Viser innlegg med etiketten Foto. Vis alle innlegg
Viser innlegg med etiketten Foto. Vis alle innlegg

torsdag 11. august 2016

Sommaren 2016

(Foto: Arve Kjell Uthaug)
Ryktet seier at sommaren har vore så fuktig at det går blåmann i saueulla på strilelandet. Og til alle som strevar med å finna ord for sommaren 2016, her kjem ei lita hjelp: 

Ausregn, blaut, dritvåt, dynka, dyvåt, flaum, gjennombløytt, gjennomvåt, gjørme, hølja, klissklass, marinert, myr, nedbørsrekord, oversvømmelse, plaskregn, regn, regna trollkjerringar, rotbløyte, styrtregn, surklande, søkkblaut, sørpe, vassjuk, våt, våtsam, våt til skinnet.

Vi klagar ikkje på vêret. Sjølvsagt ikkje, det gjer vi aldri. Vi kjem berre med ei lita oppdatering i håp om at vi kan bli tilgodesette med nokre godvêrsveker no i haust.

lørdag 13. februar 2016

Kongshaug 1-2-3



Frå elevkonsert på Kongshaug musikkgymnas 13. februar 2016, 2. klasse (Foto: Arve Kjell Uthaug).

søndag 7. februar 2016

Vi hadde i det lengste vona det ikkje var slik

Når ein ser bort frå den litt ekskluderande teologien, har Gjenbruksbutikken i Knarvik i Nordhordland masse spennande varer å snoka i. Absolutt verd eit besøk. (Foto: Arve Kjell Uthaug)

lørdag 16. januar 2016

Turar frå Skintveit

Frå Ospåsrunden (Foto: Arve Kjell Uthaug)
Det er mange fine turar å gå i Meland kommune. Og ikkje så få er etter kvart blitt godt merka. Køyrer ein hovudvegen frå sør til nord på Holsnøy, kan ein svinga inn til høgre attmed Rossland skule, inn på Skintveitvegen. Etter kvart som ein går innover vegen, møter ein mange turskilt. Vi tok Ospåsrunden. Skiltinga var god og tydeleg heile vegen. Først var det skogsveg og deretter sti, før rundturen kom tilbake til utgangspunktet. Turen gjekk rundt, og ikkje oppå toppen av åsen. Forresten såg det ut til å veksa mykje meir furu enn osp på Ospåsen. Fin furu, med røtene feste i steinete grunn. Og nesten over alt var det snødekt blåbærlyng. Over eit langt myrstykke var det lagt ein imponerande serie med myrbruer. Så her kan ein stiga tørrskodd heile året, og ikkje berre no når det er frost i bakken.

søndag 21. juni 2015

Korjenter i junilys

Bergen domkirkes jentekor fyller ti år i 2015. Jubileet vert markert med konsertar i Norheimsund, Knarvik, Bergen og London. Biletet er frå konserten i Bergen domkyrkje om kvelden søndag 21. juni, der koret Octavia frå Meland deltok saman med kor frå Bergen domkyrkje (foto: Arve Kjell Uthaug).

søndag 21. desember 2014

onsdag 28. mai 2014

Berlin 1-2-3


 

Frå Berlin april 2014. Øvst: Kaiser-Wilhelm-Gedächtniskirche. Nedst: framfor Riksdagsbygninga. (Foto: Arve Kjell Uthaug)
 

tirsdag 20. mai 2014

Jordbruksoppgjeret

Han et gras, men veit ikkje om jordbruksforhandlingane. Han er sjef og urørt av likestillingsombod. Kanskje får du servert etterkomarane hans på julebordet. Inntil vidare strir han og eigaren hans den gode striden for å halda Vestlandet vakkert. (Foto: Arve Kjell Uthaug).

mandag 19. mai 2014

17.-maitoget på veg til Meland

17.-maitoget frå Frekhaug i 2014 er på veg inn i Dalesvingane som utgjer siste etappen, sjølve klatreetappen opp til kyrkja på Meland. Der møtte toget også i år dei to andre prosesjonane - den eine frå Grasdal i aust og den andre frå Vestbygd. (Foto: Arve Kjell Uthaug)

tirsdag 29. oktober 2013

Haust på kyrkjegardsbenken

Eit aldri så lite manipulert glimt frå Meland kyrkjegard (Foto: Arve Kjell Uthaug)

fredag 11. oktober 2013

St. Petersburg 1-2-3



Tre glimt frå St. Petersburg i Russland, september 2013 (foto: Arve Kjell Uthaug)

søndag 17. mars 2013

Marias lovsong på Langeland

Maria bodskapsdag kan det passa med dette biletet frå Langeland i Meland kommune. (Foto: Arve Kjell Uthaug).

torsdag 13. desember 2012

Eit glimt frå Luciafeiringa i Bergen by


(Foto: Arve Kjell Uthaug)

Dagen i dag – 13. desember – er blitt ein viktig milepåle på vegen fram mot sjølve julehøgtida. Ikkje minst i mange barnehagar blir dagen markert med kvite kapper, lys og opptog. Biletet over er frå Luciakonserten klokka 8.00 i dag tidleg i domkyrkja i Bergen by. Jentene i Octavia frå Meland og søsterkora i Bergen song vakkert under leiing av dirigent Eirin Beate Åserud-Løvlid. Snuttane frå BA og Vestlandsrevyen gjev eit lite inntrykk, men kan slett ikkje måla seg med å vera der, sjå og høyra sjølv.

Elles burde kyrkja gripa denne dagen og gjera han til noko meir enn lun lyskos og bleikgule bollar. Luciadagen er minnedag for ein martyr, og ein sjanse til å løfta fram dei mange som ofrar mykje, stundom også livet, for Kristus.   

søndag 8. januar 2012

Skoddehav over Nordhordland

Utsyn frå Krossfjellet (foto: Arve Kjell Uthau, januar 2012)
Frå øvre Sagstad (Foto: Arve Kjell Uthaug, januar 2012
Skoddeteppet dekte fjordar og lågland i store delar av Nordhordland i dag søndag 8. november. Frå Krossfjellet på Holsnøy såg det slik ut når blikket var vendt mot Askøy og Øygarden. Krossfjellet er eit av dei mange turmåla i Meland kommune. Toppen er ikkje så høg, 287 meter over havet, men herifrå ser ein likevel fritt i alle himmelretningar. Dei fleste kommunane i Nordhordland er innanfor synsfeltet, i tilegg til Bergen, Askøy og Øygarden. 

Det går fleire stigar opp til Krossfjellet. Kanskje den finaste av dei går frå garden på øvre Sagstad.