Det har i det siste vore skrive mykje om prestar som reserverer seg mot samarbeid med kvinnelege kollegar i gudstenesta. Ikkje fordi desse prestane er mange. Dei er svært få i Den norske kyrkja. Heller ikkje fordi dei har eit ønske om å laga oppstyr og problem. Så langt eg kan sjå, prøver desse prestane å la det synet dei har, få minst mogleg konsekvensar, men utan at dei heilt vil oppheva samahengen mellom ord og handling.
To prestar har særleg fått gjennomgå i det siste. Vidar Nes Mygland og familien hans er nærast blitt jaga frå mediesak til mediesak. I Åmli ville kvinnelege prosten ta imot han som sokneprest, men bispedømerådet vende tommelen ned. No sist hadde han fått eit fire månaders vikariat på Møre. Så vart det mediesak, og biskopen avslutta vikariatet. I Sogndal er Mikael Bruun blitt pressa ut av prestetenesta.
Kvifor skjer dette no? Eg treng kanskje ikkje terpa på at Bruun og Mygland i denne saka står for ein tradisjonell felleskristen praksis forankra i Bibelen. Dei aller fleste kristne rundt om i verda lever i kyrkjesamfunn som har ein praksis på dette området som Bruun og Mygland ville funne seg heime i. Og du skal ikkje mange år tilbake før motstanden mot kvinnelege prestar dominerte i det norske presteskapet.
Når kyrkja no har sett i gang denne utreinskinga, handlar det ikkje først og fremst om at eksistensen av denne vesle gruppa prestar gjer livet så vanskeleg for kvinnelege prestar. Det er ingen som helst tvil om kven som har både folkeopinionen og det kyrkjelege apparat i ryggen. Påstanden om at Bruun og Mygland må ut fordi handlingane deira fører til at kvinnelege kollegar føler seg «utrygge», er eit underleg argument. Snarare makt kledd i offerspråk. For kven er det som blir jaga frå mediesak til mediesak, som ikkje kan rekna med støtte frå biskopane som har ordinert dei, som står i fare for å missa jobben, som i verste fall kan enda opp med ei lang utdanning dei ikkje kan bruka, og som saman med familien sin må tola å bli offentleg uthengt og latterleggjort både lokalt og nasjonalt?
Den utreinskinga vi no ser, handlar i stor grad om at desse prestane er ei lita, svak og til dels upopulær gruppe i det norske kyrkjelandskapet og i det norske samfunnet. For ein generasjon eller to sidan var det heilt utenkeleg at det kyrkjelege apparatet skulle støyta ut motstandarar av kvinneleg prestetenteste slik vi ser no. Då var dei også mange fleire, og dei hadde posisjonar i kyrkja. No er det ikkje slik lenger. Makt er stundom undervurdert som forklaringsfaktor. Dei som har makta i kyrkja, brukar henne no til å kvitta seg med ein minoritet.
Skal tru om ikkje mange av dei som no sit i dei kyrkjelege posisjonane, har hatt prestar, kristne leiarar eller mentorar i ungdom og studietid som dei har hatt den største respekt for, og som har stått for same syn og praksis i kvinneprestspørsmålet som Bruun, Mygland og meiningsfellane deira? Sidan mange av dei som styrer i kyrkja, er i femti- og sekstiåra, er dette ganske sannsynleg. I så fall håpar eg dei vil ta seg tid til følgjande øving: Prøv å sjå ansiktet til denne leiaren eller mentoren i presten du neste gong konfronterer med valet om å bøya av eller finna seg ei anna stilling.
fredag 15. oktober 2021
Makt i Guds hus
fredag 25. september 2020
Definisjons-makt
![]() |
| Skjermdump av Store norske leksikon frå 25. september 2020. |
Kva er religion? Dei fleste av oss meiner nok at vi veit litt om kva religion er. Vi kjenner att fenomenet når vi møter det. Samtidig kan det vera vanskeleg å definera religion presist, for omgrepet er både vidt og mangslunge.
At definisjonane kan vera forskjellige, tyder likevel ikkje at alle definisjonar er like gode. Eller gode nok. Eg må tilstå at eg vart overraska då eg las det som står i Store norske leksikon under oppslagsordet religion. Artikkelen innleier med å slå fast følgjande: "Religion, menneskers forhold til noe som er utenfor virkeligheten, som de anser for å være hellig". Det siste her er greit, men det første er - med all respekt - lite seriøst. Sjølvsagt kan vi ikkje definera ordet religion som forholdet til "noe som er utenfor virkeligheten". Det som er "utenfor virkeligheten", er ikkje verkeleg, med andre ord det finst ikkje. I alle fall ikkje som noko meir enn ei forestilling.
Eg kjenner ingen - verken kristne, muslimar eller tilhengjarar av andre religionar - som meiner at religionen deira handlar om forholdet til noko som ikkje er verkeleg. Vi som trur, trur på noko vi meiner er verkeleg. Ein ateist vil nok dela oppfatninga som blir uttrykt i definisjonen i Store norske leksikon. Men vi forventar vel alle ein viss objektivitet i definisjonane i Norges kanskje viktigaste leksikon? Slik Store norske leksikon forklarar ordet religion, er det bygd inn ein antireligiøs polemikk i sjølve definisjonen av ordet. Det er for dårleg.
tirsdag 12. mai 2020
Kina - den gongen òg
På slutten av 1800-talet og nokre tiår inn på 1900-talet flytta ei rekkje nordmenn til Kina. Det er ikkje minst desse menneska denne boka fortel om. Dei var handelsmenn, eventyrarar, nordmenn som gjekk inn i det kinesiske tollvesenet og misjonærar. Med utgangspunkt i eit forskingsprosjekt ved Universitetet i Bergen fortel Møter med Kina - norsk diplomati, næringsliv og misjon 1890-1937 om denne varierte blandinga enkeltmenneske, og om kontakten mellom to kulturar. Boka kom ut på Fagbokforlaget i 2018 og er redigert av Camilla Brautaset (Universitetet i Bergen), Malin Gregersen (Linnéuniversitetet) og Karina Hestad Skeie (NLA).
Misjonærane var den største gruppa av norske fastbuande i Kina. Og fleirtalet av misjonærane var kvinner. Boka løftar fram eit par av desse. Marie Monsen frå Sandviken i Bergen er godt kjend, og ho har fått sitt kapittel i boka. Boka fortel om då skipet ho var på, vart kapra av sjørøvarar, og med god grunn får ho karakteristikken "en from tøffing". Anna Jakobsen Cheng frå Kristiansand var av dei første norske misjonærane til Kina. Ho fór dit allereie i 1886, gjorde furore gjennom å gifta seg med ein kinesar og kan ikkje ha hatt eit enkelt liv. Sterkt er òg det innblikket vi får i livet til den kinesiske bibelkvinna Tosao.
fredag 17. august 2018
Vi tar hverandres hender og setter oss i ring
![]() |
Det har vore gjort før (foto: Marsyas,
frå Wikimedia Commons)
|
Det er ikkje alltid så lett når ulike kulturar og religionar møtest. I møte med islam synest eg ofte det store norske fleirtalet går inn i rolla som den forskremte majoritet. For sjølvsagt forventar vi at folk skal sjå kvarandre og helsa på kvarandre på ein arbeidsplass. Det har med grunnleggjande respekt å gjera. Men må alle helsa på same vis, og må dei gjera det på vår måte? For det var jo ikkje slik at den muslimske mannen ikkje ville helsa. Men han hadde altså litt andre grenser enn nordmenn flest, litt andre oppfatningar av kva som var passande og kva som var for intimt. Vi standard-norske vil av og til snubla borti det same når det gjeld helsing gjennom klemming. Det er blitt mykje vanlegare dei seinare åra, men ikkje alle føler seg vel med det, i alle fall ikkje i alle situasjonar.
Og kva gjer vi då? Vi prøver å visa respekt for den som har litt andre grenser, sjølvsagt. Vi tvingar ingen til å klemma, gjer vi vel? Og det går jo heilt fint å helsa utan at alle må klemma. Vi kan til og med godta det utan tilleggja den andre ansvaret for all verdsens forkvakla kvinnesyn.
Såpass rause bør vi vera med læraren i Oslo òg. Sjølv om han er muslim. Visst oppstår det problem når kulturar og religionar møtest. Men la oss ta dei store støytane i dei store spørsmåla. Og då bør vi unngå å tvinga mindretal i det som for oss i fleirtalet bør vera ein liten ting, men som for den andre parten kan opplevast vanskeleg. Er vi ikkje, mange av oss, sjølve i mindretal ein del gonger, og burde vi ikkje forstå litt betre korleis det er?
Så er det samstundes slik at alle muslimar ikkje er like. Mange muslimar har ingen problem med å handhelsa på folk av det motsette kjønn, og vi må for all del ikkje gjera dei den bjørnetenesta å sjå på dei som light-muslimar av den grunn. Men det er ei anna sak.
onsdag 1. august 2018
Kule ord (47): personleg muslim
| Er nokon av dei personlege i si tru? (Foto: Arve Kjell Uthaug) |
— Vi gjør en feil i vår tradisjon når vi gjør troen individuell og ensom. Vi må ta et bibelsk oppgjør med denne seiglivete norske tradisjonen: at Bibelen er den enkeltes sak. Bondevik pekte på at denne tenkningen kom inn midt på 1800-tallet, med Kierkegaard og Ibsen. — Og vekkelsene hev seg på. Det ble tordnet mot den kollektive tro, bare den enkelte skulle gjelde. Derfor har vi fått uttrykket «personlig kristen». Men har noen hørt om en «personlig muslim»? Eller en «personlig humanetiker»? Det er ikke bibelsk lære å henge troen på individet. Dette må vi våge å ta et oppgjør med, tross gammel tradisjon.
Slik sa biskopen. Men no har eg likevel nettopp lese om ein "personleg muslim". Bushra Ishaq, som har skrive ei slags andaktsbok saman med presten Sunniva Gylver, kjem med følgjande eigenerklæring: "Eg er ingen teolog. Eg skriv i kraft av det å vere personleg muslim." Og sjølv om uttrykket personleg muslim neppe er vanleg, er det interessant å sjå at muslimen Hadia Tajik for nokre år sidan løfta fram "personleg kristen" som noko positivt:
(...) Islam er imidlertid tradisjonelt annerledes enn den evangelisk lutherske kristendommen, slik den i hovedsak praktiseres i Norge. Her heter det hos mange at de er «personlig kristne». Et uttrykk som veldig fint målbærer at deres tro er en sak mellom Gud og dem.
Det interessante her er at biskop Bondevik vil kvitta seg med "personleg kristen" for å letta børa for individet og gje det drahjelp frå truskollektivet. Tajik vil derimot frigjera seg frå trykkande tradisjonar og tolkingar i truskollektivet.
torsdag 14. januar 2016
Prøveklut for ytringsfridomen
![]() |
| Demonstrasjon for den frie ytringa denne gongen. Foto: Kim Scarborough, Wikimedia commons |
Striden om denne boka vart på mange måtar innleiinga til ein internasjonal og ideologisk kald krig mellom eit sekulært og vestleg inspirert syn på ytringsfridom på den eine sida og eit sjølvbevisst islam som vil verna det heilage mot kritikk og latterleggjering. Vald og drap er blitt brukt til å forsvara religionens og profetens ære. Dermed er frykt blitt det viktigaste våpenet. Kven vil trykka noko som kan føra til at ein sjølv, familien eller redaksjonen ein er leiar for, kan koma i livsfare?
Tolv teikningar i Jyllands-Posten
I 2006 flamma den ulmande konflikten igjen opp. Den danske storavisa Jyllands-Posten hadde året før trykt tolv karikaturteikningar, fleire av dei avbilda Muhammed og fleire hadde ein kvass kritisk snert. Teikninga av profeten med ei bombe i turbanen er kanskje den mest kjende. Konflikten vart storpolitikk. Muslimske leiarar var provoserte, krenka muslimar marsjerte i gatene og den norske og den danske ambassaden i Damaskus vart sette i brann. Teiknarar og redaktørar vart terrormål.
Og altså ikkje berre i Danmark. Striden flytta seg etter kvart til Noreg. Både Aftenposten og Dagbladet publiserte teikningane. Det same gjorde Vebjørn Selbekk i den vesle avisa Magazinet: Dei laga ei sak om "Tegningene som ryster Danmark" og illustrerte det med ei faksimile av avissida med teikningane i Jyllands-Posten. Så kunne jo lesarane sjå sjølve og gjera seg opp ei meining.
Men dermed braut spetakkelet laus for Selbekk. Han vart truga på livet, og vart mediekjendis og terrormål på same tid. Av statsminister Stoltenberg og utanriksminister Støre vart han sett i den offentlege skammekroken. Utanriksdepartementet sende instruks til ambassadar og utanriksstasjonar i muslimske land - ei krypande orsaking, som kritiserte publiseringa av teikningane i Magazinet. Ytringsfridomen vart nedprioritert av den norske regjeringa.
Det er lett å skjøna Selbekks harme over feilinformasjonen frå utanriksministeren. Støre framstilte det som om teikningane berre var publiserte i éi norsk avis, ifølgje Fryktens makt, endå han måtte vita at dette ikkje var riktig. Dermed vart heile børa velta over på redaktør Selbekk og den vesle kristenkonservative avisa hans. Selbekk har heldigvis ikkje ein overdriven hang til sjølvmedlidande sutring. Men det er ingen tvil om at han meiner utanriksministeren og statsministeren gjorde han til syndebukk. Og at dei ikkje sjølve var vaksne nok til å stå opp og forsvara retten til den frie ytringa då det trongst mest.
Den sekulære Selbekk
Selbekk har nok rett i at han som redaktør i ein liten kristenkonservativ publikasjon var eit mjukt mål i karikaturstriden. Samstundes er det interessant å sjå at Selbekk, som etter ein fusjon for nokre år sidan i dag er redaktør for den kristelege dagsavisa Dagen, i liten grad gjev ei teologisk grunngjeving for tenkinga om ytringsfridomen. Eg har i alle fall vanskeleg for å skilja Selbekks standpunkt frå eit reint sekulært forsvar for den frie ytringa.
Det hadde vore interessant og naturleg om Dagen-redaktøren drøfta desse spørsmåla òg ut frå det livssynet avisa hans er tufta på. Hans eige standpunkt i saka er nok blitt radikalisert, om det er rette ordet, etter dei erfaringane han sjølv har gjort. I alle fall legg han ikkje skjul på at han så seint som i 2004 hevda det var fornuftig å ha eit vern mot blasfemi i det norske lovverket. I dag er han heilt imot dette. Det synest eg er fornuftig. Men denne radikale understrekinga av ytringsfridomen er ikkje sjølvsagt, heller ikkje ut frå verdigrunnlaget til avisa Dagen. Dersom det moderne samfunnet bør tuftast på dei ti boda, er det interessant med ei drøfting av ytringsfridom, blasfemi og pålegget om at "du skal ikkje misbruka Herren din Guds namn".
