Viser innlegg med etiketten Politikk. Vis alle innlegg
Viser innlegg med etiketten Politikk. Vis alle innlegg

torsdag 29. desember 2016

Kule ord (33): brexit

Britane, bak ein mørk mur og for seg sjølve - eller kanskje
ikkje så ille likevel? (foto: Arve Kjell Uthaug)
På mange måtar er brexit årets ord i 2016. Ikkje få vart overraska denne junidagen då valresultatet i Storbritannia var klart, og fleirtalet hadde røysta for å melda landet ut av EU. Dei som er interesserte i historia bak ordet, vil ha glede av BBC-artikkelen The rise of the word Brexit. Ordet vart danna med utgangspunkt i grexit, som vart brukt om utsiktene til at Hellas kunne koma til å trekkja seg ut av eurosona.

Språkforskaren David Crystal meiner det einaste lingvistisk interessante med brexit er at exit oppfører seg som eit suffiks - ei fast ordending som opptrer "produktivt", dvs. er med på å danna nye ord (grexit, brexit, frexit). 

Eit nexit er sjølvsagt ikkje mogleg sidan Norge ikkje er med i EU, det måtte i så fall vera om vi melde oss ut av Nato eller FN. Lite sannsynleg begge delar. Exit, eller utgang, fungerer kanskje heller ikkje like godt som suffiks i norsk språk som i engelsk?

At Storbritannia sa takk og farvel til EU-medlemskapet, var eit hardt slag for dei fleste politiske elitane i Europa, og for mange andre med. Reaksjonane er forståelege. På sikt kan brexit få store konsekvensar for heile Den europeiske unionen, for tenk om andre land gjer det same som Storbritannia? Noko Harmageddon light er det likevel ikkje. Mange har i ettertid trekt fram "løgnene" som dei hevdar spela ei slik stor rolle i argumentasjonen frå dei som ville ut. Men britane diskuterte saka i månadsvis, ulike syn kom til orde, det var god tid til å tilbakevisa og imøtegå. Fleirtalet av veljarane kom altså til at dei stolte mest på ut-argumenta, kjente seg mest heime i ut-sida sine prinsipp og slagord eller dei valde å protestera mot ein ja-elite dei ikkje hadde tillit til. Dermed vart det fleirtal for brexit, og regjeringa førebur no ei utmelding av EU. Ofte kallar vi slikt for demokrati.

fredag 1. juli 2016

Loftsrydding utanfor unionen

Frå EU-kampen i 1994 (Foto: Arve Kjell Uthaug)
Det var ikkje berre i Brexit-debatten i Storbritannia det kunne gå ei kule varmt. Dei to flygeblada til høgre dukka opp under sommarens loftsrydding her i heimen, og skriv seg frå den norske striden om medlemskap i EU (EF) i 1994.


Fremskrittspartiets Ungdom kvidde seg ikkje for å trekkja linjene frå nei-sida i den norske europadebatten tilbake til nazistane under krigen. Dei laga eit flygeblad, eller ein mini-plakat, med tittelen NASJONAL SAMLING. Av dei små bokstavane nede på arket går det fram at samlinga er mot EF, og partitoppane Anne Enger Lahnstein (Sp) og Erik Solheim (SV) er avbilda saman med den ytterleggåande innvandringsmotstandaren Arne Myrdal. På baksida av plakaten blir det slått fast at "kommunistene vil slåss for Lahnstein som statsminister" og "Myrdal og rasistene oppfordrer deg til å stemme på SP". Her er eit litt lengre utdrag frå teksten:


NEI-kameratene maner til nasjonal samling mot EF-medlemskap. Med proteksjonisme, fremmedfrykt og egoisme, går korstoget inn i menneskesinnets skyggeside.


Med visjonsløst preik om krumming av agurker og spredning av myter om svenskeunionen, splittes folket og debatten forflates. Forførende folketalere samler nasjonale sosialister, og gir begreper fra en svunnen tid ny mening.


Antidemokratene kjører hyklerske angrep på Europatilhengere for EFs "demokratiske underskudd", mens Anne Enger og Erik sjøl vil nekte folk å bestemme i en folkeavstemning.


Så langt dei ivrige EU-tilhengjarne og framandfrykt-refsarane i Fremskrittspartiets Ungdom. Det siste avsnittet over referer sjølvsagt til at dei to partileiarane Lahnstein og Solheim ikkje utan vidare ville bøya seg for eit knapt ja i ei folkerøysting om EU. Heldigvis vart det nei-fleirtal, så politikarane slapp å ta stilling til eit knapt ja. Det langt meir edruelege flygebladet frå Europabevegelsen og Europeisk Ungdom med tittelen "Farlig begjær" var òg provosert over dei to partileiarane. På baksida av flygebladet heiter det m.a.:


På Stortinget finnes det to partier som vil angripe retten din til å bestemme. Senterpartiet og SV har bestemt at de selv skal tolke resultatet av en folkeavsteming om EF. Her er vårt tips til deres analyse: Nei blir nei og ja blir nei.


Så langt dette valmaterialet frå EU-kampen i 1994. Det var sikkert tilsvarande friske fråspark frå nei-sida, men dei dukka ikkje opp på loftet mitt i denne omgangen.


Forresten skal det ha vore endå livlegare i 1972.


fredag 8. mai 2015

Britisk valironi

David Cameron får nye år som britisk
statsminister (Foto: Cpl. Darien Bjorndal,
Wikimedia Commons)
Storbritannia har valt. Resultatet er på nokre område overraskande, først og fremst var det uventa at toryane får fleirtal åleine i parlamentet. Meiningsmålingane peikte i ei heilt anna retning.  På mange måtar ligg det mykje ironi i valresultatet. Og det finst mange av både taparar og vinnarar. 

IRONIEN først. Look to Scotland. Dei skotske veljarane har skapt eit politisk jordskjelv. Det som før var eit land dominert av det britiske arbeidarpartiet Labour, er no i hendene på det skotske nasjonalistpartiet SNP. Nasjonalistane fekk seks mandat sist val, denne gongen fekk dei 56. Dermed var det berre att tre skotske mandat å dela på dei andre partia. Og slik at ingen skulle føla seg utanfor, går eitt av desse seta til Labour, eitt til dei konservative og eitt til liberaldemokratane. Det skotske nasjonalistpartiet, som eigentleg vil lausriva Skottland frå storbritannia sit no med ei stor gruppe parlamentarikarar i Westminster. Der kan dei m.a. røysta over indre engelske spørsmål, spørsmål som skottane sjølve får stella med på eiga hand i eit eige skotsk parlament og utan engelsk innblanding.
 
Så spørst det jo kor mykje reell makt den store SNP-gruppa vil få i Westminster. Men hadde valresultatet blitt slik meiningsmålingane spådde like før valet, kunne dei skotske nasjonalistane blitt ein maktfaktor i styret av Storbritannia. Kanskje ein del av eit regjeringsgrunnlag saman med Labour.
 
Ein annan, og minst like stor ironi er utslaga av den britiske valordninga med fleirtalsval i einmannskrinsar, såkalla "first past the post". Dei to største partia får som vanleg fleire mandat enn røysteprosenten deira skulle tilseia, og denne gongen er det dei konservative som får mest igjen. Mindre parti med ei tydeleg regional forankring slik som SNP kan òg tena på denne ordninga. Med sine 4.7 prosent av veljarane får SNP 56 av dei 650 mandata i det britiske parlamentet. Det tredje største partiet derimot - UKIP, som på sett og vis gjorde eit brakval med 12.6 prosent - får eitt skarve mandat. Ei matematisk rettferdig utteljing ville gitt partiet over 80 mandat. Men det britiske valsystemet gjer det nesten umogleg for mellomstore parti som har veljarane sine spreidde rundt om i landet. Dei når (nesten) aldri heilt opp og får dermed svært få mandat. Dette veit liberaldemokratane alt om. Det ramma forresten òg dei Grøne denne gongen. Med sine 3.8 prosent får miljøpartiet berre eitt mandat.
 
