Viser innlegg med etiketten EU. Vis alle innlegg
Viser innlegg med etiketten EU. Vis alle innlegg

fredag 30. september 2016

Kule ord (32): "demosphobia" (folkeforakt)

VOTE LEAVE: Eit folk som er frekt nok til å seia meininga
si når det blir spurt (foto: DAVID HOLT, frå Wikimedia Commons)
Dagens kule ord er henta frå engelsk, "demosphobia". Det har falle mange i den britiske eliten tungt for bringa at fleirtalet i folket var så uregjerleg forvorpne at dei røysta nei til vidare medlemskap i EU. Tenk å gjera noko slikt, når dei styrande endå til hadde vore så sjenerøse at dei gav folket lov til å seia meininga si.

Eg snubla over ordet i artikkelen Arise, Sir Snob Geldof i det konservative britiske tidsskriftet The Spectator. Her raljerer skribenten Brendan O'Neill over den forakta for vanlege folk som mange i den britiske eliten viser. Demosphobia blir utdjupa som "a borderline Victorian agitation with the pig-ignorant pleb who is madly trusted with making big political decisions about things like the EU". O'Neill meiner Brexit-røystinga i Storbritannia har fått fram og styrka den gamle, historiske forakta for vanlege folk og deira påståtte ufornuftige fakter.

Skulle eg koma med eit norsk motstykke, ville eg gått for "folkeforakt".

fredag 1. juli 2016

Loftsrydding utanfor unionen

Frå EU-kampen i 1994 (Foto: Arve Kjell Uthaug)
Det var ikkje berre i Brexit-debatten i Storbritannia det kunne gå ei kule varmt. Dei to flygeblada til høgre dukka opp under sommarens loftsrydding her i heimen, og skriv seg frå den norske striden om medlemskap i EU (EF) i 1994.


Fremskrittspartiets Ungdom kvidde seg ikkje for å trekkja linjene frå nei-sida i den norske europadebatten tilbake til nazistane under krigen. Dei laga eit flygeblad, eller ein mini-plakat, med tittelen NASJONAL SAMLING. Av dei små bokstavane nede på arket går det fram at samlinga er mot EF, og partitoppane Anne Enger Lahnstein (Sp) og Erik Solheim (SV) er avbilda saman med den ytterleggåande innvandringsmotstandaren Arne Myrdal. På baksida av plakaten blir det slått fast at "kommunistene vil slåss for Lahnstein som statsminister" og "Myrdal og rasistene oppfordrer deg til å stemme på SP". Her er eit litt lengre utdrag frå teksten:


NEI-kameratene maner til nasjonal samling mot EF-medlemskap. Med proteksjonisme, fremmedfrykt og egoisme, går korstoget inn i menneskesinnets skyggeside.


Med visjonsløst preik om krumming av agurker og spredning av myter om svenskeunionen, splittes folket og debatten forflates. Forførende folketalere samler nasjonale sosialister, og gir begreper fra en svunnen tid ny mening.


Antidemokratene kjører hyklerske angrep på Europatilhengere for EFs "demokratiske underskudd", mens Anne Enger og Erik sjøl vil nekte folk å bestemme i en folkeavstemning.


Så langt dei ivrige EU-tilhengjarne og framandfrykt-refsarane i Fremskrittspartiets Ungdom. Det siste avsnittet over referer sjølvsagt til at dei to partileiarane Lahnstein og Solheim ikkje utan vidare ville bøya seg for eit knapt ja i ei folkerøysting om EU. Heldigvis vart det nei-fleirtal, så politikarane slapp å ta stilling til eit knapt ja. Det langt meir edruelege flygebladet frå Europabevegelsen og Europeisk Ungdom med tittelen "Farlig begjær" var òg provosert over dei to partileiarane. På baksida av flygebladet heiter det m.a.:


På Stortinget finnes det to partier som vil angripe retten din til å bestemme. Senterpartiet og SV har bestemt at de selv skal tolke resultatet av en folkeavsteming om EF. Her er vårt tips til deres analyse: Nei blir nei og ja blir nei.


Så langt dette valmaterialet frå EU-kampen i 1994. Det var sikkert tilsvarande friske fråspark frå nei-sida, men dei dukka ikkje opp på loftet mitt i denne omgangen.


Forresten skal det ha vore endå livlegare i 1972.