Viser innlegg med etiketten Harry Potter. Vis alle innlegg
Viser innlegg med etiketten Harry Potter. Vis alle innlegg

fredag 7. januar 2022

Potter og pottermakaren - eit jubileum

Forfattaren J.K. Rowling. Foto:
John Mathew Smith & www.celebrity-photos.com
Dei er ikkje mange, men dei finst, personane som er med på å definera oppveksten og fantasiverda til ein heil generasjon. J.K. Rowling er ei av dei. I år er det 25 år sidan ho gav ut den første boka om Harry Potter.

Serien med sju bøker om Harry Potter - og venene og fiendane hans - er alle blitt filmatiserte. Lesar- og sjåartala er skyhøge over store delar av verda. Historia handlar om ei gruppe unge gutar og jenter som veks opp i ei verd med venskap, magi og rivalisering ramma inne av eit foreldrefritt engelsk kostskuleliv. Under det heile ulmar det komande slaget mellom dei vonde og dei gode kreftene. 

Galtvort, eller Hogwarts på engelsk, er det ideelle reisemålet for alle som ønskjer seg til ein stad der Storbritannia, mellomalderen og eventyret møtest. 

RYGGRAD. Forfattaren J.K. Rowling er ei forteljing i seg sjølv. Ifølgje Store Norske Leksikon gjorde bøkene om Harry Potter at ho på få år gjekk "fra en tilværelse som trygdet til å bli mangemillionær". Men dei seinare åra har ho gått frå å vera den suksessrike forfattaren til å bli den omstridte og til tider boikotta "transfoben". Det er ei urettferdig stempling. Eg har i alle fall ikkje sett henne sitert på noko som kvalifiserer til merkelappar som "fobi" eller "hat". Men ho har stått opp og tala kvinner si sak, og ho vågar å peika på det ganske sjølvsagte, at biologisk kjønn er grunnleggjande viktig. Dei som lurar på kva ho meiner, kan lesa det sjølve. Eg er ingen typisk utviklingsoptimist. Akkurat her trur eg likevel ting (ein gong der framme) vil snu, og at samfunnet vårt må erkjenna at kjønn ikkje først og fremst er noko du definerer deg som, men noko du biologisk sett er.

Akkurat no er vi likevel ikkje heilt der. Rowling har fått merka det, men ho har ikkje bøygd av. Det ville vera misvisande å seia at ho ho har bein i nasen. Her må det meir bein og brusk til. Ho har ryggrad.

Men bøkene, kva er det eg likar med bøkene? Sjølvsagt handlar det om spenninga og om personane forfattaren skriv fram. Ikkje minst er det gleda over å bli dregen inn i eventyret. Realisme, kvardag og trivialitetar har vi nok av alle saman. Den som ikkje greier gleda seg over eventyret, må ha eit trist liv.

ALT SOM ER GODT. Rowling har skapt eit fantasiunivers utan Gud og utan religion, i alle fall i vanleg meining av ordet. Men ikkje la deg lura. Forteljinga om Harry Potter er djupt kristen. For kva handlar det om, kva verdiar er det som blir løfta fram som gode? Mot, venskap og truskap. Det å gje menneske ein ny sjanse. At sanning er viktigare enn makt. Om ikkje å forakta dei svake. Om å gje seg sjølv for andre. Kort sagt handlar desse bøkene om det kristendommen ser som godt, sant og ære verdt.

Ein kan vera samd med forfattaren av Harry Potter om noko, og djupt usamd med henne om andre ting. Men kanskje er ho ein av dei viktigaste kristne forfattaren i vår generasjon.

Tenk over det.

Og, som om ikkje det var nok, vil eg gje siste ordet til rektor Humlesnurr. Det passar godt i eit samfunn der vi dyrkar det flinke, det vellukka, dei store prestasjonane, kjendisane og dei ekstraordinære talenta:

It is our choices, Harry, that show what we truly are, far more than our abilities.

