Viser innlegg med etiketten Kvinnesak. Vis alle innlegg
Viser innlegg med etiketten Kvinnesak. Vis alle innlegg

lørdag 6. april 2019

Kule ord (53): kainsmerke

Kain slår i hel Abel, slik Gustave Doré såg det.
- Det er som å sette et kainsmerke på byen. Det er noe Mandal ikke fortjener.

Det er Ervin Kohn, talsmann for det mosaiske trussamfunnet, som seier dette til avisa Vårt Land (5.4.19). Og det er ikkje så vanskeleg å forstå han. Mandal kommune hadde nemleg kome på å kalla ei gate opp etter Marta Steinsvik (1877-1950), som voks opp der i byen. Steinsvik var visseleg ein samansett person, og ei kvinne med ei spennande livshistorie. Ho var feminist, teologistudent og målkvinne. Ho var egyptolog og antroposof. Dessutan var ho først sambuar, så gift med og deretter skilt frå bladmannen Rasmus Steinsvik. Psykiateren Johan Scharffenberg diagnostiserte henne som sinnssjuk. Men Marta Steinsvik var òg agitator av den sterkt antijødiske og antikatolske sorten. 

Det er denne antisemittismen som får Kohn til å bruka uttrykket "kainsmerke", og tydelegvis då i den meininga som finst i ordbøkene: eit merke som stemplar nokon som forbrytar, og i dette tilfellet var det altså folket i Mandal by som kunne få eit slikt stempel. 

Men i den dramatiske bibelforteljinga, som er opphavet til alt vi veit om Kain, er merket gitt for å verna Kain. Etter at Kain slo i hel bror sin Abel, konfronterte Gud han med at "blodet til bror din ropar til meg frå jorda". Og Gud forbanna Kain. Men dette var ikkje alt, ifølgje 1. Mosebok:

Då sa Kain til Herren: «Skulda mi er for tung å bera. Sjå, i dag driv du meg bort frå landet. Eg må gøyma meg for deg. Fredlaus og flyktning blir eg på jorda, og den som finn meg, kan slå meg i hel.» Men Herren sa til han: «Nei! Slår nokon Kain i hel, skal det hemnast sju gonger.» Og Herren sette eit merke på Kain så ingen som møtte han, skulle drepa han. Så drog Kain bort frå Herren og busette seg i landet Nod, austafor Eden.

tirsdag 2. september 2014

Ord og kjønn

Ikkje alle ord er like stovereine
(Foto: LA2, Wikimedia Commons)
Visse ord blir rekna for kjønnsdiskriminerande eller sexistiske. Normalt tyder det at nokon oppfattar desse orda som kvinnediskriminerande. Nokre finn stadig nye slike ord. Sist ute er det engelske ordet «feisty». Eg veit ikkje heilt kva den beste omsetjinga til norsk er, men ordet ser ut til å ha ei meining i skjeringspunktet mellom direkte, kranglevoren og energisk. Vel, det er alså Downtown Abbey-skodespelarinna Daisy Lewis som ikkje vil bli kalla «feisty». Ifølgje The Telegraph ser hovudgrunnen ut til å vera at ordet blir brukt om kvinner, men ikkje om menn.

Dermed har ein av kommentatorane i konservative The Telegraph laga ei miniordbok over negative ord som blir brukt om kvinner, men i liten grad om menn. Det er blitt artig lesestoff. Avisa oppmodar samstundes andre om å senda inn fleire slike ord som blir brukt mot kvinner, og ordboka veks. Mind your tongue, med andre ord. Eller: Vær forsiktig lille munn hva du sier.

Sidan det ikkje berre er kvinner som av og til har behov for å synast synd på seg sjølv, har eg tenkt å gje ei hjelpande hand her. Nedanfor kjem ei lita ordbok over norske ord - først negative ord som berre eller vanlegvis blir nytta om menn, og deretter negative ord som berre eller vanlegvis blir nytta om kvinner.

Mennene først denne gongen.

Bajas. Har knapt høyrt dette ordet om kvinner, og kan for så vidt skjøna det.

Fjompenisse. Vanlegvis nytta om menn.

Gap. Eit flott ord, men kanskje ikkje så vanleg i bruk lenger. Nynorskordboka utlegg det som «tosk, narr», eller «uvørding; flåkjeft, slarvar; skjemtegauk, speloppmakar». Sjå til å få det inn att i dagleg bruk før det sjøldauar.

Gris, gjerne gammal. Det er sjeldan å høyra at ei kvinne blir samanlikna med ein gris (no er det sikkert mange som har gode forklaringar på kvifor det er slik..). Og aldri har eg høyrt ei kvinne bli omtala som gammal gris. Som kjent er referansen til høg alder her ikkje først og fremst brukt for å seia noko om klokskap og livsvisdom.

Knark. Kan sikkert definerast på litt ulike måtar, men du ønskjer han neppe som næraste granne.

Laban. Skriv seg frå eit bibelsk mannsnamn, og blir i følgje Nynorskordboka brukt om «slapp, uvørden fyr, lømmel».

Pusling. Liten og vesal fyr, som ikkje heilt blir teken på alvor.

Rundbrennar. Berre brukt om menn.

Skrue. Dette er ein luring og ein snodig fyr. Han er gjerne litt vrang og har ein god del av knarken i seg. Til no har eg aldri høyrt om ei kvinne at ho «var ein god skrue».

Slask, slaur, slamp. Eit heilt knippe sla-ord, vanlegvis reserverte for menn.

Svekling. Ofte brukt nedsetjande om svake og umandige vesen av hannkjønn. Sjeldan om kvinner.


Så til kvinnene.

Hespetre. Usympatisk dame dette, og ei som ein helst vil sleppa å ha så mykje med å gjera.

Hurpe. Lite pent ord, og berre brukt om kvinner.

Hyse. Det stemmer, ordet blir brukt om ein fisk i torskeslekta. Men det blir òg nytta som skjellsord om kvinner, sjølv om det kanskje ikkje er så vanleg i denne tydinga.

Kjeftesmelle. Sjølvforklarande ord. Neppe brukt om menn.

Megge. Lite fin karakteristikk av kvinne. Ordet rakkar ned på både kropp og vesen.

Rossmor. Dialektord, og ikkje særleg vanleg. Slik eg kjenner det, vert ordet brukt om ei morsk og myndig kvinne. Kanskje ei som blir oppfatta som for dominerande og «mandig» etter god skikk og bruk?

Skrulle. Skrullete kvinne.

Sugge. Lite fint dette ordet, brukt om stor og tjukk kvinne.

Eg tvilar ikkje på at det er eit litt ulikt preg på negative «kvinneord» og ditto «mannsord». Inntrykket mitt er at kroppsfokuset er annleis, og kanskje sterkare, når det gjeld kvinner. Men negative kjønnsspesifikke karakteristikkar er ikkje eineståande for kvinner. Det finst haugevis av slike ord og uttrykk om menn òg.

Forresten finst det òg positivt ladde ord som er knytte til kjønn. Eg må tilstå at dei negative er lettare å finna. Men om ein mann blir «pundus» brukt for å fortelja at han har tyngde og autoritet, og at han er ein person som blir lytta til. Eg veit ikkje om så mange kvinner ville lika å høyra at dei har pondus. Motsett er «sterke kvinner» brukt svært mykje og i positiv meining. Ordet «sterk mann» har ein dårlegare ettersmak.

fredag 31. mai 2013

Ein liten dose betongfeminisme frå LO


Landsorganisasjonen (LO) har fått ny leiar. Grunn til å gratulera. Den nye leiaren har evne
LO-leiar Gerd Kristiansen (foto: Jarne Vines,  Wikimedia Commons) 


til å uttala seg så skarpt at det skaper debatt. Grunn nummer to til å gratulera. Denne gongen har det dessverre resultert i eit relativt betongfeministisk utspel i Aftenposten:


”Samfunnet er tilrettelagt for at hele den voksne befolkningen skal være i arbeid full tid: Vi har full barnehagedekning, SFO, heldagsskolen. Det er en årsak til det: Nemlig behovet for arbeidskraft. Man forsaker noe ved å gå i full jobb, men man er ikke på jobb mer enn 37,5 time pr. uke. Det er bare litt over ett døgn til sammen. Totalt sett har man mye tid med barna sine, sier Kristiansen.”

LO-leiaren ser ut til å ha gløymt at ikkje alle har arbeidsplassen i nabohuset. Å reisa ein halvtime, eller ein time eller jamvel meir til jobben (ein veg) er ikkje uvanleg. I tillegg kjem den leie tendensen i alle fall små born har til å leggja seg litt tidleg. Reknestykket blir dermed at for mange blir det fem av sju dagar lite tid igjen saman med borna etter at to fulltidsarbeidande, eller nesten fulltidsarbeidande, foreldre er komne heim.

I intervjuet i Aftenposten er barneperspektivet fullstendig borte. Her handlar det om dei vaksne sine behov, at kvinner kjem dårleg ut av deltidsarbeid og at arbeidslivet treng oss for fullt. Men er det verkeleg ein god ting for dei små at dei alt frå eittårsalderen skal vera lange dagar i barnehagen fem av sju vekedagar, eller er det betre for dei å vera litt kortare dagar eller kanskje ikkje alle dagar i barnehagen og i staden ha meir tid med foreldra? Viss LO-leiaren hadde teke fram dét perspektivet, kunne det blitt interessant. Alt handlar ikkje om at hjula skal gå rundt i arbeidslivet og at vaksne skal få sine rettar.

Det er ikkje rart at både kvinner og menn reagerer på at LO-leiaren meiner ”man bruker morsrollen som unnskyldning for å være den som tar hovedansvar for barna hjemme.” 

Er det eigentleg noko som skal unnskyldast her?

I så fall kan ein jo vri på det og seia: "Fedre og mødre brukar arbeidet som unnskyldning for ikkje å ta seg av sine eigne born og foreldre”. Den siste påstanden er kanskje like lettvint som den første. Men det er ein idé å tenkja gjennom begge, og det er interessant å spørja kva for verdiar og kven sine behov som kjem i fokus i kvar av påstandane.

Unge kvinner er utan tvil ein verdfull del av det norske arbeidslivet. Mange av dei kombinerer høg kompetanse, sterk arbeidsmoral og heilskapleg tenking på ein måte det står stor respekt av. Men det betyr ikkje at familien skal tømmast for endå meir av omsorga for born og eldre, og at det er bra om endå meir omsorg blir overført frå dei nære relasjonane til institusjonar bemanna av profesjonelle. Ønsket om å arbeida deltid for å ta seg av familie er kanskje først og fremst ein protest mot at denne utviklinga har gått for langt. Det er eit ønske om å prioritera sine næraste, og så får det heller få nokre konsekvensar for jobbsituasjonen og for den samla inntekta til familien. Det er jo ikkje gitt at arbeidslivet alltid skal leggja premissane, og så skal familiane innretta seg deretter.

Ein tilleggsfaktor i denne debatten - og kanskje endå meir i ordskiftet om foreldrepermisjon - er frykta for at folk vel tradisjonelt om dei får velja fritt. Her slit sjølvsagt mange av politikarane våre med eit dilemma makthavarar alltid har hatt: Er det klokt å la folk velja sjølv når dei sannsynlegvis kjem til å velja "feil"? Sjølv om vi vel mindre tradisjonelt enn foreldre- og besteforeldregenerasjonen vår gjorde, så har vi ein tendens til å velja tradisjonelle kjønnsroller – om då ikkje staten gjeter oss på den rette stig. Men kan ikkje folk få lov til å velja tradisjonelt om dei ønskjer det? Har våre styrande så lite tiltru til folk at dei må fortelja oss korleis foreldrepermisjon skal delast, eller overbevisa oss om kor ille det er å vera heime med born i staden for å gå i fulltidsstilling (i alle fall om mor er heime)? Etter mi meining bør staten rett og slett trekkja seg tilbake og la folk ta eigne val på slike område. Litt meir tillit og litt mindre tvangsfeminisme, takk.

Då er det meir fornuftig at ein ser på ordningar i arbeidslivet som diskriminerer den som t.d. ikkje vel fullt trøkk i arbeidslivet heile tida. Ein av tinga det bør gjerast noko med, er pensjonspoeng. Her bør eit par som får born saman og deler på å oppdra dei, òg dela pensjonspoenga, slik at ikkje den som eventuelt går i redusert stilling, blir skadelidande. Å fostra opp felles born er eit stort og overordna prosjekt. Å tena opp pensjonspoeng er trass alt eit mindre prosjekt, som bør underordnast det større. Det er jo ikkje slik at den som arbeider fulltid, får betre mat eller ein mjukare lenestol i heimen. Då er det heller ikkje rimeleg at den som arbeider fullt, skal koma ut av det store familiære fellesprosjektet med fleire pensjonspoeng enn den som arbeider deltid.

fredag 8. mars 2013

«Syndfloden» eller «den hele snorrette Udvikling»?



HEUCH var flammande imot. 
Folk som leitar etter gode sitat, og dei som ønskjer å framstilla kyrkja som kvinnefiendtleg, har mykje å henta i innlegga til biskop I.C. Heuch under debatten om røystrett for kvinner i 1890. Og i år passar det ekstra godt å trekkja fram dette ordskiftet  i Stortinget all den tid det er hundre år sidan allmenn røysterett for kvinner vart innført i Norge. Men i 1890 var ikkje tida mogen for å sleppa kvinnene fram til valurnene på same vilkår som menn. Tingmennene avviste framlegget med 70 mot 44 røyster. Partiet Venstre ville gjera røysteretten kjønnsblind,  Høgre var imot. Og fleirtalet i mellompartiet Moderate Venstre følgde Høgre.

Den politisk og teologisk konservative biskop Heuch argumenterte glødande i Stortinget mot å trekkja kvinnene inn i det politiske livet og i det offentlege livet i det heile. Heimen og den private sfæren var hennar plass. Dersom ho braut med denne gudgitte ordninga, kom ho til å verta «et vanskabt Misfoster, hun bliver et Neutrum». Kristiansandbispen såg i så fall for seg hennar fornedring, «Hjemmets Forstyrrelse, Familielivets sukcessive Opløsning og et deraf uundgaaelig følgende Sædernes Forfald». Kvinna ville bli trekt bort frå heimen, som ho åleine hadde evne til å skapa, og Heuch ottast jamvel at sjølve staten ville gå til grunne.

ULLMANN var for.
(….) jeg er overbevist om, at den hellige Skrift, som for mig staar som den ufeilbare Regel og Rettesnor for den enkeltes som for Samfundets Liv, i sin Lære om Kvindens Forhold til Manden fra sit første Blad til det sidste slaar dette fast, at Kvinden skal være undtagen fra Offentligheden og Livet i den. 

Slik argumenterte Heuch skarpt og med Bibelen i hand. I det heile hadde diskusjonen i 1890 eit sterkt innslag av både teologi og teologar. På konservativ side var teologane Heuch, Hval og Hertzberg nesten åleine om å føra ordet. Tilhengjarane av reforma var ei meir samansett gruppe, men i tillegg til lekpredikant Lavik og sokneprest Eiesland – begge valde inn frå det kristelegsinna vestlandspartiet Moderate Venstre – inneheldt gruppa markante grundtvigianarar som folkehøgskulestyrar Viggo Ullmann og sokneprest Wexelsen. Det var med andre ord ingen samla kyrkjeleg front mot å opna røystretten for kvinner.

For å få fram spennet i denne debatten, kan ein følgja tre av dei som tok ordet og som sto for ulike teologiske, kulturelle og politiske retningar. På den eine sida sto altså biskop I.C. Heuch, toppembetsmann, politisk og kristeleg konservativ og innvalt for partiet Høgre. Heilt på den andre fløyen sto radikalaren og folkehøgskulemannen Viggo Ullmann, Venstremann og bror til kvinnesakspioneren Ragna Nielsen. Ein stad imellom, og i denne saka klart nærast Ullmann, finn vi lekpreikaren Andreas Lavik. Bondesonen frå Eksingedalen i Hordaland hadde ei sterk tillit til Bibelen, men ingen formell posisjon innanfor den embets- og prestedominerte statskyrkja. Derimot hadde han med seg arven frå ei meir fleksibel kristeleg lekmannsrørsle. Og han hadde ei mor og ei kone som begge prioriterte heimen samstundes som dei gjekk inn i meir utradisjonelle kvinneroller utanfor heimen. Lavik vart vald inn på Stortinget saman med m.a. lekmannshovdingen Lars Oftedal i partiet Moderate Venstre. Men frå han vart valt inn i 1889 og til perioden var over i 1891 glei han over til det meir radikale Venstre.

LAVIK var for.

Trass i svært ulike syn på kvinnerøysteretten, var viktige oppfatningar felles – i alle fall eit stykke på veg. Ingen av desse tre mennene gav uttrykk for at kvinna sto prinsipielt lågare enn mannen i verdi.  Biskop Heuch såg kvinna som fullt jambyrdig, men ulik mannen. Både Heuch, Lavik og Ullmann opererte òg med visse eigenskapar som dei særleg knytte til kvinna. Ullmann var mest varsam her og peikte på at ein ikkje visste korleis kvinnenaturen ville ha utvikla seg under same vilkår som mannsnaturen. Samstundes forsikra han at «hvad nu det psykologiske angaar, saa er det (…) saalangtfra Tanken, at vi der vil udviske Forskjellen». For det tredje uttrykte dei alle tre stor tru på den historiske utviklinga, eller krafta i denne utviklinga. For Heuch sin del handla det samstundes om ei mistru. Men her bør dei sjølve sleppa til orde:

Jeg tror ikke, at man, efterat saa mange Dæmninger er borttagne og saa mange Indrømmelser er gjort, i Længden vil kunne hindre Floden. Men om jeg end mener, Syndfloden vil komme, kan dog dette ikke hindre mig fra at ønske, at den ialfald ikke kommer i vore Dage.

Biskop I.C. Heuch


Dersom det stod slig for mig, at denne Reform var et Brud paa Guds Bud, saa kan jeg erklære ligeoverfor Biskop Heuch, at jeg bøiede mig i lige saa dyb Ærbødighed som Biskopen og ikke stemte for den. Men jeg kan umulig finde, at den er et Brud paa Guds Bud, aller mindst efter den historiske Udvikling, som vi har – en historisk Udvikling, der for en Del ialfald har været paavirket og bestemt netop af Kristendommen, og en historisk Udvikling, som i Kraft af Kristendommen har ført Kvinden fra Trin til Trin ud i Deltagelsen i det menneskelige Livs Arbeide.

Emissær og gardbrukar Andreas Lavik


Den (Kvindernes Stemmeret) vil seire ud af Livet, ud af Kravene, saaledes som Livet fører dem frem, ud af den samlede Bevidsthed hos Menneskene om, at man baade har Brug for Kvinderne, og at Kvindernes Deltagelse i det offentlige Liv er noget, som er en simpel naturlig Udvikling af Kulturen fremover fra det laveste Kulturtrin og indtil det Standpunkt, vi staar på nu, saa at det er akkurat i Linie med den hele snorrette Udvikling, som det altsammen har taget fra den Tid, Kvinden ikke var andet end et Lastdyr, og indtil disse Dage, da ethvert Menneske, som vil gjøre Fordring paa at have en Smule Dannelse, indrømmer den Ting fuldt ud, at Kvinden har aldeles den samme Ret til at være Menneske og til at skaffe sig menneskelig Oplysning, som vi Mænd har.

Folkehøgskulestyrar Viggo Ullmann

Sjølv om den eine ønskte utviklinga velkomen og den andre såg på henne med gru, delte både Ullmann og motpolen Heuch trua på at utviklinga ville gå sin gang. Slik sett ville ei uunngåeleg syndflod og «den hele snorrette Udvikling» koma ut på mykje det same. I skjemaet til Ullmann høyrer det med ei svartmåling av ei fortid då kvinna ikkje var noko meir enn eit lastedyr. Tanken hans om at utviklinga går rett veg, og at vi står på toppen så langt, passar godt med darwinismen i samtida og for så vidt med den måten vi stort sett tenkjer på i vår del av verda enno i dag – sjølv om det gjerne ikkje blir formulert like bastant. Lekpreikaren Lavik var litt meir varsam enn Ullmann i ordvalet, men han forfekta i denne debatten likevel ein kristeleg utviklingsoptimisme. På den andre sida gjekk han ikkje så langt som ein av teologane i debatten, Wexelsen frå Venstre. Wexelsen slo fast at det ein mann som Paulus hadde meint og sagt om slike spørsmål, «naturligvis for ham (har) været fuld personlig Sandhed; med alt sit Klarsyn og staaende paa sin Tids aandelige Høide kunde han dog ikke se Tingene anderledes end ud af sin Tids Syn, derfor har han en Betragtning af Kvinden, som vor Tid ikke har og ikke kan have». 

Debattantane Heuch, Lavik og Ullmann var altså samde om at kvinnene bar med seg visse ikkje-fysiologiske eigenskapar som gjorde dei ulike menn. Alle tre såg kvinna som den sterkaste representanten for «Barmhjertighed». Dei to røysteretts-forkjemparane såg det som eit gode om denne eigenskapen gjennom kvinnene kom sterkare inn i det offentlege livet. Ullmann nemnde her særskild fredssaka og fattigspørsmålet. Lavik meinte kvinna hadde ei sterkare sanningskjensle enn mannen. Han måtte medgje at kvinna kanskje ikkje var «saa skarpsindig som Manden» og ikkje like juridisk anlagt, og det kunne vera mange felt i det offentlege livet der ho ikkje ville vera like dugande som han. Men på den andre sida meinte han det ville få positive følgjer å få kvinna inn arbeidet på mange område i samfunnet og nemnde som døme kyrkja, skulen, lovgjevinga på det sedeleg området og situasjonen for born fødde utanfor ekteskapet. Heuch hadde òg mykje pent å seia om kvinna og hennar eigenskapar. Ikkje berre hadde ho finare intuisjon, større tolmod og evna til sjå det store i det små, sjå like inn til kjernen av tinga. Ho hadde dessutan «en Følelsernes Finhed og en Stemningernes Rigdom og en Hengivenhedens Evne, som Manden som saadan mangler». Men der Ullmann og Lavik såg fordelar med å få kvinnene med sine særlege eigenskapar inn i det offentlege livet, såg derimot biskopen ein stor fare. Det som var henne ein stor styrke i heimen og det private, gjorde henne særleg disponert for fanatisme i det offentlege rom. Sjølv om det vel snar er i meste laget med sitat frå den engasjerte biskopen, har eg likevel ikkje hjarta til å utelata dette her:

Hendes Følelseslivs Styrke, hendes Tilbøielighed til Sympathier og Antipathier, hendes Evne til at gjøre det smaa stort, selv det, som er det største hos hende, hendes Evne til at hengive sig helt til en Sag, vil skabe den mest fanatiske Politiker i et Øieblik af hende. Hun vil mere hensynsløst end nogen Mand forfægte sin Sag, hun vil storme fremad paa den Bane, som er hende anvist. Hvis man tænker sig et Samfund, styret af Kvinder, vil det være et Samfund, som bevæger sig uafladelig i de voldsomste Søer.

Her kan det vel passa å slutta med sitata frå debatten om røysterett for kvinner i Stortinget i 1890, og ein får vona at sans for humor også er ein godt utvikla eigenskap på den feminine sida av menneskeslekta. Ordskiftet frå 1890 er ei sterk påminning om kor mykje den offentlege debatten har endra seg frå den gongen til i dag. Synspunkt ala Heuch finn ein knapt i det offentlege rommet i Norge i dag, ikkje ein gong frå anonyme nettdebattantar, vil eg tru. Det er vel heller ikkje mange som saknar motstanden hans mot røysterett for kvinner.  

Når det er sagt, og vel vitande om at det er 8. mars i dag, trur eg den feministiske revolusjonen har både gode og dårlege sider. I all for stor grad har den kritiske innfallsvinkelen blitt marginalisert i all feiringa av sigrane. Kva konsekvensar har sjølvråderett, seksuell frigjering, endring av familiemønster, oppløysing av ekteskap, prioritering av lønsarbeid og institusjonalisering av barndom og alderdom hatt for dei svakaste gruppene i samfunnet: først og fremst for borna – fødde og ufødde – og for dei eldre som ikkje lenger greier seg så godt sjølve? Dei store endringane på desse områda heng slett ikkje berre saman med kampen for likestilling, men likestillingsrevolusjonen har spelt ei viktig rolle. Heldigvis finst det i 2013 mange dyktige kvinner som, om dei vil, kan ta ein slik debatt i det offentlege rommet.



Artikkelen over byggjer på kapitlet «Andreas Lavik og kvinnene» (s. 135-162) i hovudoppgåva i historie Kongevegen, kara! Andreas Lavik og lekmannsrørsla på Vestlandet av Arve Kjell Uthaug (publisert som årbok 1996 Frå Fjon til Fusa). Referansar til sitata frå stortingsforhandlingane i 1890 er oppgitt her.

Bileta av Ullmann og Heuch høyrer til ved Nasjonalbiblioteket, og begge finst på Wikimedia Commons. Fotoet av Lavik er utlånt frå Stortingsarkivet.

onsdag 21. november 2012

Church of England i hardt ver

Det er lite nytt at det er stor spennvidde, strid og teologisk diskusjon i den anglikanske kyrkja. Eitt av spørsmåla som har skapt størst splid dei siste tiåra, er spørsmålet om kvinnelege prestart (som det no er mange av) og i neste omgang spørsmålet om kvinnelege biskopar. Med den rolla biskopane har i anglikansk tradisjon, skaper det endå større konfliktar når spørsmålet blir løfta frå preste- til bispenivå.
Ikkje berre landsens idyll i Church of England (foto:
 Nigel Mykura, frå Wikimedia commons)




Mange er skuffa etter at fleirtalet på generalsynoden i Church of England  var litt for knapt til at det blir opna for kvinnelege biskopar i denne omgangen. Kanskje er det berre eit spørsmål om tid før endringa kjem likevel. Mange protestantiske kyrkjer har gjort det same. Sjølv trur eg ikkje det vil vera riktig – slik eg ser det, bryt det med felleskristen lære og praksis å innføra ordninga med kvinner som prestar og biskopar. Det er òg interessant å sjå korleis britiske politikarar, ikkje ulikt mange norske kollegar, viser interesse for å tvinga statskyrkja i slike spørsmål. Det er kanskje ikkje så klokt i ein britisk samanheng. Eg vil tru mange i det fleirtalet som ønskjer å opna bispeembetet for kvinner, må kjenna eit sterkt ubehag om endringa skjer gjennom ei politisk overstyring. Det vil skapa eit inntrykk av ei slags «halvkyrkje» som politikarane kan skalta og valta med på ein annan måte enn andre trussamfunn. At statsminister David Cameron ser ut til å visa interesse for slike tankar, er likevel urovekkande. Ein konservativ britisk statsminister bør kjenna grensene for statleg styring av trussamfunn, og eg tvilar eigentleg på at den britiske regjeringa verkeleg vil ty til inngrep eller direkte press når dei får tenkt seg om.

Det vekkjer også ein viss ettertanke å sjå kommentarar om at den anglikanske kyrkja etter nederlaget i generalsynoden har mista truverde i samfunnet, at ho har tapt moralsk autoritet, osb. Kyrkja har dessverre tapt både truverde, autoritet og menneske i mange tiår, og dette har heller ikkje stoppa opp etter at kyrkja opna for kvinnelege prestar. Det er i det heile vanskeleg å sjå at det eine eller andre vedtaket i synoden vil vera avgjerande for verken truverde eller tiltrekningskraft. Church of England har hatt og har utruleg mykje spennande og flott å by på. Men det større biletet har vore det same over fleire tiår og kan ikkje ignorerast: minkande oppslutning, krympande forsamlingar og kyrkjer som blir omgjorde til andre føremål.