tirsdag 1. juni 2021

Alt lagt i potten

Pave Kyrillos VI leia den koptiske kyrkja i ei tid med
sterk indre fornying (foto: Wikimedia Commons)


Ein mann som helst ville leva eit stille liv nær Gud som einebuar i ei falleferdig vindmølle i ørkenen. Som sto opp om natta for å baka nattverdbrødet og tilbringa  timesvis i liturgi og bøn. Sjølv sa han det slik: "Det finst ikkje dårlege og gode dagar, men det finst dagar i bøn og dagar utan bøn". Kven ville valt eit slikt menneske til øvste leiar for eit kyrkjesamfunn, og kven ville tenkt at kyrkja på hans vakt skulle oppleva ei fornying det går gjetord om?

Koptarane i Egypt gjorde han til pave, eller patriark om du vil, i 1959. Fram til han døydde i 1971, var han leiar for den største kristne minoriteten i Midtausten.

Azer, Mina og Kyrillos. Azer var ein lovande arbeidstakar i eit utanlandsk firma i Egypt. Trass i protestar frå familien valde han å bli munk. Som munk fekk han namnet Mina. Først budde han i eit kloster, seinare i ei grotte, så i ei nedlagd vindmølle, og seinare i eit klosterfellesskap i Kairo.  

I 1959 vart munken valt til pave. Valt og valt, forresten. Koptarane har sine eigne tradisjonar når dei peikar ut sin øvste leiar. Av dei tre kandidatane som fekk flest røyster, fekk Mina færrast. Men alle tre gjekk vidare til ein siste runde, der ein fem år gammal gut trekte ut ein av tre lappar - og han trekte lappen med Mina sitt namn. Dermed vart han pave Kyrillos VI, patriark og leiar for den koptiske kyrkja i Egypt. Statistikk og religion kan vera ei vanskeleg blanding, men kan henda er det i dag om lag ti millionar koptarar i Egypt. Kanskje er det færre; koptarane sjølve hevdar derimot gjerne at dei er fleire. 

A Silent Patriarch, heiter biografien Daniel Fanous har skrive om Kyrillos VI. Han introduserer oss for ein mann som la alt i potten. Ein som sa frå seg alt anna for å vinna skatten i åkeren, eller få tak i den kostelege perla. Meir enn gjennom store planar og visjonære initiativ kom han til å prega kyrkja gjennom sitt personlege gudsliv. Fanous har skrive eit lærd verk om Kyrillos, supplert av sidevis med fotnotar, og utan tvil basert på eit imponerande arbeid med kjeldene. Likevel er boka engasjerande. For vestlege kristne som ønskjer innblikk i ein unik kristen tradisjon frå Midtausten, og som er lei den kyrkjelege sjølvskadinga gjennom liberal teologi og politisert kristendom i Vesten, kvifor ikkje prøva ein biografi om ein koptisk pave? 

Dette er ein god biografi, som får fram eit større bilete på ein nær og levande måte gjennom ein enkeltperson. Samstundes ligg det alltid eit par snublesteinar like innanfor biografiens dørstokk. For det første er det lett å overdriva rolla til den personen ein skriv om, og meir eller mindre oversjå menneska omkring. Denne utfordringa taklar Fanous godt, synest eg, ikkje minst gjennom dei innsiktsfulle presentasjonane vi får av andre personar omkring Kyrillos. Det er eit variert persongalleri av både medspelarar og motspelarar, og dei som var begge delar. Kloster-fornyaren Matta el-Meskeen er vel ein av dei som kan plasserast i den siste av desse tre kategoriane. Det neste problemet er at biografen ofte vil ta parti for og forsvara hovudpersonen sin. Og det må seiast at sjølv om denne boka er aldri så lærd og innsiktsfull, har Fanous ikkje mykje kritisk å seia om hovudpersonen. Så er det kanskje ikkje så liketil heller å skriva biografi om ein helgen, som Kyrillos er i den koptiske kyrkja. 

Forvandling framfor kritikk. Boka gjev eit ganske mørkt bilete av den kyrkja Kyrillos tok over leiinga av. Presset frå det muslimske majoritetssamfunnet er der jo alltid for koptarane, stundom sterkare stundom veikare. Men det sto òg skrøpeleg til internt i kyrkja, og svikten hadde gått heilt til topps. Korrupsjonen var utbreidd, og folk betalte seg til bispeembete. Utfordringane var store. Patriark Kyrillos hadde nok likevel det same perspektivet som den sterke koptiske søndagsskulerørsla, nemleg å festa blikket på dei positive, forvandlande sidene ved kyrkja heller enn å kritisera hennar skrale tilstand her og no (s. 163). 

Men korleis forandrar du ei kyrkje? Kloke folk vil sikkert seia at det kan vi ikkje, berre Gud kan det. Men korleis blir ei kyrkje forandra? Kloke folk vil kanskje studera nærare kyrkjer som er blitt endra (til det betre). Fanous viser til at for dei første kristne handla det ikkje om reform av kyrkja, men reform av personen (s. 309-310). Patriark Kyrillos VI foranda kyrkja gjennom det gudslivet han sjølv levde, og så i neste omgang gjennom dei læresveinane han prega. Kjernen i fornyinga var personleg. Forfattaren reknar biskop Shenouda (seinare pave), biskop Samuel, biskop Gregorious og den stride klosterpioneren Matta el-Meskeen til desse læresveinane. Kyrillos gjorde samstundes eit organisatorisk grep som viser at strategi og struktur heller ikkje var uviktig. Han oppretta heilt nye "tematiske" bispeembete. I tillegg til å løfta fram viktige saksfelt, kunne han på denne måten fylla nøkkelposisjonar i kyrkja med handlekraftige menn utan å måtta venta til geografiske bispeembete vart ledige. Samuel, Gregorious og Shenouda fekk kvar sitt tematiske bispeembete.  

Den eine og dei mange. Forfattaren av A Silent Patriarch har interessante refleksjonar ikkje berre om den koptiske kyrkja, men òg om korleis kyrkjer generelt blir reformerte og fornya: 

The earliest Christian idea of reform, as revealed in both the New Testament and patristic writings, was that of personal ascetic reform. But, as we have seen, the reach of that reform was always limited by the sphere of one's "ascetic influence", that is, the reach of one's capacity to disciple. This explains the peculiar failure of top-down legislated ecclesial reforms in the past two millennia, for hearts can never be transformed from above. Programs of reform, one scholar writes, may give an appearance of efficacy, and dynamic clergy may even bring people to the altar, but none of these produces lasting change when compared to even one "encounter with genuine holiness". "Holiness", in the words of Bishop Meletios of Preveza, "will beget more holiness". (s. 348)

Eit av dei mest interessante kapitla i boka heiter Three Bishops and a Monk: A Kenotic EcclesiologyHer presenterer Fanous lesarane for Shenouda, Gregorious, Samuel og Matta - fire av dei såkalla "søndagsskulemunkane". Dei tre første vart altså utpeikt til tematiske biskopar av Kyrillos, den fjerde fornya det koptiske klostervesenet. Alle desse fire hadde bakgrunn i den koptiske søndagsskulerørsla, ei rørsle som fornya og utrusta kyrkja innanfrå på 1900-talet. Som patriark gav Kyrillos dei nøkkelposisjonar i kyrkja. Det hindra ikkje at det var rivingar og konfliktar mellom både dei og mellom nokre av dei og Kyrillos. Likevel vart dei alle reiskapar for reform og fornying.

Bygd nedanfrå. Alle fire hadde altså bakgrunn i den sterke søndagsskulerørsla som hadde vokse fram i den koptiske kyrkja utover 1900-talet. Habib Girgis (1876-1951) var far til denne søndagsskule-revolusjonen, som hadde utdanning og disippelgjering som grunnleggjande prinsipp. Gjennom dette byggverket som allereie var reist nedanfrå, kunne fornyinga under Kyrillos "innanfor eit tiår spreia seg som lauseld gjennom hjartene i det kristne Egypt" (s. 351) - gjennom "søndagsskulemunkar" som hadde fått nøkkelposisjonar i kyrkja, og vidare gjennom eit nettverk av disippelskap i heile kyrkja.

Den koptiske kyrkja har sjølvsagt sine feil og manglar som alle andre kyrkjesamfunn. Gjennom sine moderne martyrar og gjennom si ungdommelege livskraft gjer desse kristne likevel eit sterkt inntrykk, slik ei anna bok, The 21, også får fram. Daniel Fanous ser denne kyrkja gjennom ein ualminneleg patriark på 1900-talet og gjev eit bilete av ei gjennomgripande fornying av ei gammal kyrkje.

Artikkelen over baserer seg på boka A Silent Patriarch. Kyrillos VI (1902-1971) - Life and Legacy (New York, 2019). Boka er skriven av Daniel Fanous ved det koptiske teologiske seminaret i Sydney i Australia.

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar