
Men boka vår handlar altså om Dagen-redaktøren Johannes Lavik. Forfattarane Audun Mosevoll og Asbjørn Tveiten gjev ei skisse av personen Johannes Lavik, men endå meir vert redaktøren presentert gjennom artiklane han skreiv og debattane han deltok i. Det er ingen tvil om at han førte ein god penn. Ein fascinerande person med innebygde spenningar må han òg ha vore. Johannes Lavik var bedehuskristen og kulturopen, jurist av utdanning, ateist som ung mann, men vart radikalt omvendt i midten av tjueåra. Tidvis sleit han med nervane. Som ung mann skal han ha vurdert å bli pianist av yrke. Redaktøren med gullpennen handlar i stor grad om saker og debattar Lavik og avisa Dagen engasjerte seg i, og boka er ordna i tematiske kapittel. Her er mange interessante glimt inn i det han sto for. Kapitlet om Nazismen og jødehatet er ei interessant påminning om korleis Lavik og avisa han styrte, tidleg såg faren i den framveksande tyske nasjonalsosialismen og jødehatet som følgde med. For oss verkar det kanskje opplagt at folk burde sjå kva veg det bar med Hitler og ideologien hans, men på tjue- og trettitalet var ikkje dette like innlysande for alle. I så måte er det tankevekkande å lesa om debatten Lavik hadde med teologen Leiv Aalen så seint som hausten 1938. Ifølgje forfattarane av boka gav Aalen «et sterkt forsvar av (Tysklands) naziregime» (s. 91).
Boka gjev mange interessante glimt av mannen Johannes Lavik, og først og fremst meiningane hans. Likevel kunne eg ønskt meg ein biografi som bora djupare, i større grad sette mannen og meiningane hans inn i tida han levde i og viste samanhengen med andre krefter i samfunnet. I stor grad er boka bygd opp kring sitat og referat frå det Lavik skreiv, med litt utfyllande kommentarar imellom. Når det er sagt, er dette likevel ei leseverdig og interessant bok for den som er interessert i nyare norsk historie om kristenliv og kultur.
Det er elles forvitneleg å sjå korleis dei norske vekkingskristne utover på første delen av nittenhundretalet bygde opp sin eigen elite, etablerte nye samfunnsinstitusjonar, som nettopp avisa Dagen, eit eige pressebyrå, og eit eige politisk parti. Arbeidarrørsla gjorde mykje av det same, men med ein heilt annan politisk og organisatorisk styrke. I dag er apparatet som arbeidarrørsla bygde opp meir eller mindre vevd saman med det norske regimet. Det som ein gong var ei opposisjonell rørsle, er i dag ei berande søyle i det politiske maktapparatet. Lekmannsrørsla nådde aldri dit. Framleis finst rørsla, og institusjonar som skular og publikasjonar manglar det ikkje på. Likevel er rørsla på mange måtar blitt eit sidespor, eller eit parallellspor, i norsk historie. Ho tapte kampen om å prega kulturen og setja standarden for etikk og moral. Arbeidarrørsla enda opp med samfunnsmakt, bedehusrørsla vart opposisjonell.
Ingen kommentarer:
Legg inn en kommentar