Frå første side kastar Jobs bok lesaren ut i dei store spørsmåla. Kvifor får nokon eit godt liv, andre eit elendig? Er Gud rettferdig? Finst det ei meining med det vi opplever? Er det nokon vits i å streva etter å gjera det som er godt og rett? Er det vonde som rammar oss, ei straff? Kan vi forstå Gud?
Job og venene hans (måleri av Ilya Repin, henta frå
Wikimedia Commons).
MANNEN FRÅ US. Rammeforteljinga handlar om den rettskafne, respekterte og velståande Job. Mannen som har alt: kone, born, rikdom og velsigning frå sin Gud. Det kan alle sjå. Så er det dramaet vi ikkje ser, men som i Jobsboka er like verkeleg: Satan, eller Klagaren, stig fram for Gud i himmelen og hevdar at denne Job elskar Gud berre fordi den allmektige har gitt han eit priviligert liv. Så slepp det vonde vesenet laus, med løyve frå Gud, og han får ta frå Job alt han har, inkludert borna - berre ikkje Jobs eige liv. Nedturen er nesten ufatteleg sjølv om Job i første omgang ser ut til å ta lagnaden sin med sinnsro:
Naken kom eg frå mors liv.
Naken vender eg attende.
Herren gav, Herren tok,
velsigna vere Herrens namn!
Den vonde går endå lenger og slår Job med "vonde svullar frå hovud til hæl". Job tek eit potteskar og skrapar seg med det, der han sit i oska. Han kjem dit at han lengtar etter døden. Djupt fortvila går han i rette med Gud:
Eg levde i fred, då riste han meg,
greip meg i nakken og slo meg sund.
Han sette meg opp som skyteskive,
pilene hans kom imot meg frå alle kantar.
Utan medynk gjennombora han nyrene mine,
gallen rann til jorda.
Han flengde meg opp, sår på sår,
storma mot meg som ein krigar.
RETTFERD OG STRAFF. Klagaren får altså ikkje lov til å ta Job sitt liv. Så er det ein ting til han ikkje tek frå Job, og det er venene hans. Desse venene spelar ei stor rolle i boka. Mesteparten av forteljinga om Job er ein teologisk diskusjon i poetisk form mellom den plaga mannen frå landet Us og eit knippe vener.
Dei tre venene held sine innlegg. Job legg imot og står fast på at han er rettferdig. Etter at dei tre venene har sagt sitt, er det ein fjerde samtalepartnar som grip ordet. Den unge Elihu har vist god folkeskikk og late dei eldste tala først. No vil han ikkje teia lenger. Talen hans er eit harmdirrande forsvar for den allmektige. Han er ikkje i tvil om at vi får att etter gjerningane våre, og Gud er rettferdig.
Når ein les historia om israelsfolket i Bibelen, er det ikkje vanskeleg å skjøna at Elihu konkluderer som han gjer. Synd og fråfall fører til dom, nederlag og fordriving. Gud hjelper og velsignar folket når det atter vender seg til han. Jobs bok er ei påminning om at ein slik logikk slett ikkje kan overførast på individnivå. Slik peikar boka framover mot Jesu møte med nedbøygde, som den blindfødde mannen: "Kven er det som har synda, han eller foreldra hans, sidan han vart fødd blind?", spurde læresveinane. Ingen av delane, slår meisteren fast.
TEOLOGI. Kva er god og kva er dårleg teologi i samtalen mellom Job og venene hans? Det synest eg ikkje alltid er så lett å svara på. Kanskje er det ei blanding av gode og kloke tankar om Gud og livet, og ting som er feil og som ikkje treff målet. Kan henda problemet med det venene framfører, er sjølve den underliggjande konklusjonen deira i møte med Job - som ser ut til å vera at han blir straffa for sin eigen urett. Det går an å ta feil i hovudsaka sjølv om ein flettar inn mykje sunn og god teologi på veg fram mot konklusjonen.
Ein slik teologisk metode er vorte brukt i tilspissa form av ein av dei skarpaste og mest effektive teologane gjennom tidene. Den gongen Djevelen freista Jesus i øydemarka, argumenterte han med ein serie sanne og gode bibelord. Men han brukte dei gode orda med eit vondt føremål. Han ville bryta ned og føra Jesus til fall. Når målet er å narra og øydeleggja, kan sjølv gudsordet misbrukast.
(Speak of the Devil, så er det interessant å sjå at Klagaren som trigga heile handlinga i Jobs bok, ikkje er nemnt i samtalen mellom Job og venene hans. Der handlar det om Gud og menneska. Klagaren er berre brannstiftaren i byrjinga av boka, han er ikkje interessant og viktig nok til å nemnast i den store samtalen om rettferd og liding.)
VENSKAP. Men tilbake til Job sine vener og freistaren i øydemarka. Det som er felles her, er at ord som er gode og sanne, blir brukt i ein samanheng dei slett ikkje er meint for, og endar opp med å aksla ein feil konklusjon. Bortsett frå det er samanlikninga mellom Djevelen og venene til Job urettferdig. Dei ville nok venen sin vel og sa det dei meinte var sant. Rett nok endar dei tre eldste venene - Elifas, Bildad og Sofar - opp med å bli refsa av Gud fordi dei ikkje har tala rett om han. Likevel viser dei òg noko fint om venskap. Dei kom og var med Job då han var lengst nede. Dei hadde tid til han.
Når det gjeld fjerdemann, den unge Elihu, blir det derimot ikkje sagt med reine ord at Gud refsar han. Heller ikkje det motsette blir sagt. Forresten er det Elihu som, midt i ei skarp irettesetjing av den lidande Job, kjem med ei påminning om Gud som nok mange kristne gjennom tidene har lese til trøyst:
Jamvel når du seier at du ikkje ser han,
ser han di sak, og du må venta på han.
GUD KJEM. Til slutt i boka teier venene. Job teier. Og Gud talar sjølv. - Spenn beltet om livet som ein mann, så vil eg spørja deg, og du skal svara, utfordrar han Job.
Kven gav meg noko først så eg skulle gje han noko att?
Alt under himmelen tilhøyrer meg!
Kva svar får Job av Gud? Kvifor vart nettopp han prøvd og plaga? Det kan henda eg overser noko vesentleg i desse sluttkapitla der Gud sjølv tek ordet, men det synest ikkje som Job får noko klart svar som gjer at han kan seia "aha, Gud, det var derfor dette ramma meg". Den allmektige møter stakkaren frå Us med ein liten haglskur av motspørsmål. Spørsmål som viser at mennesket er lite og Gud er stor. Slik eg forstår Jobs bok, får han eit todelt svar frå Gud. For det første er Guds tankar og vegar høgare enn våre. Derfor kan vi ikkje gjera noko krav på å skjøna Gud. Den andre delen av svaret er rett og slett det at Gud sjølv kjem, møter Job og talar til han. Kanskje den andre delen av svaret gjer den første litt lettare å godta.
TO DIGRESJONAR. Eg har ikkje lyst å forlata Jobs bok utan eit par små sidesprang - eitt om bordvers og eitt om kvinnehistorie.
Den fantastiske Blix-salmen "Himmelske Fader" har eit andrevers som byrjar slik: "Ramnungar ropar, og du gjev dei mette". Under hundreårsjubileet for Nynorsk salmebok i fjor vart nett dette verset kommentert av ein artikkelforfattar, som knyter biletet opp til det "ramnane kan hente frå slagmarka". Asosiasjonane går dei vegane dei vil, men eg tvilar på at bibelomsetjaren Blix sjølv har tenkt i så blodige baner. Då har eg meir tru på at salmeverset hans er inspirert av den milde faderlege omsorga som kjem til uttrykk i Guds retoriske spørsmål i Job 39,3 (og ei liknande formulering i Salme 147,9):
Kven skaffar føde til ramnen
når ungane hans skrik mot Gud
og virrar rundt utan mat?
Boka om Job avsluttar på eventyrleg vis med at Gud atter velsignar Job med glede, rikdom og familie. Han får sju nye søner og tre døtrer. Namnet på sønene får vi ikkje vita, men døtrene heitte Jemima, Kesia og Keren-Happuk. Her er det altså jentene som blir hugsa og løfta fram gjennom den individstatusen som eit namn gjev. Det er jamvel presisert at Job gav dei arverett saman med gutane.
POESIEN. Jobs bok er både ei livshistorie, ein teologisk diskusjon og eit diktverk. Sidan poesi må lesast og lyttast til, heller enn omtalast, tek eg med ein liten smakebit med vinterpoesi i Guds tale til Job:
Har regnet ein far?
Kven har avla doggdropane?
Kva for eit morsliv kjem isen frå?
Kven har fødd rimet som fell frå himmelen?
Vatnet kler seg ut som stein,
overflata av djupet blir dekt av is.
VELSIGNA FEIL. Ein ting vi kan læra av Jobs bok, er at det er lett å koma skeivt ut når ein vil forklara plagene eit menneske møter, og samstundes forstå Guds rettferd. Ein annan lærdom er at det er godt at nokon før oss likevel har gjort nettopp dette.
Elles ville vi ikkje hatt boka om Job.
Ingen kommentarer:
Legg inn en kommentar