Viser innlegg med etiketten Andreas Lavik. Vis alle innlegg
Viser innlegg med etiketten Andreas Lavik. Vis alle innlegg

lørdag 21. juni 2025

Eit halvt liv, og vel så det

Forfattaren Per Sivle
(foto: Mittet & Co. AS,
frå Wikimedia Commons).

Dei mjuke ord frå mor sin song ved vogga, og vesle lerka med sin gladaste song. Per Sivle skreiv om dette, men i hans eige liv drukna dei varme og glade tonane til slutt i ein mørkare melodi. 

Per Sivle døydde i 1904, då var han 47 år gammal. Han hadde skrive forteljingar, humoristiske "stubbar" og arbeidarromanen Streik. Som redaktør av Kristianiaposten og Buskeruds Amtstidende skreiv han artiklar og innlegg om dagsaktuelle spørsmål. Ikkje minst forfatta han dikt. "Den fyrste song eg høyra fekk" er ein kjær del av den felles norske songarven. Mange har òg sunge med i den glade visa om "vesle lerka".

PÅ LIVSENS HAV. Sivle har ingen tekstar i den salmeboka som i dag er brukt i Den norske kyrkja, men i Nynorsk salmebok fekk han i si tid skotuppen innom med ein salme som står under Bot- og bededag:


Eg stemner fram på livsens hav,

det er som på ei opi grav,

med stormens velde frodar;

mitt segl er rive, styret fast,

og riggen fallen, knekt mi mast,

og land eg ikkje skodar.


Og slik held det fram. Det er veike vona mot dei knusande kreftene. Salmen er eit ope spørsmål om kven som vil vinna til sist. Men vona er der. 

DEN EINE SOM LEVDE. Vesle Per fekk ein vanskeleg start i livet. Mor hans var tenestejenta Susanna, faren var hestehandlaren Eirik. Sivle vart til før dei to var gifte. I Eit halvt liv - ein biografi om Per Sivle (Oslo, 2007) fortel forfattaren om korleis broren henta Susanna frå Stalheim til Flåm då ho skulle føda. Foreldra hennar ville ikkje ta imot henne, men ei tante og ein onkel ville. Det var på vinterstid, og ferda gjekk over isen på fjordarmane i Sogn. På denne turen prøvde den fortvila Susanna å gjera det slutt med å kasta seg i ei open råk i isen. Broren berga henne, og med henne vesle Per som ho bar i magen. 

Skjønt, fleire måtte hjelpa til. Det vart tvillingfødsel, og det såg ut til at ingen av dei to gutane ville greia seg, men jordmora klarte å kjempa liv i den eine. Det var vesle Per. Forteljinga om mor hans, Susanna, er sterk og gripande. Etter fødselen vart ho gift med Eirik. Innanfor ein periode på berre to og eit halvt år hadde Susanna tre tvillingfødslar. Alle seks borna var gutar. Per var den einaste av dei som levde opp. 

Då Susanna døydde, var Per berre to og eit halvt år. Heile livet insisterte han på at han likevel var i stand til å hugsa mor si. Som vaksen skreiv han om det han mintest frå dødsdagen, og at han hadde sett det blåaktige nålyset, som varsla død. 

Livet hans vart sjølvsagt dramatisk endra etter at mora døydde. Faren var hestehandlar og dermed på reisefot. Sivle budde resten av oppveksten sin i tre ulike fosterheimar. Mange år seinare, ikkje lenge før Sivle sjølv gjekk bort, skreiv han diktet "Gøym meg, Mor!":


Og Menniskja vankar so vida ikring,

og kvar ho so gjeng, ja, so gjeng ho i Ring.

Og naar ho so eingong fyr Aalvor vert trøyt,

og alting er freista, og alting er nøytt,

so ligg ho og maular og veit inkje meir

enn berre ei Længting som Fugl til sit Reir:

"Mor, Mor, gøym meg, Jord!"


BOKA OM SIVLE. No bør det skytast inn at dette ikkje berre er ein artikkel om Per Sivle, det er ei bokmelding av Eit halvt liv - ein biografi om Per Sivle av Alfred Fidjestøl. Kanskje det er litt seint å melda ei bok som kom ut i 2007. Men eg synest det gjev meir meining å melda ei interessant gammal eller halvgammal bok enn ei uinteressant ny.

Fidjestøl har skrive ein glimrande biografi om Sivle. Vi får innblikk i eit vanskeleg liv, og vi møter ei tid som var svært ulik vår tid, men der samstunds mykje av det vi tek for gitt, vart forma. Boka kjem nær nok til å vekkja medkjensla med Sivle. Ho trekkjer seg samstundes respektfullt unna, slik at vi får eit eit større overblikk. Vi ser ikkje berre Sivle, vi ser òg dei ikring han og litt av deira perspektiv. 

Det er tydeleg at det finst eit stort og variert kjeldemateriale, og filosofen og journalisten Fidjestøl handterer materialet som ein god historikar. 

PÅ SKULEVEG.  Ein kan undra seg over kva Sivle ville vore utan skulane og utdanninga. No vart det aldri noka høgare universitetsutdanning på han. Han måtte avbryta den. Evnene var der, men helsa ville ikkje. Det er uansett slåande kor viktig utdanninga var i livet til den evnerike bygdeguten. 

Faren kjøpte bøker til Per, mellom anna om norsk historie. I den fosterheimen der han budde lengst, hjå haugianarparet Brytteva og Bottolv Brekke, vart han òg kjend med sonen i huset, Olav. Dei første skuleåra gjekk Per på omgangsskule, der elevane møtte til undervisning i stovene på ulike gardar. No var det temmeleg ymse med skulestellet i denne tida, og Fidjestøl refererer til frustrasjonane frå ein av omgangsskulelærarane i Vossetraktene. Han skulte på ein gard der det nyss var kome både ein baby og ein grisunge: 

"Husmori gjekk som vanleg ut og inn, og rett som det var, skreik baade barnet og grisungen av alle livsens krefter, medan ho som skulde sjaa til deim var ute. Eg laut difor ofte baade vogga og stella med grisen samstundes som eg skulde undervisa borni".

Kva klagar dei etter, lærarane i vår tid.

I omgangsskulen hadde Per forsterbroren Olav Brekke som lærar, og han ser ut til å ha vore ein god hjelpar for den gløgge ungguten. I 1872 hamna Per på folkehøgskulen i Sogndal. Skulen vart styrt av Jakob Sverdrup, som seinare skulle bli kyrkjeminister i regjeringa til onkelen Johan Sverdrup, og etter kvart eit ynda hatobjekt for den radikale delen av den store venstre-alliansen. 

Per drog til hovudstaden Kristiania for å studera, som så mange andre glupe bondegutar, men helsa sette etter kvart ein stoppar for planane. 

Gjennom utdanningsåra i Sogndal og Kristiania vart han kjent med mange som  spela viktige roller i samtida og ettertida. Den seinare biskopen Bernt Støylen var ein av dei. Støylen introduserte dessutan Sivle for Anders Hovden, presten og salmediktaren som vart ein trufast ven og våpendragar for Sivle gjennom livet. Den seinare indremisjonshovdingen Andreas Lavik, og bror hans Johannes, vart han kjend med i Sogndal. Lavik gav ut den tidlege diktsamlinga Digte, pietistiske dikt som Sivle seinare tok avstand frå. Vossingen Johan Seckmann Fleischer var ein annan av Kristiania-venene. Fleischer var modell for hovudpersonen i Hans Jægers Fra Kristiania-bohêmen og levde eit dandy-liv fram til han skaut seg. I hovudstaden møtte Sivle Ivar Aasen og eventyrsamlarane Peter Chr. Asbjørnsen. Mange fleire kontaktar og vener kan nemnast. Norge var eit lite land, endå meir då enn no. 

Tida i Danmark på Askov Højskole var òg viktig. Askov var ei høgborg for den danske grundtvigianismen, og der møte Sivle henne som skulle bli kona hans, skispreiardottera Wenche Nilsen frå Bergen. Utdanninga dreiv Sivle til nye stader. Det gav den halvt foreldrelause bondeguten med eit vanskeleg forhold til faren nye vener, nye tankar og nye nettverk.

EIT POLARISERT NORGE. Dei som synest den offentlege samtalen i vår tid er for polarisert, burde teke ein snartur tilbake til Norge på slutten av 1800-talet. Midt på 1880-talet hadde den breie venstrealliansen vunne gjennom med prinsippet om parlamentarisme. Makta skulle liggja i Stortinget, og regjeringa skulle basera seg på tillit i Stortinget. Men deretter sprakk den breie politiske alliansen. Det moderate venstre hadde sin bastion på Vest- og Sørlandet, og vart støtta oppe av den kristne lekmannsrørsla. Etter kvart var det denne gruppa i Stortinget helten frå kampen om parlamentarismen, Johan Sverdrup, baserte seg på. Brorsonen Jakob var med som kyrkjeminister. Det reine venstre vart etter kvart den dominerande etterkomaren etter den breie alliansen. Til tider var det ein kulturkrig mellom moderate og reine, sjølv om grenselinene ikkje alltid var like klare. Det tredje partiet, Høgre, var eit meir stabilt element. Nye politiske saker kom etter kvart i framgrunnen, slik som spørsmålet om utviding av røysteretten, arbeidarane sine kår og unionen med Sverige. 

Frontane var kvasse. Dette var tida for dei store folkemøta, folkerørslene braut seg fram, dei store kulturpersonlegdomane (som Bjørnstjerne Bjørnson) stod på pidestall - og ikkje minst voks det fram ein stor flora av aviser med eit glødande politisk engasjement. Pride-marsjar var dei forskåna for i dei dagane, men hovudstaden opplevde konkurrerande 17.-maitog med klar politisk bodskap. Per Sivle vart kalla til redaktør for Kristianiaposten, ei regjeringstrugen og moderat avis som støtta sverdrupane. Dermed vart diktaren frå Vossestrand ei skyteskive for Reine Venstre sine mange agitatorar.

TO UTGÅVER AV SAME MANNEN? Sivle kunne skriva og setja på trykk radikale dikt i Kristianiaposten. Men som redaktør forsvara han samstundes ei moderat og varsam linje i politikken. Det resulterte i avispolemikk og æreskjelling. Ein av kritikarane snakka om "Hr. Sivles to Bevidstheder" og meinte dikta uttrykte Sivle sine inste tankar, medan han som avisredaktør agiterte for det han var betalt for. Så kanskje var redaktørjobben, med det tiløyrande forsvaret av sverdruplinja, noko han gjorde for å skaffa eit levebrød til seg og ektefellen Wenche? 

Sjølv protesterte Sivle mot påstandane om at han ikkje meinte det han målbar som redaktør. 

Fleire av dei som prega han i dei tidlege åra, vart moderate venstremenn. Sett i lys av det Sivle skreiv i åra etter redaktørtida, meiner Fidjestøl at han gjekk gjennom ei reell politisk radikalisering etter kvart. Sivle var i så fall ikkje den einaste. Det låg i tida. Eit anna døme er den pietistiske ungdomsvenen Andreas Lavik, som vart politisk radikalisert rundt 1890, medan Sivle framleis slåss for den moderate linja på redaktørplass i Kristianiaposten. 

Fidjestøl ser likevel ikkje seinare radikalisering som heile forklaringa. Han konkluderer med at det må ha vore "eit reelt avvik mellom det Per Sivle skreiv i Kristianiaposten, og den politiske lina han eigentleg stod for" (s. 322). Sivle-biografen ser likevel ikkje dette som hykleri, men forklarar det med den sterke vekta personleg lojalitet hadde for Sivle. Han "sette lojaliteten til Johan Sverdrup høgare enn lojaliteten til Sverdrups politiske prosjekt". 

På den måten bergar Fidjestøl Sivle sitt ettermæle som redaktør, på sett og vis. Sivle hadde inst inne meir av dei radikale haldningane, dei haldningane som den norske historieforteljinga i ettertid har kanonisert. Og personleg truskap og lojalitet er jo ikkje dei dårlegaste eigenskapane eit menneske kan ha. Her kan ein sjølvsagt lura på om biografen endar på ei for Sivle-venleg tolking, men eg synest drøftinga i boka argumenterer godt for konklusjonen. 

No er det heller ikkje som redaktør Sivle har levd vidare i ettertida, og det var heller ikkje politisk polemikar han først og fremst var. Det var poet og forfattar han ville vera. Sjølvsagt var det ikkje tette veggar mellom politikk og poesi heller. Dei nasjonale dikta han skreiv var del av ei mektig og brei bølgje som gjekk over landet desse åra - kall det fedrelandskjærleik, eller kall det nasjonalisme. Her passa Sivle inn, og han vart ein nasjonal skald. 

SISTE MOTBAKKEN. Men han skreiv òg om andre ting. Dikta kunne vera sterke og personlege. Den gode tida på Askov i Danmark hadde han skrive at "Livet, det er daa det likaste, lel". Hausten 1890 skreiv han eit isnande sjølvmords-dikt: "Dødsdom er falden og ei appelleret, Dommen just nu exekveret".

Sivle hadde eit vanskeleg liv, det skjønar vi godt av biografien. Det gjekk nedover med han etter kvart. Sjukdom, alkohol og pengesorger gjorde livet tungt. Diktaråra var i fer med å tørka ut. Han sleit med å syta for sin eigen vesle familie økonomisk og levde i lange periodar borte frå kona og dottera. 

I september 1904 tok han sitt eige liv i hovudstaden Kristiania. Han etterlet seg den trufaste og engasjerte kona Wenche og dottera Sussi. 

Tittelen på boka vekkjer ettertanke: Eit halvt liv. For eit liv er no det det er, og det er levd så mangslags liv. Eg skjønar tanken bak tittelen, det gjer forfattaren greie for, og det er ei treffande formulering. Likevel smakar det ikkje heilt godt å gjera menneskeliv om til brøk.

Biografien om Per Sivle er det i alle fall ikkje noko halvt over, det er eit heilstøypt arbeid.


lørdag 27. november 2021

Predikantkammerset

Ei kvitmåla stove med ei raud, lita løe rett bortom og ein steinmura dokjellar imellom. Huset attmed vegen på Brakstad skil seg ikkje så mykje frå mange andre småbruk på strilelandet ved første augnekast. Men det har eit rom som ikkje alle andre har.

Nora kammerset på Brakstad står som eit lite utstikk på kortsida av huset, og det har ein tvilling i sør. Men det var kammerset i nord som var predikantkammerset, eller «profetrommet», som dei sa sånn halvt på spøk. Berre ei dør skil rommet frå stova i huset, og kammerset er ikkje stort: 250 x 170 cm. Taket er skrått, og rommet har eit lite glas som vender ut mot vegen og jordet. Ein gong stod det ei seng og eit bord her.

Når lekpredikantane, emissærane, kom til bygda og skulle halda møte på bedehuset på Tveiten, var det her på dette kammerset dei budde, hjå Elsa og Andreas og dei tre borna deira på Brakstad. Ein av dei tre, Arnt Svein Brakstad, tek oss med inn i predikantkammerset og gjev oss ein gløtt inn til dei omreisande forkynnarane som kom til denne bygda på Holsnøy på 1950-talet. Brakstad vart fødd i 1945, og i 1961 flytta han heimanfrå for å gå på indremisjonen sin folkehøgskule på Frekhaug.

Arnt Svein Brakstad på
 predikantkammerset heime
på garden på Brakstad
(foto: Arve Kjell Uthaug).

Frekhaug var tradisjonelt ei høgborg for indremisjonen, og Tveiten var heller ikkje noko dårleg område. Rundt om i Nordhordland fanst det i dei fleste bygder små eller større «veneflokkar» som søkte saman i eit religiøst fellesskap som vaks fram nedanfrå i samfunnet. Dei omreisande predikantane knytte desse gruppene saman til eit nettverk. Jamt over kom emissæren frå same lag av folket som dei han, eller sjeldnare ho, tala til, og dei snakka same språket. Her stod bonden, fiskaren, fabrikkarbeidaren og ferjebillettøren på talarstolen. Ein var «fritidspredikant», ein annan kombinerte predikantgjerninga med eit anna yrke, ein tredje kunne vera fulltidstilsett i kristen samanheng. Desse omreisande preikarane var nøkkelpersonane i dei fleste av dei religiøse vekkingane som la til nye personar og utvida veneflokkane.

Det var predikanten som forkynte Guds ord på møta.

Hans Nielsen Hauge blir ofte rekna som den første av dei omreisande predikantane her til lands. I alle fall er han den mest kjende. Hauge vart fødd for 250 år sidan i år, og han hadde si livsforvandlande gudsoppleving ute på marka heime i Østfold. Etter han følgde det mange andre. Nokre av desse budde på predikantkammerset på Brakstad og heldt møte kveld etter kveld i bedehuset på Tveiten. Då hadde allereie Lars i Njøtæ rodd rundt i fleire tiår og halde oppbyggjelege samlingar på strilelandet. Han var ein original, nesten som ein maskot for bedehusfolket. Og nokre år før Lars for første gong duppa åreblada sine sjøen for Herrens store sak, gav Andreas Lavik seg over til Gud på høyloftet heime på Lavik i Eksingedalen. Han vart både storpreikar og stortingsmann, og han var frontfiguren for indremisjonsfolket då dei slutta seg saman i eit vestlandsk forbund.

Andreas Lavik og Lars i Njøtæ var på mange måtar ulike, men dei var to lekpredikantar frå Nordhordland som sette djupe spor. Dei fleste predikantane var likevel meir alminnelege. Ein del av dei sat på kammerset på Brakstad og førebudde preikene sine til bedehusmøtet om kvelden.

 

«Her er berre skikkelege folk, og her er alle like»

Frå boka Kristenliv i Bjørgvin (Jakob Straume, 1952, s. 249)

 

- Her er berre skikkelege folk, og her er alle like. Slik skal ein gammal mann på Atløy lenger nord på Vestlandet ha uttrykt sin urolege skepsis då emissæren kom med båt til bygda for å ha møte. Slik gav han ord til samhaldet i det gamle samfunnet, kanskje òg det religiøse konformitetspresset. Alle var jo døypte, nesten alle høyrde til statskyrkja og nesten alle såg på seg sjølve som kristne. Den kristne lekmannsrørsla utfordra denne konformiteten, og dei omreisande predikantane var sjølve urokråkene.

Dei kom med liv til bygdene, vil nokre seia, og det er ingen tvil om at mange opplevde bodskapen deira frigjerande, og at det utløyste kreativitet. Andre opplevde det stikk motsett, og la gjerne vekt på at dei splitta bygdesamfunn i eit «innanfor» og eit «utanfor». I delar av skjønnlitteraturen vart predikanten karikert inntil det hatefulle. Sjølv ville predikantane vore samde med mannen frå Atløy i ein ting: Vi er eigentleg alle like. Høg og låg, prest og bonde, alle var syndarar og trong omvending. Skikkelege, derimot, var det verre med - så lyst såg dei ikkje på mennesket sin situasjon. Bodskapen deira var enkel og klar: Omvend deg og ta imot Jesus så du ikkje skal gå fortapt.

