fredag 15. april 2022

Kule ord (83): kross

Krossar på gravplassen utanfor
Kaupanger stavkyrkje i Sogn.
(Foto: Arve Kjell Uthaug)
Ordet kross er den tradisjonelle nynorskforma av kors. Den siste forma er i dag langt vanlegare, og ho er gangbar i nynorsk rettskriving på linje med kross. Kanskje er det nostalgi, men eg er blitt glad i forma kross. På norrønt heitte det kross. Sjølv om eg ikkje er språkforskar, trur eg ikkje det er nokon dårleg hypotese at forma kross er vorten dytta ut av forma kors under trykket av det prestisjetunge by- og bokspråket. Det danske bibelspråket har dytta med.

Slike språkendringar viskar likevel ikkje ut alle spor. Frå her eg sit og skriv, er Krossfjellet ein av dei næraste fjelltoppane. I barndomen min fekk vi i sommarferiane nordvest i Nordhordland stundom krosstroll ombord i båten når vi drog opp trollgarnet. Dette ordet er blitt brukt om vanlege sjøstjerner, men vi brukte det berre om ein annan pigghuding, nemleg dei svarte slangestjernene. Heilt åleine om å reservera ordet krosstroll for desse flate, slangearma skapningane var vi heller ikkje. Referenten Arve Hammerøy så langt nord som  Bjørnsund i Romsdal ser ut til å ha gjort det same. Og i utmarka i Austrheim var grensene mellom dei ulike stykka markerte med krossar hogne inn i berget. No er desse grensekrossane for lengst overgrodde av mose, lyng og sprake. Ein vilter vegetasjon som tok over då sauene gav seg. Meir moderne metodar fortel oss kor grensene går mellom mitt og ditt, men krossane må jo liggja under der ein stad. Både om sjødyra og grensemerka var det forma kross, ikkje kors, vi brukte, slik eg hugsar det.

Status i dag er at forma kross først og fremst lever i stadnamn og i det nynorske bibel-, liturgi- og salmespråket. Det høver derfor godt å runda av med eit vers frå den vakre Isaac Watts-salmen, som i den norske omsetjinga til Per Lønning og Alfred Hauge har fått tittelen Når krossen underfull eg ser:


Frå panna, handi, foten hans

flyt sorg og kjærleik saman ned.

Kvar fletta klunger slik ein krans,

og når vart strid til slik ein fred?

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar