onsdag 1. juni 2022

Klantersteinen under Håstefjellet

Klantersteinen ligg under toppen av
Håstefjellet i Åsane (foto: Arve Kjell Uthaug)
Dette er andre artikkelen om Åsataket og området omkring. Den første handla om turstiane i området.

Ei morgonstund tidleg i mai gjekk vi tre karar for å finna Klantersteinen. Du kan sjå denne steinen frå avstand når du fer turstien mellom Håstefjellet og Tellevikfjellet i Åsane. Då må du helst vita om steinen for å ensa han. For å koma fram til sjølve steinen lyt ein først gå inn i botnen bakom Baugtveitstemma. Oppover lia går det langs flyktige hjortestiar, mellom sprakebusker og over mosegrodd steinur. Kvitveis og hjorteskit er her nesten overalt. Sjølv om det ikkje er så langt opp, er det bratt - og det går ikkje mange menneske opp dit. Eg har aldri sett nokon ta seg opp denne lia.

Men nokon må ha gått her før i tida sidan det er spunne segner omkring Klantersteinen. Det hadde dei neppe gjort om dei hadde sett denne rullesteinen berre frå avstand. stor er han ikkje. Vel oppe ligg steinen i eit område der landskapet flatar ut til ei fjellhylle. Den mannshøge steinen ruvar her oppe. Han kviler mot tre ulike punkt på berget under. På det eine av desse punkta ligg det faktisk kilt inn ein liten stein mellom Klantersteinen og berget. I uminnelege tider har han lege der som "melomleggspapir" og støtte for noko som er mykje større enn seg sjølv. 

Ikkje mange turgåarar legg vegen opp til Klanersteinen. 
Baugtveitstemma i bakgrunnen. (Foto: Arve Kjell Uthaug)


SEGNENE. Edv. Haukedal skreiv ei lita bok om Åsane i 1956. Der fortel han at oppe i Håstefjellet "ligg ein merkeleg rullestein, Klantersteinen, som folk bisnar på og der er ymse segner om". 

Vi kom, bisna og gjekk. 

Men kor finn ein meir om desse segnene? Frode Fyllingsnes har med litt i bygdeboka for Åsane. Han peikar på at det er teke vare på lite av segner og forteljingar frå Åsane, men Baugtveit er eit unntak. Ifølgje Fyllingsnes finst det m.a. ein tradisjon om at Klantersteinen skal ha fungert som offerstad. Boka Hordvik - bygda vår fortel at dei underjordiske, som gjerne vart kalla "dei ufriskje", heldt til i dette området med Klantersteinen. Mest segnstoff herifrå finn vi i ein artikkel i bladet Åsabuen av Eivind Buanes om "Sagn og lignende fra Åsane kommune". Buanes byggjer i artikkelen på hovudoppgåva han i si tid skreiv om stadnamn i denne delen av Åsane. Han fortel at det knyter seg mange segner til utmarka kring Klantersteinen, Klanten og Ruggetohola. Fleire menneske skal ha blitt bergtekne her, m.a. ei namngitt jente som huldra tok med seg opp i Ruggetohola (like nedanfor Klantersteinen). Andre hevdar visstnok at det var Tunkallen eller Hudlkallen som gjorde dette. Buanes fortel òg om andre segner frå dette området, litt smånifse saker, og i Smalhuskleiva på Baugtveit er det fár etter ein hov og ein fot i fjellet. Styggemannen, Djevelen sjølv, har altså sett spor etter seg her.

EIT SÆRSYN. "Du skal leita vida i bygdene kring Bergen fyrr du finn fagrare og vidare utsyn enn frå Håstafjellet i Åsane. Dette fjellet er nok mindre kjent enn det var verd. Det er visst etter måten få byfolk t.d. som veit um dette fjellet, og endå fåare som hev vore der uppe." Slik innleier Johan Austbø ein artikkelen i avisa Dagen i 1931. Skribenten, som sannsynlegvis er identisk med forfattar Johan Austbø, har mykje godt å seia om Håstefjellet som turområdet, sjølv om ein "kan verta ør i hovudet, uppi desse ville, stupbratten fjellufsene" om ein tek seg fram på den sida av fjellet som vender ned mot Baugtveit.

Austbø avsluttar artikkelen med eit avsnitt om nettopp steinen vår, som ligg i dette bratte området: "I ei bergskorta uppi Håsta-fjellet ligg ein stor stein dei kallar Klanthellarsteinen. Han ligg på ein slik måte at det er eit sersyn. Steinen som er firkanta og nær 2 m. i kvar kant, har visseleg vorte liggjande att her frå isskuringstidi. Han ligg berre på 3 høge bergnibbor, og ser ut til å liggja so laust at ein kan undrast på at han ikkje i kvar augneblink rullar ned. Men slik har han lege i tusen av år, og vert nok liggjande heretter."

Dei som med sjølvsyn vil sanna at Austbø har fått rett, i alle fall så langt, kan gå opp lia bakom Baugtveitstemma.  Men gjer det ein dag med god sikt og tørr bakke, og stig varleg. Huldra er kanskje ikkje så mykje å frykta, men det er bratt utfor stupa.

Om kjelder, litteratur og skrivemåte: Eivind Buanes har skrive artikkelen "Sagn og lignende fra Åsane kommune" i bladet Åsabuen (nr. 13, 2009). Buanes skreiv hovudoppgåve i norsk ved Universitetet i Bergen i 1971 om Stedsnavn fra nordvestre delen av Åsane kommune. Både Klantersteinen og Klantesteinen er brukt i dei skriftlege kjeldene. Når eg har valt forma med r, dvs. Klantersteinen, byggjer det på velvillig hjelp frå Eivind Buanes som har kontakta ein pensjonist som alltid har budd på Baugtveit, og som stadfester at den lokale uttalen er Klantersteinen.  Artikkelen "Håstafjellet i Åsane" av Johan Austbø sto i Dagen 9. mai 1931. Edv. Haukedal skreiv boka Åsane. Bygda og folkelivet (1956). Frode Fyllingsnes har skrive Åsane - i fortid og nåtid (Bergen, 2007). Boka Hordvik - bygda vår (Bergen, 2001) har fleire forfattarar.

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar