fredag 7. januar 2022

Potter og pottermakaren - eit jubileum

Forfattaren J.K. Rowling. Foto:
John Mathew Smith & www.celebrity-photos.com
Dei er ikkje mange, men dei finst, personane som er med på å definera oppveksten og fantasiverda til ein heil generasjon. J.K. Rowling er ei av dei. I år er det 25 år sidan ho gav ut den første boka om Harry Potter.

Serien med sju bøker om Harry Potter - og venene og fiendane hans - er alle blitt filmatiserte. Lesar- og sjåartala er skyhøge over store delar av verda. Historia handlar om ei gruppe unge gutar og jenter som veks opp i ei verd med venskap, magi og rivalisering ramma inne av eit foreldrefritt engelsk kostskuleliv. Under det heile ulmar det komande slaget mellom dei vonde og dei gode kreftene. 

Galtvort, eller Hogwarts på engelsk, er det ideelle reisemålet for alle som ønskjer seg til ein stad der Storbritannia, mellomalderen og eventyret møtest. 

RYGGRAD. Forfattaren J.K. Rowling er ei forteljing i seg sjølv. Ifølgje Store Norske Leksikon gjorde bøkene om Harry Potter at ho på få år gjekk "fra en tilværelse som trygdet til å bli mangemillionær". Men dei seinare åra har ho gått frå å vera den suksessrike forfattaren til å bli den omstridte og til tider boikotta "transfoben". Det er ei urettferdig stempling. Eg har i alle fall ikkje sett henne sitert på noko som kvalifiserer til merkelappar som "fobi" eller "hat". Men ho har stått opp og tala kvinner si sak, og ho vågar å peika på det ganske sjølvsagte, at biologisk kjønn er grunnleggjande viktig. Dei som lurar på kva ho meiner, kan lesa det sjølve. Eg er ingen typisk utviklingsoptimist. Akkurat her trur eg likevel ting (ein gong der framme) vil snu, og at samfunnet vårt må erkjenna at kjønn ikkje først og fremst er noko du definerer deg som, men noko du biologisk sett er.

Akkurat no er vi likevel ikkje heilt der. Rowling har fått merka det, men ho har ikkje bøygd av. Det ville vera misvisande å seia at ho ho har bein i nasen. Her må det meir bein og brusk til. Ho har ryggrad.

Men bøkene, kva er det eg likar med bøkene? Sjølvsagt handlar det om spenninga og om personane forfattaren skriv fram. Ikkje minst er det gleda over å bli dregen inn i eventyret. Realisme, kvardag og trivialitetar har vi nok av alle saman. Den som ikkje greier gleda seg over eventyret, må ha eit trist liv.

ALT SOM ER GODT. Rowling har skapt eit fantasiunivers utan Gud og utan religion, i alle fall i vanleg meining av ordet. Men ikkje la deg lura. Forteljinga om Harry Potter er djupt kristen. For kva handlar det om, kva verdiar er det som blir løfta fram som gode? Mot, venskap og truskap. Det å gje menneske ein ny sjanse. At sanning er viktigare enn makt. Om ikkje å forakta dei svake. Om å gje seg sjølv for andre. Kort sagt handlar desse bøkene om det kristendommen ser som godt, sant og ære verdt.

Ein kan vera samd med forfattaren av Harry Potter om noko, og djupt usamd med henne om andre ting. Men kanskje er ho ein av dei viktigaste kristne forfattaren i vår generasjon.

Tenk over det.

Og, som om ikkje det var nok, vil eg gje siste ordet til rektor Humlesnurr. Det passar godt i eit samfunn der vi dyrkar det flinke, det vellukka, dei store prestasjonane, kjendisane og dei ekstraordinære talenta:

It is our choices, Harry, that show what we truly are, far more than our abilities.

Det må vera Galtvorts gode versjon av jantelova.


1 kommentar:

  1. Det du skriv om bøkene og kristendomen,stemmer sikkert, men eg har eit lite spørsmål til dette:

    "Akkurat her trur eg likevel ting (ein gong der framme) vil snu, og at samfunnet vårt må erkjenna at kjønn ikkje først og fremst er noko du definerer deg som, men noko du biologisk sett er."

    Er det ikkje slik no òg at kjønn først og fremst er noko ein biologisk sett er og deretter kan definere seg som?

    SvarSlett