onsdag 25. januar 2012

Byråkratspråk og skimål

Foto: Arve Kjell Uthaug
Språket endrar seg heile tida, og det gjeld både tale og skrift. Stundom ser nokon ei interessant utvikling der andre berre får auga på eit språkleg forfall. Rare og artige ting i aviser og andre media blir ofte påpeikt. Men dette er dagen for å slå eit slag for byråkratspråket. Som ein av dei mange – nokon vil seia altfor mange – som arbeider innanfor ei grein av det offentlege byråkratiet, har eg gleda av å koma over mangt eit gullkorn. Ta til dømes dei mange utgreiingane, notata og høyringsfråsegnene som sviv rundt i systemet. Om ikkje alle skriftstykka fører verda så mange stega framover, så fyller dei i alle fall opp dei elektroniske arkiva. Slik heiter det i eit universitetsdokument om etter- og vidareutdanning (EVU):

"For å løfte oppmerksomhet og legge momentum bak en koordinert innsats for EVU i organisasjonen, bør fakultetene utfordres på gitte ambisjonsmål".

Fint skal det vera. Og eg tvilar ikkje eit sekund på at det er både velutdanna og kloke menneske som forfattar slike dokument. Men av og til burde det likevel vore sendt ut eit språkleg redningsmannskap for å berga teksten ut av den språklege skoddeheimen.

Innanfor den offentlege forvaltninga brukar vi òg ei rekkje it-system: database med studentopplysningar, system for saksbehandling og arkivering, bestillingssystem, og så bortetter. Desse systema krev sjølvsagt òg sitt eige språk, og dei skaper nye ord. Her vil eg berre nemna eit aldri så lite lyspunkt frå faktureringsprogrammet BasWare, der eg for ei tid sidan støytte på ordet:

Bestillingstransaksjonslogghendelse

Ei gledeleg motvekt mot all den overivrige engelskinspirerte orddelinga som elles grip om seg i norsk.

Men eg vil gjerne slutta med eit verkeleg lyspunkt.  Og då må vi denne gongen ut av det offentlege byråkratiet og over i det meir sportsleg-kommersielle feltet. Sidan dei gamle skia mine nærast er for eit vandrande museum å rekna, tok eg i dag mot til meg og gjekk på den lokale sportsbutikken for å få hjelp til å kjøpa nye. Hjelpa var veldig god. Og like gledeleg var dei å sjå dei nye Åsnes-skia av typen Vikafjell. ”Utvikla og designa i Noreg” står det ubeskjedent på kvar ski. Utan spor av husmannsånd, på nynorsk og innanfor noko så kommersielt og konkurranseutsett som skiproduksjon. Vakkert.

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar