Viser innlegg med etiketten Meland. Vis alle innlegg
Viser innlegg med etiketten Meland. Vis alle innlegg

søndag 3. januar 2021

Kule ord (70): byskit

Byskiten vart levert til denne skitkassen på Fløksand  
(oppmuringa til høgre for naustet). (Foto: Arve Kjell Uthaug)
Dette er kan henda ikkje det finaste ordet å starta det nye året med, men skit la gå. 

Bergen by var i vekst og hadde enno ikkje eit moderne kloakksystem. Skiten måtte vekk. Ein av måtane dette vart løyst på, var å frakta byskiten til omlandet kring byen og bruka det som gjødsel i jordbruket. Holsnøy var ein av stadane som frå slutten av 1800-talet fekk dei bergenske etterlatenskapane frakta ut med båt, slik John Fløysand fortel levande og godt om i ein artikkel i Melandjul 2020 (Den illeluktande velsigninga). Enkelte plassar murte ein opp eigne skitkassar nær kaien. Derifrå henta bøndene byskiten, frakta han til gards og spreidde han utover bøane som gjødsel. Ein vinn-vinn-situasjon. Bergensarane vart kvitt skiten, strilane dyrka mat. 

Eit anna ord for byskiten var kaupen.

No hadde ordet byskiten òg ei overført meining. Eg har sjekka med to personar som kjem frå Holsnøy, og som i dag er pensjonistar. Og, jaudå, dei kan begge stadfesta at byskiten kunne brukast som eit nedlatande ord om bergensarar. Begge nemner dessutan at ordet heller vart brukt om enn direkte til dei det galdt. Ein av desse pensjonistane, Arnt S. Brakstad frå Brakstad på Holsnøy, fortel:

I min oppvekst var det ein god del hyttefolk frå Bergen rundt om på gardane. Me leikte mykje med dei og hadde for det meste eit godt kameratskap. Men eg hugsar at "Byskit" vart brukt når det vart uvenskap av ein eller annan grunn. Likevel vart det sjeldan brukt i direkte krangling. Det vart vel mest brukt i negativ omtale når "byungane" ikkje var der.


onsdag 7. november 2018

Turen til Nordnipo og Sørnipo

Nordnipo vart skiltmerka ein småsur laurdag tidleg
i november 2018. Veret er likevel ikkje noko stort problem når ein
har godt turfølgje, som Kåre Skibenes (t.v.) og Arnt Brakstad
(foto: Arve Kjell Uthaug).
No går det skilta sti til dei to toppane like bak Melandkyrkja. Nordnipo og Sørnipo heiter dei, og er slett ikkje dei mest trafikkerte småtoppane på Holsnøy i Nordhordland. Det er nesten ein grunn god nok i seg sjølv til å leggja turen opp hit.

Skiltinga startar allereie attmed Melandkyrkja. Deretter går ferda eit lite stykke langs grusveg inn mot Bjørnestad. Så går turen langs sti, og først gjennom eit par grinder. Den som har auga for slikt, vil leggja merke til bekken som renn sjøltrygg fram under ei flott steinbru. Vidare går stien gjennom lauvskogen før du endar opp Moldekleivskaret, i ei tett klynge av granskog rundt ei lita myr. 

Moldekleivskaret
er blitt eit viktig turkryss. Herifrå går den eine stien tilbake til Melandkyrkja, den andre opp til Krossfjellet og den tredje ned til Moldekleiv. Men vår sti svingar altså oppover gjennom granskogen til dei to nipene bak Melandkyrkja. Skiltinga peikar retninga vidare frå Moldekleivskaret. Heldigvis har nokon knytt små plastremser langs løypa gjennom granskogen, for det er ikkje alltid så lett å sjå kor stien går på den nåledekte skogbotnen. 

Etter kvart kjem ein opp over granplantinga. Hjorteskiten viser kven som finn livd mellom trea. Men kven som har rota rundt og nussa borti maurtua attmed stien, er ikkje så godt å vita. Kulturminna langs vegen er kanskje smålåtne, men dei hintar til ting større enn seg sjølve: Den vesle hølen i myra minner om torvtakinga som ein gong gav brensle og varme til dei små husa i bygdene her ute. Den tette granskogen nedover liene har nokon planta. Ein og annan av pensjonistane på gardane rundt dette høgdedraget kan sikkert fortelja om den gongen dei som små var med og planta trea.

På toppen har det kome opp eit skilt som fortel at du no er på "Nordnipa". Det manglar enno eit skilt som peikar bort til toppen like bortanfor: Sørnipo, eller Melandsnipo, har det flottaste utsynet - mot Melandkyrkja, Dale og over Salhusfjorden mot Åsane-sida og Bergen. Unn deg avstikkaren bort til Sørnipo når du først er der oppe. Så kan ein sjølvsagt snu etterpå og gå ned att same vegen. Eller ein kan gå ned til Melandskaret, gjera det til ein rundtur og gå siste biten langs asfaltert veg tilbake til kyrkja på Meland.
Sleggje og staur høyrer med til utstyret når ei turløype
skal skiltast (Foto: Arve Kjell Uthaug)

Eg var så heldig at eg fekk vera med og skilta løypa til Nordnipo saman med Arnt Brakstad og Kåre Skibenes. To gode ferdafolk med ei solid ballast av lokalkunnskap.Og, berre så det er sagt, om nokon skulle vera misnøgde med avstanden mellom skilta der det er fleire over einannan, kjem vi ikkje til å ta sjølvkritikk. Vi har konsekvent brukt peikefingeren til Arnt til å måla opp avstanden mellom skilta. Så her er det gjort skikkeleg arbeid.

Ein ting til før eg set punktum. Det er ikkje så mange månadene sidan eg første gong gjekk turen opp til nipene. Det var altså før skiltmerkinga, men vi hadde god hjelp av plastremsene langs stien. Dessverre var eg litt for dristig og stakk ein snarveg til høgre, bort frå stien. Det førte oss gjennom eit ganske ulendt og bratt terreng i tett granskog. Ein hjort støytte vi òg på; han hadde sikkert rekna med å få vera i fred. Men vi kom ikkje ned mot Bjørnestad og kyrkja slik eg hadde håpa. Eg var fanga i min eigen høgrevri. Etter ein mykje lenger tur enn planlagt, såg vi endeleg ein steingard med opning inn til kultureng. Det viste seg at vi hadde sirkla rundt heile høgdedraget og endt opp på Moldekleiv.

No er det altså berre å følgja skiltinga, og då skal sjølv ikkje dårar gå seg vill.


PS
Den siste setninga var vel å ta litt hardt i, for du må nok følgja både skilting, sti og plastremser om du vil vera trygg på å finna vegen. Men eg syntest likevel det var ein fin måte å sejta punktum for artikkelen på.

lørdag 16. januar 2016

Turar frå Skintveit

Frå Ospåsrunden (Foto: Arve Kjell Uthaug)
Det er mange fine turar å gå i Meland kommune. Og ikkje så få er etter kvart blitt godt merka. Køyrer ein hovudvegen frå sør til nord på Holsnøy, kan ein svinga inn til høgre attmed Rossland skule, inn på Skintveitvegen. Etter kvart som ein går innover vegen, møter ein mange turskilt. Vi tok Ospåsrunden. Skiltinga var god og tydeleg heile vegen. Først var det skogsveg og deretter sti, før rundturen kom tilbake til utgangspunktet. Turen gjekk rundt, og ikkje oppå toppen av åsen. Forresten såg det ut til å veksa mykje meir furu enn osp på Ospåsen. Fin furu, med røtene feste i steinete grunn. Og nesten over alt var det snødekt blåbærlyng. Over eit langt myrstykke var det lagt ein imponerande serie med myrbruer. Så her kan ein stiga tørrskodd heile året, og ikkje berre no når det er frost i bakken.

fredag 4. desember 2015

Jon Fosse om dikting og bøn, språk og strilekrig - og to vakre standebarmarar

- For meg er det å dikta å lytta, å lytta i ei stille. Ja eg kom fram til
at det kunne likna på det å be, seier Jon Fosse.
Her fotografert på Frekhaug i Nordhordland.
(Foto: Arve Kjell Uthaug).

Forfattaren Jon Fosse blir sagt å vera den mest omtala og spelte norske dramatikaren etter Henrik Ibsen. Denne hausten er han gjort til æresdoktor ved Universitetet i Bergen, og han fekk for nokre veker sidan den prestisjetunge Nordisk råds litteraturpris.

- Eg kjem frå, og eg tilhøyrer, småkårsfolket, seier Fosse. Forfattaren frå Strandebarm har skaffa seg husvære på Frekhaug, og er dermed meir eller mindre blitt melandbu.


Dette intervjuet med Jon Fosse gjorde eg for Melandjul 2015, og det står òg på trykk der.
 
Aller mest kjend er Fosse for dramastykka sine, som blir spelt på teaterscener over heile verda. Men Fosse skriv innan fleire sjangrar – romanar, dikt, essay og barnebøker, og er ein svært produktiv forfattar. Litteraturprisen frå Nordisk råd fekk han for romantrilogien med bøkene Andvake, Olavs Draumar og Kveldsvævd.

- Du bur tre stader - i Austerrike, i kunstnarbustaden Grotten i Oslo og på Frekhaug. Kva var det som gjorde at du slo deg ned på Frekhaug?

- Eg hadde i mange år budd i Bergen og det kjendest som at nok var nok. Eg har lenge ynskt å bu i Nynorskland, og så vart det Frekhaug, til dels fordi eg av private grunnar må bu så nær Bergen som mogeleg. Eg har elles alltid tykt om Nordhordland. Og mykje av det eg har dikta har eg skrive i ei hytte, eigentleg ei ombygd løe, på Leknes, svarar Fosse.


Heimlandet nynorsk
- Ifølgje Hordaland Folkeblad sa du, då du i haust vart gjort til æresdoktor ved Universitetet i Bergen: «Nynorsken er på mange måtar heimlandet mitt, same kvar i verda eg er». Kan du fortelja litt meir om det?

- Då eg var femten år flytte eg på hybel, til Øystese, for å gå på gymnas, og etter den tid har eg ikkje budd i Strandebarm. Og etter gymnaset har eg ikkje budd i Nynorskland i det heile teke, før eg no til dels har busett meg på Frekhaug, seier Fosse når Melandjul intervjuar han via e-post.

- Eg har budd mange stader og kjent meg meir eller mindre heime, nett dette sit eg og skriv i Austerrike, ved Donau, i ein småby kalla for Hainburg an der Donau, like utanfor Wien. Vi har no i nokre år dels budd her. Og elles vart eg tildelt Grotten, og vart altså osloborgar, men eg hadde også tidlegare vore mykje i Oslo, og eg hadde i nokre år eit lite husvære der. Men lengste tida har eg budd i Bergen.

- Og alle desse stadene er det på eit vis nynorsken eg har halde meg fast i, det er så å seia den som har knytt meg til oppvoksteren min, som pregar meg slik han pregar alle så mykje, dessutan sjølvsagt og ikkje minst av di det er skriving eg har drive med i alle dei år – ja det nærmar seg vel førti. Det var gjennom ein dialekt som låg nynorsken nær eg fyrst opplevde verda. Og ordlyden, heile språkkjensla mi, er fest til nynorsken. Nynorsken er min heim i verda, utan tvil.

- Du har skrive på nynorsk i heile forfattarskapen din. Kva har det nynorske språket hatt å seia for deg?

- Nynorsken har vore svært viktig, og den har nok påverka diktinga mi mykje. Alle språk har sine sterke sider, og sine veikare. Også nynorsken. Men til meg og mi dikting, til meg og min givnad, kunne ikkje nynorsken ha passa betre.


-Ny strilekrig
Sjølv har Jon Fosse gått over til å skriva ein meir tradisjonell eller konservativ nynorsk samanlikna med tidlegare. Ikkje for det. Han ser at det opp gjennom åra er gjort ein del kloke endringar i nynorsken som har ført han nærare både bokmålet og talemålet til folk flest. Men ei samnorskline har han slett ikkje tru på.

- Det er skilnad på bokmål og nynorsk, og den skilnaden må gjerast tydelegare, ikkje mindre tydeleg. Mellom Ibsens riksmål og Aasens landsmål var skilnaden enorm. Både moderne bokmål og moderne nynorsk står kvarandre langt nærare, nettopp difor må det som er av skilnad framhevast. Eg har til dømes gått over frå å skriva e-infinitiv og til å skriva a-infinitiv. Bokmål har berre e-infinitiv, på nynorsk kan ein velja mellom det eine og det andre. I mange år skreiv eg e, sjølv om eg sa tenkja så skreiv eg tenkje. Ikkje veit eg heilt kvifor. No skriv eg tenkja. Og eg meiner no faktisk at nynorsken burde hatt a-infinitiv som hovudform, slik den før hadde. Mellom anna for å skilja seg tydelegare frå bokmålet.

- Samstundes er det òg viktig at ein er klar over at både bokmål og nynorsk er skriftmål. Nesten ingen snakkar korkje bokmål eller nynorsk til vanleg, sjølv om somme dialektar er nærast bokmålet, andre er nærast nynorsken. Til dømes talemålet i Hardanger, og i Meland.

Fosse ser klart at nynorsken og striledialekten er under press, ikkje minst i dei områda som ligg omkring Bergen. Det betyr ikkje at det er nokon grunn til å gje seg over.

- Ein stad går grensa for sjølv kva hardingar, vossingar, sogningar og strilar kan finna seg i. Og den grensa går ved språket. I hundrevis av år har bergensarane rakka ned på strilane og strilemålet, det vil seia på nynorsken, det aller viktigaste i strilekulturen, så om dei mislikar språket og kulturen slik, kvifor då busetja seg på strilelandet? 

- Men det finst byrgskap sjølv i strilar, så språket kjem nok ikkje bergensarane til å klara å ta ifrå oss. Då går vi nok mann av huse for å halda på målet vårt. Så får heller målstriden, kampen for nynorsken, bli den nye strilekrigen! Strilane har i alle år tilpassa seg bergensarane, på strilelandet får det – endeleg – verta omvendt, slår Fosse fast med glød.


