torsdag 11. september 2014

Kule ord (11): fleist

Ordet "fleist". Meir nynorsk
enn Ivaren sjølv? (Foto: Carl Christian
Wischmann, Wikimedia Commons)
Dette ordet er på sett og vis ikkje så kult, det er rett og slett feil. Interessant er det likevel. Det finst ikkje noko som heiter "fleist", i alle fall ikkje i standard norsk skriftspråk. Likevel dukka ordet opp i ein tittel i universitetsavisa På Høyden her om dagen: "Best kvalitet bør gi fleist plassar". Etter ei påminning frå ein av lesarane vart ordet retta til "flest".

Forma "fleist" var nok det ordboka kallar ein hypernorvagisme:

hyper|norvagisme m1 feil språkform skapt ved at ein har prøvd å gje ho ein norsk dåm
fleist for "flest" er ein hypernorvagisme


Som kjent, har nynorsk diftongar i ein del ord der bokmål, eller i alle fall konservativt bokmål, brukar monoftongar: stein for sten, løysing for løsning og graut for grøt. Lista kan gjerast lang. Men sjølv om alle diftongane er ein vakker og klangrik del av det nynorske språket, har også monoftongane sin plass. Det heiter til dømes "flest" og ikkje "fleist".

Forresten heiter det heller ikkje på nynorsk beistemor. Skulle dette monsteret finnast, er det nok berre i fortvila sidemålsstilar og annan dårleg fantasy-litteratur.

1 kommentar: