søndag 5. juni 2022

Kule ord (84): "Det går fint"

An offer you can't refuse? Korleis takka nei
til eit høfleg tilbod (foto: Arve Kjell Uthaug)


Kva svarar du når du høfleg vil avslå eit venleg tilbod?

«Vil du ha litt kaffi?»

Eg ville ha svart «nei takk». 

Inntrykket mitt er at yngre folk (yngre enn meg) ofte svarar med «det går fint». Første gongene eg høyrde dette, var eg litt usikker. Betydde det «ja takk», det vil vera fint med litt kaffi? Eller var meininga «nei takk», eg greier meg fint utan kaffi akkurat no? Den siste meininga er den korrekte, har eg forstått.

Så er inntrykket mitt at denne måten å takka nei på har eit visst generasjonspreg. Foreldra mine ville nok aldri brukt "det går fint" på denne måten. Heller ikkje eg, men kan henda nokre meir oppdaterte menneske på min alder avslår ein kaffikopp med denne vendinga. Og i dei litt yngre årgangane verkar uttrykket vanleg.

Korriger meg om eg tek feil.

1 kommentar:

  1. Du tek ikkje feil. I Bergen sør kan dei to òg kombinerast: "Nei, takk, det går fint." Kanskje av omsyn til oss eldre?

    SvarSlett