Lesaren
- Var det ei bok som var særleg viktig for deg i oppveksten?
- Nei. Eg las lite og ingenting då eg var barn, fortel Fosse.

- Det var fyrst etter at eg sjølv byrja å skriva, alt i tolvårsalderen, at eg også byrja å lesa. Og då gjorde dikta til Tor Jonsson stort inntrykk på meg. Det same gjorde romanar av Vesaas og Hamsun. Noko seinare Bjørneboe. Han har eg prøvt å lesa om att seinare, men har lagt romanane frå meg. Jonsson, Vesaas og Hamsun les eg derimot framleis. Eg las òg dikta til Olav H. Hauge då eg var ganske ung, og særleg nokre av attdiktingane hans gjorde stort inntrykk – ja pregar mi eiga skriving den dag i dag.

- Du har skrive mykje, både romanar, diktsamlingar, skodespel, essay og barnebøker. Av alt du har skrive, kva har gitt deg størst glede?

- Det har skift mykje, noko er skrive lett, noko er skrive med slit og møde. Men det fyrste stykket eg skreiv, Nokon kjem til å koma, skreiv eg fort og greitt, og det er framleis det mest spelte stykket mitt, ja eg veit ikkje nett kor mange land det er spelt i, men det er i ganske mange. Det var òg det stykket som gav meg eit europeisk gjennombrot som dramatikar. Med lange køar for å få tak i billettar i sjølvaste Paris!

Fosse er omsett til mange språk. Han fortel at tekstar av han er sette om til over førti språk. Til fleire av desse språka er det berre stykke som er omsette, og han har ikkje heilt tal på kor mange språk bøkene hans er gitt ut på.

- Det har alltid vore vanskeleg både for norske og andre europeiske forfattarar å få bøker sette om til engelsk, så eg må seia at eg er ganske stolt over at alle stykka mine, 33 i talet, er utgjevne på engelsk. Plays Six kom for ikkje så lenge sidan. Og så er eg stolt over at ein god del av prosaen min har vorte sett om til engelsk, og at fleire prosabøker er under utgjeving. No sist kom romanen Morgon og kveld på engelsk, fortel Fosse.

- Elles kan vel ingenting nå opp til den fyrste boka eg fekk sett om, romanen Stengd gitar kom seint på åttitalet ut på svensk, på storforlaget Bonniers.

Ordlister og mystikk
- Det blir sagt om deg at du er «den mest omtalte og spilte norske dramatiker etter Henrik Ibsen" (Store Norske Leksikon). Mange prisar har du fått, og nyleg vart du gjort til æresdoktor ved Universitetet i Bergen. Det er kanskje eit litt frekt spørsmål, men går all denne heideren nokon gong til hovudet på deg?

- Tja. Eg veit ikkje heilt kva det vil seia at noko går til hovudet på ein. Eg er den same, eg, det eg kan skjøna. Eg har til dømes heller aldri heilt skjønt kva omgrepet klassereise tyder. Eg kjem frå, og eg tilhøyrer, småkårsfolket. Men eg har alltid vore sky, og all merksemda, til dømes også alle prisane, har nok gjort at eg har vorte endå skyare enn før. Eg held avstand, det kan ein trygt seia.
- Kva for bøker les du helst sjølv?

- Alt mogeleg. Eg les svært mykje. Eg les til og med ordbøker! Den siste boka eg las var Juridisk ordliste frå 1929 av Nikolaus Gjelsvik. Den lærde eg mykje god nynorsk av. Gjelsvik, som voks opp i Askvoll, er ein av mange som gjennom åra har brukt heile livet sitt på å få fram nynorsken, der han levde sitt liv som juss-professor i Oslo.

- Og i seinare år har eg lese svært mykje som har med katolsk tru og tradisjon å gjera, særskilt er dei kristne mellomaldermystikarane viktige for meg, dei les eg no som før.

- Er det ei bok du gjerne skulle ha skrive, men som du trur du aldri kjem til å skriva?

- Det tvilar eg på. Eg har truleg gjeve meg med å skriva dramatikk, og eg skriv no prosa i fint flog – eg ser føre meg at eg i åra frametter hovudsakleg kjem til å skriva prosa. Så om eg klarer å fullføra det eg no er i gang med, ja så skal eg seia meg nøgd.

Dikting og bøn
- For nokre år sidan vart du katolikk, og er det framleis. Kva er det i den kristne trua som grip sterkast tak i deg?

- No spør du vanskeleg, svarar Fosse og legg til:

- Eg har lenge opplevt det eg vil kalla for eit gudsnærvær, ikkje minst vart det tydeleg for meg då eg for alvor byrja å dikta. For meg er det å dikta å lytta, å lytta i ei stille. Ja eg kom fram til at det kunne likna på det å be.

- Eg fann meg i mange år godt til rettes hjå kvekarane, og i deira stille møte. Men til sist kjendest det for lite og for trongt. Eg hadde alt sidan midten på åttitalet vore innom tanken på å konvertera, men det tok altså mange år før eg gjorde det. Og det som har gjeve meg mest er rosenkransbøna og den katolske messa, det vil seia nattverden. I motsetnad til i ei protestantisk gudsteneste er nattverden det sentrale i den katolske messa. Det er der og då ein så å seia møter Gud, fortel Fosse.

Tidlegare i år kom det ut ei samtalebok der Fosse og teologen Eskild Skjeldal drøftar tru, katolisisme og store spørsmål i livet. Mysteriet i trua heiter boka.

- I oppvoksteren kjende eg meg heilt framand for det som då heitte Statskyrkja, og eg melde meg ut som sekstenåring, og den tids bedehuskristendom verka rett og slett dum på meg! Mangt har sikkert endra seg sidan seksti- og syttitalet, men motviljen min mot luthersk kristendom sit framleis fast. Eg vonar og trur at mangt og mykje no er annleis. Eg står nok på ymse vis nærare Den norske kyrkja enn den katolske, til dømes i synet på homofili og på kvinnelege prestar. Men sølibatet, det forsvarer eg! Og korkje kjønn eller seksualitet er det sentrale i eller for ei tru. Det dreier seg om så mykje meir. Difor høyrer eg til i Den katolske kyrkja. Trass alt, om du vil, fortel Fosse til Melandjul.

- Har du nokon gong tvila på at det finst ein Gud?

- Nei. Men eg har i lange periodar ikkje vore særleg oppteken av det heller. Men kva er Gud? Kva Gud snakkar du om? må eg nesten spørja tilbake. Om du snakkar om den eller den gudsførestellinga, så trur eg ikkje på nokon av dei, ein slik gud finst ikkje, det vil derimot ikkje seia at ikkje Gud finst til. Og eg trur, og vedkjenner, at det opna seg ei råk mellom Gud og menneskja i og med at Jesus Kristus vart fødd. Og det er difor vi feirar jul! Gud og menneskja var før Kristus skilde frå kvarandre, slik ein er skild frå vatnet når isen har lagt seg på det. I og med Kristus vart isen broten, og det opna seg tilgang til vatnet, til Gud.

To vakre strandebarmarar
- Du er ein mann som skriv mykje – du les, du tenkjer og driv i det heile med det vi kallar intellektuelle aktivitetar. Men har du meir praktiske interesser òg? Steller du hage, går du i fjellet, driv du med båtliv og fiske, eller noko anna av den slags?

- Eg likar ikkje så godt å gå turar, men, diverre heldt eg på å seia, likar eg godt å køyra bil. Og så voks eg så å seia opp i båt, og eg er interessert i alt som har med båt og sjø å gjera. Eg har til og med teke det såkalla Røkke-sertifikatet, det vil seia at eg har teke den teoretiske utdanninga som trengst for å vera kystskipper, men eg manglar sjølvsagt fartstid.

Båt og sjø, altså. Eg har hytte og naust og båtplass på Dingja i Gulen, og i naustet ligg to vakre strandebarmarar, bygde av no avlidne båtbyggjarar som eg kjende, men eg skal vedgå at den båten eg har liggjande på sjøen er ein speedsjark – kanskje vi kan kalla det for snøggsjark – med styrehus og påhengsmotor. Eg likar vêr og vind, men ikkje når eg er på sjøen, den slags har eg fått nok av, men når det er vêr til det er eg gjerne på sjøen. Tidlegare fiska eg mykje, det har eg gjeve meg med. Eg er ei pyse vorten. Eg likar ikkje den drepinga som må til. Men sjølvsagt må det drepast, både dyr og fisk, om vi skal få mat å eta. Så eg skulkar nok litt unna der. Men berre det å få vera i båt på sjøen er nok i seg sjølv for meg.


 
 



  
 






 

mandag 6. april 2015

Taizé-gudsteneste i Meland 2. påskedag

Melandkyrkja i Nordhordland (foto: Arve Kjell Uthaug).
Det er ikkje så mykje reklame på denne bloggen, men her kjem litt (av den ukommersielle sorten):
 
2. påskedag er det Taizé-gudsteneste kl. 20.00 i Melandkyrkja. Ei stille gudsteneste med rom for ettertanke og bøn, og med salmar frå fellesskapet i Taizé, Frankrike. Kanskje ein fin måte å gå frå påskehøgtida til vanleg kvardag.

lørdag 24. mai 2014

Ni månader, og så på sokkel

Forfattar Edvard Hoem (t.v.), mållagsleiar Haakon Aase og ordførar
Nils Marton Aadland etter avdukinga av Ivar Aasen-minnesmerket
på Frekhaug 24. mai (Foto: Arve Kjell Uthaug)
No har Frekhaug i Meland fått sin Ivar på sokkel, slik Knarvik i den litt større nabokommunen Lindås allereie har hatt sin ei stund. I Knarvik står den lokale trubaduren Ivar Medaas i heilfigur utanfor kjøpesenteret. På Frekhaug vart det i dag 24. mai avduka ein byste av Ivar Aasen.

Så kva gjer sunnmøringen og språkgranskaren Aasen på Strilelandet? Svaret er at han har vore her før. I 1843 til 1844 sat han ni månader på Litlebergen like ved Frekhaug, lytta til strilemål, skreiv på grammatikken sin – og venta på stipendpengane som skulle koma. Ikkje alle småkommunar reiser statuar av omstreifarar som var innom nokre månader ein gong på 1800-talet. Men Meland kommune har fått Aasen-minnesmerket i gåve frå det etter måten velhavande lokale mållaget. Og Aasen er heller ikkje kven som helst. Det sjølvlærte geniet la grunnlaget for det nynorske skriftspråket. Så det er flott at nynorskkommunen Meland like ved Bergen gjer stas på nynorskens far.

Minnesmerket vart avduka av leiaren i Meland mållag, Haakon Aase saman med forfattaren Edvard Hoem. Sjølv hadde eg nok vona på eit litt meir annleisAasen-monument. No er han eit hovud med pistreskjegg bak håka, ikkje så ulikt dei avbildingane vi kjenner så godt av han frå før. Men målmedviten i blikket er han, det skal han ha. Og eg blir sikkert glad i Aasen-hovudet med tida. Det er kunstnaren Gunnar Torvund som har laga monumentet.

Avdukinga på Frekhaug var ramma inn av hornmusikk, korsong, kveding og helsingar frå Edvard Hoem og frå leiaren i Noregs mållag.

Etterpå var det foredrag ved Edvard Hoem for ei fullsett rådhuskantine. Med historisk innsikt og talegåver som ein folketalar tok Hoem forsamlinga med på ei reise i norsk 1800-hundretalshistorie med utgangspunkt i 1814-grunnlova. Det var ei forteljing i tråd med den Venstre-tradisjonen som så sterkt har prega forteljinga om norsk 1800-talshistorie. Hoem la stor vekt både på impulsane frå europeisk radikalisme og den norske haugevekkinga som bakgrunn for grunnlovsverket i 1814. Og rimelegvis dukka det òg opp ein del historiske «slektningar»som vi kanskje ikkje alltid likar å bli minna om. Høgrefolka i salen med ordføraren i spissen vart minna om at partiet deira stritta imot den breie demokratiske folkerørsla leia av partiet Venstre. Teologisk konservative fekk biskop J.C. Heuch og kvinnesynet hans å tenkja på. Og det som måtte vera att av kommunistar og andre med tankar om eit jordisk idealsamfunn, vart minna om faren med å ikkje nøya seg med mindre enn det perfekte. Men først og fremst var det eit foredrag som løfta fram vår store felles arv frå 1814.

Og utanfor står Ivar Aasen på sokkel og stirer langt fram.

mandag 19. mai 2014

17.-maitoget på veg til Meland

17.-maitoget frå Frekhaug i 2014 er på veg inn i Dalesvingane som utgjer siste etappen, sjølve klatreetappen opp til kyrkja på Meland. Der møtte toget også i år dei to andre prosesjonane - den eine frå Grasdal i aust og den andre frå Vestbygd. (Foto: Arve Kjell Uthaug)

søndag 4. mai 2014

Landsviklia er ein vårkveld verd

Det gamle eiketreet er portalen mellom Liavatnet
og Midtvatnet (foto: Arve Kjell Uthaug)
Det er mange fine turområde på Holsnøy i Nordhordland. Landsviklia ved foten av Eldsfjellet er eit slikt. Frå bilvegen utover mot Skjelanger er det berre å slå rett inn på stigen. Den første biten kan vera litt myrete, men det går stort sett bra. Så kjem ein til eit område med gledelege, små overraskingar. Vårfersk ramslauk med ein ettersmak som følgjer deg eit langt stykke vidare på turen. Ei kvassbratt skråning med tue på tue med gule kusymrer. Snart er dei avblomstra, så raska på.

Her går stigen litt oppover, og det er ganske bratt ned til Liavatnet på høgre sida. Her er det urskog med blanding av ulike treslag. Greiner og heile tre får lov til å ramla ned og i fred gå tilbake til jorda. Kanskje er hatlkratta (hassel) dei mest fascinerande. Som ei overfylt pilekorg med tynne og tjukke piler om einannan står dei gamle hatlane der med sine mange stammar. Ingen andre tre på desse kantar veks slik. På denne delen av turen kan ein gjerne treffa på eit ekorn eller sjå ein svart ramn som siglar over trea. Sjølve stigen buktar seg tørr og tydeleg framover. Er ein så heldig å gå her tidleg på kvelden ein soldag på steget inn i mai månad, siv strålane inn mellom det lysegrøne vårlauvet og skaper ei vakker veksling mellom lys og skugge langs skogsstigen.

Det er ikkje så mange minuttane før stigen fører ein ned til botnen av Liavatnet. Oppmuringa her minner om at dette vassdraget har vore brukt til  kverner. Bortanfor Liavatnet ligg Midtvatnet og Havrevatnet.  Her er det plass til å rasta, nyta synet utover Liavatnet med sin vesle holme og sjå opp på Eldsfjellet bakom. Eldsfjellet er med sine 324 m.o.h. høgaste toppen i Meland kommune. Den som vil overnatta, og som ikkje er for kravstor, kan finna ein teltplass langs denne delen av vatnet. Men småskrale ryggar bør ha med seg skikkeleg liggjeunderlag.

Stigen går vidare til Midtvatnet. Den som vil ha ein kort kveldstur, kan nøya seg med å gå til Liavatnet og attende til vegen. Men ikkje utan å gå eit lite stykke til på stigen mot neste vatn. Innimellom tett granplanting står det ei mektig eik og lutar inn mot stigen, og ei daud sidegrein dannar ein mystisk portal over sjølve skogfaret. Eikestammen har ein omkrins på nesten tre meter, og ei slik livvidde fortel at treet må ha stått i ro her nokre år.

Har ein sett denne eika, kan ein snu og gå tilbake.

lørdag 23. november 2013

Dansande lengsel i Meland kyrkje

 

 
Den som vil vera med til Melandkyrkja i Nordhordland ein søndag i november, kan klikka på denne videoen. Siren Godø med fleire dansar til songen "Lengsel".

søndag 27. oktober 2013

Fem tøffe jenter

Ordføraren i Meland møter klatreglade jenter.
"Når greinene på klatretrea deira vart saga av, reagerte fem jenter i 7A på Sagstad skule spontant og skreiv eit klagebrev til kommunen. Onsdag vart dei invitert til møte med ordføraren for å ta opp saka."

Slik lyder ingressen i avisa Nordhordland 26. oktober i år. Saka er denne: Elevane har brukt desse trea til å klatra i, men skulen meinte det var farleg. Dermed vart greinene på nedre del av trea kutta av, og vips var dei fine klatretrea borte. Fem jenter likte dette dårleg. Sigrid Helene Steinhovden, Elisabeth Henanger, Sandra Lekva, Sunniva Vangen Robberstad og Trude Austrheim skreiv klagebrev til kommunen. Ordførar Nils Marton Aadland (H) tok tak i saka og inviterte dei fem jentene til møte å rådhuset. 

Jentene reagerte både på at dei ikkje fekk ha eit ord med i laget, og på at dei mista dei fine klatretrea. Her er eit utdrag frå brevet deira til kommunen om trea som har fått kutta av greinene nede:

Dei er blitt saga ned berre fordi ungar kan dette ned på gjerdet, eller på bakken. Dei har jo kunna klatra i dei trea i fleire tiår, og ingen har blitt alvorleg skada til no. Og kvifor har de ikkje gjort det før, det er jo ikkje slik at vi skadar oss meir en vi gjorde før. Forresten kan jo de berre ta vekk gjerdet, det er uansett veldig øydelagt. Det øydelegg både barndom og minner for elevane! Vi har veldig mykje glede av trea, som ikkje går an lengre no. Vi er VELDIG lei oss =(

Vaksne er stundom altfor redde for ting som kan vera farleg. Og kva kan vel ikkje vera farleg, om ein tenkjer seg om? Vaksne tenkjer seg av og til litt for mykje om. Allminneleg leik, klatring inkludert, vil sjølvsagt kunna føra til eit dunk her og der - av og til, men veldig sjeldan, også til verre skadar. Barberinga av klatretrea på Sagstad skule var heilt sikkert godt meint. Men vi kan ikkje polstra bardomen til neste generasjon. Fjerning av alle tenkelege farar kan neppe kombinerast med ein god oppvekst, ei sunn utvikling og spennande leik. 

Det er veldig bra når det er born og unge sjølve som seier frå om at nok er nok. Hurra for dei fem tøffe jentene frå Meland!

søndag 29. september 2013

Octavia i ti år

Frå Jubileumskonserten i Melandkyrkja 
28. september 2013 (Foto: Arve Kjell Uthaug)
Octavia Meland ungomskantori starta opp i 2003. Tiårsjubileet vart markert med konsert, fest og deltaking på gudsteneste no den siste helga i september. Dirigent Eirin Beate Åserud-Løvlid har leia koret heilt sidan starten. På konserten i Melandkyrkja deltok i tillegg til dagens Octavia søsterkoret frå Bergen domkyrkje og dessutan ei handfull tidlegare Octavia-jenter (nyleg pensjonerte). Frode Skag Storheim hadde kontrollen på pianoet. Visst var det eit vakkert syn med alle korjentene som stilte i bunad. Og det klang også svært fint. Dirigent Åserud-Løvlid har gjort ein kjempejobb med koret. Tilhøyrarane på festkonserten vart møtte med den nydelege ”Ver no velkomen med æra”, og deretter vart vi guida gjennom eit allsidig repertoar. Apropos guiding kunne ein til tider lura på om jentene var utstyrte med GPS. Ingen såg i alle fall ut til å gå seg vill og hamna på feil plass i dei tallause omgrupperingane av songarar gjennom konserten. Dei to ”founding fathers” sokneprest Sverre Langeland og dåverande organist Arvid Sakseide, som i si tid tok initiativ til koret, var begge til stades på festkonserten og gledde seg over resultatet.

søndag 17. mars 2013

Marias lovsong på Langeland

Maria bodskapsdag kan det passa med dette biletet frå Langeland i Meland kommune. (Foto: Arve Kjell Uthaug).

fredag 11. mai 2012

Vestland møter Estland

Desse jentene i ungdomskantoriet Octavia skal snart ha vårkonsert i Melandkyrkja saman med Bergen Domkirkes Jentekor og Elise frå Estland. Elise kjem frå den vesle estiske byen Pärnu, og neste veke kjem dei for første gong hit til Noreg. Dei kjem humpande hit med buss om kvelden på sjølvaste 17. mai. Eg må tilstå at eg aldri har høyrt det estiske jentekoret. Men etter å ha lese at dei øver to gonger i veka, har gitt ut fleire cd-ar, turnert rundt i mange europeiske land, sunge i Vatikanet - ja, så er eg faktisk freista til å tru at dei er riktig flinke.

Og det inntrykket blir styrka av dette opptaket frå den internasjonale Eisteddfoden i Wales i fjor.  Sidan vi er innom Wales, får eg endeleg ein fin sjanse til å lenka opp til eit anna musikalsk innslag derifrå. Rett nok av ein heilt annan sjanger, men veldig flott, nemleg den walisiske nasjonalsongen Hen Wlad Fy Nhadau, eller Land of My Faters. Opptaket viser at rugby er langt meir enn springing, ball og brøling.

Men det var konserten "Estland møter Vestland" dette skulle handla om. Dei tre venskapskora skal øva saman, ha det sosialt, syngja på gudsteneste og konsertar. Laurdag 19. mai kl. 19.00 syng dei altså i kyrkja på Meland. Det kan bli vakkert.

Eigentleg kan dette lesast som rein reklame, sidan eg er leiar i styret for Octavia. Men det er kanskje litt seint å seia no. Ein flott vårkonsert trur eg uansett det blir. Oppriktig.

søndag 8. januar 2012

Skoddehav over Nordhordland

Utsyn frå Krossfjellet (foto: Arve Kjell Uthau, januar 2012)
Frå øvre Sagstad (Foto: Arve Kjell Uthaug, januar 2012
Skoddeteppet dekte fjordar og lågland i store delar av Nordhordland i dag søndag 8. november. Frå Krossfjellet på Holsnøy såg det slik ut når blikket var vendt mot Askøy og Øygarden. Krossfjellet er eit av dei mange turmåla i Meland kommune. Toppen er ikkje så høg, 287 meter over havet, men herifrå ser ein likevel fritt i alle himmelretningar. Dei fleste kommunane i Nordhordland er innanfor synsfeltet, i tilegg til Bergen, Askøy og Øygarden. 

Det går fleire stigar opp til Krossfjellet. Kanskje den finaste av dei går frå garden på øvre Sagstad.



tirsdag 3. januar 2012

Nye musikktalent frå Meland

Julekonsert i Meland kyrkje 2011 (Foto: Arve Kjell Uthaug)
Det dukkar stadig fram nye musikktalent med bakgrunn i det kristne miljøet i Meland. Er det ikkje leithaugar eller garnesser, så er det sulebakkar, minder, solheimar, rismyhrer, jansenar eller andre. Det må vera lov å vera litt stolt av dette, sjølv for ein tilflyttar. Sist ute er rapparane Kris og Daniel. To unge rapparar som ifølgje avisa Strilen snart kjem med sin første cd. Og inntektene går til hjelpearbeid. Her er Daniel og Kris i aksjon under Team Sulebakks julekonsert i Melandkyrkja før jul.