tirsdag 8. februar 2022

Kule ord (82): amok

Nick Cave åtvarar mot å gå amok.
(Foto: Raph_PH)
Det er sterke saker å gå amok, i alle fall om ein ser på opphavet til uttrykket. I norsk daglegbruk er dramatikken jekka ned mange hakk slik at ordet betyr å opptre rasande eller ustyrleg. Å gå amok er hjå oss vorte litt som å gå bananas.

Ordet amok kjem eigentleg frå malayisk. Det å gå amok i dette søraustasiatiske området minner litt om forestillinga vi har om berserkar i norrøn tid. Berserkane var krigarar som for fram i sanselaus villskap. Kva var det så å gå amok? Dei ulike framstillingane eg har funne, varierer litt, men kjernen er den same: menn som sprang rundt i villskap og drap for fote, heilt til nokon tok livet deira. Ein stad blir det lagt vekt på at dette var eit slags sjølvmord, ein annan stad omtalar ein det som hemndrap (utan at eg heilt veit kva som skulle hemnast). Norsk etymologisk ordbok (de Caprona, 2013) skriv at mennene var i opiumsrus. Her skal eg ta med forklaringa slik ho vert gitt i fabelaktige Norsk Allkunnebok (1948):

a`mok, malaiisk ord, brukt av dette folket om eit slag berserk-villskap eller blodsinne. Det vert gjerne utløyst ved sterke sinnsrørsler, og den som er gripen av det, fer av stad i vilt jag og freistar å drepa og slå ned alt han møter. Det endar oftast med at han vert drepen eller tek sitt eige liv. Hos malaiane er ein slik utanfor lova, så kven som vil kan strafflaust drepa han. "Gå a.", fara sanselaust av stad og øydeleggja for fote.

Så vi har altså overteke eit malayisk ord og ei forestilling frå denne kulturen, men tillempa det og mildna det i den daglege språkbruken vår. Av og til undrar det meg litt at dei som er så ivrige etter å åtvara mot kulturell appropriasjon, ikkje går laus på orda i språket vårt. Viss det er så uakseptabelt å låna klesplagg og musikk, korleis kan vi då akseptera mange av lånorda vi har i språket? Språket er kanskje det viktigaste i ein kultur, og ord ber med seg spesifikke ting frå ein kultur, slik som amok. Språka våre er naturlegvis fulle av lån frå andre språk og kulturar, og dominerande språk (som engelsk) har òg lånt ord frå koloniserte folk.

Derfor vil eg avslutta med eit sitat frå Nick Cave der han brukar ordet amok. Det handlar høveleg nok om kanselleringskultur, som er ein slags halvbror til forestillinga om kulturell appropriasjon.

As far as I can see, cancel culture is mercy's antithesis. Political correctness has grown to become the unhappiest religion in the world.

Its once honourable attempt to reimagine our society in a more equitable way now embodies all the worst aspects that religion has to offer (and none of the beauty) - moral certainty and self-righteousness shorn even of the capacity for redemption. It has become quite literally, bad religion run amuck.

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar