Viser innlegg med etiketten Høgtider. Vis alle innlegg
Viser innlegg med etiketten Høgtider. Vis alle innlegg

tirsdag 15. april 2014

David Camerons påskebodskap

Den britiske statsministeren David Cameron har like før påske ved tre ulike høve uttalt seg om den kristne trua, og om si kristne tru. Det er BBC som melder dette. Statsministerens påskehelsing på YouTube kan alle sjå sjølv (over). Her legg han vekt på kva kristne tru og kristne menneske gjer av gode ting i det britiske samfunnet, og trekkjer m.a. fram dei evangeliske alpha-kursa som blir haldne for fangane i fengsel - og for andre, for den saks skuld. Cameron legg òg inn eit ord for dei forfølgde kristne kringom i verda.

I følgje Bloomberg news service skal Cameron òg ha uttalt at hans "moments of greatest peace" kanskje er annankvar torsdagsmorgon under nattverden i St. Mary Abbots, kyrkja i London som er knytt til skulen der borna hans går. Cameron skal òg ha referert til "vår frelsar" i ei mottaking for kyrkjeleiarar.

Det kan innvendast at politikarar har taktiske motiv for å snakka om tru, det kan t.d. vera å sanka støtte i ei gruppe av samfunnet. Det kan sikkert vera tilfelle her òg, vi får jo tru ein toppolitikar veit kva han gjer når han sjølv har regien.  

Nokre vil òg vera kjappe med å stempla ein toppolitikar som snakkar om tru, som hyklar. Det kan vera rett. Like gjerne som det kan vera rett om deg og meg.

I utgangspunktet bør ein vera varsam med å døma så raskt, sjølv når ein vurderer politikarar. Eg synest det er både interessant og positivt at statsministeren i Storbritannia snakkar så ope om trua i eit land der menneske tradisjonelt gjerne er like reserverte på dette feltet som vi er her i Noreg. Tidlegare statsminister Tony Blair var òg kjent som kristen, og han har no i ettertid konvertert til den katolske kyrkja (for nye lesarar: den kyrkja der paven og Ulf Ekman frå før er medlemar). Samstundes er kommentaren frå Blairs rådgjevar Alastair Campbell eitt av dei godt kjende sitata frå britisk politisk liv: "We don't do religion". Det var den gongen Blair var statsminister og ein journalist stilte eit spørsmål om tru.

Britiske politikarar vil nok vera tilbakehaldne med å snakka om trua si òg i den næraste framtida, tippar eg. Men altså ikkje alltid. Siste ordet her skal David Cameron få, og sitatet er frå eit BBC-program i 2009:

"I believe in God and I'm a Christian and I worship - not as regularly as I should - but I go to Church."

lørdag 22. desember 2012

Gledeleg julehøgtid

Kyrkja på Meland, Nordhordland (Foto: Arve Kjell Uthaug)
Snart ringest jula inn. Kokeluren ønskjer lesarane sine ei gledeleg julehelg, og gjer det med den vakre julesalmen professoren, politikaren og språkmannen Elias Blix skreiv i 1875.

No koma Guds englar med helsing i sky.
Guds fred og velsigning dei bjoda.
No stig ifrå jordi ein helgasong ny,
som skal gjennom himmelen ljoda:
Guds fred og vel møtt,
du barn som er født!
Vår fredsfyrste høgt vere lova.

Til frelsa den fyrste er kåra og krynd
og komen til løysing og lukka
for menneskeborn som er fødde i synd
og alt uti vogga må sukka.
Guds fred med dei små
som honom fekk sjå!
Vår fredsfyrste høgt vere lova!

I djupaste mørker vart himmelen klår,
då stjerna av Jakob seg viste.
I hardaste vetter det grønkar av vår,
og fagraste knupp spring av kviste.
Guds fred og god jol
med sumar og sol!
Vår fredsfyrste høgt vere lova! 

Der ute er jordi så isande kald
og trei stend svarte i skogen.
Men Isai stuv, som til frelsa er vald,
skyt livskvisten fager og mogen.
Guds fred med den tein
av grønkande grein!
Vår fredsfyrste høgt vere lova!

No stjerna frå Betlehem lyser om land
frå høgsal til armaste hytta.
Det ljosnar så vent over dalar og strand
der inn hennar strålar få glytta.
Guds fred over mold!
Vår sol og vårt skjold,
Vår fredsfyrste høgt vere lova!

No ljodar ein lovsong frå alle Guds born,
på alle folks tunger dei kveda.
Så vide som klokkone tima frå tårn,
stig tonar av hugnad og gleda.
Alt kling som i kor:
Guds fred over jord!
Vår fredsfyrste høgt vere lova!

Lat gjetordet ganga frå grend og til grend,
så vida som tunga kan mæla,
om Sonen som er oss frå himmelen send
all verdi til siger og sæla!
Syng ut i kvar bygd:
Guds fred ifrå høgd!
Vår fredsfyrste høgt vere lova!

Den freden meg fylgje frå vogga til grav,
meg hugge i såraste suter!
Så seier eg når eg frå verdi fer av
og døyande hovudet luter:
Guds fred og farvel!
No sovnar eg sæl.
Vår fredsfyrste høgt vere lova!