Viser innlegg med etiketten Bibelen. Vis alle innlegg
Viser innlegg med etiketten Bibelen. Vis alle innlegg

mandag 23. februar 2026

Job - ei bokmelding

Job og venene hans (måleri av Ilya Repin, henta frå
Wikimedia Commons).
Frå første side kastar Jobs bok lesaren ut i dei store spørsmåla. Kvifor får nokon eit godt liv, andre eit elendig? Er Gud rettferdig? Finst det ei meining med det vi opplever? Er det nokon vits i å streva etter å gjera det som er godt og rett? Er det vonde som rammar oss, ei straff? Kan vi forstå Gud?

MANNEN FRÅ US. Rammeforteljinga handlar om den rettskafne, respekterte og velståande Job. Mannen som har alt: kone, born, rikdom og velsigning frå sin Gud. Det kan alle sjå. Så er det dramaet vi ikkje ser, men som i Jobsboka er like verkeleg: Satan, eller Klagaren, stig fram for Gud i himmelen og hevdar at denne Job elskar Gud berre fordi den allmektige har gitt han eit priviligert liv. Så slepp det vonde vesenet laus, med løyve frå Gud, og han får ta frå Job alt han har, inkludert borna - berre ikkje Jobs eige liv. Nedturen er nesten ufatteleg sjølv om Job i første omgang ser ut til å ta lagnaden sin med sinnsro:


Naken kom eg frå mors liv.

Naken vender eg attende.

Herren gav, Herren tok,

velsigna vere Herrens namn!


Den vonde går endå lenger og slår Job med "vonde svullar frå hovud til hæl". Job tek eit potteskar og skrapar seg med det, der han sit i oska. Han kjem dit at han lengtar etter døden. Djupt fortvila går han i rette med Gud:


Eg levde i fred, då riste han meg,

greip meg i nakken og slo meg sund.

Han sette meg opp som skyteskive, 

pilene hans kom imot meg frå alle kantar.

Utan medynk gjennombora han nyrene mine,

gallen rann til jorda.

Han flengde meg opp, sår på sår,

storma mot meg som ein krigar.


RETTFERD OG STRAFF. Klagaren får altså ikkje lov til å ta Job sitt liv. Så er det ein ting til han ikkje tek frå Job, og det er venene hans. Desse venene spelar ei stor rolle i boka. Mesteparten av forteljinga om Job er ein teologisk diskusjon i poetisk form mellom den plaga mannen frå landet Us og eit knippe vener.

Dei tre venene held sine innlegg. Job legg imot og står fast på at han er rettferdig. Etter at dei tre venene har sagt sitt, er det ein fjerde samtalepartnar som grip ordet. Den unge Elihu har vist god folkeskikk og late dei eldste tala først. No vil han ikkje teia lenger. Talen hans er eit harmdirrande forsvar for den allmektige. Han er ikkje i tvil om at vi får att etter gjerningane våre, og Gud er rettferdig.

Når ein les historia om israelsfolket i Bibelen, er det ikkje vanskeleg å skjøna at Elihu konkluderer som han gjer. Synd og fråfall fører til dom, nederlag og fordriving. Gud hjelper og velsignar folket når det atter vender seg til han. Jobs bok er ei påminning om at ein slik logikk slett ikkje kan overførast på individnivå. Slik peikar boka framover mot Jesu møte med nedbøygde, som den blindfødde mannen: "Kven er det som har synda, han eller foreldra hans, sidan han vart fødd blind?", spurde læresveinane. Ingen av delane, slår meisteren fast.

TEOLOGI. Kva er god og kva er dårleg teologi i samtalen mellom Job og venene hans? Det synest eg ikkje alltid er så lett å svara på. Kanskje er det ei blanding av gode og kloke tankar om Gud og livet, og ting som er feil og som ikkje treff målet. Kan henda problemet med det venene framfører, er sjølve den underliggjande konklusjonen deira i møte med Job - som ser ut til å vera at han blir straffa for sin eigen urett. Det går an å ta feil i hovudsaka sjølv om ein flettar inn mykje sunn og god teologi på veg fram mot konklusjonen. 

Ein slik teologisk metode er vorte brukt i tilspissa form av ein av dei skarpaste og mest effektive teologane gjennom tidene. Den gongen Djevelen freista Jesus i øydemarka, argumenterte han med ein serie sanne og gode bibelord. Men han brukte dei gode orda med eit vondt føremål. Han ville bryta ned og føra Jesus til fall. Når målet er å narra og øydeleggja, kan sjølv gudsordet misbrukast.

(Speak of the Devil, så er det interessant å sjå at Klagaren som trigga heile handlinga i Jobs bok, ikkje er nemnt i samtalen mellom Job og venene hans. Der handlar det om Gud og menneska. Klagaren er berre brannstiftaren i byrjinga av boka, han er ikkje interessant og viktig nok til å nemnast i den store samtalen om rettferd og liding.)

VENSKAP. Men tilbake til Job sine vener og freistaren i øydemarka. Det som er felles her, er at ord som er gode og sanne, blir brukt i ein samanheng dei slett ikkje er meint for, og endar opp med å aksla ein feil konklusjon. Bortsett frå det er samanlikninga mellom Djevelen og venene til Job urettferdig. Dei ville nok venen sin vel og sa det dei meinte var sant. Rett nok endar dei tre eldste venene - Elifas, Bildad og Sofar - opp med å bli refsa av Gud fordi dei ikkje har tala rett om han. Likevel viser dei òg noko fint om venskap. Dei kom og var med Job då han var lengst nede. Dei hadde tid til han.

Når det gjeld fjerdemann, den unge Elihu, blir det derimot ikkje sagt med reine ord at Gud refsar han. Heller ikkje det motsette blir sagt. Forresten er det Elihu som, midt i ei skarp irettesetjing av den lidande Job, kjem med ei påminning om Gud som nok mange kristne gjennom tidene har lese til trøyst:


Jamvel når du seier at du ikkje ser han,

ser han di sak, og du må venta på han.


GUD KJEM. Til slutt i boka teier venene. Job teier. Og Gud talar sjølv. - Spenn beltet om livet som ein mann, så vil eg spørja deg, og du skal svara, utfordrar han Job.


Kven gav meg noko først så eg skulle gje han noko att?

Alt under himmelen tilhøyrer meg!


Kva svar får Job av Gud? Kvifor vart nettopp han prøvd og plaga? Det kan henda eg overser noko vesentleg i desse sluttkapitla der Gud sjølv tek ordet, men det synest ikkje som Job får noko klart svar som gjer at han kan seia "aha, Gud, det var derfor dette ramma meg". Den allmektige møter stakkaren frå Us med ein liten haglskur av motspørsmål. Spørsmål som viser at mennesket er lite og Gud er stor. Slik eg forstår Jobs bok, får han eit todelt svar frå Gud. For det første er Guds tankar og vegar høgare enn våre. Derfor kan vi ikkje gjera noko krav på å skjøna Gud. Den andre delen av svaret er rett og slett det at Gud sjølv kjem, møter Job og talar til han. Kanskje den andre delen av svaret gjer den første litt lettare å godta.

TO DIGRESJONAR. Eg har ikkje lyst å forlata Jobs bok utan eit par små sidesprang - eitt om bordvers og eitt om kvinnehistorie.

Den fantastiske Blix-salmen "Himmelske Fader" har eit andrevers som byrjar slik: "Ramnungar ropar, og du gjev dei mette". Under hundreårsjubileet for Nynorsk salmebok i fjor vart nett dette verset kommentert av ein artikkelforfattar, som knyter biletet opp til det "ramnane kan hente frå slagmarka". Asosiasjonane går dei vegane dei vil, men eg tvilar på at bibelomsetjaren Blix sjølv har tenkt i så blodige baner. Då har eg meir tru på at salmeverset hans er inspirert av den milde faderlege omsorga som kjem til uttrykk i Guds retoriske spørsmål i Job 39,3 (og ei liknande formulering i Salme 147,9): 


Kven skaffar føde til ramnen

når ungane hans skrik mot Gud

og virrar rundt utan mat?


Boka om Job avsluttar på eventyrleg vis med at Gud atter velsignar Job med glede, rikdom og familie. Han får sju nye søner og tre døtrer. Namnet på sønene får vi ikkje vita, men døtrene heitte Jemima, Kesia og Keren-Happuk. Her er det altså jentene som blir hugsa og løfta fram gjennom den individstatusen som eit namn gjev. Det er jamvel presisert at Job gav dei arverett saman med gutane.

POESIEN. Jobs bok er både ei livshistorie, ein teologisk diskusjon og eit diktverk.  Sidan poesi må lesast og lyttast til, heller enn omtalast, tek eg med ein liten smakebit med vinterpoesi i Guds tale til Job:


Har regnet ein far?

Kven har avla doggdropane?

Kva for eit morsliv kjem isen frå?

Kven har fødd rimet som fell frå himmelen?

Vatnet kler seg ut som stein,

overflata av djupet blir dekt av is.


VELSIGNA FEIL. Ein ting vi kan læra av Jobs bok, er at det er lett å koma skeivt ut når ein vil forklara plagene eit menneske møter, og samstundes forstå Guds rettferd. Ein annan lærdom er at det er godt at nokon før oss likevel har gjort nettopp dette.

Elles ville vi ikkje hatt boka om Job.


fredag 30. januar 2026

Esra, Nehemja og Ester - ei bokmelding

Dronning Ester, slik Hugues Merle (1822-1881) 
såg henne (frå Wikimedia Commons).


- I det første året Kyros var konge i Persia, vekte Herren ein tanke i han. 

Slik byrjar Esraboka i Bibelen. Det kan vera lett å hoppa over denne vesle innleiande kommentaren, men eg les setninga som ein nøkkel til både Esra og boka om Nehemja. Gud vekte ein tanke. 

Så passar det godt å henga på boka om Ester sidan alle desse tre bøkene er lagt til same historiske situasjon.

Dei tre bøkene handlar om persartida. Det er fleire hundre år sidan glansdagane med David, Salomo og det framgangsrike jødiske kongedømet. Både nordriket Israel og sørriket Juda er knust. Folket er drive bort frå landet sitt, spreidd mellom andre folkeslag og utlevert til mektige fyrstar. Ein sporv i tranedansen mellom Assyria, Babel, Egypt og Persia. Og no er det persartid. Bøkene om Esra, Nehemja og Ester handlar alle om persarar og jødar - eit stort og mektig rike, og eit marginalt og fortrengt folk.

Mange folkeslag har vore i liknande situasjonar som jødane i denne tida. Ikkje få har glidd ut av historia og inn i gløymsla. Folket, identiteten og språket finst ikkje meir. Ingen kjenner historia, mytologien eller alle levereglane deira. I beste fall finn vi nokre små leietrådar i kjelder frå andre folkeslag, og kanskje får vi litt hjelp frå arkeologane. 

Slik gjekk det likevel ikkje med jødane som var spreidde rundt om. Desse tre bøkene handlar om korleis eit veikt og sårbart folk overlever

DET EINE FOLKET. Kvifor valde Gud seg ut eitt folk, Israelsfolket, framfor alle andre? Bøkene i Det gamle testamentet fortel at Skaparen var nær dette eine folket på ein helt spesiell måte, gjorde seg kjent for det, gav det eit land, straffa det for fråfall og hjelpte det på beina att når folket søkte han. Folket skulle skilja seg ut og ikkje blanda seg med folkeslaga omkring. Det opplevest som eit langt sprang frå dette til Det nye testamentet. Der er det siste store oppdraget Jesus gjev etterfølgjarane sine: Gå ut og gjer "alle folkeslag" til læresveinar. 

Men tilbake til særstillinga Israelsfolket har i bøkene i Det gamle testamentet. Eg kan skjøna at folk kan mislika denne utveljinga av eitt folk, og synast Gud alltid skulle vist like stort engasjement i alle folk på jorda. Heller ikkje ser det ut til at israelsfolket eigentleg gjorde seg fortent til å stå i ei særstilling. Spør dei gamle profetane. Den gjennomgåande forteljinga i heile Det gamle testamentet er likevel at Gud valde seg ut eitt folk framfor alle andre. Han forventa at dette folket skulle følgja lovene han hadde gitt det, og Han gav det eit landområde inne i botnet av Middelhavet. 

ESRA. Persarkongen Kyros får altså ein tanke frå Gud om at han skal la jødane fara heim til Jerusalem og byggja opp att tempelet. Folket, i alle fall nokon av dei, dreg. Tempelet blir reist og innvigd. Den lærde presten Esra reiser òg heim til den gamle Davidsbyen og får ei leiarrolle mellom dei heimvendte. Esra fortvilar over heimvendte jødar som har gifta seg med koner frå andre folkeslag og dermed opna døra inn til folket for "avskyelege handlingar" gjennom slektsband. Boka endar dramatisk med eit masseskilsmål, der mennene som har gifta seg med kvinner frå andre folkeslag, lovar å skilja seg frå dei. 

Ein ettertanke frå Esraboka: Kva er det å leva nær Gud? "Alle som skalv for ordet frå Israels Gud", les vi om i kapittel 9. I vår tid er ikkje det ein vanleg karakteristikk av menneske som lever nær Gud. Men det fangar opp litt av den breidda som den faste innleiingsformuleringa i Luthers vesle katekisme så godt får fram: Vi skal frykta og elska Gud. Luther var her mykje nærare den røffe bibelske realismen enn mykje av den terapeutisk prega kristendommen i vår tid.

NEHEMJA. Jøden Nehemja er munnskjenk for den mektige persarkongen då han får besøk av nokre landsmenn som fortel kor skrøpeleg det står til med dei jødane som har sloppe unna fangenskapen og no bur i Jerusalem. Dei er "i stor ulukke og vanære. Muren kring Jerusalem er nedbroten, og portane er brende". Situasjonen går sterkt inn på Nehemja. Han set seg ned og græt, han fastar og bed og sannar syndene - både eigne og folket sine. Og han minner Gud om den historiske pendelen for israelsfolket: Gud har sjølv sagt at han vil spreia folket om dei er trulause mot Han, men om dei vender om, har han lova å samla dei i Jerusalem.

Persarkongen let Nehemja reisa til Jerusalem, byen der fedrane hans var gravlagde, for å byggja han opp att. Så dei er viktige begge to, både den sørgjande Nehemja og den imøtekomande persarkongen. Nehemja sjølv ser likevel ut til å spora initiativet ein annan stad når han skriv om det "min Gud hadde lagt meg på hjarta" å gjera for Jerusalem.

Folket arbeider, reiser murane og byggjer portane, trass i vanskar og motstand frå lokale stormenn som driv sitt renkespel.

Ein ettertanke frå Nehemja-boka: Nehemja er statthaldar i landet Juda, og i eit lite avsnitt nemner han at dei som hadde vore statthaldarar før han, hadde lagt tunge skattar på undersåttane, og mennene deira hadde vore harde mot folket. "Men eg gjorde ikkje slikt, for eg frykta Gud", slår Nehemja fast. Måtte mange politikarar ta det til seg. 

ESTER. Av dei bøkene frå persartida er Ester det beste filmmanuset. Utan tvil. Her er det dramatikk og kjærleik, intrigar og rikdom, to tydelege heltar, ein sleip skurk - og ein lukkeleg slutt. Det heile tek til med at den mektige persarkongen Xerxes, som "rådde over 127 provinsar, frå India til Kusj", ikkje rår med si eiga kone. Droning Vasjti trassar han offentleg, og dermed er det stilling ledig på slottet. Jødiske Ester blir den nye dronninga. Men den mektige stormannen Haman (ja, med -n til slutt) toler ikkje at jøden Mordekai ikkje vil bøya seg for han og visa han ære. Mordekai er nær slektning av Ester. Haman får aksept frå kongen til å utrydda jødane i heile riket, og det blir Ester og Mordekai som må prøva å avverga katastrofen. Den som les boka, ser korleis det endar. 

Ein ettertanke frå Ester-boka: Det finst berre to bøker i Bibelen som er kalla opp etter kvinner. Ester er den eine, boka om Rut er den andre. Begge bøkene er vakker og sterk litteratur. Rut er den lojale og sjølvoppofrande kvinna som kjem til eit samfunn der ho i første omgang er nedst på rangstigen og står utan eit vernande nettverk. Ester er den fagre unge jødiske jenta som blir løfta opp til dronningstatus i det mektige persarriket og viser kløkt og mot i ein vanskeleg situasjon. Det kan vera lett å oversjå at dei to har noko heilt grunnleggjande felles: Dei er begge minoritetskvinner. Ester tilhøyrer ein jødisk minoritet i storsamfunnet, ein posisjon som ofte har vore meir enn vanskeleg. Den første tida vel ho faktisk å skjula sin jødiske identitet. Rut er ei ikkje-jødisk kvinne som har vore gift med ein jødisk mann. Ho misser mannen, og ting går ikkje så bra. I staden for å venda tilbake til sitt eige folk, følgjer ho svigermora og blir ein innflyttar mellom jødane. 

Det får vera alt om dei tre "persiske" bøkene i Bibelen. Alle tre er flotte bøker. Og om ein først og fremst er på jakt etter den gode forteljinga, les Ester. 

onsdag 16. juli 2025

Krønikebøkene, ei bokmelding

Josjabat og mannen hennar gøymer
kongssonen Joasj unna bestemora  Atalja
(Illustrasjon: 
François-Édouard PICOT, frå
Wikimedia Commons)

Eplet fell ikkje langt frå stammen. Om det finst eit ordtak som passar dårleg på Krønikebøkene, så er det dette.

Første og Andre Krønikebok handlar om israelsfolket i den historiske perioden frå dei første kongane Saul og David og fram til dei to rika Israel og Juda går under. Bøkene fortel om krigar, framgang og velsigning, fråfall og undergang, regionale stormakter og eksil. Mykje av det bøkene omtalar, finn vi òg i Samuelsbøkene og Kongebøkene i Bibelen. Forteljinga er strukturert kring rekkjefølgja av kongar. Men profeten er sjeldan langt unna. Han er Guds utstrekte arm til folket og ofte ein stein i kongens sko. 

ORDTAKSKRITIKK. Dette er ein liten omveg til poenget, men det får så vera. I Bibelen blir det i to av profetbøkene teke eit oppgjer med eitt og same ordtaket: "Fedrane åt sure druer, og borna fekk dårlege tenner". Både Esekiel og Jeremia går på vegner av Gud i rette med dette ordtaket. Kvart menneske står ansvarleg framfor Gud for sitt eige liv, ikkje for det far hans eller son hans har gjort.

Naturleg nok har ikkje vi her oppe i nord eit tradisjonelt ordtak om sure druer. Derimot finst det eitt om eplet som ikkje fell langt frå stammen. Tanken er at vi ikkje blir så ulike foreldra våre. Vi ser ut litt som dei, og vi oppførerer oss litt som dei. Forteljinga om kongane i Israel og Juda er ei påminning om at slik er det ikkje alltid - ikkje når det gjeld kva ein trur og kva standard ein har for rett og gale. Her skiftar det frå ein generasjon til neste. Ein konge som gjorde godt, blir gjerne følgd av ein som gjorde "det som vondt var i Herrens augo" og omvendt. Denne pendelsvinginga formar forteljinga om kongane i Krønikebøkene. Av og til snur ein og same mannen om og vel ein annan veg på slutten av kongstida si.

Her kjem ein kort, og sjølvsagt svært selektiv presentasjon av kongane i Juda-riket frå kong Asa rundt år 900 f.Kr. og fram til riket går under tre hundre år seinare.

ASA mellom Gud og militæralliansar. Han gjorde det som godt og rett var i Herrens augo og fjerna framand gudsdyrking frå landet. Under Asa hadde riket fred i fleire år, men etter ei tid kom det ein stor fiendehær mot landet. Asa bad til Gud og minna han om at "berre du kan hjelpa i kampen mellom den som er sterk og den som er svak". Då kongen i søsterriket Israel seinare bygde opp festningsverk mot Juda-riket, søkte Asa hjelp frå aramearkongen i Damaskus. Profeten Hanani refsa han fordi han hadde søkt hjelp frå aramearkongen og ikkje frå Gud. Kongen vart sint og kasta profeten i arresten. Kongen får ei meir negativ vurdering på slutten av livet sitt. 

JOSJAFAT folkeoppdragaren. Josjafat følgde far sin Asa som konge. Nyekongen sette i gang eit stort undervisningsprogram der han sende stormenn, levittar og prestar rundt for å undervisa folket i alle Juda-byane med Herrens lovbok i hand. Josafat knytte slektsband med den dårlege Israels-kongen Ahab og vart trekt inn i eit slag mot aramearkongen. Ahab fall, Josjafat slapp unna. Josjafat fekk folket sitt til å venda tilbake til Gud. Han bygde ut rettsapparatet i landet og formana dommarane: "Pass på kva de gjer, for hos Herren vår Gud finst det ingen urett. Han gjer ikkje skil på folk og lèt seg ikkje kjøpa". 

JORAM den bållause. Då han hadde sikra seg makta, drap Joram alle brørne sine med sverd, og han gjorde det som vondt var i Herrens augo. Der Josjafat hadde vendt folket til Gud, førte Joram dei bort frå Guds veg. Filistarane og arabarane vende seg mot Joram og slo han, og til slutt døydde han av ein forferdeleg tarmsjukdom. "Så gjekk han bort, og ingen sakna han", slår kronikøren fast. Han vart ikkje gravlagt i kongegravene. Krønikebøkene skriv òg at folket ikkje kveikte noko bål til ære for han, slik dei hadde gjort for fedrane hans. Då kong Asa døydde, hadde folket tent "eit veldig bål til ære for han". Det er interessant dette med bålbrenning som markering av at kongen er død. Snart er det olsok, og mange stader i landet vårt har det vore vanleg å brenna bål for å minnast helgenkongen Olav Haraldsson. 

AHASJA som lytta til dårlege råd. Son til Joram styrte berre eitt år. Dårlege rådgjevarar vart banen for Ahasja. Fremst mellom dei dårlege rådgjevarane var mor hans, Atalja, som rådde han til å gjera urett. Bibelen er ei realistisk boksamling, og vondskapen kjem både i bukse og skjørt. Då Ahasja var død, tok mor hans til å rydda ut heile kongsætta i Juda. 

ATALJA styrte deretter landet i ein seksårsperiode. Ho sikra seg eit dårleg ettermæle, slik det går fram av omtalane av Ahasja og Joasj.

JOASJ den utakknemlege. Eitt av barneborna til Atalja slapp likevel unna då kongssønene skulle drepast. Josjabat, søster til kong Ahasja, berga unna vesle Joasj, og ho og mannen hennar, presten Jojada, gøymde guten i Guds hus. Etter seks år tok presten mot til seg, opprørsfana vart reist, Atalja drepen og Joasj gjort til konge. Nyekongen var då berre sju år gammal, og han kom til å styra Juda-riket i førti år.

Det kunne gått bra med Joasj, kan det sjå ut til, han "gjorde det som rett var i Herrens auge, så lenge presten Jojada levde". Men då den mektige presten døydde, fekk Joasj nye rådgjevarar og dei tok til å dyrka framande gudar. Som så ofte, sende Herren dei profetar for å åtvara og føra dei fråfalne tilbake til seg. Ein av desse var Sakarja, son til presten Jojada, som stod fram og profeterte: "De har forlate Herren, difor forlèt han dykk". Då fekk kongen steina den brysame kritikaren. Gløymt var alt det gode far og mor til Sakarja hadde gjort mot Joasj. "Må Herren sjå og gjengjelda dette!", ropte Sakarja like før han døydde under steinane. Aramearane kom så og herja landet, og hans eigne tenarar tok livet av Kong Joasj. 

Det er er lett å sympatisera med Sakarja og ropet hans om at Gud måtte yta han rettferd. På same tid glir tankane vidare til Det nye testamentet, og til steininga av Stefanus. Dei siste orda til denne første kristne martyren var: "Herre, tilrekna dei ikkje denne synda!". Det var som eit ekko av orda frå ein annan mann, ikkje lenge før: "Far, tilgjev dei, for dei veit ikkje kva dei gjer". Slik var Jesu ord frå krossen.

AMASJA den fråfalne. Amasja, som av Joasj, byrja bra slik som faren, men enda med å dyrka framandse gudar og avvisa åtvaringa frå profeten som vart sendt til han.

USSIA med hjarta for jorda. Ussia har ei utvikling som minner om faren og farfaren. Først følgde han Guds veg. Han kriga mot grannefolka, slik kongane stort sett gjorde, og hadde lukke med seg. Han bygde tårn, utvikla nye og sinnrike krigsmaskiner, hogg ut brønnar i ørkenen og dreiv det stort med både buskap og dyrking av jorda. Han hadde hjarta for jorda, som det så fint står. "Men då han hadde fått stor makt, vart hjartet øydelagt av hovmot", slår krønikebøkene fast. Ussia vart ramma av ein hudsjukdom og måtte bu for seg sjølv.

JOTAM den gjennomsnittleg fromme. Jotam var ein konge som gjorde det som rett var i Herrens augo, sjølv om folket heldt fram med å "gjera det som vondt var". Jotam bygde, og han kriga litt. Stø kurs, med andre ord. Så gjekk han til kvile hjå fedrane sine. 

AHAS avgudsdyrkaren. Ahas valde ein heilt annan veg enn faren. Han laga avgudsbilete og dreiv med barneofring. Han tapte i krig mot både aramearane, edomittane, filistarane og broderfolket Israel. Profeten Oded er den mest interessante personen i forteljinga om kong Ahas. Etter at Judariket hadde tapt i krig mot Israelsriket tok israelittane ein stor flokk familiar som fangar tilbake til Israel. Då sette profeten foten ned på vegner av Gud, og israelittane lydde han og slapp fangane fri: "Dei kledde alle som var nakne, med klede frå byttet. Dei gav dei både klede og skor, mat og drikke og salva dei. Alle som hadde vondt for å gå, sette dei opp på esel og førte dei til landsmennene deira i Jeriko, Palme-byen". 

HISKIA reformatoren. Hiskia opna dørene til Herrens hus, reinsa det og fekk sett det i stand. Tempelet vart fylt av ofringar, lovsong og musikkinstrument. Fråfallet under faren Ahas var reversert. Kongen og stormennene sende ut ilbod i Juda og Israel og bad folket venda om til Gud og feira påske. Folk lo og håna utsendingar. Andre lytta og kom til den store påskefeiringa i Jerusalem. Krønikebøkene skildrar ei stor vekkingsbølgje over landet, initiert frå kongen på toppen av samfunnet. Kong Hiskias tid var prega av reformar, atterreising og nyorganisering. Kong Sanheribs forsøk på å leggja under seg Juda får stor plass i omtalen av kong Hiskia. Bystaten Assur hadde vorte ei regional stormakt. Ingen gudar hadde kunna berga andre folkeslag frå krigarane hans, minna assyrarkongen om: "Korleis kan då dykkar gud berga dykk frå mi hand?" Men Hiskia stod han av, og Herren berga Juda-riket. Hiskia er ein av heltane i Krønikebøkene, men ingen er perfekte. Andre Krønikebok fortel om ein episode der han var utakknemleg og hovmodig, før han audmjuka seg.

MANASSE som vende om. Manasse var berre tolv år gammal då han tok over, og må ha vore heilt avhengig av rådgjevarar dei første åra. Han følgde ikkje i fotefara til faren Hiskia. Tvert om minner han meg om teikneseriestripa der ein munk listar opp alle dødssyndene for Hårek - som lyttar interessert, og til slutt spør om det finst nokon bonus om ein har fått med seg alle. Teksten fortel at vondskapen til Manasse gjorde Gud rasande. Kongen vart fanga av assyrarane og ført bort til Babel. Då vende han om: "Gud høyrde ropet hans om nåde og førte han tilbake til Jerusalem og kongeriket hans. Då skjøna Manasse at det er Herren som er Gud". 

AMON, Manasse utan omvending. Han gjorde som faren gjorde den første delen av styringstida si, og vart drepen av sine eigne etter eit par år på kongsstolen. 

JOSJIA den nye reformatoren. Josjia vart konge som åtteåring og styrte trettiein år. Krønikebøkene fortel at han følgde same vegane som kong David, sjølve gullstandaren mellom kongane i Israel. Ei viktig hending var bokrullen med Herrens lov som vart funnen av presten Hilkia og lesen opp for kongen. Josjia reiv kleda sine då han skjøna spriket mellom Guds lov og korleis folket hadde levd. I forteljinga søkte kongen råd hjå profetkvinna Hulda. Det er ikkje så ofte vi les om dei, men det fanst altså kvinnelege profetar. Josjia rydda ut avgudsdyrkinga i landet, fekk skikk på tempeltenesta og folket feira påske på ny. Men, typisk nok for bibelforteljingane, sjølv Guds store tenarar gjorde feil. Josjia døydde som følgje av at han rota seg bort i ein krig han burde halde seg unna (mot Egypt). Teksten reiser likevel eit mektig minnesmerke om kong Josjia "og den trufaste kjærleiken han viste, i samsvar med det som står skrive i Herrens lov". 

JOAHAS, fange i Egypt. Joahas son til Josjia fekk berre tre månader på kongsstolen før kongen i Egypt avsette han og førte han til Egypt. 

JOJAKIM, fange i Babel. Egyptarkongen gjorde Eljakim, som var bror til Joahas, til konge, og endra samstundes namnet hans til Jojakim. Jojakim gjorde det som vondt var i Herrens augo, og kong Nebukadnesar førte han som fange til Babel.

JOJAKIN, som far så son. Han var son av Jojakim, gjorde det som vondt var i Herrens augo og vart etter kort tid ført som fange til Babel. 

