søndag 1. mai 2022

Åsataket og området omkring

Første artikkel

Dette gamle kartet er sannsynlegvis frå rundt 1790
og utsnittet her viser gardane i Åsane (Kjelde: Kartverket,
kartteiknar/oppmålar: S. Thodal)

Dei to toppane Veten og Håstefjellet hevar seg opp mellom 450 og 500 meter over havet nord i Åsane. Midt mellom dei slyngar den trondheimske postvegen seg som ei smal smykkesnor. Rundt dei to fjella ligg det fleire mindre toppar, og heile dette vesle området er ringa inne av dei gamle gardane Espelid, Mellingen, Vestli, Antveit, Saurås, Ulset, Toppe, Hitland, Baugtveit, Mjølkeråen, Salhus, Sætre, Tellevik, Falkanger, Hordvik, Tuft, Hylkje, Almås, Haukås, Brurås, Eikås, Sæterstøl og Teigland. 

Eg har ikkje høyrt at det finst noko samlande namn for dette fjellområdet, men det kan passa godt å kalla det Åsataket. Denne vesle artikkelen er den første i ein serie om Åsataket og området rundt. Mange kjenner dette som eit området for turgåing og rekreasjon, og det kan vera eit fint utgangspunkt.

VETEN er med sine 486 meter over havet det næraste du kjem himmelen i desse traktene. Kjappaste vegen opp går frå parkeringsplassen på Sætre, først gjennom granskogen og så langsmed torvmyrane oppom Litleveten. Framleis kan ein sjå festet etter løypestrengen som frakta torva ned til Magnusløå attmed postvegen. Det er eit imponerande fall. Vel oppe på toppen av Veten står ein midt i ei signallinje i eit eldgammalt varslingssystem. På Veten vart det tent bål, som så vart sett på neste topp. Båla ("vetane") vart kveikte frå topp til topp, og slik gjekk varselet om ufred og mobilisering. Veten ser ut til å ha vore ein del av signalinja innover i landet til Voss.

Det finst mange ulike stiar opp til Veten. Den som har litt god tid, kan gå ein rundtur frå Sætre og langs postvegen over til Mellingen, og så attmed Langavatnet til Vikaleitet, opp til Sæterstøl og derifrå til Veten. Sluttetappen går ned att til Sætre.

Overnatting i telt på Håstefjellet, med Veten i bakgrunnen
(foto: Arve Kjell Uthaug)

HÅSTEFJELLET
 (464) er den nest høgaste toppen på Åsataket. Det står Høgstefjellet på skilta, men så langt eg kjenner til, er den nedarva lokale uttalen Håstefjellet.  Ein av dei finaste turane her er rundturen som tek til og endar på parkeringsplassen på Baugtveit. For snart sytti år sidan skreiv Edv. Haukedal ei lita bok som heiter Åsane - bygda og folkelivet.  Etter først å ha vore innom Veten og dei næraste toppane omkring, vender forfattaren blikket over mot vestsida av postvegen (s. 43):

På vestsida har me så fjellrekkja mellom Tellevik og Mjølkrådalføret frå Salhus til Håstefjellet som er 464 meter høgt. I Salhusberget er det bratt og stup i sjøen. Før vegen til Salhus vart lagt i Ranten var der vanskeleg å ta seg fram. Der var to fotstigar i berget, den eine i flodmålet og den andre høgt opp i berget. Håstefjellet ringar inn Baugtveitstemma, som no er bygt ut til vasskjelda til Salhus og vestre delen av bygda. Oppe i Håstefjellet ligg ein merkeleg rullestein, Klantersteinen, som folk bisnar på og der er ymse segner om.

Mange gonger har eg gått på Håstefjellet utan å leggja merke til nokon rullestein. Då har eg heller ikkje sett etter nokon slik stein. Men den som leitar han finn, i alle fall om han går saman med skarpøygde turkameratar. No trur eg at eg veit kor den segnomspunne Klantersteinen er, og det er eit stykke frå den vanlege turstien, men sikker er eg ikkje før eg får plasseringa stadfest av folk som høyrer til i området.

Medbragt frå Salhus bakeri.
(foto: Arve Kjell Uthaug)

FJELLA BAK SALHUS er eit ypperleg turterreng med ulike stiar og ruter. Bygda Salus har kan henda si travlaste tid bak seg. Industrien har stilna og ei viss museal ånd kviler over staden. Men Salhus er ei perle, og har sine små overraskingar. Som den franske bakaren med eit bakeriutsal som berre held ope laurdagar mellom 8.30 og 13.00. Eller Tekstilindustrimuseet med sin lyse og avslappa kafé med utsikt over sjøen og museumsbutikk vegg-i-vegg. 

Turtipset er å stiga i turskoa tidleg laurdag morgon og gå frå Salhus og opp Miladalen, ta avstikkaren til venstre opp på Tellevikfjellet og deretter kryssa vestover og gå ned att. Der går stien attmed to av stemmene som finst i dette området, ei stemme er eit oppdemma vatn. Først kjem Litlejørgenstemmo med sin fine rasteplass i livd for nordavinden. Litt lenger nede går stien forbi Storejørgenstemmo, som har ein imponerande demning, men som ikkje lenger heilt greier å halda på vatnet.  

Eit alternativ er sjølvsagt å leggja den same turen til ein søndag og enda opp i kafeen på Tekstilindustrimuseet. Forresten burde nokon ha kryssa denne kafeen med bakeriet eit par steinkast bortanfor. Det ville gitt oss ein førsteklasses plass å sitja kombinert med eit fint utval av velsmakande bakevarer.

Uansett, det er alltid verd å dra til Salhus.


Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar