Viser innlegg med etiketten Ungdomsspråk. Vis alle innlegg
Viser innlegg med etiketten Ungdomsspråk. Vis alle innlegg

søndag 5. juni 2022

Kule ord (84): "Det går fint"

An offer you can't refuse? Korleis takka nei
til eit høfleg tilbod (foto: Arve Kjell Uthaug)


Kva svarar du når du høfleg vil avslå eit venleg tilbod?

«Vil du ha litt kaffi?»

Eg ville ha svart «nei takk». 

Inntrykket mitt er at yngre folk (yngre enn meg) ofte svarar med «det går fint». Første gongene eg høyrde dette, var eg litt usikker. Betydde det «ja takk», det vil vera fint med litt kaffi? Eller var meininga «nei takk», eg greier meg fint utan kaffi akkurat no? Den siste meininga er den korrekte, har eg forstått.

Så er inntrykket mitt at denne måten å takka nei på har eit visst generasjonspreg. Foreldra mine ville nok aldri brukt "det går fint" på denne måten. Heller ikkje eg, men kan henda nokre meir oppdaterte menneske på min alder avslår ein kaffikopp med denne vendinga. Og i dei litt yngre årgangane verkar uttrykket vanleg.

Korriger meg om eg tek feil.

søndag 5. april 2020

Kule ord (60): gir dokke

I ferd med å gira seg? (Foto: Aaron Muszalski,
frå Wikimedia Commons) 
Dette er ungdomsspråk, eller slang. Eg har derfor søkt råd hjå ein 22-åring om definisjonad og bruk. Uttrykket er i slekt med "å vera gira på", som tyder å ha lyst til, vera (sterkt) innstilt på, ha høg motivasjon for noko. Og tilstanden "å vera gira" er å vera oppstemt, oppskrudd, høgt oppe. Det er gjerne noko ein sjølv vel, i alle fall delvis, meiner informanten min.

Så var det oppfordringa "gir dokke" (gir dykk), som eg har fått referert, og sett brukt av unge i sosiale media. Det er brukt som ei oppmoding om å skru opp stemninga, gjera seg klar, byggja seg opp til noko positivt som skal skje. Informanten min trur ordet kanskje først og fremst er brukt av rogalendingar. Det er vanskeleg å slå fast, synest eg. Vanskeleg er det òg å vita om uttryket har ei lang og lysande framtid.