torsdag 10. mars 2022

Folk og dyr i York

Ein biskop i stein, og ein fri fugl.
(Foto: Arve Kjell Uthaug)
YORK I  MARS 2022. Erkebiskop William Melton hadde sitt å stri med. Du kan sjå det på han sjølv om det er gått snart sjuhundre år sidan han anda ut. Jordelivet er ført vidare som steinfigur oppe på veggen av den veldige katedralen York Minster i byen York i Nord-England. Med seg i eine handa har han fått ein miniatyrkatedral, han var trass alt ein av byggherrane for York Minster. Eit klokt, men litt tungt blikk pregar andletet. Og han hadde mykje å takast med, ifølgje Wikipedia: opprørske nonner, krigerske skottar, nederlag på slagmarka, politisk maktspel og konfliktar, stort administrativt ansvar. Det burde vera nok til å få eikvar moderne norsk bispegjerning til å sjå ut som ei makeleg festreise til samanlikning. 

Mange suter hadde altså William Melton. Då er det annleis med dua som ubekymra har søkt selskap med den forsteina biskopen. Som kjent sår ikkje slike skapningar, dei hauster heller ikkje, og dei tek ikkje ein gong imot offentlege subsidiar. Likevel er det nokon som syter for dei, og dei finn maten dei treng. Til alt overmål er dua kjent som ein sjaskete reirbyggjar - det kan vera det er eit vondsinna rykte, men slik blir det i alle fall sagt - og står dermed endå fjernare frå katedralbyggjar Melton. Dua ser likevel ut til å ha det bra.

Byen York har òg andre dyr enn dei som kan flyga. På den store, opne plassen bak hotellet slentra reven forbi ei morgonstund. Langs gangvegen boltrar kaninane seg i graset, og dei grå ekorna smett rundt på bakken og i trea. Dei grå, vel å merka. Ein gong rådde dei raudbrune ekorna grunnen på dei britiske øyane. Så på 1800-talet fann nokon ut at dei skulle ta med seg hit nokre av dei litt større, grå ekorna frå Nordamerika. Det var ein suksess. For dei grå.  Dei raudbrune ekorna derimot er blitt trengt tilbake meir og meir og er truga som art på dei britiske øyane. Det er fleire grunnar til denne dramatiske nedturen for dei raudbrune, og ein av dei er at det er vorte mindre av det naturlege skogmiljøet deira. Men det største problemet er likevel den grå storebroren. Dei grå ekorna hevdar seg best i tevlinga om maten og driv dermed dei raude ut av område etter område. I tillegg ber dei grå med seg eit virus, som dei sjølve lever godt med, men som er dødeleg for dei raudbrune ekorna. 

Best likt av dei alle, men kva hjelper det
viss du endar opp som piggdekk.
(foto: Arve Kjell Uthaug)
På same måte som romarane og angel-saksarane ein gong invaderte dei britiske øyane, og dreiv dei stadeigne keltarane ut til ytterkantane av øyriket, har dei grå ekorna no lagt under seg store delar av øyriket, og den raudbrune slektningen er i ferd med å enda opp med å forskansa seg i ein slags "celtic fringe". I beste fall.

Det raudbrune ekornet er eitt av dei mest populære villdyra i Storbritannia. Men ikkje det mest populære. I meiningsmåling etter meiningsmåling er det piggsvinet som klatrar heilt til topps på den lista, skriv Tom Holland i ein artikkel i The Spectator. Men òg dette dyret har det tøft, og her er det vi menneske og vårt moderne liv som skaper problema. Det er eit bittert paradoks at til færre vi har att av piggsvina, til meir proklamerer vi kjærleiken vår til desse dyra, slår Holland fast. 

For min del har eg ikkje møtt nokon piggsvin her borte. Derimot kan du ikkje unngå å sjå dei mange kyrkjene, som særleg pregar den historiske bykjernen i York. Gamle steinkyrkjer som overgår kvarandre i å syna fram vakre glasmåleri. Desse gudshusa, med York Minster i spissen, må ha eit nesten umetteleg samla vedlikehaldsbehov. Tankane våre går til den lokale kyrkjeverja og driftsleiaren, eller kven det no er som har ansvaret for vedlikehald av kyrkjene her borte. 

Elisabet kviler blikket på sonen
Johannes. Han som kom like før
 Jesus, og som forkynte omvending
(foto: Arve Kjell Uthaug)

Ei av desse kyrkjene er All Saint's Church, Pavement. Bygninga er frå 1300-talet, sjølv om det er gjort mange endringar sidan den tid. Heilt framme på høgre sida av alteret er det eit nydeleg vindauga med glasmåleri av tre bibelske kvinner og sønene deira. Til venstre står Hanna med sonen Samuel, i midten er Maria med Jesusbarnet på armen, og til høgre står Elisabet og kastar eit omsorgsfullt blikk ned på ein litt mindre, kamelhårskappekledd Johannes. Å vera mor til ein rebelsk omvendingsprofet kan neppe ha vore enkelt. 

Alle desse tre kvinnene hadde si eiga viktige historie. Alle tre fekk søner som spela ei endå større rolle enn dei sjølve. Eg skriv ikkje dette først og fremst for å irritera feministteologar, for dei les nok ikkje denne bloggen likevel. Men desse tre ruvande kvinnene har noko å læra bort til både menn og kvinner om å gleda seg over at nokon som ein sjølv har bore fram - fysisk eller i overført meining - får ein meir sentral rolle enn det ein sjølv har. Den kamelhårskledde sa jo sjølv noko klokt om dette i det som må vera eitt av dei to mest kjente sitata vi har frå han. 

Johannes fekk eit turbulent liv og ein brutal død. Men i York står han framleis trygg og glad attmed mor si.



Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar