![]() |
Ordet "fleist". Meir nynorsk enn Ivaren sjølv? (Foto: Carl Christian Wischmann, Wikimedia Commons) |
Forma "fleist" var nok det ordboka kallar ein hypernorvagisme:
hyper|norvagisme m1 feil språkform skapt ved at ein har prøvd å gje ho ein norsk dåm
fleist for "flest" er ein hypernorvagisme
Som kjent, har nynorsk diftongar i ein del ord der bokmål, eller i alle fall konservativt bokmål, brukar monoftongar: stein for sten, løysing for løsning og graut for grøt. Lista kan gjerast lang. Men sjølv om alle diftongane er ein vakker og klangrik del av det nynorske språket, har også monoftongane sin plass. Det heiter til dømes "flest" og ikkje "fleist".
Forresten heiter det heller ikkje på nynorsk beistemor. Skulle dette monsteret finnast, er det nok berre i fortvila sidemålsstilar og annan dårleg fantasy-litteratur.
Denne kommentaren har blitt fjernet av forfatteren.
SvarSlett