![]() |
Ikkje alle ord er like stovereine (Foto: LA2, Wikimedia Commons) |
Dermed har ein av kommentatorane i
konservative The Telegraph laga ei miniordbok
over negative ord som blir brukt om kvinner, men i liten grad om
menn. Det er blitt artig lesestoff. Avisa oppmodar samstundes andre
om å senda inn fleire slike ord som blir brukt mot kvinner, og
ordboka veks. Mind your tongue, med andre ord. Eller: Vær forsiktig
lille munn hva du sier.
Sidan det ikkje berre er kvinner som
av og til har behov for å synast synd på seg sjølv, har eg tenkt å
gje ei hjelpande hand her. Nedanfor kjem ei lita ordbok over norske
ord - først negative ord som berre eller vanlegvis blir nytta om
menn, og deretter negative ord som berre eller vanlegvis blir nytta
om kvinner.
Mennene først
denne gongen.
Bajas. Har knapt høyrt dette
ordet om kvinner, og kan for så vidt skjøna det.
Fjompenisse. Vanlegvis nytta
om menn.
Gap. Eit flott ord, men
kanskje ikkje så vanleg i bruk lenger. Nynorskordboka
utlegg det som «tosk, narr», eller «uvørding; flåkjeft, slarvar;
skjemtegauk, speloppmakar». Sjå til å få det inn att i dagleg
bruk før det sjøldauar.
Gris, gjerne gammal. Det er
sjeldan å høyra at ei kvinne blir samanlikna med ein gris (no er
det sikkert mange som har gode forklaringar på kvifor det er
slik..). Og aldri har eg høyrt ei kvinne bli omtala som gammal gris.
Som kjent er referansen til høg alder her ikkje først og fremst
brukt for å seia noko om klokskap og livsvisdom.
Knark. Kan sikkert definerast
på litt ulike måtar, men du ønskjer han neppe som næraste granne.
Laban. Skriv seg frå eit
bibelsk mannsnamn, og blir i følgje Nynorskordboka brukt om «slapp,
uvørden fyr, lømmel».
Pusling. Liten og vesal fyr,
som ikkje heilt blir teken på alvor.
Rundbrennar. Berre brukt om
menn.
Skrue. Dette er ein luring og
ein snodig fyr. Han er gjerne litt vrang og har ein god del av
knarken i seg. Til no har eg aldri høyrt om ei kvinne at ho «var
ein god skrue».
Slask, slaur, slamp. Eit
heilt knippe sla-ord, vanlegvis reserverte for menn.
Svekling. Ofte brukt
nedsetjande om svake og umandige vesen av hannkjønn. Sjeldan om
kvinner.
Så til kvinnene.
Hespetre. Usympatisk dame
dette, og ei som ein helst vil sleppa å ha så mykje med å gjera.
Hurpe. Lite pent ord, og
berre brukt om kvinner.
Hyse. Det stemmer, ordet blir
brukt om ein fisk i torskeslekta. Men det blir òg nytta som
skjellsord om kvinner, sjølv om det kanskje ikkje er så vanleg i
denne tydinga.
Kjeftesmelle.
Sjølvforklarande ord. Neppe brukt om menn.
Megge. Lite fin
karakteristikk av kvinne. Ordet rakkar ned på både kropp og vesen.
Rossmor. Dialektord, og ikkje
særleg vanleg. Slik eg kjenner det, vert ordet brukt om ei morsk og
myndig kvinne. Kanskje ei som blir oppfatta som for
dominerande og «mandig» etter god skikk og bruk?
Skrulle. Skrullete kvinne.
Sugge. Lite fint dette ordet,
brukt om stor og tjukk kvinne.
Eg tvilar ikkje på at det er eit
litt ulikt preg på negative «kvinneord» og ditto «mannsord».
Inntrykket mitt er at kroppsfokuset er annleis, og kanskje sterkare,
når det gjeld kvinner. Men negative kjønnsspesifikke
karakteristikkar er ikkje eineståande for kvinner. Det finst
haugevis av slike ord og uttrykk om menn òg.
Forresten finst det òg positivt
ladde ord som er knytte til kjønn. Eg må tilstå at dei negative er
lettare å finna. Men om ein mann blir «pundus» brukt for å
fortelja at han har tyngde og autoritet, og at han er ein person som
blir lytta til. Eg veit ikkje om så mange kvinner ville lika å
høyra at dei har pondus. Motsett er «sterke kvinner» brukt svært
mykje og i positiv meining. Ordet «sterk mann» har ein dårlegare
ettersmak.
Mange takk for rossmor ! Har lurt på hvor begrepet pillefyken er hjemmehørende og om begrepet hanrei finnes i en feminin
SvarSlettversjon ?