og "skulepatrulje". Tre andre ord som stadig færre brukar, rett og slett fordi realitetane bak har endra seg.


søndag 27. oktober 2013

Fem tøffe jenter

Ordføraren i Meland møter klatreglade jenter.
"Når greinene på klatretrea deira vart saga av, reagerte fem jenter i 7A på Sagstad skule spontant og skreiv eit klagebrev til kommunen. Onsdag vart dei invitert til møte med ordføraren for å ta opp saka."

Slik lyder ingressen i avisa Nordhordland 26. oktober i år. Saka er denne: Elevane har brukt desse trea til å klatra i, men skulen meinte det var farleg. Dermed vart greinene på nedre del av trea kutta av, og vips var dei fine klatretrea borte. Fem jenter likte dette dårleg. Sigrid Helene Steinhovden, Elisabeth Henanger, Sandra Lekva, Sunniva Vangen Robberstad og Trude Austrheim skreiv klagebrev til kommunen. Ordførar Nils Marton Aadland (H) tok tak i saka og inviterte dei fem jentene til møte å rådhuset. 

Jentene reagerte både på at dei ikkje fekk ha eit ord med i laget, og på at dei mista dei fine klatretrea. Her er eit utdrag frå brevet deira til kommunen om trea som har fått kutta av greinene nede:

Dei er blitt saga ned berre fordi ungar kan dette ned på gjerdet, eller på bakken. Dei har jo kunna klatra i dei trea i fleire tiår, og ingen har blitt alvorleg skada til no. Og kvifor har de ikkje gjort det før, det er jo ikkje slik at vi skadar oss meir en vi gjorde før. Forresten kan jo de berre ta vekk gjerdet, det er uansett veldig øydelagt. Det øydelegg både barndom og minner for elevane! Vi har veldig mykje glede av trea, som ikkje går an lengre no. Vi er VELDIG lei oss =(

Vaksne er stundom altfor redde for ting som kan vera farleg. Og kva kan vel ikkje vera farleg, om ein tenkjer seg om? Vaksne tenkjer seg av og til litt for mykje om. Allminneleg leik, klatring inkludert, vil sjølvsagt kunna føra til eit dunk her og der - av og til, men veldig sjeldan, også til verre skadar. Barberinga av klatretrea på Sagstad skule var heilt sikkert godt meint. Men vi kan ikkje polstra bardomen til neste generasjon. Fjerning av alle tenkelege farar kan neppe kombinerast med ein god oppvekst, ei sunn utvikling og spennande leik. 

Det er veldig bra når det er born og unge sjølve som seier frå om at nok er nok. Hurra for dei fem tøffe jentene frå Meland!

fredag 26. april 2013

Tolking og spissing, eller feil om grønt vedtak frå kyrkjemøtet?

Arkivfoto frå kyrkjemøtet 2011 (foto: www.kirken.no)
Kyrkjemøtet har gjort vedtak om «Forsvarlig etisk forvaltning av norske petroleumsressurser, og uttalelse om etisk forvaltning av Statens pensjonsfond utland». Meiner utsendingane på kyrkjemøtet at dei har ein bodskap frå Gud til det norske folket om dette temaet, så er det fint at dei uttalar seg. I så fall må dei òg få fram at bodskapen er forankra på øvste hald, og at det ikkje er eigne politiske preferansar dei bringer vidare. Sjølvsagt må dei gjerne slåss for sine eigne politiske oppfatningar, men ikkje på vegner av kyrkja. Rotar dei det til her, legg dei urimelege bindingar på medlemane av kyrkja – for det er jo meininga at vi skal ta vedtak frå kyrkjemøtet på alvor?

Poenget her er likevel meir korleis kyrkja presenterer eit slikt vedtak. Magne Lerø hadde i Vårt Land 23. april ein temmeleg kritisk artikkel om «Kirkelige B-medlemer». Det er tydeleg at han meiner eliten i Den norske kyrkja (parti-)politiserer kyrkja i denne saka. Og Lerø viser m.a. til ein artikkel frå Den norske kyrkja sine eigne heimesider der det heiter at «alle kirkens medlemmer oppfordres til å la hensynet til forsvarlig klimapolitikk avgjøre deres stemmegivning ved årets stortingsvalg

Sjølv meiner eg www.kirken.no her ikkje formidlar ei rimeleg tolking eller ei forsvarleg journalistisk spissing av vedtaket som vart gjort på kyrkjemøtet. Det er snarare ei feil framstilling, og det er kanskje ikkje så bra for den vidare debatten heller.

Her er eit spørsmål eg sende til informasjonsfolka i Den norske kyrkja:

I saka "Kirkemøtet krever etisk olje- og gassforvaltning" på www.kirken.no  heiter det i ingressen:

"Alle kirkens medlemmer oppfordres til å la hensynet til forsvarlig klimapolitikk avgjøre deres stemmegivning ved årets stortingsvalg."

Ut frå samanhengen er det tydeleg at dette er ein presentasjon av det nyleg avslutta kyrkjemøtet sitt vedtak i den aktuelle saka. Men i vedtaket frå kyrkjemøtet heiter det visseleg noko anna. Her heiter det at kyrkjemøtet utfordrar "alle kirkens medlemmer til å la hensynet til en forsvarlig klimapolitikk og arbeid for global rettferdighet få betydelig vekt ved de politiske valg."

Dette er noko anna enn å oppmoda folk til å la omsynet til forsvarleg klimapolitikk "avgjøre deres stemmegivning ved årets stortingsvalg".
Når ein let noko "få betydelig vekt" kan det henda at ein også let andre saker få like stor, nesten like stor eller større vekt. Dette er noko heilt anna enn at éi sak får avgjera korleis ein røystar ved stortingsvalet, slik eigenpresentasjonen på www.kirken.no oppfordrar til.

Bør ikkje Den norske kyrkja gjennom sine eigne heimesider gje ein meir korrekt presentasjon av det kyrkjemøtet uttalar enn det er gjort i dette tilfellet?

Og her er svaret frå kommunikasjonsdirektør Trude Evenshaug i Den norske kyrkja:

Kjære Arve Kjell Uthaug,

takk for respons på vårt arbeid. Nettstedet www.kirken.no formidler (blant mye annet) nyheter fra Den norske kirkes sentrale kirkelige organer. Disse gis en journalistisk presentasjon. Hensikten med nyhetsmeldingene er å skape oppmerksomhet om nyheter, vedtak og hendelser i kirken. For å oppnå dette må innholdet gis en form som vekker interesse. Selvsagt skal det vi skriver være korrekt, men en journalistisk bearbeiding av et stoff vil alltid innebære tolkning og vinkling. Det er det vi har gjort her. I tillegg legger vi i nyhetssaken ut lenke til selve vedtaket, slik at oppegående lesere som deg kan gå etter selve vedtaket og lese selv - og dermed vurdere gehalten i den journalistiske vinklingen.

I tillegg til den journalistiske nyhetsformidlingen, vil en på
www.kirken.no finne ren informasjonsformidling i form av at protokollen fra Kirkemøtet legges ut uten noen form for bearbeiding. Se her:
http://www.kirken.no/?event=showArticle&Famid=343467. For det kirkelige demokratiet er det helt avgjørende at vedtakene som sådan er tilgjengelige for alle, slik at de som ønsker det kan lese vedtakene i sin helhet, både de vi velger å presentere særskilt og de vi ikke lager nyhetsmeldinger om.

Saken du nevner har stor offentlig interesse, og det er derfor rimelig at vår presentasjon også leses kritisk. I denne konkrete saken vil vi i ettertid måtte vurdere om måten vi presenterte saken på skygget for selve saken. Vi tenker samtidig at Kirkemøtets nokså radikale vedtak neppe ville blitt oppdaget og videreformidlet i media om vi ikke hadde laget en spisset nyhetsmelding om saken. Men dette er det selvsagt vanskelig å vite sikkert.

Takk for at du tok deg tid til å drøfte saken med oss.