Slik er systemet, og slik vil det nok halda fram. Det er ikkje så lenge sidan britane i folkerøysting sa nei til å forandra valordninga. Systemet gjev dei trass alt tydelege alternativ i kvar enkelt valkrins - og sjansane er store for å få ei styringsdyktig regjering. Men det må sitja mange frustrerte veljarar rundt om på dei britiske pubbane og føla at stemma deira var bortkasta.

TAPARAR finst det fleire av. Ikkje minst mellom partileiarane.
 
Ed Miliband vann leiarvervet i Labour i tevling med sin eigen bror. Veljarane vann han ikkje.
 
Nick Clegg og liberaldemokrane vann ved sist val makt gjennom regjeringssamarbeid med dei konservative. Men denne gongen mista han veljarar, og valordninga gjorde resten. Tilbake sit ei gruppe som er så lita at det nesten vert pinleg å spørja om grupperabatt.
 
Nigel Farage gjorde eit brakval om ein ser på stemmetalet. Det innvandrings- og EU-kritiske partiet UKIP er det tredje største i landet, men dei fekk berre inn ein mann i parlamantet. Det var ikkje Farage, og dermed heldt han lovnaden sin og gjekk av som partileiar.
 
Meiningsmålarane høyrer òg med på taparlaget. Dei spådde dødt løp og jamn mandatfordeling mellom dei konservative og Labour. Veljarsiget over til toryane greidde dei ikkje å registrera, og endå mindre det jordskjelvet dette førte til i mandatfordelinga.
 
VINNARAR er det sjølvsagt òg etter dette valet, som etter alle andre.
 
Ein opplagt vinnar er leiaren for det konservative partiet, David Cameron. Det står respekt av å koma tilbake med reint fleirtal etter ein periode med koalisjonsregjering, økonomiske innsparingar og ein viss styringsslitasje. Meiningsmålarane hjelpte han dessutan med dramaturgien.
 
Dei skotske nasjonalistane med Nicola Sturgeon er den andre klare vinnaren. Dei har snudd det politske Skottland på hovudet. Sjølv om dei for kort tid sidan tapte folkerøystinga om eit uavhengig Skottland, vann dei veljarane. Og den politiske eliten i Storbritannia har dessutan lova at Skottland skal få større makt, utan at vi enno veit heilt kva som ligg i dette. Ingen bør avskriva tanken om at Skottland kan koma til å driva mot fullt sjølvstende etter kvart.
 
Ein tredje vinnar er EU-motstandarane. Cameron har lova ei folkerøysting der folk kan seia ja eller nei til vidare medlemskap, og røystinga skal koma i denne parlamentsperioden. Mannen spelar høgt, med andre ord.

Ein fjerde vinnar er enkeltmedlemane i den konservative parlamentsgruppa. Rett nok gjorde partiet eit val så godt at alle vart overraska. Men fleirtalet i nasjonalforsamlinga er ikkje på meir enn ei handfull menneske. Dermed skal det berre ei handfull fritenkjarar, avvikarar eller frustrerte opposisjonelle til internt i gruppa før det reine fleirtalet står i fare. Dette legg stor makt i hendene på det enkelte parlamentsmedlemmet.

 
 
 

 

tirsdag 15. april 2014

David Camerons påskebodskap

Den britiske statsministeren David Cameron har like før påske ved tre ulike høve uttalt seg om den kristne trua, og om si kristne tru. Det er BBC som melder dette. Statsministerens påskehelsing på YouTube kan alle sjå sjølv (over). Her legg han vekt på kva kristne tru og kristne menneske gjer av gode ting i det britiske samfunnet, og trekkjer m.a. fram dei evangeliske alpha-kursa som blir haldne for fangane i fengsel - og for andre, for den saks skuld. Cameron legg òg inn eit ord for dei forfølgde kristne kringom i verda.

I følgje Bloomberg news service skal Cameron òg ha uttalt at hans "moments of greatest peace" kanskje er annankvar torsdagsmorgon under nattverden i St. Mary Abbots, kyrkja i London som er knytt til skulen der borna hans går. Cameron skal òg ha referert til "vår frelsar" i ei mottaking for kyrkjeleiarar.

Det kan innvendast at politikarar har taktiske motiv for å snakka om tru, det kan t.d. vera å sanka støtte i ei gruppe av samfunnet. Det kan sikkert vera tilfelle her òg, vi får jo tru ein toppolitikar veit kva han gjer når han sjølv har regien.  

Nokre vil òg vera kjappe med å stempla ein toppolitikar som snakkar om tru, som hyklar. Det kan vera rett. Like gjerne som det kan vera rett om deg og meg.

I utgangspunktet bør ein vera varsam med å døma så raskt, sjølv når ein vurderer politikarar. Eg synest det er både interessant og positivt at statsministeren i Storbritannia snakkar så ope om trua i eit land der menneske tradisjonelt gjerne er like reserverte på dette feltet som vi er her i Noreg. Tidlegare statsminister Tony Blair var òg kjent som kristen, og han har no i ettertid konvertert til den katolske kyrkja (for nye lesarar: den kyrkja der paven og Ulf Ekman frå før er medlemar). Samstundes er kommentaren frå Blairs rådgjevar Alastair Campbell eitt av dei godt kjende sitata frå britisk politisk liv: "We don't do religion". Det var den gongen Blair var statsminister og ein journalist stilte eit spørsmål om tru.

Britiske politikarar vil nok vera tilbakehaldne med å snakka om trua si òg i den næraste framtida, tippar eg. Men altså ikkje alltid. Siste ordet her skal David Cameron få, og sitatet er frå eit BBC-program i 2009:

"I believe in God and I'm a Christian and I worship - not as regularly as I should - but I go to Church."

onsdag 28. august 2013

Sterk påstand, argumentasjon etterlyst

Frå det borgarkrigsherja Aleppo (Foto: Voice of
America News: Scott Bobb reports from Aleppo)
«Ser vi på situasjonen i Midtøsten, kan vi som en metafor sammenlikne selve svulsten med Israel-Palestina-konflikten, «alle konflikters mor». Fra denne håpløse striden mellom to folk som gjør krav på samme territorium, har nye problemer og kriger oppstått stadig flere steder. Spesielt de siste åra har situasjonen forverret seg, og man er nå inne i en fase der spredningen ser ut til å gå med hurtigtogsfart.»


Det er Dagbladet som skriv dette på leiarplass. Artikkelen heiter «Kreftsvulsten som sprer seg», og avisa går så langt som å kalla Israel-Palestina-konflikten for «alle konflikters mor», og påstår at frå denne striden har nye problem og krigar oppstått stadig fleire stader. Og akkurat no er ein altså inne i ein fase der spreiinga går med hurtigtogsfart.
Dette er absurd. Og resten av leiaren i Dagbladet viser kor meiningslaust  det er å påstå at konflikten mellom dei to folkegruppene i Israel/Palestina er «alle konflikters mor». For kva for konfliktar er det som blir lista opp i resten av leiaren? Jau, det er dei politiske omveltningane i Egypt, borgarkrigen i Syria – med spreiing til Irak og Libanon, bombeaksjonar i Irak, konflikt mellom sunniar og sjiamuslimar i Libanon. Den arabiske våren har i det heile endt opp med å skapa nye kriser.

Men det finst ikkje eit snev av argumentasjon i leiarartikkelen for at det faktisk  finst ein samanheng mellom Israel-Palestina-striden og desse andre dagsaktuelle konfliktane.

Eigentleg kan eg ikkje heilt sjå korleis ein – utan paranormale evner – kan sjå konflikten mellom jødar og palestinarar ein gong som ei surrogatmor for desse andre konfliktane. Derimot er det mange andre openlyse årsaker til konfliktane som pågår i Egypt, Syria, Irak og Libanon. Dette varierer sjølvsagt frå land til land, men viktige faktorar i eitt eller fleire av landa er endringar i balansen mellom ulike folkegrupper (Libanon), undertrykkande diktatur (Egypt, Syria og tidlegare også Irak), utanlandske invasjonar (Irak), ein intensivert regional konflikt mellom sjia- og sunnimuslimar (Irak, Libanon og Syria), spenningar mellom ulike religiøse grupper (alle landa), innblanding frå utanlandske jihadistar (t.d. Syria), ambisjonane til naboland som Iran og Saudi-Arabia. Det kurdiske spørsmålet spelar òg ei viktig rolle i eit par av desse landa. Fattigdom og stor befolkningsvekst er ei utfordring. Under det heile ligg også eit grunnleggjande politisk-religiøs spørsmål, som dessverre framleis er uløyst: Kan ein i denne regionen greia å kombinera islam, demokrati og respekt for minoritetar?
Det er sant at konflikten mellom Israel og Palestina har spela ei stor rolle i delar av nyare libanesisk historie. Men det som skjer der i dag handlar først og fremst om andre ting. Og å tildela konflikten mellom jødar og palestinarar morskapet for det som i dag skjer i Egypt, Syria og Irak er så usannsynleg at det i det minste krev ei slags form for argumentasjon .

Dagbladet  har derimot servert ein usannsynleg påstand, utan å bry seg med å underbyggja han med argumentasjon. Av ein eller annan grunn ser avisa ut til å tru at rota til alt vond – «alle konflikters mor» - ligg i det vesle landområdet mellom Jordanelva og Middelhavet. Kanskje bør dei som skriv leiarartiklane, setja seg ned og tenkja gjennom to spørsmål: Kor kjem han frå, denne påstanden om at konflikten i Israel/Palestina er mor til «alle» andre konfliktar i området? Korleis kan det ha seg at nokon trur på ein slik påstand? Forklaringar som inneheld samanhengande argumentasjon blir mottekne med takk.

fredag 31. mai 2013

Ein liten dose betongfeminisme frå LO


Landsorganisasjonen (LO) har fått ny leiar. Grunn til å gratulera. Den nye leiaren har evne
LO-leiar Gerd Kristiansen (foto: Jarne Vines,  Wikimedia Commons) 


til å uttala seg så skarpt at det skaper debatt. Grunn nummer to til å gratulera. Denne gongen har det dessverre resultert i eit relativt betongfeministisk utspel i Aftenposten:


”Samfunnet er tilrettelagt for at hele den voksne befolkningen skal være i arbeid full tid: Vi har full barnehagedekning, SFO, heldagsskolen. Det er en årsak til det: Nemlig behovet for arbeidskraft. Man forsaker noe ved å gå i full jobb, men man er ikke på jobb mer enn 37,5 time pr. uke. Det er bare litt over ett døgn til sammen. Totalt sett har man mye tid med barna sine, sier Kristiansen.”

LO-leiaren ser ut til å ha gløymt at ikkje alle har arbeidsplassen i nabohuset. Å reisa ein halvtime, eller ein time eller jamvel meir til jobben (ein veg) er ikkje uvanleg. I tillegg kjem den leie tendensen i alle fall små born har til å leggja seg litt tidleg. Reknestykket blir dermed at for mange blir det fem av sju dagar lite tid igjen saman med borna etter at to fulltidsarbeidande, eller nesten fulltidsarbeidande, foreldre er komne heim.

I intervjuet i Aftenposten er barneperspektivet fullstendig borte. Her handlar det om dei vaksne sine behov, at kvinner kjem dårleg ut av deltidsarbeid og at arbeidslivet treng oss for fullt. Men er det verkeleg ein god ting for dei små at dei alt frå eittårsalderen skal vera lange dagar i barnehagen fem av sju vekedagar, eller er det betre for dei å vera litt kortare dagar eller kanskje ikkje alle dagar i barnehagen og i staden ha meir tid med foreldra? Viss LO-leiaren hadde teke fram dét perspektivet, kunne det blitt interessant. Alt handlar ikkje om at hjula skal gå rundt i arbeidslivet og at vaksne skal få sine rettar.

Det er ikkje rart at både kvinner og menn reagerer på at LO-leiaren meiner ”man bruker morsrollen som unnskyldning for å være den som tar hovedansvar for barna hjemme.” 

Er det eigentleg noko som skal unnskyldast her?

I så fall kan ein jo vri på det og seia: "Fedre og mødre brukar arbeidet som unnskyldning for ikkje å ta seg av sine eigne born og foreldre”. Den siste påstanden er kanskje like lettvint som den første. Men det er ein idé å tenkja gjennom begge, og det er interessant å spørja kva for verdiar og kven sine behov som kjem i fokus i kvar av påstandane.

Unge kvinner er utan tvil ein verdfull del av det norske arbeidslivet. Mange av dei kombinerer høg kompetanse, sterk arbeidsmoral og heilskapleg tenking på ein måte det står stor respekt av. Men det betyr ikkje at familien skal tømmast for endå meir av omsorga for born og eldre, og at det er bra om endå meir omsorg blir overført frå dei nære relasjonane til institusjonar bemanna av profesjonelle. Ønsket om å arbeida deltid for å ta seg av familie er kanskje først og fremst ein protest mot at denne utviklinga har gått for langt. Det er eit ønske om å prioritera sine næraste, og så får det heller få nokre konsekvensar for jobbsituasjonen og for den samla inntekta til familien. Det er jo ikkje gitt at arbeidslivet alltid skal leggja premissane, og så skal familiane innretta seg deretter.

Ein tilleggsfaktor i denne debatten - og kanskje endå meir i ordskiftet om foreldrepermisjon - er frykta for at folk vel tradisjonelt om dei får velja fritt. Her slit sjølvsagt mange av politikarane våre med eit dilemma makthavarar alltid har hatt: Er det klokt å la folk velja sjølv når dei sannsynlegvis kjem til å velja "feil"? Sjølv om vi vel mindre tradisjonelt enn foreldre- og besteforeldregenerasjonen vår gjorde, så har vi ein tendens til å velja tradisjonelle kjønnsroller – om då ikkje staten gjeter oss på den rette stig. Men kan ikkje folk få lov til å velja tradisjonelt om dei ønskjer det? Har våre styrande så lite tiltru til folk at dei må fortelja oss korleis foreldrepermisjon skal delast, eller overbevisa oss om kor ille det er å vera heime med born i staden for å gå i fulltidsstilling (i alle fall om mor er heime)? Etter mi meining bør staten rett og slett trekkja seg tilbake og la folk ta eigne val på slike område. Litt meir tillit og litt mindre tvangsfeminisme, takk.

Då er det meir fornuftig at ein ser på ordningar i arbeidslivet som diskriminerer den som t.d. ikkje vel fullt trøkk i arbeidslivet heile tida. Ein av tinga det bør gjerast noko med, er pensjonspoeng. Her bør eit par som får born saman og deler på å oppdra dei, òg dela pensjonspoenga, slik at ikkje den som eventuelt går i redusert stilling, blir skadelidande. Å fostra opp felles born er eit stort og overordna prosjekt. Å tena opp pensjonspoeng er trass alt eit mindre prosjekt, som bør underordnast det større. Det er jo ikkje slik at den som arbeider fulltid, får betre mat eller ein mjukare lenestol i heimen. Då er det heller ikkje rimeleg at den som arbeider fullt, skal koma ut av det store familiære fellesprosjektet med fleire pensjonspoeng enn den som arbeider deltid.

torsdag 19. januar 2012

The Lady's Not for Turning

Thatcher og Reagan  (Courtesy Ronald Reagan Library).
Snart kjem filmen om Margareth The-lady's-not-for-turning Thatcher på norske kinoar. Thatcher har vekt både raseri og beundring. For oss som vart flaska opp på aviser, dagsnyttsendingar og dagsrevyar på sytti- og åttitalet var ho ein av dei mest fascinerande politikarane av dei alle. Kinosalen er sjeldan eit must, men denne gongen...