Den britiske statsministeren David Cameron har like før påske ved tre ulike høve uttalt seg om den kristne trua, og om si kristne tru. Det er BBC som melder dette. Statsministerens påskehelsing på YouTube kan alle sjå sjølv (over). Her legg han vekt på kva kristne tru og kristne menneske gjer av gode ting i det britiske samfunnet, og trekkjer m.a. fram dei evangeliske alpha-kursa som blir haldne for fangane i fengsel - og for andre, for den saks skuld. Cameron legg òg inn eit ord for dei forfølgde kristne kringom i verda.
I følgje Bloomberg news service skal Cameron òg ha uttalt at hans "moments of greatest peace" kanskje er annankvar torsdagsmorgon under nattverden i St. Mary Abbots, kyrkja i London som er knytt til skulen der borna hans går. Cameron skal òg ha referert til "vår frelsar" i ei mottaking for kyrkjeleiarar.
Det kan innvendast at politikarar har taktiske motiv for å snakka om tru, det kan t.d. vera å sanka støtte i ei gruppe av samfunnet. Det kan sikkert vera tilfelle her òg, vi får jo tru ein toppolitikar veit kva han gjer når han sjølv har regien.
Nokre vil òg vera kjappe med å stempla ein toppolitikar som snakkar om tru, som hyklar. Det kan vera rett. Like gjerne som det kan vera rett om deg og meg.
I utgangspunktet bør ein vera varsam med å døma så raskt, sjølv når ein vurderer politikarar. Eg synest det er både interessant og positivt at statsministeren i Storbritannia snakkar så ope om trua i eit land der menneske tradisjonelt gjerne er like reserverte på dette feltet som vi er her i Noreg. Tidlegare statsminister Tony Blair var òg kjent som kristen, og han har no i ettertid konvertert til den katolske kyrkja (for nye lesarar: den kyrkja der paven og Ulf Ekman frå før er medlemar). Samstundes er kommentaren frå Blairs rådgjevar Alastair Campbell eitt av dei godt kjende sitata frå britisk politisk liv: "We don't do religion". Det var den gongen Blair var statsminister og ein journalist stilte eit spørsmål om tru.
Britiske politikarar vil nok vera tilbakehaldne med å snakka om trua si òg i den næraste framtida, tippar eg. Men altså ikkje alltid. Siste ordet her skal David Cameron få, og sitatet er frå eit BBC-program i 2009:
"I believe in God and I'm a Christian and I worship - not as regularly as I should - but I go to Church."
Ingen kommentarer:
Legg inn en kommentar