Det må vera Galtvorts gode versjon av jantelova.


søndag 14. oktober 2012

Folkeforføraren Harry Potter

Heltane på Galtvort møter ikkje berre fiendtleg
magi, men også ideologisk kritikk
(Foto: Karen Roe, Wikimedia Commons)
Det er utruleg kva ein kan finna når ein omsider sorterer i kartongar som har fått stå i fred og mogna seg litt vel lenge. Til dømes bladet Språk og språkundervisning nr. 1 frå 2005. Dette var det året då den sjette og nest siste boka i fantasy-serien om Harry Potter, Hermine Grang og Ronny Wiltersen kom ut. Og i dette bladet finst det nettopp ein artikkel som heiter «Hva er det med denne Harry Potter?»
Artikkelen er velskriven og på mange måtar eit godt stykke populærvitskapleg arbeid. Artikkelforfattaren Torunn Nåmdal har bygt artikkelen på intervju med både forskarar og born, og refererer til artiklar og litteratur som forfektar ulike synspunkt. Ut av det heile kjem det ein artig og litt småprovoserane artikkel. Det er første stjerne i margen. I tillegg er skribenten tydelegvis sjølv temmeleg kritisk til forfattarinna J.K. Rowling sin serie om livet på Galtvort og den store kampen mellom det gode og det vonde. Sjølv om eg er usamd i det meste av kritikken, så fortener skribenten likevel ros for å gje seg i kast med eit slikt «uphill battle» mot det som kanskje er den største britiske bok- og filmsuksessen gjennom tidene – i alle fall om ein måler suksess i folkeleg appell. Skribenten tillet seg å stilla spørsmål ved om bøkene eigentleg hjelper born og unge, slik det er blitt hevda, til å løysa problem og takla utfordringar i det verkelege livet. Ny stjerne i margen.
Magien i denne litterære trollmannsverda finst ikkje i den verkelege verda, sjølvsagt ikkje.  «I den virkelige verden er det derfor mest sannsynlig at bruk av våpen og vold blir alternativet for å løse konflikter, ettersom andre og fredeligere midler ikke utforskes i bøkene», meiner forfattaren. Framleis kan eg til ein viss grad følgja henne. Sjølvsagt kan ein hevda at sidan dette berre er ei fantasiverd, verkar det ikkje inn på korleis lesarane tenkjer om den verkelege verda. Men fullt så enkelt trur eg ikkje det er. Bøkene formidlar tydlege verdiar om å stå opp mot dei vonde kreftene, med vald om det må til. Dei gode i bøkene tyr til motvald som ein siste, men nødvendig utveg når dei destruktive kreftene vil leggja det gode i grus og bytta ut rett med makt. Det oppsedar neppe unge lesarar til passifisme. På den andre sida ser eg inga glorifisering av eller fråtsing i vald i desse bøkene. For min del har eg langt større problem med måten valden blir omtala på i ein annan populær fantasy-serie, nemleg Arven om drakeriddaren Eragon.
Artikkelen viser vidare til religionsforskaren Jeanette Sky som er oppteken av kjønnsrollene i bøkene. Sky meiner at forlaga har ein idé om at gutar ikkje les bøker med kvinneleg hovudperson, medan jenter les uansett. Det er ein interessant tanke. Den same Sky viser i ein artikkel i forskning.no til at Potter-bøkene «har et dobbelt budskap i forhold til kjønn», og ho viser til at «miljøet i trollmannsverdenen er strukturelt bygget opp slik at det skal være likhet mellom kjønnene. Det er ingen forskjeller i forhold til evner og muligheter.» Samstundes meiner at Rowling ikkje greier å følgja opp dette: «Kvinnene og jentene i historien blir ikke ordentlige karakterer slik som guttene. Med unntak av Hermine, som nærmest er kjønnsløs fram til bok 4, fremstår jentene som statister i en rivaliserende og følelsesladet kamp mellom gutter». At gutar og jenter ikkje oppfører seg likt, og at dei gjerne tenderer mot ulike mønster i bøkene, synest eg ikkje er noko problem. Skulle dei på død og liv vera mest mogleg like, ville ein fjerna spenninga og fascinasjonen som ligg i forskjellane. Ulike kjønnsroller er bra, sjølv om langt frå alle ulike kjønnsroller er bra. Ein del av skilnadene mellom jenter og gutar, m.a. i korleis konkurranseinstinktet kjem til uttrykk, trur eg òg mange av lesarane vil kjenna igjen frå sin eigen kvardag. Det gjer bøkene meir interessante og personane meir gjenkjennelege at desse mekanismane frå det verkelege livet også er ein integrert del av livet på Galtvort. Likevel kan det med ganske stor rett hevdast at den kvinnelege forfattaren J.K. Rowling let mennene spela førstefiolin i boka. Skal eg velja meg dei sju viktigaste og mest interessante figurane i bøkene, er berre ei av desse jente: Hermine, Harry, Ronny, Voldemort, Humlesnurr, Draco og Slur. Det er mange sterke og viktige kvinner i boka, men eg finn berre plass til Hermine i tetskiktet av dei figurane vi følgjer tettast og som – i alle fall i nokre tilfelle – representerer dei mest interessante spenningane.
Artikkelen i Språk og språkundervisning viser vidare til kritikken som har kome mot «den gammeldagse, nærmest barnepikeaktige moralske skråsikkerheten (Harry Potter) representerer», ein ideologi som «støtter oppunder Tony Blairs sosialkonservatisme, men blir presentert med et tilsynelatende nytt, smilende og liberalt ansikt». Og Nåmdal hevdar:

Den mest populære barnelitteraturen synes på mange måter å være en konservativ bastion. Harry Potter serien representerer tradisjonell litteratur for barn, på godt og vond. På sitt beste representerer tekstene en underholdende fortellertradisjon. Ideologisk sett, representerer bøkene en vestlig, imperialistisk tankegang og godt befestede samfunnsverdier, uten at det blir stilt spørsmål ved dem fordi tankegangen tas for gitt. En kan derfor undre seg over om bøkene vil være til noe særlig hjelp for å håndtere de utfordringene neste generasjon vil møte i en multikulturell, konfliktfylt og komplisert verden. At bøkene aksepteres og leses av et bredt voksent publikum gjenspeiler kanskje en voksen hjelpeløshet og avmakt. Eller er det et ønske om kontroll over barn for å opprettholde maktstrukturer og bevare verden slik den er?
Skribenten har altå ei ideologisk høne å plukka med guten med arret. At bøkene står for ein «vestlig, imperialistisk tankegang» er det ikkje argumentert seriøst for i artikkelen. Men kva er eigentleg desse konservative verdiane som Harry Potter står for? Kjønnsroller og syn på våpen og vald, som den nemnde artikkelen kritiserer, er sikkert mellom desse verdiane. Men viss ein les bøkene med eit ope sinn, er det ein del verdiar som gjennomsyrar den gode sida og karakteriserer dei rette vala. Venskap, mot og viljen til å ofra seg for andre andre er med heilt frå første bok.  Dessutan refererer artikkelen til Nåmdal eit sitat som òg seier svært mykje om verdiane i bøkene: «Det er valgene våre, Harry, som viser hvem vi egentlig er, lang mer enn evnene». Orda kjem frå rektor Humlesnurr. Bøkene er gjennomsyra av tanken om at det finst noko som er godt og noko som er vondt, at det går an å skilja dei to frå kvarandre og at den enkelte har eit ansvar for å velja det gode. Heile handlinga i boka kan lesast som ein polemikk mot Voldemorts kyniske tanke om at «there is no good and evil, there is only power, and those to weak to seek it …».  Den gode Humlesnurr derimot har ein uoppsliteleg vilje til å visa folk tillit og – så lenge det finst von – gje dei ein ny sjanse.
Dette er verdiar som gjennomsyrer heile denne bokserien. Skulle dette visa seg å vera konservative verdiar, så gjerne meir av konservative verdiar, takk. I så fall bør folk av andre ideologiske legningar, lytta til kristenrockens far Larry Normann som skreiv songen «Why should the devil have all the good music?». Kvifor skal dei konservative ha alle dei gode verdiane? Kanskje er det heller ikkje desse verdiane forfattaren av vår artikkel er kritisk til. Men etter mitt syn er det underleg å koma med ein sterk ideologisk kritikk av Harry Potter utan å drøfta dei mest grunnleggjande verdiane i denne bokserien.
Visst kan ein hevda at bøkene er litt enkle når det blir trekt linjer mellom dei gode og dei vonde. Men dette er trass alt ei forteljing som handlar om at ein vond despot held på å ta over makta i verda, og forteljinga er plassert innanfor fantasy-sjangeren. Og at alt ikkje er så heilt enkelt, ser ein når ein følgjer ein del av dei viktigaste karakterane i boka, ikkje minst den gåtefulle og til dels usympatiske Severus Slur. Men det står fast at i J.K. Rowlings magiske univers finst godt og vond, dei kan skiljast og enkeltmennesket må velja side.