Det finst sikkert argumentasjon å henta frå konservativ evangelisk teologi for at ytringsfridomen bør få ein slik overordna posisjon. Og det finst i tillegg reint historiske grunnar. Dei lågkyrkjelege og frikyrkjelege rørslene som Dagen og fusjonspartnaren Magazinet er runne av, voks i si tid fram gjennom eit opprør mot prestestyre og statslutherdom. Dei kjempa for det frie gudsordet. Eit av dei første store slaga var kampen mot konventikkelplakaten, som gav presten rett til å ha kontroll med forkynninga.
Så det finst både teologiske og historiske grunnar til at ein redaktør av Dagen hevar fana for det frie ordet. Men biletet er likevel ikkje eintydig. Det finst i denne tradisjonen også skepsis mot ein ytringsfridom som trakkar det heilage for nært. Her kunne redaktør Selbekk teke på seg dei teologiske arbeidskleda og gått i nærkamp med sin eigen tradisjon. Forsvaret hans for ytringsfridomen i Fryktens makt framstår som gjennomgåande sekulært.
Gode "men"
Fryktens makt tek eit oppgjer med dei som seier at "ja, det er ytringsfridom, men...". Her polemiserer redaktør Selbekk mot dei ikkje legg all skuld for valden på terroristane, men nærast endar opp med ei skulddeling mellom terroristane og dei som kjem med frimodige ytringar. Det er bra. Samstundes er det "men" som må leggjast til i drøftinga av alle slags fridomar og rettar. Det er ingen ting gale med eit "men", viss det som følgjer etter er klokt og rett.
Ytringsfridomen er viktig, men har sine grenser. Det er ingen som hevdar at vi skal verna om retten til å truga og oppfordra til vald. Heller ikkje vernar ytringsfridomen alle slags sjikanøse påstandar om enkeltpersonar. Vi har framleis ei lovgjeving mot ærekrenking. Ein kan heller ikkje fritt publisera helseopplysningar om andre menneske, eller feilaktig informasjon som får negative følgjer for andre sin økonomiske aktivitet. Og det finst heilt sikkert fleire slike innskrenkingar av ytringsfridomen. Nettmobbing av mindreårige kan, og bør, bli stogga. Slike ytringar er ikkje vernevedige.
Ytringsfridomen bør gje vidt spelerom for religionskritikk, men her er ikkje religion i ei særstilling. Religiøse verdiar skal kunna utfordrast gjennom spiss kritikk og harsellas. Men då bør det same òg gjelda for oppfatningar om rase, likestilling, seksuell legning - og så bortetter. Så lenge det ikkje er snakk om trugsmål eller oppmoding til vald.
Ytringsfridom er viktig, men det er lov å synast at det er ein dårleg idé å publisera teikningar av Muhammed. At nokre aviser av prinsipielle grunnar ikkje ønskjer å publisera t.d. teikningar som sårar muslimar, har krav på respekt. Ytringsfridom er ikkje eit krav om konformitet.
Ytringsfridom er viktig, men det er klokt å stilla seg spørsmål om ein bikkar over grensa til mobbing. Menneske av god vilje bør spørja seg sjølv om dei er med på å byggja opp eit umenneskeleg press mot enkeltpersonar som kjem i media sitt søkjelys. Her tenkjer eg ikkje på saka om muhammed-teikningane, men det finst t.d. politikarar som har fått eit knallhardt mediepress mot seg. Også politikarar er menneske.
Ytringsfridom er viktig, og det er lov å såra andre menneske sine kjensler, det kan til og med vera rett å gjera det. Men det er i så fall ingen grunn til å bortforklara at andre blir såra, og slik overta eigarskapen til andre menneske sine kjensler. Det er blitt hevda at satirisk religionskritikk ikkje råkar trua og den truande, men det organiserte religionsvesenet som sit med makt over sinna. Tull og tøys. Sant nok, stemingar kan bli manipulerte og misbrukte av religiøse autoritetar. Men ein sint muslim på gata i Lahore veit meir om kva som sårar han, enn det ein norsk intellektuell gjer.