SIDKIA den siste. Nebukadnesar gjorde så Sidkia til konge. Judariket hadde endt opp som ein kasteball i hendene på sterkare nabobrike. Sidkia gjorde òg det som vondt var i Herrens augo. I tillegg gjorde han opprør mot Nebukadnesar, som knuser oppreisten. For Krønikebøkene er likevel Gud viktigare enn dei regionale stormaktene. I siste kapitlet blir heile kongetida i Israel og Juda oppsummert i lys av Guds ønske om at folket skulle venda seg til han, ei forventning han formidla gjennom profetane:

"Herren, deira fedrars Gud, sende bod til dei seint og tidleg gjennom bodberarane sine, for han ville skåna folket sitt og bustaden sin. Men dei hånte Guds sendebod, spotta orda hans og heldt profetane hans for narr, heilt til Herrens harme mot folket sitt vart så stor at det ikkje meir fanst råd".

No hadde både Israelsriket og Judariket gått under. Folket i Juda var ført bort til Babel. Likevel endar 2. Krønikebok med ei von. Eit nytt rike, Persarriket med kong Kyros, kjem med forandring.


mandag 21. april 2025

Kule ord (101): nebb, nyre, ørn, sukk, syn og synagoge

(foto: Arve Kjell Uthaug)
Kva har desse seks orda til felles, bortsett frå at dei er norske substantiv?

Svaret er at dei alle har gjennomgått bibelske kjønnsskifte. Men berre bytte av språkleg kjønn, naturlegvis.

I utgangspunktet finst det ein heil del ord som kan ha ulikt kjønn i ulike målføre. Stundom kan det òg variera litt mellom ulike brukarar av same dialekt. Skriftspråket speglar dette i ein heil del tilfelle, og det finst derfor grupper av ord der det er valfritt om ein vel det eine eller det andre kjønnet. Faktisk finst det òg nokre få ord der ein kan velja mellom alle tre - både hokjønn, hankjønn og inkjekjønn. Greip er eit slikt ord. Det kan skrivast ei greip, ein greip eller eit greip. 

Desse trekjønna "greip-orda" er likevel ei lita og svært eksklusiv gruppe. Langt større er gruppene av ord der ein kan velja mellom to kjønn.

Men tilbake til dei seks orda som har skifta kjønn i det nynorske bibelspråket. Kanskje det finst fleire, men dette er dei eg har kome over så langt. Grunnlaget for samanlikninga er Bibelselskapet sine tre nynorsk-omsetjingar: 1938, 1978/85 og 2011/2024. I tillegg har eg jamført med den såkalla fyrebilsbibelen, som er den første heile bibelomsetjinga på nynorsk, utgitt av Studentmållaget i Oslo i 1921, og altså før Bibelselskapet kom på bana (eller banen). Når det gjeld dei seks orda mine, er det ingen skilnad i kjønn mellom omsetjinga frå 1938 og fyrebilsbibelen som kom nokre år tidlegare.

Men så til dei konkrete kjønnsskifta. Alle desse orda har valfritt kjønn i dagens rettskriving, men Bibelselskapet har altså valt eit anna alternativ i seinare utgåver enn i dei første nynorske bibelomsetjingane.

Ordet syn har gått frå hokjønn til inkjekjønn, ørn frå hankjønn til hokjønn og synagoge frå hokjønn til hankjønn. Dei to første endringane kom i 1978/85-omsetjinga, den siste kom i 2011.

Ordet nyre var inkjekjønn i dei to eldste omsetjingane, men har vore hokjønn frå 1978/85 av. Det hadde dessutan eit litt uvanleg bøyingsmønster, som ikkje lenger er korrekt etter ordboka, men som framleis er gangbar mynt for kroppsdelane auga og hjarta, nemleg o-ending i fleirtal. I 1938-omsetjinga heiter det såleis at Gud er "den som prøver hjarto og nyro, ein rettferdig Gud" (salme 7,10). 

Forresten høyrer vi av og til at nynorsk er vanskeleg fordi det er så forvirrande med alle dei valfrie formene. Når det gjeld ordet nyre, ligg faktisk bokmålet eit hestehovud framfor sidan nyre faktisk har tre valfrie kjønn på bokmål, men berre to på nynorsk.

Så var det dei to siste orda, og dei er faktisk ekstra interessante. I dei eldste omsetjingane kom orda nebb og sukk i hankjønnsform. I dei nyaste omsetjingane dukkar inkjekjønnet opp. Men ikkje heilt konsekvent.

Nebb var hankjønn fram til den siste omsetjinga kom i 2011/2024. I denne nyaste omsetjinga kjem det i Første Mosebok ei due tilbake til Noa med eit oljeblad "i nebbet", men i Jesajaboka var det "ingen som rørte ein veng eller opna nebben og peip" (10,14). 

Med ordet sukk er det hakket meir komplisert. Ved første aukekast ser det ut til at ordet er endra frå hankjønn til inkjekjønn frå og med 1978/85-omsetjinga (Salme 5,2 og 38,10). Men så dukkar det opp tekstar i same omsetjinga der sukk framleis er hankjønn (Jesaja 21,2, Malaki 2,13, Job 3,24, Klagesongane 1,22, Esekiel 2,10, Romarane 8,26). 

Går ein fram til den siste omsetjinga, kan det sjå ut til at inkjekjønn er gjennomført konsekvent. Likevel ikkje heilt, for det er i alle fall to stader der hankjønnssukkane har hengt seg fast: Klagesongane 1,22 og Salme 90,9. Den siste staden heiter det at "åra våre er som ein sukk". 

Så kan sjølvsagt denne vekslinga i kjønn innanfor ei og same omsetjing ha fleire årsaker. Det kan vera gjort med ein klar intensjon, det kan vera gitt rom for ein "språkliberal" variasjon eller det kan rett og slett vera korrekturen som ikkje har fanga opp alle inkonsekvensar. Skulle eg tippa, ville eg nok landa ned på den siste forklaringa for kjønnsvariasjonane for nebb og sukk innanfor ei og same omsetjing. Uansett skal ein vera meir enn tilrådeleg detaljfokusert om ein meiner slike interessante små inkonsekvensar gjer kvaliteten på gode bibelomsetjingar ringare.

Artikkelen baserer seg på søkjefunksjonen på Bibelselskapet si side www.bibel.no/nettbibelen/les/; i tillegg er det nytta papirutgåver av ulike bibelomsetjingar.   

lørdag 25. januar 2025

2. Kongebok, ei bokmelding

Denne boka endar ved elvane i Babel.
(Måleri av Gebhard Fugel, frå Wikimedia Commons)
Det endar ikkje godt i den andre og siste kongeboka.

Davids gamle rike er kløyvd i to. No går først nordriket Israel under. Assyrarkongen vinn over riket i nord og fører folket bort til Assur. Så går det nokre generasjonar, og sørriket Juda står for tur. Kong Nebukadnesar frå Babel slår Juda, Jerusalem blir  øydelagd og folket ført bort i fangenskap.


Ved elvane i Babel sat vi og gret

når vi tenkte på Sion.

Vi hengde lyrene

opp i piletrea.

Dei som tok oss til fange, bad oss om song,

dei som bortførte oss, bad om glede:

«Syng ein av Sions songar for oss!»


Korleis kan vi syngja Herrens songar

på framand jord?

Gløymer eg deg, Jerusalem,

så lat mi høgre hand bli gløymd!

Lat tunga klistra seg til ganen

om eg ikkje tenkjer på deg,

om eg ikkje set Jerusalem

høgare enn mi største glede!


EKSIL. Slik blir botnpunktet for folket uttrykt i ei av dei andre bøkene i Bibelen, Salmane. Folket har mista det landet Gud gav dei. Atter ein gong er dei i eksil. Denne gongen er det ikkje ei flukt for å finna berging frå hungersnaud, slik det var den gongen Jakob og etterkomarane hans fekk slå seg ned i Egypt. Denne gongen er det eit mektig rike som har trampa inn over markene og åsane, lagt landet under seg og sendt folket bort med makt. 

No er israelsfolket ein undertrykt og fordriven minioritet. Lagt i hendene på eit mektig naborike, som sikkert der og då syntest uovervinneleg. Slik har det vore med så mange folk opp gjennom historia. Og mange av desse folka har forsvunne.

TRE VANSKELEGE TING. Eg vil tru det særleg er tre ting i Kongebøkene og andre av historiebøkene fremst i Bibelen som provoserer og støyter frå seg ein moderne norsk lesar, anten ho er kristen eller meir sekulær. Det første er drap og krig. Her kan ein innvenda at å fortelja om slikt er å gje ei sannferdig framstilling av historia. For slik har det vore - ofte, lenge og mange stader. Men den andre knytteneven frå tekstane er vanskelegare å ta imot: Fleire gonger er det Gud sjølv som gjev folket sitt ordre om å kjempa desse forferdelege krigane med utrydding og fordriving. Kor liten verdi eit menneskeliv kan sjå ut til å ha mange gonger, endå kvart einaste er skapt i Guds bilete, ifølgje den gamle Boka.

Den tredje provokasjonen er forklaringa vi får i 2. Kongebok av kvifor det går som det går med dette folket. Israel blir framstilt som eit heilt spesielt folk, valt ut for å tena Gud og vera hans eigedom. Men dei vel å dyrka framande gudar i tillegg til Herren Gud og bryr seg ikkje om hans vilje. Herren sender dei profetar for å få dei på rett kjøl. Men det ser ikkje ut til å hjelpa særleg lenge. Så når dommen kjem og folket blir ført i utlegd, er det ei straff for fråfallet. Gudsfolket har vorte så tett integrert med grannefolka at israelittane i stor grad tenkjer, trur, lever og ordnar gudsdyrkinga på same måten som dei. Dei går så langt som å adoptera skikken med barneofring. 

Dei følgde det tomme og enda i det tomme, slår 2. Kongebok fast. Og årsaka til at gudsfolket endar opp som sørgjande ved elvane i Babel, ligg altså i folket sjølv. Denne tankegangen gjennomsyrer heile framstillinga. Særleg kapittel 17 utdjupar fråfallet som forklaring. Perspektivet er ikkje at gudsfolket vart eit tilfeldig offer for ambisjonane til regionale stormakter. Heller ikkje at det vart ramma av meiningslause ting heilt utanfor eigen kontroll. Kongane og folket gjekk sin eigen vonde veg, og Gud dømde dei for det.

Her trengst det ein parantes, ein viktig parantes. Kva om ein overfører denne  tankegangen til å gjelda alt vi og andre menneske møter av vanskelege ting, sjukdom og nederlag i livet? Då legg vi ikkje berre stein til børa, men vi seier ting vi ikkje har grunnlag for i Bibelen. Jau, det kan vera situasjonar der vi sår det vi haustar. Ein treng neppe tru på Bibelen for å sjå det. Men det finst òg mange, mange forteljingar i Bibelen der det slett ikkje er "straff som fortent". Tenk på Job  eller på den blinde mannen i Johannesevangeliet 9, eller dei atten som fekk Siloa-tårnet over seg, eller David som vart jaga rundt på flukt av kong Saul. Aldri ser vi at Jesus formanar dei fattige rundt seg om at Gud hadde velsigna dei med velstand om dei berre trudde rett. Eller tenk på Maria, ho som alle ætter skal prisa sæl; ho måtte sjå sin eigen son døy på ein kross etter tortur og ei urettferdig rettssak. Lista kan gjerast mykje lengre.

BY THE RIVERS OF BABYLON. Forteljinga om israelsfolket i kongebøkene er likevel konsistent når det gjeld årsakene til at det gjekk gale med folket.

Så no sit dei der, ved elvane i Babel, og lengtar heim.

Og vi sit med ei historiebok som utfordrar måten vi tenkjer på, både tankane våre om Gud og om historia.

onsdag 25. desember 2024

Kule ord (99): storlåten


Maria med Jesus på armen.
Det har gått nokre månader
sidan Maria song om høge
og storlåtne, fattige og låge.
Glasmåleri frå All Saints`
Church, Pavement i York
(foto: Arve Kjell Uthaug)
 
- Storlaatne spreider han for ver og vind. Slik heiter det i Marias lovsong i den tidlege nynorske omsetjinga som blir kalla fyrebilsbibelen. I følgje det første kapitlet i Lukasevangeliet syng Maria denne songen medan ho ber frelsaren som eit lite barn i magen. Og bo ber fram songen sin i møte med ein annan gravid slektning, Elisabet, som er svanger med Johannes, den røffe profeten som skal kalla folket til omvending og vera eit teikn på at frelsaren snart kjem.

Men tilbake til ordet storlåten. Det er den rake motsetninga til det meir kjende og brukte ordet "smålåten". Den smålåtne gjer seg som kjent ikkje for høge tankar om seg sjølv, brautar seg ikkje fram og er - for å låna eit anna bibelsk uttrykk - mellom dei stille i landet. 

Då veit vi òg det vi treng å vita om kva storlåten er. 

I den nyaste bibelomsetjinga heiter det at Gud "spreidde dei som bar hovmodstankar" i hjarta. Reine ord for pengane framleis, sjølv om både storlåten og det flotte utrykket "ver og vind" er bytta ut. Språket i bibelomsetjingane vil alltid endra seg litt over tid, elles var omsetjingane bortkasta arbeid. 

Ei anna lita endring i omsetjinga av Marias lovsong er òg interessant å merka seg: I fyrebilsbibelen og Bibelselskapet si nynorskomsetjing frå 1938 heiter det at Gud mettar dei svoltne med gode gåver, men sender "rikingar" tomhendte bort. I dagens omsetjing sender han bort "dei rike". Kanskje er det fordi ordet "riking" har fått ein tydeleg negativ klang i vår tid? Ordet vart kan henda oppfatta som ein meir nøytral karakteristikk då fyrebilsbibelen kom ut i 1921? Vi har mange fleire adjektiv som er spegla i slike par med substantiv, der eitt av dei er med og eitt er utan -ing: rik/riking, arm/arming, gammal/gamling, svart/svarting, stor/storing, og så bortetter. Her er det i alle fall eit par av dei andre substantivpara som har det til felles med rik/riking at varianten med -ing er meir negativt ladd. Det er ikkje heilt det same å snakka om ein gammal som om ein gamling, for ikkje å snakka om ein svart og ein svarting.  

Men tilbake til Marias lovsong. Hennar milde og tydelege refs når oss anten problemet vårt er for mykje makt, for brei kjeft eller for feit lommebok. Det går som ein raud tråd gjennom heile Mariakvadet i Lukas 1 at Gud løftar dei små og låge opp. Det er som vi høyrer son hennar, sjølv om han er endå barskare i uttrykksforma til tider. Vi les jo ikkje om at Maria gjorde slikt som å velta borda til pengevekslarane i tempelet.  

I vers 52 er det som fyrebilsbibelen med si omsetjing fører oss like inn i ei norsk vikinghall, og vi hamnar på tidslinja ein stad mellom Jesu fødsel og vår eiga tid:

Han støyter hovdingar fraa høgsæte

Og lyfter laage upp.


søndag 1. desember 2024

1. Kongebok, ei bokmelding

Profeten Elia (foto:Yair-haklai, frå Wikimedia
Commons).
Kongeboka er like mykje ei profetbok. Kongen er den mektigaste mannen i riket, og profeten er refsaren som bankar hardt på døra hans.

1. Kongebok innleier med at den gamle og svekka kong David går til kvile hjå fedrane sine. Sonen Salomo tek over riket og byggjer tempelet. Etter turbulente krigsår er israelsfolket no inne i ein periode med velstand og fred. Gjetordet går om visdomen til kong Salomo. Trass all visdom og gudsfrykt byrjar han på sine gamle dagar å halta til begge sider og følgjer dei mange konene sine i dyrkinga av framande gudar.

Vel var det gode tider under kong Salomo og folket åt og drakk og var glade. Likevel er det David som er sjølve gullstandarden dei seinare regentane i kongeboka blir målte opp mot - David, som hadde eit ærleg hjarta og følgde Guds bod.

Etter Salomo blir landet delt i nordriket Israel og sørriket Juda. Dei fleste av kongane vender seg bort frå Guds vilje. Særleg ille er det i nordriket. Kongane gjer det som vondt er i Herrens augo, som 1. Kongebok ofte må slå fast. 

REFSAREN. I denne situasjonen gjev kongeboka profetane ei heilt sentral rolle. Dei er korrektivet til ei kongsmakt prega av fråfall. Profetane kan - på vegner av Gud - peika ut og salva nye kongar. Profeten Elia får i oppdrag å salva både ein ny israelskonge, ein arameisk nabokonge og sin eigen etterfølgjar som profet, Elisja. Støtt les vi at gudsmennene forkynner dom og refsar den regjerande kongen. Profeten står der med mot og integritet og talar makta midt imot. 

Har du funne meg no, uvenen min? Slik helsar kong Ahab profeten Elia når dei møtest. Det seier ikkje så lite. Ahab var gift med dronning Jesabel, og kongeboka framstiller dei som ein katastrofe-par for israelsfolket. Den same kong Ahab kjem med følgjande hjartesukk om profeten Mika: Eg hatar han, for han profeterer aldri noko godt om meg, berre vondt.

PROFETENS GRUNNLOV. Profetane på si side hadde ein annan innfallsvinkel. Dei er ikkje ute etter å plaga kongane, men som Mika seier det: Så sant Herren lever: Det Herren seier til meg, det må eg tala. Slik er grunnlova for ein profet.

Dermed er det kanskje ikkje så rart om profetane i 1. Kongebok blir upopulære i kongsgarden. Ikkje kan dei kjøpast, og kompromisset er ikkje deira banehalvdel. Dei kunne jo kome kongen litt i møte. Det kunne vel vore klokt å opptre litt smidigare og meir målgruppeorientert, tenkt litt merkevarebygging for Herrens sak og unngått ein altfor polariserande presentasjon av bodskapen. Men nei. Dei seier sanninga dei har fått frå Gud, og det er det. 

For å gjera eit langt sprang: Ser vi slike profetar i vår eiga samtid? Spørsmålet bør slett ikkje stillast ukritisk, profetstatusen kan misbrukast. "Profetane" kan jatta med makthavarane, slik vi ser døme på i 1. Kongebok, dei kan byggja opp seg sjølve og utnytta andre, eller dei kan rett og slett overdriva si eiga rolle. 

Men finst det nokon som avstår frå å berga sitt eige skinn for å forkynna Guds vilje? I så fall minner dei om dei sanne profetane vi møter i det gamle Israel.

Nu kommer De ikke som en fredens engel, men som en forstyrrelsens! Sitatet er ikkje frå 1. Kongebok, men frå eit brev der ein vestlandsk lekpreikar på slutten av 1800-talet fortel korleis den lokale presten møtte han då han kom til bygda. Den radikale forkynnaren skapte uro og forstyrra stabilitet og status quo. Den omreisande predikanten var neppe ein profet i gamaltestamentleg meining, men den vesle episoden får godt fram korleis det profetiske stundom utfordrar både orden og leiarskap. Som en forstyrrelsens engel.

TEOKRATI. Er det teokratiet som er idealet for profetane i 1. Kongebok? På ein måte er svaret ja. Det er ei klar forventning om at både kongen og folket skal følgja Guds lov og bod. Kanskje den tydelegaste raude tråden i heile Det gamle testamentet er nettopp forventninga om at gudsfolket skal følgja Guds vilje. 

På den andre sida utfordrar ikkje profetane sjølve ordninga med kongedøme. Kongane krigar og regjerer, kongssøner tek over, ambisiøse outsiderar riv til seg makta, rike blir splitta og går til grunne. Alt er heilt normalt, med andre ord. Så kunne ein jo tenkt seg at eit såpass dysfunksjonelt system ikkje var eit gudsfolk verdig. Hadde det ikkje vore betre om presteskapet, eller gjerne utvalde profetar, tok over styret og berga det heile? Men ein tanke om eit slikt teokratisk styringssystem finn eg ikkje spor av i 1. Kongebok. Gode lutheranarar vil sikkert finna støtte i denne boka til tanken om toregimentslæra, med sitt skilje mellom verdsleg og åndeleg makt.

Profetane tek ikkje over makta. Dei minner herskaren og folket om Guds vilje.

MANGE. Nokre få profetar får vi vita namnet på. Elia er den mest kjende av desse, og vi les at han salva Elisja til etterfølgjar. Sjemaja, Jehu, Ahia, Mika og Sidkia høyrer vi òg om. Men det er tydeleg at Herren ikkje berre hadde ein profet om gongen. Dei var mange, i alle fall i periodar. Då den vonde dronning Jesabel ville rydda ut Guds profetar, greidde borgherren Obadja å gøyma unna hundre av dei i to hòler. Og då kongane i dei to jødiske rika pønska på å gå til krig mot aramearkongen saman, samla israelskongen om lag fire hundre profetar for å spørja Herren til råds.

DEN EINE. Likevel kunne gudsmannen vera einsam. Nokre av dei sterkaste forteljingane i 1. Kongebok viser den eine profeten som står mot dei mange. Mest kjend er Elia på Karmelfjellet. Kongeparet Jesabel og Ahab har innført framand gudsdyrking, og Gud har straffa landet hardt med tørke. No kjem Elia til kong Ahab og bed om oppgjer på Karmel-fjellet: Send no bod ikring og kall heile Israel saman hos meg på Karmel-fjellet, og like eins dei fire hundre og femti Baal-profetane og dei fire hundre Asjera-profetane som får mat ved Jesabels bord. (Statsfinansiering av religion er altså ikkje noko nytt). Korleis det gjekk med den store eldprøva på Karmel, står i kapittel 18.

Men det treng ikkje vera profetar for framande gudar som står på andre sida når Herrens profet står åleine. Når kongane i Juda og Israel vil spørja Herren til råds om krigen mot aramearkongen, er det fire hundre av Herrens profetar som heiar dei fram og lovar at dette skal gå bra. Men det har fare "ei løgnarånd i munnen" på alle profetane. Berre Mika, son til Jimla, talar dei imot, og han får rett.

SYMBOLHANDLINGANE. Profetane formidla bodskapen i ord, men stundom òg med symbolhandlingar. Før riket blir delt i to, med Juda i sør og dei ti andre israelsstammane i nord, går profeten Ahia til Jeroboam. Han fortel Jeroboam at han skal bli konge i Israel, riv kappa si i tolv delar og bed Jeroboam ta med seg ti av dei. 

Elia byggjer eit altar av tolv steinar på Karmelfjellet, ein stein for kvar av stammane i Israel. Seinare kastar han kappa si over Elisja når han kallar han til å vera etterfølgjaren sin. 

Ein namnlaus profet får fram ein bodskap frå Gud gjennom å be først éin mann, så ein annan, om å slå til han. 

Profeten Sidkia, som profeterer falskt om at det skal gå kongen vel i krigen mot aramearane, lagar seg jernhorn og viser optimistisk korleis Israelskongen skal stanga og vinna over aramearane.

MOTLØYSA. Profetane i 1. Kongebok kan òg gjera feil og la seg føra bort frå Guds veg. Eller dei kan, som den store gudsmannen Elia, bli redde og overmannast av motløyse. Etter at han har vunne over avgudsprofetane i den mektige konfrontasjonen på Karmel, set dronning Jesabel alt inn på å drepa han. Elia blir redd og flyktar ut i ørkenen: "No er det nok, Herre!" sa han. "Ta livet mitt! For eg er ikkje betre enn fedrane mine".

No er det nok, Herre. Etter denne ærlege motløysa, syter Gud for at Elia får mat og drikke, før profeten går opp på eit nytt fjell og legg seg til å sova i ei hòle for natta. Der spør Herren kvifor han er der, og Elia klagar over situasjonen sin og over kor dårleg det står til med Herrens sak i folket. 

Då så Herren: "Gå ut og still deg opp på fjellet for Herrens andlet, så vil Herren gå forbi!" Føre Herren kom ein stor og sterk storm som kløyvde fjell og knuste knausar, men Herren var ikkje i stormen, etter stormen eit jordskjelv, men Herren var ikkje i jordskjelvet, etter jordskjelvet ein eld, men Herren var ikkje i elden, etter elden - lyden av ei skir stille. Då Elia høyrde den, drog han kappa føre andletet, gjekk ut og stilte seg i hòleopninga.

Frå dette møtet sender Gud profeten vidare for å salva ein aramearkongen, ein ny konge over Israel og Elisja til profet etter seg sjølv. 

Elia kastar kappa si på Elisja, og Elisja følgjer Elia.

ALMINNELEGE FOLK. Perspektivet i 1. Kongebok er toppnivået i samfunnet. Det handlar om kongane, kongerika, krigane, tronpretendentane - og om profetane som blandar seg inn på Guds vegner. Den kontakten profetane hadde med vanlege folk, fortel boka lite om. 

Eit spennande glimt inn i denne kontakten får vi likevel når profeten Elia under den lange tørketida søkjer husly hjå ei enkje og sonen hennar i den fønikiske byen Sarepta. Herifrå kjem forresten uutrykket sareptakrukke. Historia viser òg litt om kor vanskeleg det kan vera å tru, sjølv orda frå ein gudsmann, når eins eige liv og eins næraste blir ramma. Ser de ikkje teikn og under, så trur de ikkje, seier Jesus fleire hundre år seinare, og vi anar kanskje ein kritisk undertone. Men slik var det òg med enkja som gav Elia husrom, og slik er det kan henda for mange menneske til mange tider. 

Det finst andre nøklar inn til 1. Kongebok enn profetane, men det er den nøkkelen som er valt her. Sjølv om profetane ser ut til å vera mange og viktige på denne tida, er det tydelegvis ikkje alltid slik. Det er vanskelege tider og fienden har herja landet og sett opp sine hærmerke når salmisten sukkar (Salme 74,9):

Vi ser ikkje våre eigne merke.

Profetar finst ikkje lenger.

Ingen hos oss veit

kor lenge dette skal vara.


MERKNAD: Den som vil lesa litt meir om episoden der presten møtte lekpreikaren og kalla han ein "forstyrrelsens engel", kan gjera det her

mandag 30. september 2024

Samuelsbøkene, ei bokmelding

Profeten Samuel salvar David til konge (måleri av Victor
 Biennoury
, frå Wikimedia Commons).
Fedrar, søner og sorger. Det skal denne bokmeldinga handla om.

Dei to Samulesbøkene har fått namn etter profeten og dommaren Samuel. Bøkene fortel om israeslfolket rundt år 1000 før Kristus, på overgangen frå dommartida til etableringa av kongedømet. Først møter vi presten Eli, deretter stig Samuel fram. Han er den siste dommaren før kongane. Så kjem Saul, som er den første kongen. Deretter kjem den andre kongen, David, og mesteparten av desse to bøkene i Bibelen handlar om denne gjetarguten frå Betlehemsmarkene som vart den største av alle kongane i det gamle Israel.

IKONISKE FORTELJINGAR. Dei to bøkene er rike på handling og dramatikk. Her er det drap og krig, sex og svik, opprør og spionasje, venskap og rivalisering, paranoia og farskjærleik, åndemaning og ambisjonar, renkespel og integritet. Krigen mot filistarfolket og dei indre konfliktane i israel ulmar alltid, og flammar ofte opp.

Nokre av forteljingane i desse bøkene er så ikoniske at dei berre må nemnast før eg går vidare til temaet om fedrar, søner og sorger. Ei av desse forteljingane er Davids møte med Goliat, som over store delar av verda er vorte sjølve biletet på kampen mot overmakta. Ei anna slik tidlaus forteljing er soga om David, Uria, Batseba og Natan. Det er ei sørgjeleg historie, sant nok. Samstundes er denne forteljinga ei påminning om korleis sjølv ein god leiar kan korrumperast av eiga makt, om den skilnaden det trass alt gjer når ein leiar kan erkjenna eigne feil, og - ikkje minst - om verdien av å møta makt med integritet. 

Det finst fleire slike ikoniske forteljingar i Samuelsbøkene, om dei enn ikkje er fullt så kjende som dei to over. Ein slags tråd gjennom fleire kapittel er forholdet mellom kong Saul og den unge David. Sjølv om hatet og misunninga herjar Saul så han jaktar på David, sluttar ikkje David å vilja Saul vel, og han grip ikkje sjansane han får til å drepa kongen.

Som sagt, Samuelsbøkene er innhaldsrike og spennande. Skal du lesa høgt for eit (ikkje heilt lite) barn, og toler både du og barnet litt drap og krig og sånn - gå for Samuelsbøkene. 

Mitt i myldered må ein jo velja ut noko i ei bokmelding. Eg har valt det fascinerande samspelet og motspelet mellom fedrar og søner. 

ELI OG SAMUEL. Ettermælet til desse to er vidt forskjellig, men dei delte eit problem: korrupte søner, som ikkje gjekk i fedrane sine forspor. Biletet av presten Eli er i stor grad farga av desse sønene. Gud går i rette med Eli og spør: Kvifor ærar du sønene dine meir enn meg, så de feitar dykk med det beste av alle offergåvene som mitt folk Israel ber fram? Eli-sønene var korrupte, gudlause, viste ikkje respekt for Herrens offer og dreiv hor med kvinnene som gjorde teneste ved teltheilagdomen. 

Etter Eli kom Samuel, som gjorde dei to sønene sine til dommarar i Israel då han sjølv vart gammal. Om sønene til Samuel heiter det at dei "søkte urett vinning, let seg kjøpa og vrengde retten". Eg finn likevel ingen stad at Gud klandrar Samuel for vegvala sønene hans gjer. Som alltid er det mykje vi ikkje veit, og det kan tenkjast ulike forklaringar på at sønene har gitt Eli eit dårleg ettermæle, medan sønene knapt har prega vurderinga av Samuel. Men slike forklaringar blir spekulasjonar.

DEN VRANGE FADEREN. Saul, den første kongen i Israel, er ein tragisk figur. Han blir salva av Samuel til konge, men så vender han seg bort frå Gud, og Gud vender seg bort frå han. Det toppar seg i slaget mot amalekittane. Både det Gud bad han gjera, og det Saul faktisk gjorde, ville vi i dag kalla folkemord. Det er vanskeleg nok; eg har skrive om temaet før, og sjølvsagt ikkje kome i mål med det. Her og no får det liggja. Saul går sin eigen veg, og Samuel seier til han at "du har vraka Herrens ord, og Herren har vraka deg". Litt seinare får vi høyra at "ei vond ånd frå Gud" plagar Saul. Han blir skiftande, sjalu og hatsk. Ikkje minst går det ut over David, den nye og stigande sterna i israelshæren. 

David vil ikkje Saul vondt. Tvert om kjenner han på ein sterk lojalitet mot kongen sin. Samstundes veks det fram ein djup og nær venskap mellom David og Jonatan, ein av sønene til Saul. Jonatan kjem i skvis mellom det destruktive hatet hjå han som trass alt er far hans, og bestevenen David. Han ser det urimelege i faren sine handlingar og hjelper David med å røma unna Saul. Men han får farens harme mot seg, og det går så langt at Saul truar son sin med spyd.

Forteljinga om David og Jonatan er ei vakker påminning om djupnene i venskap. Vi er meir vane med dei sterke orda om kjærleiken mellom mann og kvinne og kjærleiken mellom foreldre og born. David løftar opp den djupe venskapen når han ærar Jonatan etter at venen har falle i ein av dei mange krigane, der han kjempa saman med far sin:

Eg sørgjer over deg,

Jonatan, min bror!

Inderleg var du meg kjær.

Din kjærleik var meg

meir underfull

enn kvinners kjærleik.

Forresten smittar spenninga mellom Saul og David òg over på forholdet mellom Saul og dottera Mikal. Saul tenkjer strategisk, trur han kan bruka dottera for å få has på David og seier ja til at dei to får gifta seg. Men Mikal elskar David og hjelper han med å røma unna far hennar.

ABSALOM, SON MIN, SON MIN! Forteljinga om David og sonen Absalom er både vakker og vond, og mest det siste. Kva som driv Absalom til å trå etter kongsmakta og gjera opprør mot faren, seier Samuelsbøkene lite om. Kanskje fordi maktgir er eit så openlyst motiv at det ikkje er verd å nemna? 

Absalom har lagt ein strategi. Før opprøret snakkar han ned det eksisterande styret, smiskar med folk og fortel kor bra han ville teke vare på interessene deira. Absalom er altså ein politisk populist, og han får folket med seg. Eller som Samuelsbøkene seier det: Han stal hjarta til israelittane. 

David må flykta. I det avgjerande slaget går det likevel ikkje Absalom sin veg. Han flyktar inn i skogen på muldyret sitt, viklar seg inn i greina på eit eiketre og blir hengande etter hovudet. David har gitt ordre om at mennene hans skal fara varsamt med Absalom. Men den mektige og eigenmektige hærføraren hans Joab får likevel Absalom drepen.

Og David sørgjer og ropar ut si klage. At opprøret er slått ned, kjem i bakgrunnen for at han har mista den opprørske sonen sin, den bortkomne sonen som ikkje vende heim. David er glad i han og sørgjer. 

Kongen har òg andre søner som gjev han sorg på ulike måtar. David ligg på jorda, fastar og gret i håp om at den førstefødde sonen han har fått med Batseba, må få leva. Guten døyr etter sju dagar. Ein annan av davidssønene, Amnon, valdtek si eiga søster Tamar, og David blir "brennande harm". Likevel sørgjer han når Amnon seinare blir drepen.

Når David er vorten gammal, får sonen Adonja høge tankar og vil gjera seg sjølv til den nye kongen. "Far hans hadde aldri snakka han til rette", forklarar forfattaren av Første Kongebok. David blir ikkje framstilt som feilfri. Vi i vår tid er sikkert i stand til å finna endå fleire manglar ved han. David var faktisk òg i stand til sjølv å sjå eigne feil.

Så prøver eg å la den verste krigføringa liggja - det er lite vi kan gjera med det no, det er 3000 år sidan - og dveler heller ved alt det andre. Den raudleitte gjetarguten, ungdommen som gjekk imot Goliat, tenaren som tok vare på respekten for ein konge som ville drepa han, faren som elska alle borna sine, den djupe venskapen og viljen til å lytta til Gud og ta imot tilrettevising frå menneske. Eller som sonen Salomo sa det: David hadde "eit hjarta som var ærleg". Derfor glitrar det av David.


torsdag 29. august 2024

Rut, ei bokmelding

Rut slik mellomalderkunstnaren William de
Brailes såg henne (Walters Art Museum,
henta frå Wikimedia Commons)

Velkomen til den første boka i Bibelen der ingen slår nokon i hel. I boka om Rut er det derimot vâr romantikk, tette familierelasjonar og eit blikk inn i flyktningens kvardag. Merkeleg mykje gjev gjenklang i vår eiga tid. Andre sider ved forteljinga minner om avstanden i tid og kultur. 

Rut er ei ung moabittkvinne, og altså ikkje jøde. Ho lever i dommartida, perioden før Israel er leia av kongar, og vi er då tilbake godt og vel tusen år før Jesu fødsel. Heile boka om henne er berre fire kapittel lang, og eit bibelkapittel treng ein ikkje så mange minuttar for å lesa gjennom.

For ei nydeleg bok dette er.

HANDLINGA. Det er uår i Israel. Noomi og mannen hennar, Elimelek, dreg frå Betlehem i Israel til slettelandet Moab på den andre sida av Jordanelva og Saltsjøen. Her finn dei to sønene deira  seg moabittiske kvinner til koner, og Rut er den eine av desse. Men Elimelek døyr der i Moab, og så døyr begge sønene. Noomi sit att i eit framandst land med to svigerdøtrer frå eit anna folkeslag, og utan barneborn.

Då har du ikkje trekt vinnarloddet. Særleg ikkje i eit ættesamfunn der mannen frontar familien og vidareføring av slekta er prioritet éin. 

Noomi dreg heim att til Betlehem. Svigerdottera Rut vil ikkje skiljast frå henne trass i at Noomi meiner det ville vera best for den unge kvinna å gå tilbake til morshuset og sitt eige folk.

Så både Rut og Noomi hamnar i Betlehem i Israel. Eg skal ikkje røpa så mykje meir om kva som så hender, for det er her hovudhandlinga i boka ligg.

SONGEN TIL SVIGERMOR. 

Der du går, vil eg gå,

og der du bur, vil eg bu.

Ditt folk er mitt folk,

og din Gud er min Gud.

Der du døyr, vil eg døy,

og der vil eg bli gravlagd.

Måtte HERREN la det gå meg ille

både no og sidan

om noko anna enn dauden

skal skilja meg frå deg!

Desse linjene er ikkje skrivne til ein mann, ein kjærast, ein son eller ei dotter, ein far eller ei mor. Det er Rut sin song til svigermora Noomi. Kanskje tek eg det litt langt med å kalla det song, for det er svaret Rut gjev når Noomi bed henne slå seg til ro i sitt eige folk. Men desse versa har eit poetisk uttrykk og er i den siste bibelomsetjinga gjengitt slik ein gjerne gjev att bøner og songar. Så eg tek sjansen og kallar det Ruts song til svigermor.

Plassert i ein slik samanheng føyer desse versa seg inn saman med andre songar og bøner frå kvinner i Bibelen: Debora, Rut, Hanna og Maria. Mange kristne kvinner har seinare følgd i fotefara til desse. Og sjølv om det er eit stykke frå slettene i Moab og markene rundt Betlehem til den walisiske landsbygda, så blir eg minna om den store walisiske salmediktaren Ann Griffiths. Går vi endå nærare vår eigen bedehustradisjon, ruvar amerikanske Fanny Crosby og svenske Lina Sandell

FATTIGDOM, FLUKT OG UTANFORSKAP. Forteljinga om Rut har noko moderne, eller snarare tidlaust over seg. Menneske som må flykta på grunn av vanskelege tider, som endar opp i eit samfunn med ein annan kultur og religion, som er fattige og treng omsorg og gode ordningar for å klara seg. Alt dette møter oss i boka om Rut. 

Andre ting er meir framade, slik som å la det vera att litt aks i kornåkeren som omsorgsordning for dei fattige og innflyttarane. Moselova påla israelittane å gjera dette. Mange skikkar omkring ekteskapsinngåing er sjølvsagt òg annleis enn det vi kjenner i dag.

EIN ANNAN SONG.

Jeg er ei lita jente - og jeg en liten gutt.

Og jeg vil ligne Daniel - og jeg vil ligne Rut.

For Rut hun var så god og sann

og Daniel så modig, han.

Jeg er ei lita jente - og jeg en liten gutt.

Det var slik mange av oss borna møtte Rut på søndagsskulen og i kristent barnearbeid på 1970-talet. Songen blir neppe brukt lenger. Kjønnsrollene er for tydelege og tradisjonelle for vår tid. Det har gått med denne som med andre songar som har hamna i vår tids moralske skammekrok, som "Gud vil jeg skal være et solskinnsbarn" og "Vær forsiktig lille barn hva du gjør". 

Songen vart brukt som vekselsong der jentene song Rut-delen og gutane song det som handla om Daniel. Slik eg hugsar det, song vi gjerne godt med på denne songen. Gutane òg tok godt i. Eit element av pedagogisk konkurranse kom nok til hjelp ("kven syng høgast?"). Akkurat det er litt tankevekkjande for eit kristent barne- og ungdomsarbeid som gjennom nokre tiår hatt problem med å nå ut særleg til gutane. 

Så skjønar eg innvendingane, slik dei t.d. er presenterte fornuftig og godt i denne artikkelen, for skal jentene berre vera gode og sanne? Interessant nok, forresten, så har vi gjerne ein tendens til å tenkja inn ordet "berre" når vi reagerer på noko. Og, bevares, det er ingen grunn til å kivast om dette. Vi har meir til felles enn det som skil oss. Ikkje berre jenter bør vera gode og sanne, ikkje berre gutar treng mot. Rut i Bibelen hadde både det eine og det andre.

ROMANTIKKEN. Boka om Rut er ei romantisk bok. Det er ein romantikk forma av respekt, truskap og godleik. Faktisk kan ein òg lesa inn ein viss metoo-brodd i forteljinga (kapittel 2, vers 9). 

