Viser innlegg med etiketten Den koptiske kyrkja. Vis alle innlegg
Viser innlegg med etiketten Den koptiske kyrkja. Vis alle innlegg

tirsdag 1. juni 2021

Alt lagt i potten

Pave Kyrillos VI leia den koptiske kyrkja i ei tid med
sterk indre fornying (foto: Wikimedia Commons)


Ein mann som helst ville leva eit stille liv nær Gud som einebuar i ei falleferdig vindmølle i ørkenen. Som sto opp om natta for å baka nattverdbrødet og tilbringa  timesvis i liturgi og bøn. Sjølv sa han det slik: "Det finst ikkje dårlege og gode dagar, men det finst dagar i bøn og dagar utan bøn". Kven ville valt eit slikt menneske til øvste leiar for eit kyrkjesamfunn, og kven ville tenkt at kyrkja på hans vakt skulle oppleva ei fornying det går gjetord om?

Koptarane i Egypt gjorde han til pave, eller patriark om du vil, i 1959. Fram til han døydde i 1971, var han leiar for den største kristne minoriteten i Midtausten.

Azer, Mina og Kyrillos. Azer var ein lovande arbeidstakar i eit utanlandsk firma i Egypt. Trass i protestar frå familien valde han å bli munk. Som munk fekk han namnet Mina. Først budde han i eit kloster, seinare i ei grotte, så i ei nedlagd vindmølle, og seinare i eit klosterfellesskap i Kairo.  

I 1959 vart munken valt til pave. Valt og valt, forresten. Koptarane har sine eigne tradisjonar når dei peikar ut sin øvste leiar. Av dei tre kandidatane som fekk flest røyster, fekk Mina færrast. Men alle tre gjekk vidare til ein siste runde, der ein fem år gammal gut trekte ut ein av tre lappar - og han trekte lappen med Mina sitt namn. Dermed vart han pave Kyrillos VI, patriark og leiar for den koptiske kyrkja i Egypt. Statistikk og religion kan vera ei vanskeleg blanding, men kan henda er det i dag om lag ti millionar koptarar i Egypt. Kanskje er det færre; koptarane sjølve hevdar derimot gjerne at dei er fleire. 

A Silent Patriarch, heiter biografien Daniel Fanous har skrive om Kyrillos VI. Han introduserer oss for ein mann som la alt i potten. Ein som sa frå seg alt anna for å vinna skatten i åkeren, eller få tak i den kostelege perla. Meir enn gjennom store planar og visjonære initiativ kom han til å prega kyrkja gjennom sitt personlege gudsliv. Fanous har skrive eit lærd verk om Kyrillos, supplert av sidevis med fotnotar, og utan tvil basert på eit imponerande arbeid med kjeldene. Likevel er boka engasjerande. For vestlege kristne som ønskjer innblikk i ein unik kristen tradisjon frå Midtausten, og som er lei den kyrkjelege sjølvskadinga gjennom liberal teologi og politisert kristendom i Vesten, kvifor ikkje prøva ein biografi om ein koptisk pave? 

Dette er ein god biografi, som får fram eit større bilete på ein nær og levande måte gjennom ein enkeltperson. Samstundes ligg det alltid eit par snublesteinar like innanfor biografiens dørstokk. For det første er det lett å overdriva rolla til den personen ein skriv om, og meir eller mindre oversjå menneska omkring. Denne utfordringa taklar Fanous godt, synest eg, ikkje minst gjennom dei innsiktsfulle presentasjonane vi får av andre personar omkring Kyrillos. Det er eit variert persongalleri av både medspelarar og motspelarar, og dei som var begge delar. Kloster-fornyaren Matta el-Meskeen er vel ein av dei som kan plasserast i den siste av desse tre kategoriane. Det neste problemet er at biografen ofte vil ta parti for og forsvara hovudpersonen sin. Og det må seiast at sjølv om denne boka er aldri så lærd og innsiktsfull, har Fanous ikkje mykje kritisk å seia om hovudpersonen. Så er det kanskje ikkje så liketil heller å skriva biografi om ein helgen, som Kyrillos er i den koptiske kyrkja. 

Forvandling framfor kritikk. Boka gjev eit ganske mørkt bilete av den kyrkja Kyrillos tok over leiinga av. Presset frå det muslimske majoritetssamfunnet er der jo alltid for koptarane, stundom sterkare stundom veikare. Men det sto òg skrøpeleg til internt i kyrkja, og svikten hadde gått heilt til topps. Korrupsjonen var utbreidd, og folk betalte seg til bispeembete. Utfordringane var store. Patriark Kyrillos hadde nok likevel det same perspektivet som den sterke koptiske søndagsskulerørsla, nemleg å festa blikket på dei positive, forvandlande sidene ved kyrkja heller enn å kritisera hennar skrale tilstand her og no (s. 163). 

Men korleis forandrar du ei kyrkje? Kloke folk vil sikkert seia at det kan vi ikkje, berre Gud kan det. Men korleis blir ei kyrkje forandra? Kloke folk vil kanskje studera nærare kyrkjer som er blitt endra (til det betre). Fanous viser til at for dei første kristne handla det ikkje om reform av kyrkja, men reform av personen (s. 309-310). Patriark Kyrillos VI foranda kyrkja gjennom det gudslivet han sjølv levde, og så i neste omgang gjennom dei læresveinane han prega. Kjernen i fornyinga var personleg. Forfattaren reknar biskop Shenouda (seinare pave), biskop Samuel, biskop Gregorious og den stride klosterpioneren Matta el-Meskeen til desse læresveinane. Kyrillos gjorde samstundes eit organisatorisk grep som viser at strategi og struktur heller ikkje var uviktig. Han oppretta heilt nye "tematiske" bispeembete. I tillegg til å løfta fram viktige saksfelt, kunne han på denne måten fylla nøkkelposisjonar i kyrkja med handlekraftige menn utan å måtta venta til geografiske bispeembete vart ledige. Samuel, Gregorious og Shenouda fekk kvar sitt tematiske bispeembete.  

Den eine og dei mange. Forfattaren av A Silent Patriarch har interessante refleksjonar ikkje berre om den koptiske kyrkja, men òg om korleis kyrkjer generelt blir reformerte og fornya: 

The earliest Christian idea of reform, as revealed in both the New Testament and patristic writings, was that of personal ascetic reform. But, as we have seen, the reach of that reform was always limited by the sphere of one's "ascetic influence", that is, the reach of one's capacity to disciple. This explains the peculiar failure of top-down legislated ecclesial reforms in the past two millennia, for hearts can never be transformed from above. Programs of reform, one scholar writes, may give an appearance of efficacy, and dynamic clergy may even bring people to the altar, but none of these produces lasting change when compared to even one "encounter with genuine holiness". "Holiness", in the words of Bishop Meletios of Preveza, "will beget more holiness". (s. 348)

Eit av dei mest interessante kapitla i boka heiter Three Bishops and a Monk: A Kenotic EcclesiologyHer presenterer Fanous lesarane for Shenouda, Gregorious, Samuel og Matta - fire av dei såkalla "søndagsskulemunkane". Dei tre første vart altså utpeikt til tematiske biskopar av Kyrillos, den fjerde fornya det koptiske klostervesenet. Alle desse fire hadde bakgrunn i den koptiske søndagsskulerørsla, ei rørsle som fornya og utrusta kyrkja innanfrå på 1900-talet. Som patriark gav Kyrillos dei nøkkelposisjonar i kyrkja. Det hindra ikkje at det var rivingar og konfliktar mellom både dei og mellom nokre av dei og Kyrillos. Likevel vart dei alle reiskapar for reform og fornying.

Bygd nedanfrå. Alle fire hadde altså bakgrunn i den sterke søndagsskulerørsla som hadde vokse fram i den koptiske kyrkja utover 1900-talet. Habib Girgis (1876-1951) var far til denne søndagsskule-revolusjonen, som hadde utdanning og disippelgjering som grunnleggjande prinsipp. Gjennom dette byggverket som allereie var reist nedanfrå, kunne fornyinga under Kyrillos "innanfor eit tiår spreia seg som lauseld gjennom hjartene i det kristne Egypt" (s. 351) - gjennom "søndagsskulemunkar" som hadde fått nøkkelposisjonar i kyrkja, og vidare gjennom eit nettverk av disippelskap i heile kyrkja.

Den koptiske kyrkja har sjølvsagt sine feil og manglar som alle andre kyrkjesamfunn. Gjennom sine moderne martyrar og gjennom si ungdommelege livskraft gjer desse kristne likevel eit sterkt inntrykk, slik ei anna bok, The 21, også får fram. Daniel Fanous ser denne kyrkja gjennom ein ualminneleg patriark på 1900-talet og gjev eit bilete av ei gjennomgripande fornying av ei gammal kyrkje.

Artikkelen over baserer seg på boka A Silent Patriarch. Kyrillos VI (1902-1971) - Life and Legacy (New York, 2019). Boka er skriven av Daniel Fanous ved det koptiske teologiske seminaret i Sydney i Australia.

søndag 14. februar 2021

21 alminnelege menn

- Du må forstå at dette var gjennomsnittlege unge menn, heilt alminnelege karar. Eg hadde aldri trudd at dei skulle bli helgenar! Orda kjem frå den koptiske presten, som er ein av dei mange forfattaren Martin Mosebach møtte på reisa si til i El-Aour i øvre Egypt. Herifrå kom dei fleste av dei egyptiske gjestearbeidarane som 15. februar 2015 vart førte ned til stranda i Sirte i Libya kledde i oransje fangedrakter. Der kviskra dei sine enkle bøner til Jesus før fangevaktarane frå terrorgruppa IS skar hovuda av dei. 

Den tyske forfattaren Martin Mosebach har reist til Egypt for å finna ut meir om desse mennene. Resultatet er boka The 21 - A Journey into the Land of Coptic Martyrs (2019). Her fortel han historia om dei fattige koptarane frå den egyptiske landsbygda som kanskje er blitt dei mest kjende kristne martyrane i vår generasjon. Dei yngste var berre 22 år, den eldste var 46. Ein gjestearbeidar frå Afrika sør for Sahara gjorde felles sak og gjekk saman med dei inn i martyriet. Til saman var dei då 21.


Den 21. martyren

Drapsmennene filma det som hende på stranda i Sirte, og spreidde videoen. Dermed har vi dokumentasjon. Dei døde kroppane vart seinare funne, frakta til Egypt og gravlagde der. Slektningane til dei tjue kristne egyptarane lever, og kan fortelja om søner, brør og ektemenn. Naboane og den lokale presten kan òg spørjast. 

Så er det andre ting vi ikkje veit, eller som vi i alle fall ikkje har sikker kunnskap om. Korleis var tida deira i fangenskap? Kven var mennene som fanga og drap dei? Kven var eigentleg den mørkhuda med-martyren, og korleis endte han opp saman med koptarane frå Egypt? 

Litt meiner vi likevel å vita om denne 21. martyren. Namnet hans skal ha vore Matthew Ayariga, og han var frå Ghana. Mosebach skriv at han frivillig valde å gje livet sitt saman med dei andre. Kidnapparane skal å tenkt å la han gå, men "han var ein kristen og sa det, og det var nok for dei til å drepa han jamsides dei andre".


Avstand

Så er det heller ikkje til å koma frå at sjølv om Mosebach har skrive ei glimrande bok, og ei lærerik bok, og sjølv om han har reist utanfor allfarveg for å snakka med familiar og kjende, så er det mykje denne boka ikkje greier å trengja inn i. Det legg forfattaren heller ikkje skjul på i boka. 

Han er ein utanforståande, ein vesteuropeisk, katolsk intellektuell. Kulturelt er det eit gap mellom han og landsbybøndene han møter. Han snakkar heller ikkje arabisk og er prisgitt ulike tolkar.

Så det er mykje vi ikkje får vita om desse mennene, om oppveksten deira, om kvardagslivet, framtidsdraumane og familiane dei hadde rundt seg. Men den lokale presten forsikrar altså at dei var gjennomsnittlege unge menn frå området. Vi kan skjøna at Mosebach etter dette konkluderer med at lista for det gjennomsnittlege er blitt lagt ganske høgt. Han merkar seg òg at familiane deira ikkje er prega av sorg når han besøker dei to år etter massakren på stranda.


Det koptiske underet

Muslimske arabarar la under seg Egypt på 600-talet, og det gjorde koptarane til andrerangs borgarar. Dei er framleis andrerangs borgarar, utan at det ser ut til å plaga verdssamfunnet særleg mykje. Dei er der i alle fall framleis, og den koptisk-ortodokse kyrkja er det største kristne samfunnet i Midtausten. I andre land vart dei tradisjonelle kristne kyrkjene etter kvart meir eller mindre utraderte. Bortsett frå Egypt og Libanon er dei etter kvart krympa til små minoritetar i dei arabisktalande landa. 

Kvifor har den koptiske kyrkja greidd seg så godt, trass all motstand og undertrykking? Den kyrkja Mosebach skildrar i boka, har ikkje berre overlevd. Ho er sterk, ho er entusiastisk og er (som samfunnet omkring) sterkt prega av ungdom. Det gjer inntrykk å lesa om kyrkjene Mosebach gjestar der ugdommar møtest til bønemøte utan prest - gutane på den eine sida i kyrkja, jenten på den andre. 

Fleire stader i boka fortel Mosebach om bygging av nye kyrkjer. Det er interessant når ein veit kor store problem koptarane har hatt med å få reisa gudshus til flokkane sine. Om det verkeleg er ei endring til det betre her, veit eg ikkje. Men spørsmålet heng i lufta etter å ha lese boka. Kva som skulle vera årsaka til ei slik betring, er heller ikkje klart. Og om Mosebach veit det, skriv han det i alle fall ikkje. 


Minneverdige møte

Denne boka handlar meir om den koptiske kyrkja enn om dei 21 mennene på stranda i Sirte. Mosebach kan vera ganske ordrik, og han kvir seg ikkje for å rydda god plass til sine eigne refleksjonar. Heldigvis er han både klok og lærd. 

Eg lærte svært mykje om den koptiske kyrkja gjennom boka, og enkelte kapittel er glimrande skisser av møte med koptarar i ulike posisjonar og situasjonar. Tre høgdepunkt er biskopen, reiseprestane og hotelleigaren.

Biskopen i Samalut er ein ageleg Herrens tenar. El-Aour ligg i hans bispedøme. Biskopen, som sjølv har legeutdanning, har grunnlagt eit stort og moderne sjukehus som ligg saman med katedralen, bisperesidensen og skulen. Frimodig og overraskande frittalande forklarar han situasjonen til den vestlege journalisten. Heller ikkje han meiner at egyptarane på stranda i Sirte var så spesielle, i alle fall ikkje i utgangspunktet. - Dette er ikkje ei vestleg kyrkje i eit vestleg samfunn. Vi er martyrane si kyrkje. Eg tek ikkje nokon særleg risiko når eg seier at ikkje ein einaste koptar i øvre Egypt ville svikta trua. Seier biskopen, som Mosebach karakteriserer som "den absolutte arketypen på ein pragmatisk, framsynt reaksjonær - ein type leiar heilt ukjend i Vesten".

På eit lite kontor i ein annan bispegard, i Damanhur, møter Mosebach dei to reiseprestane Abuna Bolla og Abuna Timoteus. Dette bispedømet har, som ein slags koptisk sjømannsmisjon, ansvaret for å følgja opp dei truande i Nord-Afrika vest for Egypt. Libya var Bolla og Timoteus sitt ansvar, som dei følgde opp så lenge den politiske situasjonen tillett det. Dei møtte òg gruppa av koptarar som seinare vart martyrane på stranda. Dei to prestane er milde og audmjuke menn. Dei blir tolka av dottera til den eine, og ho er ingen passiv formidlar. Ho er ein smilande og frimodig representant for den unge kyrkja i Egypt, og ho er slett ikkje redd for å ta over styringa litt der det trengst. 

Hotelleigaren i Kairo er frå ein framståande koptisk familie. Økonomisk høyrer han til eit heilt anna skikt i samfunnet enn dei fattige landarbeidarane i øvre Egypt. I utgangspunktet gjev han uttrykk for at motsetningane mellom koptarar og muslimar i Egypt ikkje er så mykje å snakka om. Men etter kvart som samtalen går, kjem det fram det eine problemet etter det andre: Dei muslimske arabarane kom som okkupantar til Egypt, nett som den kvite mann kom til Amerika. I dag blir koptarane sett på som ei femtekolonne i samfunnet. Når dei har økonomisk suksess, blir dei oppfatta som parasittar. Lovverket stengjer dei ute frå leiande stillingar i samfunnet. Styresmaktene vil ikkje vedgå kor stor prosent av folket dei verkeleg er. For å klara seg må koptarane gjera pragmatiske kompromiss med vekslande diktatorar, og det straffar seg når diktatorens tid er omme. Når forfattaren til slutt spør, kanskje litt vel håpefullt, kva ein kan læra av alt dette, har hotelleigaren i særklasse svaret klart, sannsynlegvis med like stor dose resignasjon som humor: "Kva ein kan læra av dette? Same kva du finn på, ikkje høyr til ein minoritet! Det er det ein kan læra!".


Islam og kristendom

Debatt om islam er eit minefelt, og det er klart at historia om dei 21 på stranda i Sirte kan brukast til å gjera frontane endå hardare i diskusjonane om islam i vår eigen del av verda. Men før vi brukar denne hendinga til å vri om polariseringsspiralen i vårt eige heimlege ordskifte, bør vi grunna litt på korleis den koptiske kyrkja sjølv møter desse forfølgingane. Mosebach konkluderer med at "gjennom heilt enkelt å gje avkall på hemn og gjengjeld, veks den usynlege hæren av martyrar og blir støtt større og mektigare". 

Koptarane i Egypt har sikkert òg noko å læra oss om grenser mot og kompromiss med eit fiendtleg storsamfunn. Dei er på den eine sida lojale og fredelege medborgarar. På den andre sida går dei ikkje inn på kva som helst. Enka etter Tawadros, ein av dei 21, fortel at mannen hadde fått råd i Libya om å bytta ut det kristne namnet sitt for å unngå trøbbel. Det ville han ikkje: "Den som byrjar med å endra namnet sitt, endar opp med å endra trua si."

Dei maskekledde drapsmennene blir statistar utan ansikt og namn. Tawadros og dei tjue andre vil bli hugsa. Dei minner oss om enkeltmennesket sin verdi, og om at ei kyrkje som kan rotna på rot midt i vestleg velstand, kan visa seg uovervinneleg på ei strand i Nord-Afrika.

Den koptiske krossen i illustrasjonen er laga av David A se og henta frå Wikimedia Commons.


tirsdag 17. februar 2015

Gjestearbeidarar, familiemenn og kristne

Kristus og den tidlege egyptiske martyren Mennas (frå Louvre).
Ein avleggar av den såkalla "Islamske staten" (IS) har vist sitt mot gjennom å kappa hovuda av tjueein forsvarslause egyptiske menn i Libya. Mennene hadde reist over grensa for å skaffa seg arbeid slik at dei skulle kunna ta vare på sine næraste. Mordarane frå IS har grave fram retorikk om krosstoga i mellomalderen.

Eg vil likevel ikkje at dei feige og forvirra IS-mennene skal få hovudplassen i dette innlegget. Heller vil eg trekkja fram dei egyptiske kristne mennene som måtte bøta med liva sine. Det er dei det er verd å hugsa.

BBC skriv i ein artikkel at dei alle vona å venda heim att til Egypt og byggja betre liv for familiane sine.  Eldste offeret var ein 40 år gammal sjåfør, Majid Suayman Shihata, som håpte å tena nok pengar til å betala utdanninga for dei tre borna sine, ta vare på den gamle mor si og fire søsken. Familien til Abanub Ayyad Atiyyah fortel at 22-åringen ville hjelpa familien sin og spara pengar til sitt eige bryllaup. Milad Makin Zaki etterlet seg ein tre år gammal son, Mina Fayiz Aziz har gamle foreldre som lever att. Luqa Najati, 24 år gammal, var nygift og var i Libya då dottera hans vart fødd. Desse og seksten andre vart drepne på ei strand i Libya, og den koptiske kyrkja i Egypt har fått endå fleire martyrar.

søndag 4. november 2012

Kule ord (2): pave

Den gamle paven Shenouda III
døydde i mars i år (Foto: Michael
Sleman, Wikimedia Commons)
Ordet «pave» kjem frå det latinske «papa» og tyder far. Hjå oss vert det vanlegvis brukt om biskopen i Roma, som er overhovudet for den romersk-katolske kyrkja i heile verda. Men det blir òg brukt overført om ein «sjølvrådig person», ifølgje Norsk ordbok
, som dessutan kan lista opp fleire samansette ord: «juksepave, kranglepave, lygepave, ranglepave, skrytepave, vinglepave». Alle har ein negativ klang. Kanskje har det med vår protestantiske tradisjon å gjera? Å diskutera pavens skjegg er forresten eit kjent uttrykk for å bruka tid på flisespikkeri, på noko som ikkje eksisterer, eller er uviktig. Og er du meir katolsk enn paven, går du vel langt i dine synspunkt eller di overtyding. Interessant nok blir òg «pave» brukt om den uetande magesekken, eller skitposen, hjå skaldyr som krabbe.

