Første artikkelen om "Ein barndom på bedehuset" tok utgangspunkt i språket.
I huset åt far min er det mange rom. Mange har gledd seg over desse orda frå Jesu munn og tenkt at det kanskje var ein plass for dei òg i Guds rike. Kritikken mot bedehuset har ofte vore at folk ikkje opplevde det var rom for dei der. Terskelen var for høg, det var for lågt under taket, miljøet var for trongt, skiljet var for skarpt og enkelt mellom dei innanfor og utanfor.
Hør hvor det stormer der ute, her er det fredfullt og tyst! heiter det i ein av dei gamle bedehussongane. Og eg har høyrt den songen brukt som ein kritikk mot bedehusmiljø som kapsla seg inn i seg sjølv innanfor veggene. Kanskje tenkte dei innanfor veggene at bedehusflokken var dei einaste rette kristne i bygda?
Noko av denne krtikken mot bedehuset har vore urimeleg. Andre gonger har kritikarane hatt gode poeng.
Men i det fysiske huset, kva rom fanst det der? Det vanlege norske bedehuset har vore eit avlangt kvitt trehus der møtesalen var det sentrale rommet. Kyrkjekrinsen bedehus vart reist i 1954. I det store og heile minna det om andre bygdebedehus, men det var litt større enn gjennomsnittet.
MØTESALEN var det sentrale rommet i bedehuset. Utan møtesal, heller ikkje noko bedehus. I Kyrkjekrinsen stod talarstolen på eit lågt podium framme i salen med innskrifta "Set Dykkar lit til Herren". På veggen bakom hang det eit stort måleri med den pliktoppfyllande Marta som travelt steller i stand medan søstera Maria sit roleg og lyttar til Jesus i heimen deira i Betania. Ho er ved Jesu føter ei stille stund når orda kjem frå hans eigen munn, som det heiter i ein av bedehussongane.
"Det er eitt som trengst" stod det under biletet frå Betania. Det var dette eine nødvendige som var pulsslaget i forkynninga på bedehuset: Ta imot Jesus som din frelsar og bli berga for det evige livet. Forkynninga stod i fokus på dei mange enkeltmøta og under møtevekene. Forkynninga høyrde med på andre samlingar i storsalen òg, slik som korøvingar, basarar og julefestar. På desse samlingane var det likevel så mykje anna program som òg skulle ha plass, at talen kom i ei tilpassa og nedkorta form - andakten.
Talarane på bedehuset kunne vera profesjonelle predikantar, og då kom dei helst frå indremisjonen eller Misjonssambandet. Andre gonger var dei "halvprofesjonelle" fritids- eller deltidspredikantar. Og var det snakk om ein andakt på ei korøving eller eit yngresmøte, stilte gjerne ein heilt allminneleg lokal kristen opp. Det var mange ulike menneske - flest menn, men òg kvinner - som delte gudsordet på ulike samlingar i bedehuset gjennom eit år.
Lokale prestar kunne òg bli spurt, utan at dei utgjorde noko stort innslag mellom andaktshaldarane og talarane på Kyrkjekrinsen bedehus i min oppvekst. Arbeidet hadde ingen formelle band til kyrkja, sjølv om eg vil tru nesten alle av bedehusfolka var medlemar av Den norske kyrkja. Frå bedehusfolket si side var forholdet til kyrkja eit spørsmål om tillit. Dei inviterte gjerne ein prest dei hadde tillit til, men det var utenkjeleg å gje den offisielle kyrkja større formell makt over arbeidet. Slik sett var Kyrkjekrinsen bedehus i takt med den gjengse tankegangen som prega indremisjonsarbeiedet på Vestlandet: Det kyrkjelege embetet (presten) hadde ingen særskilt posisjon, men innehavaren av embetet kunne ein samarbeida med når tillita var til stades. Elles var det nok eit spekter av syn på den offisielle kyrkja mellom bedehusfolket. Nokre var av dei mest trufaste kyrkjegjengarane, andre var sjeldan innom dei tjukke murveggene på Saurås.
Talaren var ikkje den einaste som hadde ordet under eit bedehusmøte. Eit vanleg møte vart leia av ein av dei lokale kristne. Møteleiaren eller ein annan delte gjerne eit ord til opning. Mange av møta vart dessutan avslutta med at ordet vart gitt fritt. Då kunne kven som helst i forsamlinga reisa seg og dela eit bibelvers, ei oppleving eller nokre tankar.
