mandag 28. juni 2021

Kule ord (74): "i prosess"

Desse to karane ser ut til å ha mykje "i prosess"
(Illustrasjon: Harald Groven, Wikimedia Commons)
Eg likar ikkje dette uttrykket. Derfor er det under tvil det får vera med i serien Kule ord. Men eg held meg for nasen og tek det med. Det er eit interessant symptom på verbal vanhelse. Det er med denne typen byrakratspråk som med møkalukt. Det siv inn over alt, og det stinkar. Eg har tidlegare gitt eit døme på denne typen språkbruk, der moderne byråkratiske seiemåtar klumpar seg saman i ei setning: "For å løfte oppmerksomhet og legge momentum bak en koordinert innsats for EVU i organisasjonen, bør fakultetene utfordres på gitte ambisjonsmål".

Men tilbake til "i prosess". Kva betyr det eigentleg når nokon t.d. seier at arbeidet med ein ny strategiplan er i prosess? Det tyder berre at nokon arbeider med å laga planen. Nokon held på med det. Planen er under arbeid. Kanskje høyrest det finare ut at planarbeidet er "i prosess"? Og, ja, sjølvsagt: At noko er "i prosess", kan sjølvsagt òg vera ei tilslørande omskring av "oj, det er ikkje ferdig, eg har visst gløymt det litt".

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar