Viser innlegg med etiketten Likestilling. Vis alle innlegg
Viser innlegg med etiketten Likestilling. Vis alle innlegg

tirsdag 13. september 2016

Kule ord (30): rotapurke

Utnamnet skjemmer ingen? (foto: Arve Kjell Uthaug)
- Eg e ei råtapurka. Nokolunde slik sa ho det, ei litt tilårskomen striledame eg snakka med her hin dagen. Ordet rotapurke finst ikkje berre i dialekten til nokre gamlingar på strilelandet. Norsk Ordbok har det med, og gjev ordet to forklaringar, som utfyller kvarandre: ei lat kvinne, og ei rotete og sjuskete kvinne.


No er ikkje kvinna eg snakka med, verken lat eller sjuskete. Men ho har nok ein god dose av det britane kallar self-deprecation, denne nedsnakkinga av seg sjølv som er eit viktig element i britisk humor og omgangstone. Det handlar ofte om å snakka ned seg sjølv og pakka det heile inn i humor. Eller, om ein vil, det handlar om humor pakka inn i nedsnakking av seg sjølv.


Nokon vil heilt sikkert oppfatta rotapurke som eit kjønnsdiskriminerande ord. Det kan ein meina, men slike ord har òg sin plass i språket. Det finst forresten mange bannord i ei standardordbok som Nynorskordboka. Berre sjekk sjølv. Korleis og om vi vil bruka desse orda, avgjer vi sjølve. Men den store spennvidda, inkludert dei orda vi ikkje likar, bør få vera der om vi skal kunna velja sjølve.

tirsdag 8. mars 2016

Kule ord (26): ho og han, og hen?

Adam og Eva (Foto: John Salmon, Wikimedia Commons)
Ho og han er flotte ord, dei minner oss om at vi er skapte til kvinne eller mann. Eit fantastisk påfunn, trass alle komplikasjonar. Men kva med ordet hen?

Ordet hen er blitt lansert både som eit kjønnsnøytralt og som eit kjønnsutviskande alternativ til pronomena ho og han.

Den kjønnsnøytrale varianten først. Tenk deg eit lærarrom der den eine læraren kjem bort og seier til den andre: "Det står ein elev og spør etter deg utanfor." Den andre svarar: "Be hen venta litt." Læraren har jo ikkje fått vita kva kjønn eleven har. Derfor har han (eller var det ho) brukt det kjønnsnøytrale pronomenet hen i svaret sitt. Det kan brukast om både kvinner og menn. No finst det sjølvsagt andre og langt meir innarbeidde måtar å svara på i ein slik situasjon. Vi har trass alt greidd oss fint utan hen i uminnelege tider. Men nokon ønskjer seg altså eit kjønnsnøytralt pronomen i eintal tredjeperson, som kan brukast om menneske. Pronomenet "det" er rimelegvis ikkje eit aktuelt alternativ her. "Be det venta litt" løyser ikkje det kanskje litt oppkonstruerte problemet på lærarrommet. 

Men hen kan òg vera eit kjønnsutviskande eller kjønnsunnvikande ord. Språkrådet kallar det kjønnsoverskridande, og gjev si lågmælte støtte til dei som vil at  "hen skal brukast kjønnsoverskridande og visa til personar som ikkje kjenner seg heilt som ein han eller ei ho."

Nokon kjenner seg marginaliserte av at vi deler menneska inn i to kjønn. Det er dumt at dei føler det slik, men biologien er likevel som han er. For mange kan det òg kjennast tungt å bli gammal. Aldringsprosessen er der likevel, og let seg ikkje forandra om vi sluttar å kalla menneske for unge og gamle. I USA tok Rachel Dolezal til å kalla seg svart, jamvel om ho var ei kvit kvinne fødd av to kvite foreldre. Argumentet hennar var at identiteten hennar ikkje baserte seg på nedarva rase. Identitet var for henne derimot ein subjektiv og flytande ting. Til hennar forsvar kan det seiast at både rase og hudfarge er flyktige ting, ein einaste endelaus skala av nyansar som glir over i kvarandre. Kjønn derimot er av dei mest eintydige, enkle og klare kategoriane vi har blant både menneske og såkalla høgareståande dyr.

NRK har ein interessant artikkel om ordet hen i dag. Og eg synest forfattaren Hanne Ørstavik gjev eit godt svar på spørsmålet om ho kunne skrive i eit hen-perspektiv.

"Nei, det er ikke aktuelt for meg å bruke hen. For meg er språket forbundet med verden på en forpliktende måte, og verden er kjønnet i han og hun. Å ikke forholde seg til det i språket er for meg løgnaktig og tildekkende,",seier Ørstavik og legg til:

"Det er tilsynelatende forenklende å bruke hen, men det er ikke enkelt å være i verden, og jeg vil heller at det kjønnede skal komme til uttrykk, ja, la det være som utfordring, konflikt og kamp, enn å late som det ikke finnes. Det finnes ikke noe 'tredje' kjønn."