Ytringsfridom er viktig. Men utgangspunktet bør vera ein viss vørdnad, ei viss audmjuk haldning i møte med det andre menneske held heilagt. Visst kan vi enda opp med å kritisera det andre held høgt og dermed trakka dei på tærne. Om vi meiner det må til og er riktig. Men det bør ikkje vera den haldninga vi møter andre menneske si alvorlege tru med i utgangspunktet. Glasbutikkar er ikkje eigentleg skapte for elefantar.
Selbekk har rett
Når alt dette er sagt: Eg meiner desse "men" er viktige, men ingen av dei treng å stri mot det Selbekk har gjort og det han argumenterer for i Fryktens makt. Det store spørsmålet i karikaturstriden er om ytringsfridomen i vår del av verda skal krympast av frykt for vald og terrorisme. Først var det Salman Rushdie, så karikaturstriden, og no sist kom attentatet mot satire-magasinet Charlie Hebdo. Selbekk har heilt rett i sitt kompromisslause forsvar for den frie ytringa mot vald og terror. Og, ulikt dei fleste av oss andre, har han faktisk ofra temmeleg mykje for kampen sin. Det fortener respekt.
I tillegg har han levert frå seg ei bok som er både velskriven og aktuell. Til det siste bør vi vel leggja eit dessverre.
onsdag 4. februar 2015
Stemmene frå dei framande
| Frå det koptiske Kairo (foto: Daniel Mayer, Wikimedia Commons) |
mandag 20. oktober 2014
Dødsdommen mot Asia Bibi stadfesta
![]() | ||
| Pakistan bryt menneskerettane (ill.: Wikimedia Commons). |
I en rettssal i Lahore onsdag ble dødsdommen mot den unge pakistanske kvinnen Asia Bibi bekrefet. Hennes appell om nåde ble avvist og nå venter galgen.
Forbrytelsen hennes var å bekjenne sin kristne tro.
Den unge pakistanske kvinnens forbrytelse var å krangle med kollegene på jobben om Jesus og sin kristne tro.
Det hele startet med at hennes muslimske kolleger nektet å drikke vannet hun hadde hentet fordi vann hentet av en kristen er «urent». Dette førte til en krangel. Da uttalte hun den skjebnessvangre setningen:
«Jesus døde på korset for meg, hva har Mohammad gjort for dere?»
Resten av artikkelen kan lesast i Dagen. Alle som kan arbeida for Asia Bibis sak på ein eller annan god måte, gjennom stort eller smått, er med dette oppmoda om å gjera det.
søndag 19. oktober 2014
Ann Griffiths
![]() |
| Minnesmerke i Pont Llogel (Foto: Penny Mayes, Wikimedia Commons) |
Between narrow walls.
tirsdag 21. januar 2014
Gratulerer, NRK!
![]() |
| John Lennox (over) og Steven Pinker er to av mange vitskapsfolk som er intervjua i "Gud og vitskapen"(foto henta frå Wikimedia Commons: Christliches Mediemagazin pro og G ambrus) |
på rad har programma drøfta store og djupe spørsmål med forskarar frå ulike felt og med ulike syn. Først handla det om opphavet til universet, så om opphavet til og utviklinga av livet på jorda, og så til sist om menneskesinnet. Grunnspørsmålet gjennom alle programma er om alt dette – universet, livet og medvitet – peikar mot at det finst ein skapande Gud, eller om det peikar i motsett lei.
fredag 8. mars 2013
«Syndfloden» eller «den hele snorrette Udvikling»?
![]() | |
| HEUCH var flammande imot. |
![]() |
| ULLMANN var for. |
torsdag 19. juli 2012
Den perfekte religion
![]() |
| Eit religiøst symbol, som ein kanskje må vera varsam med i det offentlege rom? (Foto: Pumbaa80, Wikimedia Commons) |