Den gode grunnen til å trekkja fram ordet «pave» nettopp 4. november 2012, er at det i dag er valt ein ny pave. Sjølvsagt er det ikkje snakk om den romersk-katolske kyrkja. Då ville det vore meir medievirak rundt det heile. Nei, det er koptarane som har fått ny pave. Sjølv om dette eldgamle kyrkjesamfunnet er svært lite samanlikna med romarkyrkja, er den koptiske kyrkja med sine fleire millionar trufaste likevel det klart største kyrkjesamfunnet i Midtausten. Etter at pave Shenouda døydde for nokre månader sidan, har koptarane teke tida til hjelp i arbeidet med å finna etterfølgjaren. Tre kandidatar vart etter eit val ståande att. Tidlegare i dag vart så ein av desse bokstaveleg tala plukka ut då ein gut med bind for augo trekte eitt av dei tre namna opp frå ein glasbolle i St Markuskatedralen i Kairo. Tawadros heiter den nye koptiske paven. Eit stort og vanskeleg kall har han fått som leiar for ein kristen minoritet i eit Egypt der islamistane sit i regjeringskontora og er blitt den førande krafta i det politiske livet.

 
 

søndag 1. januar 2012

Ein mørk minnedag for kristne i Midtausten

1. nyttårsdag  2011 var ein merkedag og ein mørk dag for kristne i egypt i Egypt. Den koptiske kyrkja i Egypt er det største kristne kyrkjesamfunnet i Midtausten. Sjølv om koptarane er ein minoritet i sitt eige land – ein reknar med at om lag ti prosent av egyptarane er kristne – utgjer dei fleire millionar. 1. januar for eit år sidan vart det gjennomført eit attentat mot ei koptisk kyrkje i Aleksandria. Meir enn tjue kristne mista livet.

Dette er berre ei av mange hendingar som viser forfølginga og vanskane mange kristne opplever i land dominert av islam. Problemet er ofte både diskriminerande ordningar i samfunnet og direkte vald frå ekstremistiske grupper. Talet på kristne i Irak har falle dramatisk etter at Saddam Hussein vart styrta, og mange hugsar søndagen i slutten av oktober 2010 som endte med at minst 58 menneske – kvinner og menn, unge og eldre, lekfolk og prestar – vart drepne etter at islamistiske terrorista storma ei kyrkje i Baghdad. I Pakistan sit den kristne fembarnsmora Assia Bibi med dødsom hengande over seg for blasfemi. Tidleg i 2011 vart den kristne statsråden for minoritetar drepen i Pakistan.  I Tur Abdin i det sørlege Tyrkia er det ikkje mange igjen av det som ein gong var eit stort syrisk-ortodoks samfunn. Men det er framleis liv i Mor Gabriel, eit kloster som vart grunnlagt på slutten av 300-talet. Her samlast biskop, munkar, nonner, lokale kristne og tilsreisande til bøn og tilbeding. Samstundes kjempar klosteret mot å bli fråteke store delar av eigedomane sine. I Syria er mange kristne redde for at diktatoren Assad skal falla, fordi dei fryktar at situasjonen deira då vil bli langt verre enn han er no.

Dessverre kan denne lista gjerast mykje lenger. Presset er sterkt mot kristne i mange muslimsk-dominerte land. Derfor er det gledeleg at den norske utanriksministeren Jonas Gahr Støre ved inngangen til 2012 løftar fram situasjonen for desse gruppene. ”Kristne er under press i hele Midtøsten. Også andre minoriteter blir forfulgt. Regjeringen vil nå styrke arbeidet for beskyttelse av livssynsminoriteter”, skriv han i avisa Vårt Land (29.12.2011). Regjeringa vil ”styrke innsatsen både i FN og overfor enkeltland”. No på nyåret skal det presenterast eit prosjekt, og det skal m.a. opprettast eit forum der både menneskerettsorganisasjonar, akademikarar og engasjerte trussamfunn vert inviterte til å delta.

I seg sjølv snur sjølvsagt ikkje desse tiltaka situasjonen for dei kristne i Midtausten. Likevel er det svært gledeleg at utanriksministeren engasjerer seg for kristne og andre som blir forfølgde i Midtausten. Alle som bryr seg om situasjonen til dei kristne i Midtausten, bør senda varme tankar til utanriksministeren ved nyårstider. Og når han møter leiarar frå Irak, Tyrkia, Egypt, Saudi-Arabia, Pakistan og andre land der kristne har det vanskeleg, reknar vi med at han tek opp desse spørsmåla.