Den som les, vil sjå korleis det går. Men det er ingen tvil om at Boas er ein bra kar. Og svigermor Noomi har ein finger med i spelet. 


fredag 16. august 2024

Dommarane, ei bokmelding

Dommaren Debora, slik europeiske
kunstnarar på 1600-talet såg henne. 
Dommarboka fortel rett nok ingen ting 
om at ho sjølv væpna seg og gjekk i 
krigen, men illustrasjonen vart likevel
vanskeleg å motstå (Ill.:
Gilles Rousselet og
Abraham Bosse, etter Claude Vignon. Frå
Wikimedia Commons)
I dei dagane var det ingen konge i Israel. Kvar gjorde som han sjølv fann for godt.

Med denne oppsummeringa sluttar Dommarboka i Det gamle testamentet. Her er det krig og konfliktar, heltar, fråfall og snuoperasjonar. Boka omtalar historia til israelsfolket etter at dei store leiarane Moses og Josva har ført folket ut frå Egypt og inn i Kanaan. Det er vanskeleg å lesa seg fram til eit tydeleg mønster for korleis leiarane av folket, dei såkalla dommarane, vart utpeikte i denne tida, som altså ligg før kongetida. Nokre gonger fortel teksten at Gud plukka ut ein ny leiar, men andre gonger står det ikkje noko slikt. 

Den nære kontakten folket hadde hatt med Gud gjennom Moses, ser ikkje ut til å vera like tydeleg lenger. Folk gjer ofte som dei sjølve finn for godt, og det er konfliktar både med andre folkeslag og internt i Israel. Krigen er ein del av kvardagen, og dei rapporterte dødstala frå slagmarkene er høge. Dette er ei forteljing om eit folk som treng samling, stabilitet og ei viss sentral statsmakt. I alle fall les eg eit slikt behov inn i både den oppsummerande avslutninga av boka og i mange av forteljingane og konfliktane det blir fortalt om.

HELTANE. I denne boka finst det òg nokre fantastiske helteforteljingar, og fremst mellom dei er sogene om Gideon og Samson. Begge vart plukka ut av Gud til å hjelpa israelsfolket mot fiendefolk som undertrykte dei - i det første tilfellet handla det om midjanittane, i det andre om filistrane. Gideon bad om teikn frå Gud for å vita om det var han som skulle leia folket. Når det kom til stridens dag var han modigare enn dei fleste og gjekk på Guds bod i krigen med ein miniatyrhær.

Soga om Samson, mannen med kjempekreftene, er både utruleg og fascinerande. Dette må lesast. Så om du ikkje tek deg tid til å lesa heile Dommarboka, går det an å lesa kapitla som handlar om Samson. Er det forresten her vi møter den første fullblods gåta i Bibelen? Eg kan ikkje hugsa å ha støytt på reine gåter under lesinga av Mosebøkene og Josva. 

HISTORIEPENDELEN. Det er mange fleire forteljingar og personar i denne boka, men det får bli med Samson og Gideon i denne omgang. Sjølve historiesynet som møter oss, er interessant. Pendelen svingar heile tida mellom fråfall og omvending. Israelittane gjer "det som var vondt i Herrens auge", og undertrykkinga frå andre folkeslag rammar dei. Dei vender om, og Herren bergar og hjelper dei. Pendelen svingar att og fram mellom desse to punkta.

Her er det ikkje spor av den moderne forestillinga om at historia er ein prosess der vi blir klokare og skjønar oss betre på dei store og viktige spørsmåla etter som tida går. Skrapar du litt i overflata, dukkar eit slikt tankemønster opp hjå dei fleste av oss i vår tid. Vi kan vera pessimistiske om mykje, men under overflata trur vi at soga er ei utvikling som går framover og har gitt oss betre innsikt og betre skjøn enn folk hadde i tidlegare tider. Sånn tenkjer ikkje Dommarboka. Her er det pendelen som svingar. 

Dei moralske vala får konsekvensar for korleis det går med folket. Fråfallet fører til dom og ulukke. Lydnad mot Gud fører til fred og til at åket frå grannefolka blir kasta av. No er det ikkje slik at Bibelen gjennomgåande forklarar det som møter oss av godt og vondt i livet, med at vi får som fortent, og spesielt ikkje på individnivå. Den som vil forklara individuell rikdom, helse og popularitet med eigne moralske kvalitetar, vil stonga mot mange bibeltekstar. Og den som vil peika på moralsk brest som årsaka til individuell fattigdom, sjukdom og upopularitet, vil snubla i like mange tekstar. Likevel er Dommarboka temmeleg konsekvent i å forstå israelsfolket si historie som resultat av fråfall og omvending. "Vil Gud ikkje verja by og land, kan vaktmann oss ikkje tryggja", heiter det i fedrelandssalmen, og her er Elias Blix godt på talefot med forteljingane i Dommarboka.

Sidan Dommarane handlar mest om menn, har eg lyst til å skriva litt meir om nokre av kvinnene i boka. For dei er der, og den aller fremste av dei er Debora. Ho er eineståande fordi ho er einaste kvinnelege dommaren vi høyrer om i denne boka. 

DEBORA, JAEL OG TELTPLUGGEN. Denne Debaora er omtala som ei profetkvinne. Ho brukte å sitja under Debora-palmen mellom Rama og Betel i Efraim-fjella. Israelittane kom til henne for å få dom i rettstvistar, heiter det i kapittel 4. Israelsfolket er kua av eit grannefolk, og Debora kallar inn ein mann som heiter Barak og bed han gå til krig for Israel. Det gjer han, men på vilkår av at Debora følgjer hæren. Israelsfolket vinn og utslettar fiendehæren. Hærføraren for fiendane deira greier likevel å røma unna og gøymer seg i teltet til kenittkvinna Jael. Ho tilbyr seg å gøyma han i teltet sitt og dekkjer over han med eit teppe. Der sovnar den utmatta hærføraren Sisera, og Jael slår ein teltplugg gjennom tinningen hans. 

Kanskje ikkje den mest oppbyggjelege historia i ei verd der vi har nok av krig og død. Men sånn er det. Interessant er det å lesa Debora-songen som blir framført etter slaget, og som fyller eit heilt kapittel i Dommarane. Her blir den handlekraftige Jael løfta fram. På slutten av songen er kvinneperspektivet svært tydeleg gjennom mor til Sisera, hoffkvinnene hennar og jentene som kunne vorte krigsbytte.

SON AV DEN PROSTITUERTE. Bibelen er ei ærleg bok og glattar ikkje over at det fanst kvinner som levde av å selja sex. "Ei hore kan du få for ein brødleiv", heiter det i den store ordtaksamlinga i Bibelen, og får dermed fram korleis kjøp av sex brutalt skriv ned verdien av eit menneske. 

Vi møter fleire slike kvinner i Bibelen. Og sjølv om hor og prostitusjon er sett på som svært negativt, er det interessant å sjå at den gamle boka likevel viser oss at prostitiuerte er menneske, dei som andre. Alt er ikkje berre svart. Kvinna Rahab er ei sak for seg. Josvaboka fortel at denne prostituerte kvinna tok imot dei israelittiske spionane som speida ut byen Jeriko, og skjulte dei. Som takk sparte dei henne og familien hennar då krigen kom, og Rahab er faktisk på plass saman med dei mange trusheltane som er lista opp i Hebrearbrevet kapittel 11 i NT, "for med fred hadde ho teke imot dei som kom for å speida ut landet". Forteljinga om Juda og svigerdottera Tamar i 1. Mosebok skal eg hoppa over her. Historia er sterk kost, og viser m.a. noko om prostitusjon, men Tamar var trass alt ikkje ei prostituert.

Det var derimot mor til ein av heltane i Dommarboka. Om Jefta heiter det at han var ein djerv krigar, men han var son av ei prostituert kvinne. Dei brørne som var fødde innanfor ekteskapet, ville ikkje dela arv med Jefta og jaga han bort. Då det seinare vart vanskelege tider, var det likevel Jefta som vart henta inn som leiar av folket, og han vart ein av dei ruvande dommarane i Israel. 

KVINNER SOM MASAR. Korleis styrer du eit anna menneske som du står i ein nær relasjon til? Sjå, det er spørsmålet om du vil leggja eit maktperspektiv på kvardagen din. Dette hadde dei skjønt begge kvinnene til kjempa Samson. Han vart først gift med éi filistarkvinne, seinare var han saman med ei anna kvinne frå dette grannefolket (Dalila). Begge to valde same strategi: Dei masa og gnog, og brukte samstundes sin kapital som offer. Og om Samson aldri så mykje hadde krefter som ein rise, kom han til kort. I begge tilfella handla det om å få han til å røpa noko han burde halde tett med.

Hadde det ikkje vore så politisk ukorrekt, skulle eg ha skrive at eg trur mange menn kjenner seg att i dette med at den vinn som masar mest effektivt.

Men er det alltid så dumt å masa? Nei. Jesus fortel ei likning om ei enkje og ein uærleg dommar. Enkja ville ha retten sin, dommaren brydde seg katten. Men enkja massa og masa, ho, heilt til dommaren ikkje orka meir. Han gav henne det ho hadde krav på. 

DET ETTERLENGTA BARNET. Bibelen har fleire vakre forteljingar om kvinner som ikkje kunne få barn, heilt til Gud greip inn. Sara som vart mor til Isak, Hanna som vart mor til Samuel, Elisabeth som vart mor til døyparen Johannes. Desse kvinnene står fram som berarar av håpet. Barnet er ikkje eit problem. Det er etterlengta, og det er ei velsigning. Dei talar sterkt til vår tid, der vi trass materiell rikdom er for fattige til å verna barnet i mors mage, og for opptekne med andre sider av livet til å reprodusera oss som samfunn. Då er desse kvinnene eit håpsteikn og ei påminning om kva som er viktig. Dommarane har sett av eit heilt kapittel til ei slik forteljing. Vi får ikkje vita namnet hennar, men at mannen heitte Manoah og sonen var kjempa Samson. Men ho står som eit symbol på håpet om barnet og ei påminning om "Herren, han som gjer under" (kapittel 13, vers 19).

Ingen ting gale sagt om mannen hennar heller, men slik eg les slutten av kapittelet, var ho nok òg den klokaste teologen av dei to.