fredag 13. mai 2022

Dramaet i Selsøy

Då Rasmus Krossøy kom heim att til Norge etter krigen, steig han i land med ei urne under kvar arm. I den eine låg oska etter mor hans Maria. I den andre låg oska til sonen Sverre, som berre vart åtte år gammal. 

Desse øyane og holmane nordvest i 
Austrheim blir berre kalla for Øyane.
Namnet Rongevær, som eigentleg er ei
av øyane, blir stundom brukt om heile
øygruppa. Rotøy der Signe og Rasmus
budde, er ikkje Rotøy på kartet over,
men ei langt mindre øy mellom Selsøy
og Baløy. (Karet er laga av Kai Øvre og 
henta frå Rongevær. Eit øysamfunn i krig.
Gjengitt med løyve frå forlaget).
Slik vert det fortalt. Kanskje var det ikkje bokstaveleg sant at han bar ei urne under kvar arm. Men Rasmus og kona Signe miste både sonen og mor (eigentleg stemor) til Rasmus dei månadene dei budde som flyktningar i Storbritannia. Dit hadde dei reist fordi familien vart trekt inn i eit krigstidsdrama i Øyane nord i Austrheim kommune i sluttfasen av krigen.

Silje og Rasmus budde i Rotøy. Eigentleg skjønar eg ikkje kvifor denne landformasjonen i si tid vart kalla øy. Holme passar betre. Bittelitt jord hadde dei. Bygdeboka fortel: "I 1939 var her 1 ku, 3 sauer og 4 lam, og ein liten potetåker". Heldigvis hadde dei fisket attåt. Og så hadde dei slekt og grannar i dei andre øyane omkring.

ØYSAMFUNN I KRIG. Øyane, eller Rongevær, er eit lite samfunn ytst ute i den sjøsalta utkanten. I dag går det bruer og veg ut til fleire av øyane. På 1940-talet var det båten som gjaldt. Strilane her ute la ned ein stor innsats i motstandskampen under andre verdskrigen. Først deltok dei i Shetlandsfarten, deretter skjulte dei telegrafistane i Selsøy. 

I den første fasen reiste båtar herifrå i den hemmelege farten mellom vestlandskysten og Shetland. Folk som måtte flykta, eller som ville melda seg til krigsteneste, drog vestover. Etter kvart avslørte tyskarane aktiviteten, og nokre av dei unge mannfolka hamna i fangenskap i Tyskland. Hilmar Langøy, som var ein nøkkelperson i dette arbeidet, slapp unna. I boka si Rongevær. Et øysamfunn i krig, skriv Arnfinn Haga om motstandskampen i desse øyane. Ein av eigenskapane han trekkjer fram med Hilmar, er at han var fåmælt. Ikkje den verste kvaliteten det, for den som driv ein aktivitet færrast mogleg bør vita om. 

Dessverre vart Hilmar i England mistenkt for å ha hjelpt tyskarane. Han vart frikjend, men det er likevel eit vemod i dei avsluttande orda i boka Rongevær om denne modige mannen som hadde sett sitt eige liv og familiens trygge kvardag på spel:

Han var taus før krigen og ble enda tausere etter krigen. Folk som kjente ham, mener at dette skyldtes påkjenningen ved å bli mistenkt. (s. 136)

JUL PÅ FLUKT. I 1944 vart øysamfunnet i havgapet trekt inn i motstanden mot okkupasjonsmakta på ein ny måte. To telegrafistar la seg i skjul i Selsøy, kartla den tyske skipstrafikken og sende den strategisk viktige informasjonen vidare til England. Heilt på eiga hand kunne dei ikkje klara seg. Rasmus Krossøy tok på seg det risikofylte oppdraget som lokal kontaktperson. Selsøy låg ikkje så mange åretaka frå Rotøy, der Rasmus budde saman med familien. Kona Signe hjelpte òg til, m.a. med å vaska kleda til dei to telegrafistane som låg i Selsøy. Far min fortel at ho òg bakte brød til dei. Utan tvil må både ho og mannen ha gått mang ei stund på otte for korleis det skulle gå med familien om tyskarane oppdaga det dei var med på.

Då det nærma seg jul i 1944, var det klart at tyskarane var farleg nær å finna radiosendaren i Selsøy. Motstandsfolka fekk ordre om å koma seg vekk. Litlejulaftan 1944, i dårleg vêr, for ein liten flyktningeflokk i båt over Fensfjorden: Ein telegrafist frå Selsøy; Signe, Rasmus, dei tre borna deira, bestemor Maria og ein dreng frå Rotøy;  Olaf Rongevær, sonen Odd og dei tre søskena hans frå Baløy. Unge Odd Rongevær var for motstandsveteran å rekna. Han hadde vore med i den tidlege fasen med Shetlandsfart og sona fengselsstraff i Tyskland.

Vel over Fensfjorden vart dei henta av "Hitra", som tok dei med over til Shetland, der dei fekk feira jul.

For familien frå Rotøy vart det ulukkelege månader i Storbritannia. Gamle Maria døydde der. Endå meir brutalt var det at sonen, åtte år gamle Sverre Reinholdt, vart påkøyrt i trafikken og døydde i London. 

Nora Hauge var med på flukta til Shetland
litlejulaftan i 1944. Søndag 8. mai 2022 avduka
hundreåringen minnesteinen i Selsøy saman med nevøen
Helge Rongevær. Kommandør Åsmund Andersen gjer
honnør (foto: Arve Kjell Uthaug)
MINNESTEINEN. Søndag 8. mai i år vart det avduka ein ruvande minnestein i Selsøy, forma av kunstnaren Vebjørn Sand. Portretta til ni motstandsmenn pregar steinen. Utan tvil fortener dei alle heidersplassen. Kanskje burde det òg vore nokre kvinner med mellom portretta? Godt var det i alle fall at Nora Hauge frå Baløy var den som avduka steinen, saman med brorsonen Helge Rongevær. Nora er utruleg nok 100 år gammal. Ho var sjølv med under juleflukta frå Øyane og over til Shetland i 1944. To andre av rømlingane lever òg framleis: Karen og Madel, dei to døtrene til Signe og Rasmus. Dessverre kunne dei ikkje vera med på avdukinga.

ØYANE. Engelskmennene har eit utrykk som seier at nokon boksar over si eiga vektklasse, "punch above your weight". Det må ein trygt kunna seia at Øyane nord i Austrheim gjorde under krigen. For min eigen del er historiene der utifrå spesielt interessante fordi mykje av slekta mi både på fars- og morssida kjem frå dette øysamfunnet. Farmor mi Anna var søster til Rasmus Krossøy, og dei voks opp i Rotøynæ. Det er litt av forklaringa bak at denne familien har fått den sentrale plassen i denne artikkelen. Det var andre som òg gjorde ein stor innsats. Mormor mi Karen kom frå Krossøynæ. Ho gifta seg med Ole Bergsvik, og han fekk lærarpost i desse øyane. Skulehuset låg i Kjeringæ, ein holme der ingen andre budde. Her voks mor mi opp dei første leveåra sine. 

Det var eit lite samfunn på mange måtar. Men for atter ein gong å gje siste ordet til den walisiske poeten Waldo Williams:

What is living? Having a great hall 

Between narrow walls.


I boka Rongevær. Eit øysamfunn i krig (Oslo, 2006, Cappelen) skriv Arnfinn Haga at Rasmus og familien fekk urna med oska etter Sverre Reinholdt ei tid etter at dei var komne tilbake til Norge. 

Sitatet om gardsdrifta i Rotøy er henta frå Austrheim i fortid og notid, band 3 (Arvid Skogseth, Austrheim kommune, 2006), s. 633.

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar