Viser innlegg med etiketten Tolkien J.R.R.. Vis alle innlegg
Viser innlegg med etiketten Tolkien J.R.R.. Vis alle innlegg

søndag 26. februar 2017

Farmer Giles of Ham

Frå landsbygda i Oxfordshire
(Foto: Pam Brophy, Wikimedia Commons)
Drakar, kjemper, riddarar, og dyr som snakkar. Ein usannsynleg helt, som til tider strittar imot sitt høge kall. Alt er kledd i ei kappe av mellomalder. Ja, vi snakkar om den britiske forfattaren og språkvitaren J.R.R. Tolkien. Men vi snakkar ikkje storverka hans Hobbiten og Ringenes Herre, dei som så mange av oss har sett som film, og mange andre har lese. 

Forteljinga i Farmer Giles of Ham ser ut til å ha oppstått på slutten av 1920-talet, men kom ikkje ut som bok før i 1949. Dette er Tolkien i det vesle formatet. Det er ei lita bok med ei enkel og beintfram forteljing. Men denne barnlege forteljinga er fortalt med ein vaksen, men lun ironi, som avslører karakterane, men utan forakt. Her er det heller ikkje stor patos og eksistensiell kamp. Det er trass alt berre ein landsby som skal bergast, ikkje ei heil verd. Gjennomgangstonen i boka er det humoristiske skråblikket. Og det er denne tonen, denne milde og ironiserande leiken, som gjer boka leseverdig, i alle fall for meg.

Dette er ikkje meir enn ein kort ettertanke etter eit første møte med bonden frå landsbyen Ham. Versjonen eg har lese, er utgitt på HarperCollins i 2014, og boka er utstyrt med ei informativ innleiing, teikningane til Pauline Baynes og opplysande notar. Eit tidlegare og endå kortare manus av forteljinga er teke med i den vesle boka, det same er ei stutt skisse til ein oppfølgjar. Sånt får litteraturvitarane ta seg av.

Eldste sonen til J.R.R. Tolkien hugsar at faren første gong kom med denne forteljinga ein gong familien hadde vore på piknik og vart overraska av regnvêr. I skjul under ei bru sat Oxford-professoren og mana fram bonden frå Ham for borna sine.

Og likevel klagar dei over mannsrolla til besteforeldra våre.



fredag 20. desember 2013

C.S. Lewis om Tolkien, katolikkar og filologar


Puben The Eagle and Child i Oxford var møtestad 
for Tolkien, Lewis og andre 
(foto: Dick Penn, Wikimedia Commons)

I desse dagar fyk orkehovuda veggimellom i kinosalane rundt om i landet. Film nummer to bygd på boka Hobbiten er blitt eit flott drama, som tek vare på den grunnleggjande historia i J.R.R. Tolkiens fantastiske bok. Men òg i denne filmen er action-elementet blåse opp og bygd ut så sterkt at avstanden samstundes blir ganske stor til boka.

Nok om det. Som kjent var Tolkien ven med forfattaren av Narnia-bøkene, C.S. Lewis. For oss kan det verka som om dei to britiske forfattarane hadde mykje felles. Det hadde dei. Men ein del var også ulikt. I sjølvbiografien Surprised by Joy nemner C.S. Lewis venskapen med katolikken Tolkien, ein venskap som oppsto før Lewis sjølv vart kristen. Men ein protestantisk bakgrunn frå Ulster hadde han med seg. Slik skriv han om forfattaren av Hobbiten og Ringdrotten:

"Friendship with the latter marked the breakdown of two old prejudices. At my first coming into the world I had been (implicitly) warned never to trust a Papist, and at my first coming into the English Faculty (explicitly) never to trust a philologist. Tolkien was both."

Sitatet er henta frå C.S. Lewis Surprised by Joy (1985, Collins Fount Paperbacks), s. 173.