- Lammet, ja, Lammet, dets vunder og sår, æren og prisen i evighet får! Eg hugsar at den lokale bonden og lekpreikaren Johan Ulset (Ulvesæter) ein sjeldan gong stemde i dette songverset på slutten av ei samling på Kyrkjekrinsen bedehus. Då kjende han seg nok ekstra velsigna. Andre gonger hende det, heller ikkje det så ofte, at eit møte vart avslutta med at folk knelte ved stolane, og dei som ville kunne be høgt. Bedehusmøta hadde sin struktur - eller liturgi, om du vil - men det var ein struktur som gav rom for det spontane på ein heilt annan måte enn gudstenestene i kyrkja.
SMÅSALEN låg vegg i vegg med hovudsalen. Veggen mellom dei to salane kunne opnast når det trongst ekstra plass, men vanlegvis var det to skilde rom.
I dette mindre rommet kom det endå tydelegare fram enn i storsalen at bedehusarbeidet vart drive av fotfolket.
Småsalen vart brukt til fleire typar samlingar. Kvar torsdagskveld hadde vi Yngres-møte der, eit ungdomsarbeid i regí av indremisjonen. Av og til var det nattverdmøte på bedehuset, og dei var i småsalen. Større rom trongst ikkje. Vi sat rundt eit bord og følgde ein enkel liturgi. Brødet og vinen vart sendt mellom dei frammøtte. Ein hadde ansvaret for å leia møtet, men elles var vi like. Den som ville, kunne dela nokre tankar eller be ei bøn. Her er kje fri og træl, her er kje arm og rik. Kvar har den same arvedel og er dei andre lik. Idealet var slik som Trygve Bjerkrheim formulerte det i bedehussongen "Velsigna band som bind".
Tidleg på 1900-talet hadde det vore strid om denne forma for nattverdfeiring, som vart kalla "fri nattverd". Lekfolket tok brødet og vinen i eigne hender utan å innordna seg i det større kyrkjelege fellesskapet og utan å underordna seg presten. No bør det seiast at oppslutninga om nattverdmøta ikkje var særleg stor. Så kanskje ein del av bedehusfolka ikkje fann det så naturleg, eller riktig, å feira nattverden utanfor storkyrkja, der dei trass alt var medlemar?
Så på bedehuset vart Ordet forkynt, brødet og vinen delt. Men dåpen måtte ein til kyrkja for å få.
Hvor deilig det er å møte når ene man vandrer frem, en broder- og søsterskare på veien til samme hjem! Det kunne vore laga ei eiga lita ordbok om bedehuset. I så fall ville ein under bokstaven S finna "småmøte". Kvar tysdag var det slike møte - som var enkle i forma, opne for alle og utan talar. Bøne- og vitnemøte var eit anna namn på desse samlingane. Så mange menneske var det ikkje som møtte fram, men nok til at møta gjekk vidare år etter år. Stayer-evna var stor og godt støtta opp av Jesu ord om at "der to eller tre er samla i mitt namn, der er eg midt imellom dei". Ansvaret for å leia møtet skifta frå gong for gong. Programmet var enkelt og fast: songar frå Sangboken, samtale om bibelord og åndelege tema, og så ei bønestund. Eg gjekk på mange slike møte i oppveksten. Eit slikt tett fellesskap mellom menneske som på mange måtar var forskjellige, kunne opplevast kleint. Dei som kom, kunne òg bli mismodige av at så få møtte opp. Tok det nokon i ytterdøra no, kjem det kanskje fleire? På same tid var det ein stad for å dela erfaring, for å opna opp, og for å møtast som ulike menneske på like fot.
Under V i ordboka for bedehuset ville ordet "venesamfunn" stått. Kjernetroppane på bedehuset brukte ofte dette ordet om fellesskapet seg imellom. Bladet til den regionale indremisjonen Nordhordland indremisjon heitte Venehelsing. I eit fellesskap av vener er, ideelt sett, alle like. Det hindra sjølvsagt ikkje at enkelte vart meir lytta til enn andre, og uformelle maktstrukturar finst alle stader. Det fanst òg formelle leiarroller i ulike styre som måtte fyllast. Men det kristne arbeidet på bedehuset kvilte på ein grunntanke om at her var alle like. Bønder, fabrikkarbeidarar og bussjåførar var ikkje mindre sannsynlege i ulike leiarroller enn lærarar og akademikarar på barndomens bedehus.
Då var det heilt naturleg at den lokale aktiviteten på bedehuset, som var ganske stor, vart driven slik vener brukar å arbeida i lag. Dei betalar kvarandre ikkje. Dei hjelper kvarandre, og når mange hjelper kvarandre, blir det dugnad. Dermed kunne òg pengegåvene frå kollektar og frå den enkelte kanaliserast til Nordhordland indremisjon, som sende predikantar rundt til enkeltmøte og møteveker på store og små bedehus, og til misjonsorganisasjonar som dreiv evangelisering, helsearbeid og utdanning i ulike krikar og krokar av verda. Arbeidet lokalt var med andre ord imponerande billig sidan ein ikkje hadde lønsutgifter. På den andre sida kan det henda denne arbeidsmåten utan fast tilsette gjorde det vanskelegare både å byggja ei stabil forsamling og møta den store bølgja av tilflyttarar til området.
KJØKKENET. Kjøkkenet trongst til meir festlege samkomer der det var servering, og var godt å ha elles òg. Det låg i kjellaren vegg i vegg med mastsalen. Denne matsalen brukte vi ikkje så ofte. Eg har heller ikkje så mange minne frå kjøkkenet. Damene rådde nok ofte grunnen der.
Derimot hugsar eg godt at det var anna praktisk husarbeid vi måtte delta i. Etter eit arrangement trongst det gjerne både rydding og golvvask. Etter yngresmøta vart "vaskelista" lesen opp, og det vart slått fast kven av tenåringane som skulle vaska etter møtet denne torsdagskvelden. Eg meiner vi òg hadde det same systemet med vaskelister etter øvingskveldane i koret Unge Røster. Det var ikkje den mest populære lista du kunne hamna på, men det gjekk på omgang. Unge spirevippar fekk slik ei viss mengdetrening i golvvask.
DUGNADEN. I bedehuset på Kyrkjekrinsen fanst det toalett og andre smårom. Dessutan var det vaktmeisterbustad på loftet, og det var ikkje vanleg på eit landsens bedehus. Utanfor inngangen var dei trapp med delvis overbygd tak - ein kjærkomen møteplass for oss unge i pausar, og utanfor rammene av det fastlagte programmet.
Denne trappa kom med utbygginga av Kyrkjekrinsen bedehus i 1980. Dette var eit merkeår for huset. Då stod den nye sidefløyen med peisestova (utan peis) ferdig. Eit stort dugnadsarbeid vart lagt ned. På ei av dugnadsøktene sto forresten fire mann som alle heitte Gunnar, i eitt og same stillas. Konstruksjonen var neppe heilt etter forskriftene for det vesle stillaset ramla saman og drog med seg alle fire gunnarane i fallet. Eg har forteljinga frå ein av dei.
Bedehuset på Kyrkjekrinsen kom så seint som i 1954. Dei fleste andre bedehusa i Åsane kom før kyrkjebygda fekk sitt: Salhus, Eidsvåg, Hordvik, Haukås, Mjølkeråen og Tertnes var alle før ute. Først i oktober 1954 vart altså Kyrkjekrinsen bedehus vigsla. "Folket i krinsen har ytt mykje friviljug innsats til bedehuset, med dagsverk og pengeinnsamling", fortalde avisa. Mellom dei som hadde bretta opp ermane, var ei jenteforeining i Dalebygda som hadde samla inn 7000 kroner. Og sånn var det både i Kyrkjekrinsen og med andre bedehus: Fotfolket gjorde dugnadsarbeid, gav og samla inn pengar slik at huset vart reist og seinare halde ved like.
Sokneprest Søvde var med under vigslinga i 1954. Åsanekvartetten song, det same gjorde Kyrkjekrinsen strengemusikk. "Det er som ein draum at me har fått opp bedehus her i krinsen", sa formannen i misjonsforeininga Oskar Flaktveit då han såg ut over forsamlinga. "Lars Blindheim, Johan Ulset, Emil Hjortland og Nils Saurås las so kvar eit skriftord", fortel avisreferatet. Her var menn frå dei gamle gardane i Åsane i sving.
ÅRETAK FOR JESUS. Lekmannskristendomen var der sjølvsagt lenge før huset kom, og det skal ha vore haugianarar i Åsane tidleg på 1800-talet. Kjernen i den kristne lekmannstradisjonen var menneske som søkte åndeleg fellesskap med kvarandre utanfor rammene som den offisielle kyrkja og gudstenestene sette. Vanlegvis som eit supplement til desse rammene, men stundom i opposisjon. I 1970 var det hundreårsjubileum for misjonsforeininga i ein av nabokrinsane til Kyrkjekrinsen, Mjølkeråen misjonsforening. Karl Hitland vart intervjua og fortalde om korleis arbeidet hadde vore drive der i gammal tid. Då tok lekfolket saka i eigne hender dei søndagane det ikkje var gudsteneste i Åsane kyrkje: "Den som hadde ansvar for møtet, måtte då opp i fire - fem tida om morgonen, gå til sjøen, setja båten utpå og ro til Bergen for å henta talaren. Etter møtet bar det same vegen attende. Det kunne i alt ta bortimot ti timar".
Den lyttande Maria i samtale med Jesus sit i framgrunnen på det store biletet i møtesalen på Kyrkjekrinsen bedehus. Måleriet heng der den dag i dag. I det daglege arbeidet og dei mange aktivitetane, i dugnad og drift av huset, der var òg Marta sine flittige hender.
EIT MINNEORD. Denne artikkelen handlar om livet på Kyrkjekrinsen bedehus på 1970- og 80-talet. Men røtene til det lekmannskristne arbeidet går lengre tilbake i tid. Derfor vil eg avslutta med eit minneord som stod i avisa i 1962. Kan henda var dette minneordet einaste gongen denne bondekona fekk omtale i avisa. Ho kan stå som representant for dei mange kvinner og menn rundt på bygdene som bar oppe dette arbeidet, både før og etter det lokale bedehuset vart reist.
Ei kjend misjonskvinne i Åsane, Olina Ulvesæter, er avliden vel 80 år gamal. Ho var frå Espelid og vart bondekone på Ulsetgarden. Hennar hug stod til arbeidet for Guds rike og i 25 år samla ho Ulset kvinneforening hjå seg til arbeid for misjonen. Ho gjorde ogso mykje for Kyrkjekrinsen misjonsforening og var alltid den som hyste forkynnarar som vitja krinsen. Sjølv tok ho ogso gjerne del på møte og samlingar med ord og vitnemål. Ho førde ein gjestfri heim og vann ein stor veneflokk. Ho vart midtpunktet i ei stor slekt og var glad i born og ungdom og vart ei god "tante" for mange. Sjølv hadde ho ingen born.
Onsdag vart ho gravlagd ved Åsane kyrkje. Kyrkja var fullsett av slekt og vener og bygdefolk som ville syna Olina den siste æra og fylgja til gravi.
Andakten tok til med "Våren" av Grieg for fiolin og orgel. Hjelpeprest Kåre Nødtvedt tala ut frå ordet i Esaias 49,16 med sterke ord om livet med Gud og Jesus Kristus som livsens lov so ein kan seia med salmeskalden: Du har gripe mi høgre hand.
Det vart lagt kransar frå slekti på hennar side og tidlegare avlidne manns side og frå misjonsforening og kvinneforening. Og so lydde songen Navnet Jesus blekner aldri - og frå musikken vart gjeve "Stjernesangen" av Sibelius og til slutt "I ensomme stunder" av Ole Bull.
Etter gravferdi var det minnesamvær i Kyrkjekrinsen bedehus.
Avisartiklane som er vist til over, er alle henta frå Dagen. Artikkelen om bedehusvigsla i Kyrkjekrinsen stod 25. oktober 1954, om 100-årsjubileet i Mjølkeråen misjonsforening 28. november 1970 og minneordet om Olina Ulvesæter stod 3. august 1962. Ein artikkel om tiårsjubileet for Kyrkjekrinsen bedehus stod dessutan i same avis 27. oktober 1964.
For faktaopplysningar og bakgrunn om bedehus i Hordaland er denne boka nyttig: Reise i bedehusland - Bedehusene i Hordaland (Johannes Kleppa og Alf Henry Rasmussen, Bergen 2001).
Dei kursiverte songstrofene er henta frå Sanboken - Syng for Herren (Oslo 1983): Hør hvor det stormer der ute, her er det fredfullt og tyst! er frå songen "Kom som du er til din Frelser" forfatta av Thomas Ball Barratt, pioner for den moderne pinserørsla i Norge. Ved Jesu føter ei stille stund når orda kjem frå hans eigen munn kjem frå songen med same namn, forfatta av bonden og lekpreikaren Matias Orheim frå Nordfjord. Lammet, ja, Lammet, dets vunder og sår, æren og prisen i evighet får! er henta frå salmen "Brødre og søstre, vi skilles nu ad", og verset er skrive av den danske 1700-talspresten Frederik Boye. Her er kje fri og træl, her er kje arm og rik. Kvar har den same arvedel og er dei andre lik er eit vers frå songen "Velsigna band som bind", henta frå engelsk og islandsk av forfattaren Trygve Bjerkrheim. Hvor deilig det er å møte når ene man vandrer frem, en broder- og søsterskare på veien til samme hjem! er henta frå songen med same tittel, og skriven av prestedottera Kirsten Hansen frå Moss. "Navnet Jesus", som vart sungen i gravferda til Olina Ulvesæter, er kanskje den mest kjende og kjære av alle bedehussongar - teksten er skriven av frelsesoffiseren David Welander, og tonen er ein Zulu-melodi frå Sør-Afrika.
Illustrasjonane til artikkelen over er utsnitt av biletet som heng framme i møtesalen i Kyrkjekrinsen bedehus (foto: Arve Kjell Uthaug). Motivet er Jesus som gjestar søstrene Marta og Maria i Betania. Målaren er Vilh. Bjørknes. Måleriet er frå 1955, året etter at bedehuset vart reist.
Ingen kommentarer:
Legg inn en kommentar