Dermed vart predikanten òg ei urokråke som ofte førte med seg nye spenningar – mellom bedehusfolk og prest, mellom omvende og uomvende, mellom ungdomshus og bedehus. Urokråker er gjerne fargerike og forskjellige, og slik var det ofte òg med desse Guds ords omreisande forkynnarar.

 

«Ungdomslaget hadde si eiga 17. maifeiring, bedehuset hadde ei anna»

Arnt Brakstad om bygda Tveiten fram til rundt 1980

 

Då Arnt Brakstad vaks opp, var ungdomshuset og bedehuset på mange måtar motpolar i bygda.

- Her var heilt klart ei delt bygd. Ungdomslaget Von på Tveit hadde hus rett nedanfor bedehuset. Det var to heilt forskjellige miljø. Dei hadde si eiga 17. maifeiring, bedehuset hadde ei anna. Det var ingen som gjekk hjå kvarandre.

Brakstad fortel at nokre familiar feira 17. mai med leikar og fellesskap utanfor bedehuset, andre familiar feira nasjonaldagen utanfor ungdomshuset. Om kvelden var det gjerne revy på ungdomshuset og fest på bedehuset. Då Brakstad seinare kom tilbake som rektor på Vestbygd skule frå 1976 til 1986, hugsar han godt at dei for første gong fekk til å ha felles 17. maifeiring for heile krinsen på skulen.

- Det opplevde eg som ganske unikt, og det hadde eg ikkje trudd kom til å skje at dei kunne koma saman med leikar og anna på skuleplassen der, slår han fast.

 

«Nu kommer de ikke som en fredens engel, men som en forstyrrelsens!»

Andreas Lavik fortel korleis presten Hammer møtte han i Indre Holmedal (brev til broren Johan Lavik i 1881)

 

Om det var spenningar i bygda mellom bedehus og ungdomshus, minnest Brakstad at det var eit godt samarbeid mellom kyrkja og indremisjonen. Lenge var også presten ein mann du sjeldan såg i bygdene på Holsnøy. Han budde i Alversund og kom reisande til øya når det skulle haldast gudsteneste. Kanskje gjorde dette at det lekmannsstyrte kristenlivet som vaks fram nedanfrå, vart ekstra sterkt. Brakstad fortel at indremisjonsfolk sat i soknerådet, og presten vart brukt som talar på bedehuset. Mange stader var det nært samarbeid mellom prest og lekfolk, og teologar fekk viktige posisjonar i den organiserte lekmannsrørsla.

Andrea Lavik, "en forstyrrelsens engel" 
frå Eksingedalen (Foto: Stortingsarkivet).


Andre gonger var det rivingar. Generelt var indremisjonen på Vestlandet friare og striare i møtet med statskyrkja og embetssystemet enn det den hovudstadsbaserte indremisjonen var. Dette var noko av bakgrunnen for at vi enda opp med to organisasjonar som delte indremisjonen i Norge mellom seg: Indremisjonsselskapet med sete i hovudstaden, og Det Vestlandske Indremisjonsforbund med sete i Bergen.

Lekpredikantane braut med eit åndeleg leiarmonopol som prestane hadde hatt i lokalsamfunna gjennom fleire hundreår. Enkelte gonger vart det både maktkamp og mistru. Den unge forkynnaren Andras Lavik frå Eksingedalen i Nordhordland opplevde dette då han kom på preikeferd til Indre Holmedal i Sunnfjord i ein fase der indremisjonen var på veg over frå meir uformelle nettverk til organiserte lag eller foreiningar. Det er Lavik sin versjon av konfrontasjonen vi har, slik han fortalde om det i eit brev til broren Johan i 1881:

Den velkomsthilsen, jeg fik af presten Hammer, lød: «Nu kommer de ikke som en fredens engel, men som en forstyrrelsens!» (…) Sagen er nemlig den, at da han ikke kunde faa den gamle indremissjonsforening nedlagt og forpurret, saa oprettede han sammen med nogle andre en ny forening, men adskillige af de fornæmste i den er saadanne, der før har været de bitreste fiender af deslige virksomhed. Nu forlanger de, at man uden videre skal nedlægge den gamle virksomhed og overlade hele sagen i deres hænder.

 

«Efter dette maa Hr. Lavik selvfølgelig være færdig som offentlig Mand»

Dagbladet om predikant og stortingsmann Andreas Lavik

 

Denne Andreas Lavik (1854-1918) frå Nordhordland var ein av dei mest ruvande lekpredikantane på Vestlandet gjennom tidene. Bondesonen frå Lavik i Eksingedalen var nest eldst av fem brør. Dei var litt av ein gjeng: eldstemann Andres vart stortingsmann og bonde, nestemann – vår Andreas – vart stortingsmann og indremisjonsleiar, Johannes grunnla og vart redaktør i avisa Gula Tidend, Johan vart sokneprest, Dore vart teaterleiar og skodespelar.

Går ein vidare og tek med neste generasjon, ser ein at det gjerne dukka opp ein Lavik i dei store nye tiltaka som den vestlandske indremisjonsrørsla tok fatt med i den kreative og offensive fasen på slutten av 1800-talet og inn på 1900-talet: Andreas var altså den sentrale leiarfiguren då indremisjonen organiserte seg i ein samskipnad for heile Vestlandet, sonen Johannes vart den første redaktøren i avisa Dagen og brorsonen Nils vart første stortingsmann for Kristeleg folkeparti. Lavik-familien var det næraste du kom eit familiedynasti i den vestlandske lekmannsrørsla.

Som for så mange i denne folkerørsla, gav sjølve omvendinga tydeleg retning til resten av livet for Andreas. Som ung mann gjekk han heime på garden og opplevde indre ufred og strid. Han var komen bort frå den inderlege kristentrua foreldra hadde oppseda han i, og han var på kant med bodskapen som vart formidla av forkynnarane som gjesta heimen. Andreas var ein plaga mann, og sonen skriv at han i denne tida gjekk så langt at han «at han pisket sin egen rygg for at bli skikket for Guds rike». Ein haustdag toppa det seg etter at han hadde lese forteljinga om den bortkomne sonen i Lukas 15, og brorsonen Nils Lavik rapporterer, nokså nøkternt: «Jubel vart det ikkje; men han fekk fred».

På 1870- og 1880-talet var Lavik lekpredikant i både i Bergen by og på reiser andre stader. Etter kvart vart han òg trekt inn i politikken, og kom inn på Stortinget for Moderate Venstre i perioden 1889-1891. Dette var ein kristenfløy av det store og breie partiet Venstre, eit parti som hadde gått i oppløysing etter at den politiske parlamentarismen var kjempa fram. Lavik må ha vore ein politisk sett uferdig mann då han kom inn på Stortinget. Dei tre åra på tinget vart han radikalisert, glei bort frå det partiet han var valt inn for, og kom i klabeit med den mektige Lars Oftedal, som var ein leiarfigur både i Moderate Venstre og lekmannsrørsla på Vestlandet. Ei av sakene der Lavik markerte fellesskapet med dei radikale, var gjennom støtta til røysterett for kvinner i stortingsdebatten i 1890. Kanskje var det likevel ikkje den politiske utviklinga som var tyngst å svelgja for dei som hadde valt han. I 1891 vart Lavik alvorleg sjuk. Kona Margrethe kom over til hovudstaden for å pleia han, og to av brørne hjelpte til. Etter å ha søkt råd hjå meir røynde folk sende han inn pleierekning med forklaring. Finansdepartementet dekte berre delar av rekninga. Vi har all grunn til å rekna med at Lavik handla i god tru. Men saka vart ein offentleg skittentøyvask som skandaliserte han, og Dagbladet slo fast at han etter dette sjølvsagt måtte vera ferdig som offentleg mann.

Ferdig med politikken var han. I fleire år var han òg utestengt frå talarstolane i lekmannsrørsla. På slutten av 1890-talet vart det likevel forsoning med indremisjonsvenene, og forbausande raskt vart Lavik den samlande leiaren for indremisjonen på Vestlandet. I 1898 vart han den første sekretæren (generalsekretæren) i Det vestlandske indremisjonsforbund.

 

«Velsigna band som bind Guds folk i saman her»

(Frå ein bedehussong omsett av Trygve Bjerkrheim i 1951)

 

Predikantane som budde på Brakstad tala på møte om kvelden på bedehuset på Tveiten. Stort sett kom dei frå Misjonssambandet og indremisjonen. Vanlegvis kom dei for ei veke, men tida kunne bli utvida til to eller tre veker om det kom mykje folk. Arnt hugsar ikkje at han kvidde seg for å dela hus med nokon av dei som kom. Men det var temmeleg lydt mellom stova og predikantkammerset. Arnt likte forresten å vera tidleg oppe om morgonen og lytta til radio Luxembourg, og han måtte nok passa volumknappen.

Nokre av predikantane dreiv gard om sommaren og reiste som forkynnarar om vinteren. Arnt hugar at Magnus Herfindal frå Vaksdal var ein av dei som tydelegvis var van med gardsarbeid. Han tok eit tak på Brakstad og hjelpte til med veden:

- Han var så sterk, han tok stokkane og lempa dei av garde, fortel Arnt og minnest ein roleg kar med grov stemme. Dette med stemmebruken kunne det no vera litt ymse med når forkynnarane kom på talarstolen.

- Når dei sto på talarstolen, la dei kanskje litt om til sånn taleform. Men Herfindal, sånn som eg hugsar han, snakka liksom heilt vanleg på talarstolen på møte òg, slik han gjorde elles.

- Var det nokon andre av desse predikantane som gjorde spesielt inntrykk på deg?

- Då må eg nesten ta fram ho Laura Fagerli. Ho var den første dama som eg kan hugsa reiste rundt som predikant. Ho var ei veldig myndig og bestemt dame, ein sjølvstendig type, minnest Arnt. Han hugar òg at nokre av predikantane hadde med seg instrument som dei spelte på.

 

«Blomane i bestestova hans far»

Tittel i boka Lars Njøten (Johannes Kvalheim, Bergen 1950, s. 102)

 

Truleg var ikkje Lars Johannessen Njøten (1867-1953), han Lars i Njøtæ, innom hjå Elsa og Andreas på Brakstad. Arnt har i alle fall ingen minne av det. Men Lars fór rundt og heldt møte på Strilelandet i over femti år. Han fiska, dreiv småbruk og reiste med Guds ord. Lars var ein original. Han har til og med fått sin eigen vesle biografi, og det er ikkje ein kvar lekpredikantar forunt. I boka Lars Njøten står han Lars fram som mild, gudfryktig - og rotekte som ein sprakebusk på strilelandet.

Småbrukaren, fiskaren og lekpreikaren Lars frå Njøtæ
fekk sin eigen biografi, som selde godt. (Annonse frå
Dagen 21. desember 1950).


Det lever enno menneske som hugsar at han møtte borna med helsinga om at dei var blomane i bestestova til Vårherre. Lars heldt seg ikkje berre heime i Njøtæ og på Austrheim. Rett nok var han på ein måte ein mann som høyrde gamletida til. Han ville helst gå til fots, bilen var han mindre fortruleg med. Til sjøs fór han gjerne med årar og segl, eller med rutebåten. Med reisinga si på kryss og tvers, ikkje minst i ytre Nordhordland og Masfjorden, var han ein av mange lekpreikarar som batt saman og gav kraft til det som kanskje er den sterkaste og mest varige folkerørsla dette landet har sett. Inga anna folkerørsle nedanfrå i samfunnet har reist så mange hus som den kristne lekmannsrørsla gjorde med sine mange bedehus. Berre i det som inntil nyleg var Meland kommune, står det framleis ni hus som er eller har vore i bruk som bedehus – og då er ikkje pinsevenene sine hus rekna med. Kanskje er det heller ingen andre folkerørsler som har forandra retninga på så mange enkeltliv, men det er langt vanskelegare å måla.

Lars i Njøtæ måtte ut. Av og til drog han ein stad og bad inn til meir enn vanleg møte. Då var det «fest» med mat og triveleg samvær attåt gudsordet. Denne typen fest var den gongen ei eiga samværsform i lekmannsrørsla. Biografen hans fortel om fleire slike festar som Lars i Njøtæ stelte til, og han kvidde seg ikkje for å gjera stas på utkantane, slik som på denne turen inn i Masfjorden:

Ein annan gong for han til Kringlen og hadde fest. Ola Ådnekvam var med. Kringlen er ein liten gard omlag 1 mil opp frå Solheim i Masfjorden. Noko mat vart det att der og. Lars tok maten med seg. Då dei rodde ut fjorden, gjekk dei i land i Stegalvik – ein einbølt gard lenger ute i fjorden. Ola Stegalvik stod og laga til ei hes då dei kom. – Det er truleg den einaste festen som har vore der. (Lars Njøten av Johannes Kvalheim, 1950, s. 87)

Eg veit ikkje om det alltid vart like mykje fest heime når han drog ut med Bibelen i veska og kona var att på garden. Han vart ein gong spurt om korleis han kunne sleppa frå, han som hadde gard: - Eg grin augo att og spring ifrå da. På annan måte skjer da ikkje. Eg grin augo att og spring ifrå da, sa småbrukaren og lekpreikaren.

Lars var ein mann utan nemneverdig utdanning, ein alminneleg stril av småkårsfolket. Merkelappen urokråke passar neppe, men ein fargerik og folkekjær original var han.

 

Då Arnt Brakstad vaks opp, var det stor aktivitet i Tveit bedehus på Holsnøy. Møteveker, eit stort musikklag, basarar, 17. maifeiring og tre ulike slag julefestar. Huset prega bygda. Yngres-laget var for ungdom frå tolv år og oppover.

- Nesten halve skulen gjekk på Yngres og var med i musikklaget, minnest Arnt.

Tveit bedehus står der enno, stort og fint, og blir leigd ut til bryllaup og runde dagar. Men yngresarbeidet, julefestane, musikklaget – ja, sjølv møtevekene er det slutt på. Bedehusa rundt om har ikkje den magnetiske krafta dei ein gong hadde. Mange hus står tomme, og arbeidet som finst, er gjerne sentralisert til færre bedehus. Predikantane kjem ikkje lenger til kammerset på Brakstad og bedehuset på Tveiten.

(Artikkelen over er òg trykt i Melandjul 2021)   

søndag 10. november 2019

Og fela ho lét

Syndige tonar? Felespelaren slik Halfdan Egedius såg han.
Ein gong gav spelmannen gnist til den vonde lyst, og fela sette tone til synda. I alle fall såg nokon det slik. Dei som tok det heilt ut, meinte fela var eit musikkinstrument som høyrde djevelen til. Ting har etter kvart forandra seg. Avisa Dag og Tid har i siste utgåva eit oppslag om at bispemøtet no har bede felespelarar og andre om orsaking.

Når ein ser at folk i tidlegare tider har hatt "dumme" meiningar, er det klokt å gå ei ekstra mil for å prøva å skjønna kvifor dei tenkte slik. Neppe var det musikken i seg sjølv som fekk prestar og andre til å reagera så sterkt. Snarare var det nok alt det som følgde med i ein del sosiale samanhengar der fela lét: festing og fyll, slåsting og utanomekteskapleg sex. Dermed gjekk ein grundig til verks når ein skulle ta eit oppgjer med uvesenet. Og fela vart kasta ut med badevatnet.

Her vil eg gjera to små hopp i tid. Først til min eigen oppvekst i eit bedehusmiljø nord for Bergen på 1970- og 80-talet. Dans og tilstellingar med dans vart av mange sett på som noko ein ung kristen burde halda seg borte frå. "Pass deg for discolivet", hugsar eg ein predikant formante frå talarstolen på Kyrkjekrinsen bedehus. Andre ting, som generasjonane før oss hadde sett ublidt på - slik som kortspel og kino - var meir i ferd med å bli akseptert. Dei pietistiske forsvarsmurane var i ferd med å siga saman. Og felespeling, det kan eg aldri hugsa å ha blitt åtvara mot. Det er jo heller ikkje så merkeleg. Felespel var inga farleg freisting for ein ung kristen i Åsane på slutten av 1900-talet. Det var heilt annan musikk som fylte lokalet på skuledansar og diskotek. "Felegnikking" var dessverre noko vi brydde oss lite med, og heller latterleggjorde og såg ned på. Derimot sto det strid om eit kristent ungdomskor burde ha slagverk. Så kanskje freistaren hadde modernisert seg og skifta instrument.

Neste hopp går til tida rundt 1900. Andreas Lavik (1854-1918) voks opp på ein gard i Eksingedalen i Hordaland. Som ung mann var han omreisande lekpreikar, før han vart stortingsmann ein periode og deretter vart utestengt frå bedehusa i sju år. Det er ei interessant historie i seg sjølv, men ei som må forteljast ein annan gong. Etter nokre år kom han inn att i varmen og vart leiar av Det Vestlandske Indremisjonsforbund, som vart skipa i 1898. Lavik var ein av dei viktigaste lekmannshovdingane her vest tidleg på 1900-talet, i ei tid då bedehusrørsla var i ein offensiv og kreativ fase. Bedehusfolket hadde så sterk posisjon i mange lokalsamfunn at dei i fleire generasjonar definerte kva kristendom eigentleg var. Men kor blir det av fela? Jau, ho dukkar opp i den korte og gode biografien sonen Johannes Lavik skreiv om Andreas året etter at han døydde. I eitt av kapitla spør Johannes om faren var pietist. Der prøver han å få fram eit bilete som viser at faren nok sto for ei avgjort og pietistisk kristendomsform, men på same tid var det ein kristendom som var lys og menneskeleg. Og i denne drøftinga fortel Johannes Lavik episoden om faren og fela:

En ung lægprædikant kom engang til en by hvor Lavik i længere tid hadde holdt møter. Han hadde længe hat lyst til at træffe Lavik, som han forestillet sig som en høi og alvorlig mand av strengt og imponerende utseende. Han gik op paa hans hotel og fik opgit numeret paa hans værelse.

Da han kom op og skulde til at banke paa døren, hørte han violinmusik indenfra. Dette maatte være feil. Her bodde øiensynlig en eller anden spillemand. - Prædikanten ned igjen paa kontoret. Men nei, værelset var Laviks.


Da den unge prædikant traadte ind, laa Lavik i sengen og spillet violin.

"Aa, eg er so sjuk, so sjuk", sa han, "og daa lyt eg spela."

Lavik talte sjelden eller aldrig sin hjembygds dialekt undtagen naar han var syk. Paa talerstolen og i dagliglivet ellers talte han et sprog som var saa rent for dialektuttrykk og saa avslepet, at fremmede ofte ikke vilde tro at han var bondegut. Men naar han laa syk, talte han aldrig andet end sin hjembygds dialekt. Dengang hadde han været meget syk, - og trøstet sig med at ligge og spille violin i sengen.

Den unge lægprædikant var meget forbauset. Han syntes nok ikke Lavik var saa imponerende som han hadde ventet.

(Frå Johannes Lavik: Andreas Lavik - en biografisk skisse, Bergen 1919, s. 102-103)